Søk jobb hos Folkehelseinstituttet
Artikkel
|Oppdatert
Folkehelseinstituttet skal bidra til godt folkehelsearbeid og gode helse- og omsorgstenester gjennom å forske på, analysere, oppsummere og kommunisere kunnskap.
Vil du bli med på laget?
Hos oss møter du ansatte med høg kompetanse og stort engasjement. Mykje av arbeidet foregår i team på tvers av avdelingar og område. Vi har fokus på samarbeid og jobbar med å få gode og moderne digitale samarbeidsplattformer som skal gi oss ein enklare arbeidskvardag.
Har du interesse for helse? Vil du forske eller ta ein doktorgrad? Vil du vere med på å utvikle og digitalisere helseregistra? Vil du jobbe med fysisk og psykisk helse, gi råd om vaksinering eller bistå ved utbruddsetterforsking?
Vi står foran store moglegheitar og ei spennande tid med digitalisering av helsedata. Vi bygger nye løysingar, utbetrar dei som eksisterer og har ei aktiv rolle i samarbeid med andre nasjonale helseaktørar. I IT-avdelingane våre blir du ein del av eit dynamisk utviklingsmiljø som leverer innovative og brukerorienterte løysingar.
Vi kan tilby
- Attraktive lokale i Oslo, Bergen, Trondheim, Tynset og Levanger: Lokala våre er i stor grad moderne og inndelt i både landskap og mindre kontorer, med møterom som gir gode moglegheiter for samarbeid.
- Kantiner med varmlunsj og salatbar.
- Trening i arbeidstida: Dersom du har lita tid til å trene på grunn av tidsklemma på hjemmebane, så kan du to timer trening kvar veke i arbeidstida, enten aleine eller saman med kollegaar. FHI har eit aktivt bedriftsidrettslag og nytt treningsrom på Lindern.
- Fleksitid og IA-bedrift: Vi tilbyr fleksibel arbeidstid (normal arbeidstid 08.00–15.45). Vi er en IA-bedrift, som blant anna betyr utvida rett til eigenmelding ved sjukdom.
- Sommartid: Mellom 15. mai og 14. september er normal arbeidstid 08.00–15.00.
- Permisjon: Vi har fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjonar, med og utan lønn.
- Pensjonsordning: Alle tilsette er medlem av Statens pensjonskasse og nyt godt av avtalane og goda som følger med. Det trekkes 2 % av brutto lønn til obligatorisk premieinnskudd.
- Lånemoglegheiter: Via medlemskapet i Statens pensjonskasse får du tilgang til eit av dei beste boliglåna på markedet. Gjennom arbeidsgivar blir det også ved behov gitt moglegheit til kortsiktige lønnslån.
Ønsker du å jobbe hos oss?
Du kan allereie nå opprette ein brukar i Webcruiter der du registrerer CV, slik at han er klar for neste ledige stilling som du ønsker å søke på. Aktivér epostvarsling, så blir du varsla når vi lyser ut ei stilling.
Vi ser fram til å bli kjent med deg!