Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Drikkevatn»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Drikkevatn

Drikkevatn

Tilgang til reint drikkevatn er ein føresetnad for god helse, og det er god kvalitet på drikkevatn i Noreg. Vassborne utbrot av sjukdom grunna dårleg drikkevatn er sjeldan, men kjem brått og er krevjande å handtere fordi mange kan bli sjuke på kort tid.

Tilgang til reint drikkevatn er ein føresetnad for god helse, og det er god kvalitet på drikkevatn i Noreg. Vassborne utbrot av sjukdom grunna dårleg drikkevatn er sjeldan, men kjem brått og er krevjande å handtere fordi mange kan bli sjuke på kort tid.


Illustrasjon
Èin av ti får vatn frå private brønnar og andre små anlegg. Ni av ti får drikkevatn frå vassverk som tek regelmessige prøvar, blant anna for E. coli-bakteriar. Men dersom vassleidningen er i dårleg stand, kan drikkevatnet bli forureina på vegen fram til forbrukar. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet

Hovudpunkt:  

  • Det er nok drikkevatn av god kvalitet i Noreg, men distribusjonssystema som leiar vatnet kan forringa kvaliteten dersom det oppstår ei hending eller avbrot i leveringa. 
  • Stabiliteten på leveringa av vatn er generelt god, men det er store behov for rehabilitering og fornying på distribusjonssystem. 
  • Omlag 10 prosent av befolkninga har i dag si eiga, private vassforsyning som ikkje er regulert av drikkevassforskrifta. 
  • Vassborne utbrot er sjeldan, men kjem brått og kan bli krevjande å handtere fordi mange blir sjuke på kort tid 
  • Det er også sporadiske sjukdomstilfelle av vassborne infeksjonar, men desse blir ofte ikkje rapportert eller fanga opp. Vi kjenner ikkje til omfanget og kva helsekonsekvensar desse påfører samfunnet. 
  • Førebyggande arbeid og god beredskap er viktig for å sikre god kvalitet på drikkevatn og på distribusjonssystem.  
  • Sjukdom som følgje av dårleg drikkevatn gjer ofte mild sjukdom, men alvorlege forløp kan finne stad.  
  • Klimaendringar kan føre til auka risiko for forureining av drikkevatn og distribusjonssystem 

Førekomst av sjukdom knytta til drikkevatn 

Trygt og godt drikkevatn heng saman med god helse. Forbetring og utvekling av drikkevasskjeldar og leidningsnett har førd til ei kraftig forbetring av folkehelsa i Noreg etter krigen. Likevel er vi sårbare for svikt i systema og forureining som følgje av klimaendringar. Auka forureining av drikkevasskjeldar og distribusjonsnett kan gje sjukdom hos dyr og menneske.  

Drikkevatn kan bli forureina og gje smitte grunna avføring frå menneske eller varmblodige dyr. Denne type forureining kan komme inn i drikkevatnet frå råvasskjelda dersom kjeldevern eller vassreinsing er mangelfull, eller ved inntrenging av forureina vatn i distribusjonssystemet.  

Forureina drikkevatn kan gje gastroenteritt (mage-tarm-sjukdom). Det er utfordrande å seia noko sikkert om førekomsten av sjukdom som skuldast forureina drikkevatn i Noreg. Årsaka er at mange får så milde symptom at dei ikkje går til legen, samt at sjuke ikkje blir undersøkt med tanke på å finne årsaka til mage-tarm-sjukdom, eller at sjukdom ikkje blir meldt inn til nasjonale overvakingsprogram for meldepliktige sjukdommar (MSIS). Det er heller ikkje alle sjukdommar som er kjent for å kunne smitte via drikkevatn som er meldepliktige til MSIS.   

I MSIS blir det årleg registrert 4-8000 tilfeller som kan være relatert til drikkevatn, men det er ikkje stadfesta at sjukdommen har si årsak i drikkevatnet. Campylobacter er den hyppigaste meldte mikroorganismen som årsak til mage-tarm sjukdom med om lag 11-1200 meldte tilfelle årleg som er smitta innanlands i perioden 2002-2022. Smittekjelda til denne organismen kan være både mat og drikkevatn. 

I Drikkevannsstudien kartlegg FHI kor mange som blir sjuke av drikkevatnet i Norge. For å få eit betre bilete i kva grad drikkevatn bidrar til sjukdom, har Folkehelseinstituttet gjennomført ein landsdekkende spørreundersøking for å kartlegge sjølvrapportert diaré og/eller oppkast og konsum av drikkevatn over ein 12-måneders periode. Studien er i avslutningsfase og resultater er forventa i 2023. Sjukdomsførekomst knytta til drikkevatn med innhald av stoffer og kjemikalier som mikroplast, miljøgifter, legemidlar, antibiotika (ikkje-smittsomme sjukdommar) i Norge er imidlertid mindre kjent.   

Vi har oversikt over utbrot som inkluderer drikkevatn, gjennom det nasjonale varslingssystemet for utbrot, Vesuv. Her blir det kvart år registrert mellom eit og to utbrot som er mistenkt å være knytt til drikkevatn. Større utbrot blir som oftast kartlagt i omfang av sjukdomstilfelle og årsak. På Askøy i 2019 hadde vi det største utbrotet frå drikkevatn i Noreg i seinare tid med omlag 2000 sjuke av Campylobacter etter at eit høgdebasseng blei forureina som følgje av ekstrem nedbør (Hyllestad et al., 2020). Andre tidlegare, store utbrot er Campylobacter-utbrotet på Røros som forårsaka om lag 1500 sjukdomstilfelle, og Giardia-utbrotet i Bergen som forårsaka om lag 5-6000 tilfelle.  

Dei siste 20 åra er det registrert 78 utbrot med totalt 17 000 sjukdomstilfelle. Årsaka er enten forureining av vasskjelda, mangelfull vassreinsing eller forureining på leidningsnettet. Hovudårsaka er manglande, utilstrekkeleg og svikt i desinfeksjon (Hyllestad, 2021).  I perioden 2003–2012 er det registrert 28 slike utbrot med til saman 8060 sjuke (Guzman-Herrador et al., 2016).

Tabell 1 visar ei oversikt over moglege årsaker til utbrot som involverer meir enn 1000 tilfelle i Noreg. 

Tabell 1. Oversikt over moglege årsaker til vassborne utbrot som involverer meir enn 1000 tilfelle i Noreg basert på historisk tilgjengeleg informasjon og fagfellevurderte publikasjonar, 1981-2019 (Hyllestad, 2021). 

År 

Anslått tal sjuke  

Årsaksagens 

Mogleg årsak/forklaring 

2019 

2,000 

Campylobacter 

Forureing av vassmagasin, grunna mykje nedbør 

2007 

1,500 

Campylobacter 

Forureining av råvasskjelde (brønner) under utbyggjing (ubeskyta) 

2004 

6,000 

Giardia 

Bruk av råvassskjelde med klor som einaste behandling der det er manglande hygienisk barriere) 

1994* 

2,000 

Norovirus 

Bruk av reservevasskjelde som hadde utilstrekkeleg vasskvalitet, samtidig som klorpumpa svikta 

1992* 

2,000 

Norovirus 

Lekkasje frå fourereina  elvevatn til drikkevassbasseng 

1981* 

2,000 

Campylobacter 

Måker i drikkevassbasseng, ingen desinfeksjon 

* Rapporter frå Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS) 

 

Noreg samanlikna med andre land 

Internasjonalt er forureina drikkevatn ei av dei viktigaste kjeldene til dårleg helse. FN har rekna ut at om lag 2,2 milliardar menneske manglar tilgang på trygt drikkevatn, og at 2,3 milliardar menneske ikkje har tilfredsstillande sanitære forhold (FN, 2021). WHO har rekna ut at 297 000 barn under 5 år døyr årleg av diarésjukdom som følgje av forureina drikkevatn og dårlege hygiene- og sanitære forhold, Dette svarar til om lag 800 dødsfall dagleg (WHO, 2016a). Berre i Europa bur det 57 millionar menneske i ein heim utan innlagt vatn. Ein reknar med at det dagleg er 14 dødsfall i WHO sin Europaregion som følgje av utrygt drikkevatn og dårlege hygiene- og sanitærforhold (WHO, 2018a). 

Mellom dei nordiske landa er det stor variasjon i kva type råvatn som er i bruk. I Noreg er overflatevatn hovudkjelda til drikkevatn, medan det i Danmark er grunnvatn. I Sverige og Finland, er overflatevatn dominerande for store vassverk, medan grunnvatn ofte er kjelde for mellomstore og små vassverk (Guzman-Herrador et al., 2015).  Felles for dei nordiske landa er at det er eit stort tal menneske som er forsynt med vatn frå brønnar til enkelthushaldningar, dette er ofte utanfor  tettstader og byer (Guzman-Herrador et al., 2015). Noreg har også høgare lekkasjetal enn andre naboland. I Noreg er lekkasjeandelen for produsert drikkevatn om lag 30 prosent (FHI, 2021), medan det i Sverige og Danmark ligger på 20 prosent og 10 prosent (Hyllestad, 2021). 

 

Tabell 2. Oversikt over vassbårnebårne utbrot i Danmark, Finland, Norge og Sverige, 1998-2012* (n=175).  Hentet fra Guzman-Herrador et al., 2015 

Land 

Antall utbrot 

utbrot per år 

Antall personar som art påverka 

Befolkning i 2012 

Danmark 

4 

0,27 

660 

5,426 millionar 

Finland 

59 

3,9 

22,594 

5,421 millionar 

Noreg 

53 

3,5 

10 483 

5,033 millionar 

Sverige 

59 

4,2 

52,258 

9,555 millionar 

For Sverige er perioden 1998-2011 

 

Geografiske forskjellar 

Figur 1 viser ei geografisk oversikt over andel av befolkninga i fylka som har god drikkevassforsyning. Det betyr at dei får drikkevatn av god hygienisk kvalitet frå eit godkjenningspliktig vassverk, og at leveringsstabiliteten er god. Ifølgje desse kriteria, har meir enn 90 prosent av befolkninga i Noreg god vassforsyning i 2020.  

Figur 1. Andelen av befolkninga som har hygienisk drikkevassforsyning og god leveringsstabilitet i 2020. «God hygienisk kvalitet» betyr at drikkevatnet er levert av eit godkjenningspliktig vassverk og at det er føretatt minst 4 drikkevassanalysar for E. coli, og minst 95 % av dei analyserte prøvene ligg under grenseverdien i drikkevassforskrifta på 0 E. coli pr 100 ml. Tilfredsstillande leveringsstabilitet er definert som lik eller under 30 minuttar ikkje-planlagde avbrot i året per tilknytt innbyggar. Kjelde: Folkehelseinstituttet/ Kommunehelsa statistikkbank. .
Figur 1. Andelen av befolkninga som har hygienisk drikkevassforsyning og god leveringsstabilitet i 2020. «God hygienisk kvalitet» betyr at drikkevatnet er levert av eit godkjenningspliktig vassverk og at det er føretatt minst 4 drikkevassanalysar for E. coli, og minst 95 % av dei analyserte prøvene ligg under grenseverdien i drikkevassforskrifta på 0 E. coli pr 100 ml. Tilfredsstillande leveringsstabilitet er definert som lik eller under 30 minuttar ikkje-planlagde avbrot i året per tilknytt innbyggar. Kjelde: Folkehelseinstituttet/ Kommunehelsa statistikkbank. .

Vassforsyningssystem i Noreg 

I Noreg er overflatevatn i stor grad nytta som drikkevatn. 90 prosent av befolkninga får drikkevatn  frå elvar og innsjøar, medan dei resterande 10 prosent får sitt drikkevatn frå grunnvatn (FHI, 2021b). Under 1 500 personar får  drikkevatn frå saltvatn (FHI, 2021b).  

88 prosent av landets innbyggjarar er tilknytta eit vassforsyningssystem som forsyner meir enn 50 fastbuande (FHI, 2021b). Dei resterande får  drikkevatn frå vassforsyningssystem der det er lite informasjon om vasskvaliteten, til dømes privateigde brønnar og små vassforsyningssystem.   

Vassforsyninga i Noreg er mange stadar prega av små vassverk, til dømes forsyner 60 prosent av alle registrerte vassverk færre enn 500 personar (FHI, 2021b). 

UV-bestråling er den vanlegaste metoden for desinfisering av drikkevatn i Norge. Om lag 4,1 millionar personar får drikkevatn frå anlegg med UV-bestråling. 

Vasskvaliteten i Noreg er god

Rutineovervaking er eit viktig tiltak for å dokumentere at drikkevatn held krava i  drikkevassforskrifta. Dei siste tre åra oppfyller 99,85 prosent av vassprøvane levert ut frå vasshandsamingsanlegget og hushaldningane krava til mikrobiologisk kvalitet. Over 4,6 millionar personar er knytt til  vassforsyningssystem som leverer drikkevatn av god hygienisk kvalitet.  

I drikkevatn finst det kjemiske og fysiske stoffar som kan få betydning for helsa. I Noreg er det svært få overskridingar av dei talfesta grenseverdiane for stoff i drikkevatn. Over 99,5 prosent av alle analysane for alle parametra var tilfredsstillande i 2019. Turbiditdet, farge og kobbar  har flest overskridingar av grenseverdiane fastsett i Drikkevassforskrifta, tabell 3  

 

Tabell 3 Oversikt over utvalde kjemiske analyser, tal prøver og avvik, hele landet, 2019. 

 

Analysetype 

Grenseverdi 

Antall analyser 

Antall avvik 

Oppfyller krav i forskrift 

Forklaring/Helseeffekt 

Turbiditet 

Akseptabel for abonnentane 

49 083 

130 

99,70 % 

Turbiditet er et mål på uklarhet. Årsaka til turbiditet i norske vasskjelder kan være sterk algevekst, breslam, utfelte jern- og manganhydroksider og erosjonsprodukter. Turbid vatn er ikkje ei risiko for helse ved konsum, men kan minske effekten av desinfeksjon.  

 

Farge 

Akseptabel for abonnentane 

45 942 

89 

99,80 % 

Høgt fargetall i norske overflatekjeldar  kjem som følge av normalt høgt innhold av humus. Akvatisk humus har ingen kjente direkte helseeffekter, men kan redusere virkningsgraden til ulike prosesser som er nytta  til desinfeksjon.  

 

Kobber 

                    2 mg/l 

2 990 

16 

99,50 % 

Kobber kan førekomme  i høge konsentrasjoner i drikkevatn (kranvann), og vil representere ei helserisiko for personer med Wilsons sykdom.  

 

Leveringsstabiliteten er god 

Leveringsstabilitet målast i timer ikkje-planlagde avbrot per tilknytt person per år. Jo mindre tid forbrukarane har avbrot i vassforsyninga, jo mindre eksponering for mogleg forureina vatn. God leveringsstabilitet er tilfelle når det er mindre eller lik 30 minutt ikkje-planlagde avbrot per tilknytt person per år. Totalt har omlag 90 prosent av personar knytt til  vassforsyningssystem med meir enn 50 fastbuande god leveringsstabilitet. 

Distribusjonsnettet er sårbart for forureining  

Distribusjonsnettet består av mange komponentar som leidningar, høgdebasseng og pumpestasjonar. Alle er viktige for at trygt drikkevatn skal leverast i krana. 

Vedlikehaldsetterslepet på leidningsnettet aukar. Dårleg tilstand på leidningsnettet kan gje auka risiko for innsug av forureining på leidningsnettet. Studiar viser at det er tre (3) gangar større risiko for mage-tarm sjukdom i områder som er har arbeid på leidningsnettet (Ercumen et al, 2014). Norsk Vann anslår at den årlege fornyinga må, på nasjonalt nivå, være høgare enn 0,7 prosent for å ta att etterslepet (SSB, 2021). Dei anslår at investeringsbehovet for leidningsanlegg for drikkevatn er 81 milliardar kroner fram til 2040 (Norsk Vann, 2021). Utfordringane som er knytt til tilstand på leidningsnettet varierer. Det er ikkje gitt at det er dei eldste leidningane som har høgast risiko for brot, det kan også være andre forhold som gjer leidningane utsett for svikt, som for eksempel grøfteutforming, leidningsmateriale, leggemetode og ytre forhold. 

Dårleg tilstand på distribusjonssystemet gjer det meir sårbart for forureining. Når vatn- og avløpsrøyra ligg i same grøft, aukar sjansen for at drikkevassleidningane blir forureina av avføring, dersom drikkevassleidningane står utan trykk. Kraftigare regn kan også lede til auka risiko for inntrenging av forureina regnvatn i høgdebasseng som ikkje er beskytta av trykk frå innsida. Sjukdomsutbrotet på Askøy i 2019 er eit døme på dette, og viser kor viktig førebyggande tiltak og overvaking drikkevassforsyninga, særleg med tanke på å fange opp ytre endringar som kan påverke vassdistribusjonsystemet  

Legionella får auka betydning i overvaking av drikkevatn 

Legionellabakteriar er i små mengder «over alt» i naturen, men det er først når dei får formeire seg over lengre tid i lunka vann i tekniske installasjonar og i interne vassfordelingsnett i bygg at dei kan føre til smitte (fhi.no). I Europa er Legionella rekna som den mest vanlege vassborne sjukdommen (WHO, 2017), og det har den siste tida vore ei auking i talet på legionellatilfelle i Europa. Aukinga i talet tilfelle er knytt til  både klimaendringar og ei aldrande befolkning som har auka risiko for å få sjukdommen (WHO, 2017). Legionella vart i 2020 tatt med i EUs drikkevassdirektiv, og den reviderte drikkevassforskrifta for Noreg vil truleg også inkludere grenseverdiar og obligatorisk testing for legionella i offentlege bygg.  

Klimaendringar set press på råvatn 

Overflatevatn er spesielt sårbart for endringar i temperatur, kraftig nedbør og flaum. Klimaendringar er forventa å gje auka avrenning og høgare førekomst av bakteriar, virus og parasitter i norske råvasskjelder (Guzman-Herrador et al., 2021). Auka avrenning av forureining til råvasskjelder kan auke risikoen for at vasshandsaminga ikkje er tilstrekkeleg eller at brønnar blir overfylde.  

Sumaren 2018 viste at klimaendringane kan gjere drikkevassforsyninga meir sårbar for langvarig tørke. Fleire vassforsyningssystem hadde rekordlåge nivå i drikkevasskjeldene. Vinteren 2021 hadde fleire stader vintertørke med lite nedbør, svært lav grunnvasstand, lite vassføring i bekkar, frost i bakken og is i elvar (NVE, 2021). Slike tørkeperioder er forventa å komme hyppigare i takt med klimaendringane. 

I norske innsjøar finnast fleire cyanobakteriar som kan produsere giftstoff (cyanotoksin). Det kan være ei utfordring for produksjon av trygt drikkevatn. Høgare temperaturar og auka nedbørsmengder som følgje av klimaendringar kan føre til hyppigare oppblomstringar av cyanobakteriar (Samdal et al., 2021).  Det har vore nokre tilfelle av forgiftingar av dyr på beite og i naturen i Noreg, men det er ikkje kjent at slike akutte forgiftingar har førekomme hos menneske etter inntak av drikkevatn i Noreg (Samdal et al., 2021). 

Beredskap for drikkevatn 

Ei trygg og stabil vassforsyning er ei føresetnad for å oppretthalde tilnærma alle kritiske samfunnsfunksjonar i eit moderne samfunn. Langvarig bortfall av vatn er  rekna som ei alvorleg hending fordi eit bortfall vil sette liv og helse i fare, samt true grunnleggjande verdiar og funksjonar i samfunnet. Mange vassforsyningssystem manglar alternativ drikkevassforsyning som kan levere drikkevatn til befolkninga over tid. Talet på vassforsyningssystem som årleg har beredskapsøving er rundt 40 prosent Få utførte øvinger reduserer vassforsyningssystemets evne til å handtere kriser og svekker beredskapen.

Nasjonal vassvakt er ei døgnbemanna rådgjevingsteneste hos FHI for vassverk som treng råd og støtte ved akutte hendingar  som kan påverke vassforsyninga og gje helserisiko for befolkninga. Rådgjevinga skal prioritere vurderingar av smitterisiko ved mikrobiologisk forureining og akutt helsefare ved kjemikalieforureining. Fagleg støtte frå personar med erfaring frå drift av vassverk og krisehendingar stillast også til rådigheit. Tenesta samlar erfaringar som kan nyttast til å styrke tryggleiken ved norske vassverk. 

Les også: Oppsummeringsrapport for Nasjonal vannvakt 2017-2018 (FHI-rapport)

Nasjonale vassrelaterte utfordringar i framtida   

I Noreg tek vi trygt drikkevatn som ei sjølvfølgje, og slik ynskjer vi at det skal være i framtida. Fokus på førebyggjande tiltak vil være heilt avgjerande for å redusere faktorar som kan føre til sjukdom og utbrot frå drikkevassforsyninga.     

For å møte utfordringar med eit vassdistribusjonssystem som forfell raskare enn vi klarer å fornye og rehabilitere, klimaendringar og fleire sikkerhetstruslar, må vi sette inn tiltak for å sikre  trygg vassforsyning også framover.  

Eit trygt drikkevatn er avhengig av at råvasskjeldene er godt beskytta, at behandlingsanlegga kan møte endra behov for reinsing, at distribusjonssystemet kan frakte vatnet trygt fram til kranene og at vi har ein beredskap som kan redusere konsekvensar av hendingar i vassforsyninga. For å gjere dette har vi behov for: 

  • Systematisk forebyggande arbeid i vassforsyninga, særskilt på distribusjonssystema 
  • Utøve risiko-basert overvaking 
  • Sikre betre datakvalitet om blant anna vasskvalitet og tilstand på vassforsyningssystema
  •  Sikre ei god beredskap 
  • Auke kunnskapen om effekt av klimaendringer på vassforsyninga og vassboren sjukdom i Norge 
  • Overvake kunnskap om «nye» forureiningar i drikkevatnet (mikroplast, miljøgifter, legemidlar, antibiotika osb).   

Referanser

FHI (2021a) Årsrapport 2020 Overvåkning av sykdommer som smitter fra mat, vann og dyr, inkludert vektorbårne sykdommer». Rapport 2020. Oslo: Folkehelseinstituttet, 2021. 

FHI (2021b) Rapportering av data for vannforsyningssystemer i Norge for 2020. Rapport 2021. Oslo: Folkehelseinstituttet, 2021 

FHI. (2016). Utbrudd av smittsomme sykdommer i Norge i 2015: Vevbasert system for utbruddsvarsling (Vesuv) (Årsrapport) [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/publ/2016/arsrapport.-utbrudd-av-smittsomme-sykdommer-i-norge-i-2015/ 

Ercumen A, Gruber JS, Colford JM Jr. 2014. Water distribution system deficiencies and gastrointestinal illness: a systematic review and meta-analysis. Environ Health Perspect 122:651–660; http://dx.doi.org/10.1289/ehp.1306912 

Forente Nasjoner (FN) (2022). Global Issues Water. Tilgjengelig fra: https://www.un.org/en/global-issues/water (hentet 08.04.2022)   

Guzman-Herrador, B., de Blasio, B. F., Lund, V., MacDonald, E., Vold, L., Wahl, E., et al. (2016). Vannbårne utbrudd i Norge i perioden 2003 –12. Tidsskr Nor Laegeforen, 136(7), 612-616. 

Guzman-Herrador B, Carlander A, Ethelberg S, Freiesleben de Blasio B, Kuusi M, Lund V, Löfdahl M, MacDonald E, Nichols G, Schönning C, Sudre B, Trönnberg L, Vold L, Semenza JC, Nygård K. Waterborne outbreaks in the Nordic countries, 1998 to 2012. Euro Surveill. 2015;20(24):pii=21160. Available online: http://www.eurosurveillance.org/ViewArticle.aspx?ArticleId=21160  

Guzman-Herrador B, Lund V, Fonahn W, Hisdalc H, Hygen H.O, Hyllestad S, Nordeng Z, Skaland R G, Sunde L S, Vold L, White R, Wong W K, Nygård K. 2021. Heavy weather events, water quality and gastroenteritis in Norway. One Health, Volume 13. Doi: https://doi.org/10.1016/j.onehlt.2021.100297  

Hyllestad, S. (2021) Drinking water and public health: Prevention, detection and response to waterborne outbreaks in Norway. PhD avhandling. Universitet i Oslo. 

Norsk Vann. (2021) Kommunalt investeringsbehov for vann og avløp 2021 – 2040. (Rapport 259/2021). Hamar: Norsk Vann 

NVE (2019). Tørke- og flomåret 2019. Tilgjengelig fra:  https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-hydrologi/torke-og-flomaret-2018/ (Hentet 08.04.2022)  

NVE (2022). Vintertørke og isproblemer i vassdrag. Tilgjengelig fra: https://www.nve.no/naturfare/laer-om-naturfare/torke/vintertorke-og-isproblemer-i-vassdrag/ (Hentet: 08.04.2022) 

Samdal et al. Cyanobakterier og cyanotoksiner i norske drikkevannskilder. Vitenskapelig uttalelse fra faggruppe for forurensning, naturlige toksiner og medisinrester i Vitenskapskomiteen for mat og miljø. VKM Report 2021:13, ISBN: 978-82-8259-367-0, ISSN: 2535-4019. Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM), Oslo, Norway. 

SSB (2021). Kommunal vannforsyning. Tilgjengelig fra: https://www.ssb.no/vann_kostra (Hentet 08.04.2022)  

World Health Organization, R.O.F.E., Drinking Water Parameter Cooperation Project, Support to the revision of Annex I Council Directive 98/83/EC on the Quality of Water Intended for Human Consumption (Drinking Water Directive). 2017. 

World Health Organization (2018). Safe drinking-water in Europe? Tilgjengelig fra:  https://www.euro.who.int/en/health-topics/environment-and-health/water-and-sanitation/news/news/2018/3/safe-drinking-water-in-europe (Hentet 08.04.2021) 

 

Historikk

20.05.2022: 20.05.2022: Kapittelet har blitt revidert og oppdatert. Skrevet av Marianne Steinberg og Susanne Hyllestad. Fagfellevurdert av Vegard Nilsen ved NMBU. Sist publisert 22.02.17 skrevet av Susanne Hyllestad. Første gang publisert: 30.06 2014