Røyking, snus og e-sigarettar i Noreg
Sist endret
|Om lag 3 av 10 vaksne i Noreg brukar tobakk, dei fleste som røyk eller snus. Røyking er blant dei største enkeltårsakene til sjukdom og død i Noreg.
Hovudpunkt
- I den vaksne befolkninga brukar om lag 30 prosent tobakk, anten som røyk eller snus.
- Samanlikna med andre europeiske land, er delen som røyker dagleg i Noreg låg, rundt 7 prosent. Røyking er like vanleg blant kvinner som blant menn.
- Sidan 2000 har det vore ein markant auke i snusbruken, men auka i aldersgruppa 16-24 år har flata noko ut.
- Bruk av e-sigarettar (også kalla fordamparar eller «vape») er lite utbreidd i befolkninga sett under eitt, men bruk av og til har auka kraftig blant unge kvinner dei siste åra.
- Det er tydelege sosioøkonomiske forskjellar i røyking, der tobakksbruken er lågast i grupper med lang utdanning.
- Ulike tobakks- og nikotinprodukt har ulike negative konsekvensar for helsa. Røyking fører til den største helserisikoen. Felles for alle desse produkta er at dei inneheld nikotin, som er avhengigheitsskapande.
- Røyking aukar risikoen stort for mellom anna ulike kreftformer, hjarte- og karsjukdommar, lungesjukdommar som kronisk obstruktiv lungesjukdom, diabetes og alvorlege svangerskapsutfall. Passiv røyking inneber også betydeleg helserisiko.
- Ulike snusprodukt inneheld varierande mengder av helseskadelege stoff, som kan føre til auka risiko for helseskadelege effektar.
- E-sigarettar kan óg eksponere brukaren for helseskadelege og kreftframkallande stoff, men langtidseffektane er usikre på grunn av kortare tid på marknaden og betydeleg variasjon mellom produkt.
Om tobakks- og nikotinprodukt og folkehelse
Bruk av tobakk har ei 400 år lang historie i Noreg. Tobakksblada kan tyggjast, røykast eller brukast som snus. Alle former for tobakksbruk fører til at brukaren får i seg nikotin - eit avhengigheitsskapande stoff som ein kan bli avhengig av etter kortvarig bruk. Det er likevel ved røyking at dei fleste og skadelegaste stoffa blir danna og tekne opp i kroppen (Goniewicz et al., 2018; Royal College of Physicians, 2024).
Røyking av tobakk er framleis blant dei største enkeltårsakene til sjukdom og død i Noreg (sjå kapittel om sjukdomsbyrde i Folkehelserapporten), sjølv om røyking i dag er mykje mindre vanleg enn i tidlegare tiår. Grunnen er at det ofte tek lang tid frå ein byrjar å røyka til at røykerelaterte sjukdommar utviklar seg. Det estimerte talet på dødsfall frå røyking har på det meste vore over 6000 kvart år (på 1990- og tidleg 2000-tal). Dei siste åra har estimatet vore rundt 3000 dødsfall kvart år (Global Burden of Disease Collaborative Network, 2024).
Jo tidlegare ein sluttar å røyka, jo mindre er risikoen for røykerelaterte sjukdommar (Joshy et al., 2025; Peto et al., 2000). Frå eit folkehelseperspektiv er det derfor viktig å halda rekrutteringa så låg som mogleg og samtidig oppmoda til røykeslutt så tidleg i livsløpet som mogleg. I dag er det om lag 300 000 som røyker dagleg, og rett over 1 000 000 som har røykt tidlegare i Noreg. I tillegg er det rundt 350 000 som røyker av og til. Legger me til grunn at to av tre vedvarande røykjarar døyr av røykerelaterte sjukdommar (Banks et al., 2015), vil konsekvensane av røyking for folkehelsa vera store i mange år framover.
Dette kapittelet omtaler utbreiinga av røyking, bruk av snus og e-sigarettar (også kalla fordamparar eller «vape»), og helsekonsekvensar av bruk av slike produkt, kombinasjonsbruk, og tydinga av slutteåtferd for individ og endringar i førekomst for folkehelsa. Bruk eller konsekvensar av bruk av nikotin- og tobakksprodukt blir også omtalt i følgjande andre kapittel i Folkehelserapporten:
- Sosiale helseforskjeller i Norge
- Sykdomsbyrde i Norge
- Helse blant personer med innvandrerbakgrunn
- Helse i den samiske befolkningen
- Helse hos eldre i Norge
- Kreft i Norge
- Hjerte- og karsykdommer i Norge
- Kronisk obstruktiv lungesykdom (kols) i Norge
For meir om tobakkens historie i Noreg, sjå Historisk oversikt over tobakk i Noreg 1619-2018.
For fleire tal og oversikt over røyking og snusbruk i Noreg, sjå rapporten Tobakk i Noreg.
Samansetninga av og endringar i nikotinmarknaden
Forbruk av tobakksprodukt
Figur 1 viser historisk utvikling i forbruket av ulike nikotinprodukt basert på registrert sal av tobakk frå grossist, og estimert uregistrert forbruk av sigarettar (frå 1990) og snus (frå 2015). Desse estimata er baserte på spørjeundersøkingar som kartlegg kor mykje av sigarett- og snusforbruket som stamma frå ulike kjelder (Forsyningsundersøkinga).
Fram til omkring 2000 var stort sett all bruk av nikotin knytt til bruk av røykt tobakk, anten gjennom sigarettar, røyketobakk til «rullings», pipe eller sigarar. Etter 2000 økte delen røykfri tobakk, først og fremst snus. Dei seinare åra har bruken av «tobakksfrie» produkt med nikotin som e-sigarettar og nikotinposar vorte meir utbreidd (ikkje vist i figuren). Nikotinposar eller heilkvit snus utan tobakk er forbodne i Noreg. Nikotinposar som blir seld i Noreg blir derfor sett til ei lita mengd tobakk, slik at dei blir klassifiserte som snus.
Det totale tobakksforbruket var stabilt frå 1910 til 1945, bortsett frå under 2. verdskrig (figur 1). Etter krigen økte forbruket til ein topp rundt 1975, for deretter å falla.
Figur 1. Bruk av ulike typar tobakk
Figuren viser at i løpet av denne 115-årsperioden kan nikotinmarknaden delast inn i fem fasar etter kva nikotinprodukt som har vore størst:
- Skråtobakk hadde marknadsdominans ved byrjinga av førre hundreår.
- Frå slutten av 1920-talet overtok piperøyking som marknadsleiar.
- Frå 1950- til 1980-talet var det rulletobakken som hadde størst marknadsdel.
- Fabrikkframstilte sigarettar hadde i store delar av hundreårsperioden ein høg marknadsdel, men først ved inngangen til 2000-talet vart produktet det mest brukte.
- Frå 2019 har snus vore mest utbreidd blant nikotinprodukta.
Forsyningskjelder til sigarettar og snus
Helsedirektoratet publiserer tal over prosentdelen sigarettar og snusposar som blir skaffa frå ulike forsyningskilder og brukte dei siste 24 timane av norske daglegrøykarar og daglegbrukarar av snus. Tala stammar frå Helsedirektoratets Forsyningsundersøking, gjennomført av Ipsos frå og med 2015 (Helsedirektoratet, 2026b).
I perioden 2022 til 2025 kom rundt 40 prosent av sigarettar og 30 prosent av snusporsjonar brukt i Noreg frå forsyningskjelder som ikkje gir inntekter til den norske staten (Helsedirektoratet, 2026b). Inntektene til staten frå særavgiftene på tobakk var i same periode i gjennomsnitt 7,5 milliardar kroner, ned frå rundt 9 milliardar i åra 2020 og 2021 (Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, 2025). Rundt 20 prosent vart kjøpte i Sverige og rett under 10 prosent vart kjøpte tollfritt. Kjøp frå nettbutikkar i Noreg var relativt utbreidd for snus, men ikkje for sigarettar (høvesvis 17 og 2 prosent i 2025). Nedstenginga i samband med covid-19-pandemien hadde meir å seia for uregistrert anskaffing av sigarettar samanlikna med snus. Få personar svarte at dei kjøpte i «Noreg, under marknadspris», eit forsøk på å måla utbreiinga av smugling. Forutan ein auke i 2019 og 2020 (under covid-19-pandemien) har denne forsyningskjelda vore lite utbreidd.
Røyking, bruk av snus og e-sigarettar blant vaksne 16-74 år
Dei siste tiåra har nikotinmarknaden endra seg stort, mellom anna som følgje av auka bruk av snus og seinare introduksjonen av e-sigarettar (også kalla fordamparar eller «vape»). Til liks med andre europeiske land har delen røykjarar gått ned, medan bruken av e-sigarettar, og til ei viss grad heilkvit snus/nikotinposar, har auka (l’Observatoire français des drogues et des tendances addictives (OFDT), 2025; OECD, 2025; Office for National Statistics, 2025). I Storbritannia, der sal av e‑sigarettar har vore lovleg, er det no fleire som brukar e‑sigarettar enn det er røykarar (Iacobucci, 2025). Figur 2 viser norske tal for røyking, bruk av snus og e-sigarettar blant vaksne menn og kvinner i alderen 16-74 år frå 1973 til 2025.
Figur 2. Bruk av nikotinprodukt blant vaksne
Røyking
Frå slutten av 1920-talet til omkring 1960 røykte omkring 65 prosent av menn dagleg. I same periode auka delen kvinner som røykte dagleg frå omkring 5 prosent til over 30 prosent (Lund et al., 2009). I perioden 1973-2025 sokk delen som røykte dagleg frå over 50 til åtte prosent blant menn, og frå over 30 til sju prosent blant kvinner. Nedgangen blant kvinner byrja rundt årtusenskiftet, fleire tiår etter at delen byrja å søkka blant menn.
Til forskjell har del av og til-røykarar vore nokolunde stabile heilt frå 1973. Etter kvart som delen daglegrøykarar har gått ned, har derfor av og til-røykarar utgjort ein stadig større relativ del av den totale røykepopulasjonen. I 2000 utgjorde av og til-røykarar 26 prosent av alle røykarar, medan denne delen hadde stige til 54 prosent i 2025. Legger me til grunn desse tala, er det i dag rundt 160 000 menn og 140 000 kvinner i alderen 16-74 år som røyker dagleg, og 220 000 menn og 300 000 kvinner som røyker av og til i Noreg.
Gjennomsnittleg alder ved oppstart med daglegrøyking blant vaksne låg stabilt rundt 18 år frå 1980-talet og fram til 2025 (Statistisk sentralbyrå, 2026).
Snus
Utbreiinga av snus var lenge stabil og avgrensa (figur 2). Frå midten av 1990-talet byrja ein jamn auke i delen menn som brukte snus dagleg, og i 2025 var delen 21 prosent. Blant kvinner finn me i stor grad det same biletet, men auken byrja om lag ti år seinare, og delen var 11 prosent i 2025.
I 2025 var det sju prosent av vaksne menn i alderen 16-74 som bruker snus av og til. For kvinner var delen fire prosent. Talet på regelmessige snusbrukarar (dagleg eller av og til) i alderen 16-74 år kan dermed reknast til noko over 550 000 menn (440 000 dagleg og 110 000 av og til) og ca. 300 000 kvinner (over 210 000 dagleg og over 80 000 av og til).
Alder ved oppstart med regelmessig bruk av snus, målt frå 2004 til 2022, var noko høgare enn for røyking med rundt 24 år. Alder ved første gongs eksperimentering med snus var rundt 22 år (Statistisk sentralbyrå, 2026).
E-sigarettar
E-sigarettar (også kalla fordamparar eller «vape») dukka opp i Noreg rundt 2010 (figur 2). Dei første generasjonane, e-sigarettar som i formen ofte var imitasjonar av sigarettar, vart slopne på verdsmarknaden rundt 2006. I dei følgjande to tiåra har produktinnovasjonen vore stor, og e-sigarettane som blir selde i dag har tydeleg skild seg frå dei første modellane, både når deg gjeld form og funksjon (Vedøy & Lund, 2025b).
Kva er e-sigarettar, fordamparar eller «vape»?
- E-sigarettar finst i mange ulike variantar. Felles er at dei har ein behaldar for e-væska og ein veike som overfører e-væska til eit varmeelement som varmar opp væska til ein aerosol som kan pustast inn av brukaren (Malani & Walter, 2024).
- Det batteridrivne varmeelementet kan aktiverast manuelt eller automatisk ved innanding.
- E-væska (også kalla e-jus) er samansett primært av propylenglykol, vegetabilsk glyserol, smak og vatn, og kan vera med eller utan nikotin.
- Aerosolen som blir danna, blir pusta inn. Kor mykje nikotin eller andre stoffar som blir tekne opp i kroppen, vil variera med inhaleringsmåte, bruksintensitet, nikotininnhald og nikotinform i e-væska og blandingsforholdet mellom propylenglykol og vegetabilsk glyserol.
Som vist i figur 2, har dagleg bruk av e-sigarettar i den generelle vaksne befolkninga vore stabil rundt éin prosent i perioden 2015 til 2025. Til forskjell har delen som bruker e-sigarettar av og til auka, særleg blant kvinner, og var i 2025 over fire prosent.
Røyking, bruk av snus og e-sigarettar blant ungdom og unge vaksne
Dei aller fleste som bruker tobakks- eller nikotinprodukt, byrjar før fylte 25 år. Bruk av tobakk, særleg røyking, følgjer mange livet ut. Bruk av tobakk blant unge vaksne er derfor ein viktig markør for framtidige røykevanar og helsekonsekvensar.
Røyking
Gjennomsnittleg alder ved oppstart med røyking dagleg blant unge vaksne i alderen 16-24 år var stabil rundt 16 år frå 1980-talet og fram til 2025. Ved tusenårsskiftet svarte 75 prosent av unge vaksne at det første tobakksproduktet dei hadde prøvd, var sigarettar. I 2025 svarte 35 prosent at det var sigarettar, og 54 prosent at det første produktet var snus (Statistisk sentralbyrå, 2026).
Til liks med befolkninga elles har delen som røyker dagleg blant unge vaksne i alderen 16-24 år sokke kraftig (figur 3). For begge kjønn fall delen frå rundt 40 prosent i 1973 til under tre prosent i 2025. Nedgangen har likevel ikkje vore jamn. På 1990-talet var det ein 10-årsperiode då nedgangen stoppa opp.
Til forskjell har røyking av og til ikkje sokke i det same tidsrommet. Blant unge menn har delen auka frå rundt 10 prosent i 1973 til over 20 prosent i 2025. Delen blant kvinner i alderen 16-24 har også auka dei siste ti åra og var i 2025 på same nivå som rundt tusenårsskiftet, rundt 15 prosent.
Denne utviklinga finn me også blant ungdom. Blant 15-16-åringar i Folkehelseinstituttets ESPAD-undersøking svarte berre 2,5 prosent at dei røykte dagleg, medan 14 prosent svarte at dei hadde røykt ein eller annan gong dei siste 30 dagane (Vedøy & Bye, 2025).
Figur 3. Bruk av nikotinprodukt i aldersgruppa 16-24 år
Snus
Delen som bruker snus blant unge vaksne menn auka markant etter årtusenskiftet, men har vore stabil rundt 25 prosent dei siste 15 åra (figur 3). Ein tilsvarande auke fann stad blant unge vaksne kvinner omkring 10 år seinare. Frå og med 2010 har auken minka. I 2025 var delen kvinner som brukte snus dagleg 18 prosent.
Bruk av snus av og til er mindre utbreidd enn dagleg bruk både blant unge menn og unge kvinner. Delen har halde seg relativt høg blant kvinner, og var i 2025 rundt 10 prosent. Samtidig har delen blant unge menn falle frå over 15 prosent i 2004 til under 10 prosent i 2025.
Til samanlikning svarte sju prosent av 15-16-åringar i Folkehelseinstituttets ungdomsundersøking (ESPAD) at dei brukte snus dagleg eller nesten dagleg. 71 prosent av dei som brukte snus, svarte at dei brukte heilkvit snus, som liknar nikotinposar (Vedøy & Bye, 2025).
Alder ved regelmessig bruk av snus blant unge vaksne var stabil rundt 17 år i perioden 2004 til 2022, medan alder ved første gongs eksperimentering med snus var rundt 16 år (Helsedirektoratet, 2026a; Statistisk sentralbyrå, 2026).
E-sigarettar
Til liks med situasjonen blant vaksne (figur 2) er dagleg bruk av e-sigarettar (også kalla fordamparar eller «vape») lite utbreidd blant unge vaksne, rundt éin prosent menn og kvinner samla i perioden 2023-2025 (figur 3). Til forskjell har bruk av og til auka kraftig, og særleg blant kvinner. I 2025 var delen som brukte e-sigarettar av og til 13 prosent blant kvinner og 7 prosent blant menn i alderen 16-24 år.
Til samanlikning svarte 20 prosent av 15-16-åringane i Folkehelseinstituttets ungdomsundersøking (ESPAD) at dei hadde bruk e-sigarettar siste 30 dagar. Delen var særleg høg blant jenter (24 prosent mot 16 prosent blant gutane) (Vedøy & Bye, 2025).
Røyking, bruk av snus og e-sigarettar blant eldre 65-79 år
Unge vaksne var lenge den aldersgruppa med høgast del som røykte dagleg, men no er delen størst blant eldre vaksne; 11 prosent i aldersgruppa 65-79 år røykte dagleg i 2025, mot 2 prosent i aldersgruppa 16-24 (figurane 3 og 4). Samtidig var bruk av snus mindre utbreidd; berre 4 prosent brukte snus dagleg blant menn i alderen 65-79 år, mot 24 prosent blant menn i alderen 16-24 år. Blant eldre kvinner er delen som røyker på same nivå som på 1970-talet, men lågare enn på 1990-talet.
Figur 4. Bruk av nikotinprodukt i aldersgruppa 65-79 år
Sambruk av røyk, snus og e-sigarettar
Bruk av ulike nikotin- og tobakksprodukt er ofte samanvovne. Som vist i figur 1, har ulike tobakksprodukt dominert i ulike periodar. Dei siste åra har nye tobakks- og nikotinprodukt, førebels i form av e-sigarettar (også kalla fordamparar eller «vape») og heilkvit snus (snus med svært lågt innhald av tobakk), kome på marknaden. Frå eit folkehelseperspektiv blir då spørsmålet om desse produkta erstattar eller kjem i tillegg til dei etablerte, i kva grad dei fører til bruk av nikotin blant personar som elles ikkje ville ha brukt nikotin, og kor stor forskjell det er i skadegrada av produkta.
Ei rekkje studiar frå USA det siste tiåret har vist at nye nikotinprodukt kan vera substitutt for etablerte produkt (Davis et al., 2025; He et al., 2025; Huang et al., 2018; Jawad et al., 2018; Snider et al., 2017). Desse studiane baserer seg på endringar i sals- og/eller forbruksdata som følgje av produktspesifikke restriksjonar (aldersgrenser, smaksavgrensingar etc.) eller skattleggingsforskjellar mellom nikotinprodukt.
Data over mange år viser at auken i bruk av snus samvarierer med ein nedgang i røyking, både blant vaksne og unge vaksne (sjå figurar 2 og 3). Dette kan delvis kome av at snus blir brukt som hjelpemiddel ved røykeavvenning (Lund & Lund, 2023), men også at unge byrjar å bruka snus i staden for å røyka (sjå figur 5). Det betyr likevel også at den samla bruken av nikotin ikkje har sokke i takt med at røyking blir fasa ut (Folkehelseinstituttet, 2025a; 2025b).
Samtidig rapporterer mange studiar at ungdommar som bruker tobakksfrie nikotinprodukt, til dømes fordamparar, har større risiko for å byrja å røyka seinare enn ungdom som ikkje bruker e-sigarettar (Begh et al., 2025). Ein norsk studie fann at regelmessig bruk av snus, med eller utan samtidig røyking, førte til ein relativ høg risiko for regelmessig røyking seinare i livet, så vel som for bruk av snus åleine, blant vaksne (Grøtvedt, Forsén, Ariansen, Graff-Iversen, & Lingaas Holmen, 2019). Det er likevel omdiskutert om bruk av e-sigarettar eller snus er ei årsak til eller berre samvarierer med etterfølgjande røyking (Begh et al., 2025; Shahab et al., 2022).
Oversikter over bruk av ulike nikotinprodukt, som i figurane 2, 3 og 4, tek ikkje omsyn til bruk av fleire produkt samtidig. I figur 5 viser me derfor fordelinga av kombinasjonar av bruk av ulike nikotinprodukt frå 1973 til 2025 i ulike aldersgrupper.
Figur 5. Sambruk av ulike nikotinprodukt
Figuren viser at bruk av sigarettar åleine var den dominerande inntaksmetoden for nikotin ved starten av perioden i alle aldersgruppene, medan det berre er blant dei eldste at dette framleis er den mest utbreidde bruksforma. Figur 5 viser også at sambruk (bruk av sigarettar og snus eller alle tre (sigarettar, snus og e-sigarettar) samtidig) har vore mest utbreidde blant dei yngste. Bruk av snus åleine har auka markant i alle aldersgruppene, og er no den mest brukte inntaksmetoden for nikotin blant dei yngre og middelaldrande. E-sigarettar, i motsetning til snus, blir i størst grad brukte i kombinasjon med andre produkt. I alle aldersgrupper utgjer bruk av e-sigarettar åleine ein beskjeden del av nikotinbruket (under 5 prosent). Blant dei yngste har den relative delen som kombinerer e-sigarettar med bruk av tobakk auka markant mot slutten av perioden.
Nedgangen i total nikotinbruk har vore størst blant dei eldste. I den yngste aldersgruppa har delen som bruker noka form for nikotin endra seg lite frå 1980-talet.
Sosioøkonomiske og demografiske forskjellar i røyking
Røyking etter utdanning
Eit framståande trekk ved sigarettrøyking er samanhengen med nær sagt alle mål på sosial ulikskap som utdanning, inntekt, yrke, sosial status og etnisitet (Huisman et al., 2005; Layte & Whelan, 2009; Lee et al., 1991; Lund & Lund, 2005; Laaksonen et al., 2005; Pampel & Rogers, 2004; Peretti-Watel & Constance, 2009; Vedøy, 2014; Vedøy & Lund, 2025a).
Som vist i figur 6, har det vore store og stabile forskjellar i daglegrøyking mellom utdanningsgruppene i Noreg. Dei absolutte forskjellane var størst mot slutten av 1980-talet, men har sokke over tid. Blant personar med høgskule- eller universitetsutdanning var det i 2025 rundt 3 prosent som røykte dagleg.
Figur 6. Røyking i ulike utdanningsgrupper
Røyking etter fylke
Delen som røyker dagleg, har vore ganske lik i dei ulike fylka (figur 7). I perioden 2021-2025 var forskjellane mellom fylke rundt 5 prosentpoeng eller mindre. Oslo hadde både i perioden 2006-2010 og 2021-2025 ein relativt låg del, medan Nordland, Troms og Finnmark hadde ein relativt høg del. Likevel har det vore ein stor nedgang i daglegrøyking i alle fylka dei siste 20 åra. Vestfold og Telemark samla og Agder er dei fylka som har hatt størst absolutt nedgang i delen som røyker dagleg (høvesvis 16 og 15 prosentpoeng). Desse landsrepresentative tala stemmer i stor grad overeins med regionale undersøkingar som Helseundersøkinga i Trøndelag (Sund et al., 2020).
Figur 7. Røyking etter fylker og ulike årstal
Røyking blant innvandrarar
I 2016 vart det gjennomført ei levekårsundersøking blant innvandrarar (Vrålstad & Wiggen, 2017). I alle innvandrargrupper samla var delen daglegrøykarar då 26 prosent for menn og 10 prosent for kvinner. I tillegg var det i underkant av 10 prosent som røykte av og til, og dette gjaldt begge kjønn.
Den høgaste delen daglegrøykarar var blant menn frå Polen og Tyrkia, rundt 35-36 prosent. Den lågaste delen var blant menn frå Sri Lanka, Eritrea og Afghanistan (7 prosent).
Blant kvinner var andelen daglegrøykarar størst blant innvandrarar frå Polen, Tyrkia og Bosnia-Hercegovina (ca. ein av fem). Nesten ingen kvinner frå Afghanistan, Pakistan, Sri Lanka, Eritrea og Somalia røykte.
Les meir i kapittel om Helse blant personar med innvandrarbakgrunn
Utbreiing av røyking og bruk av snus blant gravide
Det har vore ein sterk nedgang i røyking blant gravide (figur 8). Ved tusenårsskiftet røykte rundt kvar femte (21 prosent) gravide kvinne i starten (første trimester) og 17 prosent i slutten (tredje trimester) av svangerskapet. I 2024 er tala reduserte til høvesvis 0,8 prosent og 0,5 prosent.
Bruk av snus var meir utbreidd, både i byrjinga og slutten av svangerskapet (Folkehelseinstituttet, 2025c).
Figur 8. Utvikling i røyking og bruk av snus blant gravide
Bruk av tobakk i Noreg samanlikna med andre land
Samanlikna med andre europeiske land, er delen som røyker dagleg i Noreg låg (OECD, 2025). Tal frå den siste European Health Interview Survey gjennomført i 2019 viser at Noreg, saman med Finland, Island og Sverige, har lågast del daglegrøykarar i Europa (figur 9). Ifølgje nyare tal frå OECD, som også omfattar ei rekkje land utanfor Europa, er Noreg blant dei 5 landa med lågast utbreiing av daglegrøyking (OECD, 2025).
Figur 9. Daglegrøykarar i europeiske land
Ser me heile kloden under eitt, viser tal frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) at delen som røykte fall frå 50 til 34 prosent blant menn og frå 16 til 7 prosent blant kvinner frå 2000 til 2025. Befolkningsauken førte likevel til at talet på tobakksbrukarar har sokke mindre enn det prosentdelane tyder på. Blant menn har talet vore stabilt rundt 1 milliard. Blant kvinner sokk talet frå 335 millionar i 2000 til 208 millionar i 2025 (World Health Organisation, 2025).
Avhengigheit av nikotin
Ulike tobakks- og nikotinprodukt har ulike konsekvensar for helsa, men felles for desse produkta er at dei inneheld nikotin som er avhengigheitsskapande. Frå eit biomedisinsk perspektiv er dei avhengigheitsskapande effektane knytte til nikotinets binding til reseptorar i hjernen, såkalla nikotinkolinerge reseptorar (Jiang et al., 2025). Aktivering av reseptorane stimulerer frigjering av signalstoff, mellom anna dopamin, som gir ein påskjønningseffekt. Gjentakande eksponering fører til auka toleranse og auka nikotinbehov for å lindra symptoma på sug og abstinensar (Brody, 2006; Benowitz, 2010).
Frå eit åtferdsperspektiv er nikotinavhengigheit knytt til ei rekkje trekk: Bruken skjer dagleg, det første inntaket for dagen skjer kort tid etter oppvakning, bruken held fram trass i eit overordna ønske om å avstå, brukaren erkjenner at vedvarande konsum kan resultera i helseskade, og å stoppe bruken vil utløysa abstinenssymptom (Elster & Skog, 1999; Gjelsvik, 1999; Rise, 2014; Skog, 2003). Desse kriteria kan vera til hjelp for å identifisera delen som kan betraktast som avhengige av nikotin, til dømes blant ungdom eller unge vaksne (Lund & Vedøy, 2026). Også dei åtferdsrelaterte trekka kan ha bakgrunn i biomedisinske mekanismar.
Helseskadelege effektar av nikotin
Nikotin påverkar signalsystem i ei rekkje celletypar. Desse signalsystema er involverte i fysiologiske funksjonar, men nikotins påverknad av desse signalsystema kan også formidla helseskadelege effektar (Folkehelseinstituttet, 2019). Nikotin er ikkje klassifisert som eit kreftframkallande stoff, men eksperimentelle studiar har indikert at nikotin kan ha ein promotoreffekt, det vil seie fremme kreftutvikling initiert av andre stoff (United States Department of Health and Human Services, 2014; Schaal & Chellappan, 2014; Folkehelseinstituttet, 2019).
Nikotineksponering gir auka hjartefrekvens og blodtrykk, og dessutan samantrekking av små blodkar med følgjande dårleg blodsirkulasjon i armar og bein.
Nikotin kan redusera sensibiliteten for insulin, noko som kan forverra eksisterande sjukdom eller auka risikoen for type 2-diabetes. Samla kan dette bidra til auka risiko for hjarte- og karsjukdom hos brukarar av tobakks- og nikotinprodukt (Folkehelseinstituttet, 2019). Dyrestudiar har vist at nikotineksponering under svangerskapet har skadelege effektar på lungeutvikling og lungefunksjon, og på utviklinga av hjernen etter fødsel. Mykje tyder på at nikotin er årsak til at bruk av snus gir auka risiko for skadelege fødselsutfall, som for tidleg fødsel og dødfødsel. I ein rapport frå US Surgeon General konkluderte dei med at eksponering for nikotin i ungdomstida óg kan føra til avhengigheit og påverkar utviklinga av hjernen (United States Department of Health and Human Services, 2016). I kva grad slike effektar kjem til uttrykk, då hjernen er i utvikling fram til 25 års alder, er usikkert.
Helserisiko, sjukdom og dødelegheit som følgje av tobakksrøyking
«Global Burden of Disease»-prosjektet (GBD) bereknar kor mykje av sjukdomsbyrda i Noreg som kan forklarast av utvalde påverkbare risikofaktorar. Ifølgje GBD er bruk av tobakk framleis ein av dei største påverkbare risikofaktorane for død og sjukdom i 2023. (Les meir i kapittel om sjukdomsbyrde). Barn og unge er særleg sårbare for mange av dei skadelege effektane knytte til bruk av tobakksvarer og nikotinprodukt (United States Department of Health and Human Services, 2016).
Innhaldsstoff og helsefare
Ulike tobakks- og nikotinprodukt har ulike konsekvensar for helsa. Røyking fører til den største helserisikoen. Tobakksrøyk inneheld mange helseskadelege stoff. Dei fleste blir danna gjennom ufullstendig forbrenning, det vil seie under røyking (United States Department of Health and Human Services, 2014). Mange av kjemikaliane i tobakksrøyk er kreftframkallande (United States Food and Drug Administration, 2012; 2019). Døme på slike stoff er polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH), tobakksspesifikke nitrosamin (TSNA), benzen, formaldehyd, arsen, bly, kadmium og furan. Nokre av stoffa er toksiske for luftvegane, hjarte- og karsystemet eller kan påverka fruktbarheit.
Røyking og dødelegheit
Dei viktigaste sjukdommane som er knytt til for tidleg død på grunn av røyking er kreft, hjarte- og karsjukdom og metabolske sjukdommar, lungesjukdommar og svangerskapskomplikasjonar som medfører død (United States Department of Health and Human Services, 2014). Røyking aukar også dødelegheita av kreftsjukdom og bidreg til auka dødelegheit av komplikasjonar ved kirurgiske inngrep (United States Department of Health and Human Services, 2014). Det er store forskjellar i effekten av nedgang i røyking i befolkninga. For hjarte- og karsjukdommar har dødelegheita vore fallande sidan 1970 (sjå figur 10 i Hjarte- og karsjukdommar i Noreg), medan for lungekreft er det nedgang i dødelegheit frå 2010 for menn og frå 2015 for kvinner (Cancer Registry of Norway, Norwegian Institute of Public Health, 2025).
Røyking og kreftfare
Tobakk og røyk inneheld fleire titals kreftframkallande stoff (Li & Hecht, 2022). Røyking er den fremste risikofaktoren for lungekreft, ei av dei vanlegaste kreftformene Noreg, og 8 av 10 lungekrefttilfelle kjem av røyking av tobakk (Folkehelseinstituttet, 2026). Kreftrisikoen aukar med talet på sigarettar per dag og varigheita av røyking (U.S. Department of Health and Human Services, 2014).
Figur 10 viser det samla talet på tilfelle av lungekreft frå 1953 til 2025 (gul linje, akse til venstre), det aldersstandardiserte talet på nye tilfelle per 100 000 personår (raud linje, akse til høgre) saman med utviklinga i registrert og berekna uregistrert forbruk av røyketobakk i gram for kvinner og menn (blå linje, akse til venstre).
Figur 10. Samanheng mellom tobakk og lungekreft
Figuren viser at veksten i nye tilfelle av lungekreft har hatt ein parallell utvikling med auken i røyking, men med fleire tiårs forseinking. Veksten av nye tilfelle av lungekreft minka på 1990-talet for menn, og frå 2011 til 2024 sokk raten med 27 prosent. Nedgangen i røyking blant kvinner skjedde noko seinare enn for menn, og har berre nyleg rokke å forplanta seg i ein tilsvarande nedgang i nye tilfelle av lungekreft (9 prosent nedgang frå 2015 til 2024). Likevel, på grunn av at det er stadig fleire eldre i befolkninga er talet med lungekreft framleis på det høgaste nivået registrert, rundt 3400 per år, og omfattar omtrent like mange kvinner som menn (Cancer Registry of Norway, 2025).
Røyking aukar også risikoen for kreft i fleire andre organ i kroppen (United States Department of Health and Human Services, 2014; Alexandrov et al., 2016; Dai et al., 2022; Wada et al., 2024). Det er også samanheng mellom røyking og andre skadelege helseutfall i kreftpasientar og personar som har overlevd kreft (United States Department of Health and Human Services, 2014).
Røyking og hjarte- og karsjukdom og metabolske sjukdommar
Røyking er ei viktig årsak til hjarte- og karsjukdommar som aterosklerose (åreforkalking), høgt blodtrykk, koronar hjartesjukdom, inkludert hjarteinfarkt, plutseleg hjartedød, hjerneslag og aortaaneurisme (United States Department of Health and Human Services, 2014; Fuchs & Whelton, 2020). Sjølv personar som røyker færre enn fem sigarettar om dagen, kan ha tidlege teikn på hjarte- og karsjukdommar og auka risiko for hjarteinfarkt. Det er rapportert at røykarar har ein doseavhengig høgare risiko for å utvikla type 2-diabetes (United States Department of Health and Human Services, 2014).
Røyking og sjukdommar i luftvegar og lunger
Røyking er den dominerande årsaka til utvikling av kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) (United States Department of Health and Human Services, 2014) og kan også bidra til andre lungesjukdommar (United States Department of Health and Human Services, 2014; Galev et al., 2024). Røyking kan også forstyrra immunsystemet, noko som kan auka risikoen for lungeinfeksjonar og astma (United States Department of Health and Human Services, 2014).
Røyking og skadar på tannkjøtt og tenner
Røyking er ein risikofaktor for tannkjøttsjukdommar og mindre vellukka resultat etter behandling av desse (United States Department of Health and Human Services, 2014; Leite et al., 2018).
Røyking og effektar på fruktbarheit, svangerskap og fosterutvikling
Røyking kan redusera reproduksjonsevna både hos menn og kvinner. Det er samanheng mellom røyking og impotens hos menn og for svangerskap utanfor livmora hos kvinner (United States Department of Health and Human Services, 2014).
Eksponering for helseskadelege stoff i fosterlivet, til dømes frå røyking, og dessutan i barne- og ungdomstida då kroppen er under utvikling, kan ha andre helsemessige konsekvensar enn om den same eksponeringa skjer i vaksen alder. Røyking under graviditet kan medføra ugunstige svangerskapsutfall, med anna dødfødsel, for tidleg fødsel og redusert fødselsvekt (United States Department of Health and Human Services, 2014; Marufu et al., 2015). Røyking under svangerskapet kan også gi dårlegare funksjon av luftvegane og auka risiko for piping («wheeze») i brystet hos spedbarn (Dei Queiroz Andrade et al., 2024). Ein skandinavisk studie viste at barn der mor røykte meir enn 6 sigarettar per dag under graviditeten hadde auka risiko for seinare inflammatorisk tarmsjukdom (Sigvardsson et al., 2024). Ein liknande studie i Storbritannia fann at deltakarar som var eksponerte for mors røyking under svangerskapet hadde auka risiko for Crohns sjukdom og ulcerøs kolitt (Hu et al., 2024). Det er rapportert ein samanheng mellom mors røyking tidleg i svangerskapet og leppe- og ganedefektar hos barnet (United States Department of Health and Human Services, 2014; Fell et al., 2022).
Passiv røyking og helseskadar
Eksponering for passiv røyking aukar risikoen for å utvikla lungekreft (United States Department of Health and Human Services, 2014). Nyare funn indikerer også ein samanheng mellom passiv røyking og brystkreft (Possenti et al., 2024). Passiv røyking aukar risikoen for å utvikla koronar hjartesjukdom og hjerneslag (United States Department of Health and Human Services, 2014) og er også årsak til andre helseskadar som effektar på reproduksjonen hos kvinner, inkludert låg fødselsvekt hos barnet. Barns eksponering for passiv røyking kan gi redusert lungefunksjon, auka risiko for luftvegsinfeksjonar, infeksjonar i mellomøyret og krybbedød (United States Department of Health and Human Services, 2014). Passiv røyking i løpet av det første leveåret til barnet kan auka risikoen for seinare inflammatorisk tarmsjukdom (Sigvardsson, Ludvigsson, Andersson, Størdal, & Mårild, 2024).
Helseskadar og sjukdommar knytte til bruk av snus
Innhaldsstoff og helsefare
Lette akutte forgiftingar frå inntak av snusposar melde til Giftinformasjonen i Noreg i perioden 2018-2025 var høgast hos barn under 4 år, med gjennomsnittleg tal per år på omkring 350 tilfelle (Giftinformasjonen, personleg kommunikasjon). For barn i alderen 5-9 år var det om lag 8 tilfelle og for barn og ungdommar i alderen 10-19 år var det 14 tilfelle. For vaksne var det omkring 60 tilfelle per år.
Helsefare og dei helseskadelege effektane av bruk av snus er i hovudsak knytt til vanlege innhaldsstoff som tobakksspesifikke nitrosamin (TSNA) og nikotin, men også andre stoffar kan bidra. WHOs internasjonale kreftforskingsorgan «International Agency for Research on Cancer» (IARC) har klassifisert to av desse tobakksspesifikke nitrosamina som kreftframkallande for menneske (International Agency for Research on Cancer, 2012). Nikotins effektar er omtalte i avsnittet Helseskadelege effektar av nikotin sidan det finst i sigarettar, snus og e-sigarettar.
Bruk av snus og kreftfare
Tradisjonell type snus inneheld tobakk og dermed fleire kreftframkallande stoff. Bruk inneber derfor ein fare for kreftutvikling (International Agency for Research on Cancer, 2007; Folkehelseinstituttet, 2019). Ein studie viste at innhaldet av tobakk-spesifikke nitrosamin i svensk snus hadde gått ned i 2001/2002 samanlikna med i 1983/1986 (Österdahl, Jansson, & Paccou, 2004). Kor stor kreftrisikoen ved bruk er, kan mellom anna avhenga av mengda av helseskadelege innhaldsstoff, og brukarhistorikk, som alder når ein byrja å snusa og kor lenge og kor hyppig ein bruker snus.
Bruk av snus og effektar på hjarte- og karsystemet og metabolske sjukdommar
Bruk av snus kan auka risikoen for høgt blodtrykk, og aukar dødelegheita i tida etter hjarteinfarkt og hjerneslag (Hansson et al., 2012; 2014). Det er rapportert at personar som sluttar å bruka snus etter hendt hjarteinfarkt kan halvera risikoen for å døy dei neste to åra (Arefalk et al., 2014). Det er likevel usikkert om bruk av snus påverkar risiko for å få hjarteinfarkt, hjerneslag, atrieflimmer og kronisk hjartesvikt. Ein nyleg svensk studie blant ikkje-røykande menn rapporterte ein samanheng mellom auka risiko for høgt blodtrykk og hjartesvikt seinare i livet etter at ein justerte for kjende risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom (Loennberg et al., 2026). Vidare er det sannsynleg at høgt forbruk blant menn gir ein auka risiko for type 2-diabetes og for metabolsk syndrom (Folkehelseinstituttet, 2019).
Bruk av snus og effektar på svangerskap og fosterutvikling
Bruk av snus under graviditet aukar risikoen for for tidleg fødsel (Dahlin et al., 2016). Det finst også studiar som indikerer at bruk av snus under svangerskapet aukar risikoen for dødfødslar, for å vera liten for svangerskapsalder, redusert fødselsvekt, keisarsnitt, kortvarig pustestans og for leppe- og ganedefektar (Folkehelseinstituttet, 2019).
Bruk av snus og effektar i munnhòla
Bruk av snus kan føra til slimhinnelesjonar og tilbaketrekking av tannkjøttet i det området der snusen blir plassert (Larsson, Axéll, & Andersson, 1991; Kopperud et al., 2023). Slimhinnelesjonane vil reverserast dersom ein slutta med snus, men tilbaketrekkinga av tannkjøttet vil bestå sjølv etter at ein har slutta med snus.
Helseskadar og sjukdommar knytte til bruk av e-sigarettar
Innhaldsstoff og helsefare
Ved oppvarming av e-væska kan det dannast helseskadelege nedbrytingsprodukt eller reaksjonsprodukt, som formaldehyd, akrolein og acetaldehyd (Joint Action on Tobacco Control 2, 2023). Desse stoffa er klassifiserte som høvesvis kreftframkallande (International Agency for Research on Cancer, 2006), sannsynleg kreftframkallande (International Agency for Research on Cancer, 2021) og mogleg kreftframkallande stoff (International Agency for Research on Cancer, 1999). Metall frå ulike delar av e-sigaretten kan overførast til e-sigarettvæska og pustast inn, slik som bly frå loddinga mellom metallkomponentar, eller krom, nikkel eller arsen frå metallet i varmeelementet. Slike stoff kan òg utgjere ein helsefare.
E-sigarettar har vore på marknaden i relativt kort tid. Fordi det kan ta mange år å utvikla kreft, hjarte- og karsjukdom og lungesjukdom, veit me førebels lite om slike effektar av e-sigarettbruk. Risikoen for uønskte helseeffektar er sannsynlegvis knytt til samansetninga til e-væska, korleis e-sigaretten er konstruert og stilt inn (effekt og temperatur) og korleis han blir brukt (varigheit og fart av inhalering, bruksfrekvens, samtidig bruk av andre nikotinprodukt med meir). I kva alder ein byrjar å bruka e-sigarettar og sårbarheita til den enkelte for utvikling av helseskadelege effektar vil også ha noko å seia. Ein kan venta helseeffektar av nikotinet i e-sigarettvæska tilsvarande dei ein har observert med andre nikotinhaldige produkt (omtalt i avsittet Helseskadelege effektar av nikotin).
Bruk av e-sigarettar og effektar på hjarte- og karsystem og luftvegar
Det er usikkert om bruk av e-sigarettar forårsakar hjarte- og karsjukdom og luftvegssjukdommar (National Academies of Sciences, Engineering, and Medicine, 2018; Wasfi et al., 2022). Det er likevel rapportert auka prevalens av astma blant brukarar av e-sigarettar (Folkehelseinstituttet, 2022). Ein nyare studie rapporterte auka risiko for kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) blant naive e-sigarettbrukarar, dvs. som ikkje tidlegare har røykt (Erhabor et al., 2025). Den same studien viste også ein assosiasjon mellom naiv bruk av e-sigarettar og høgt blodtrykk i aldersgruppa 30-70 år.
Bruk av e-sigarettar og effektar på svangerskap og fosterutvikling
Det er få studiar tilgjengeleg om uønskte svangerskapsutfall etter bruk av e-sigarettar og det er funne både ein reduksjon, så vel som ingen effekt, av e-sigarettar på fødselsvekt og liten for svangerskapsalder (Folkehelseinstituttet, 2022). Ein nyare meta-analyse konkluderer med at bruk av e‑sigarettar i svangerskapet gav auka risiko for tidleg fødsel og låg fødselsvekt (Valée et al., 2025).
Bruk av e-sigarettar og kreftfare
Det er påvist fleire kreftframkallande stoff i aerosolen frå e-sigarettar (El Bouz et al., 2026). For sigarettrøyking går det oftast meir enn tjue år frå røykjestart til kreftdiagnose. Foreløpig har e-sigarettar vore for kort på marknaden til at vi veit korleis deira bruk vil påverke kreftrisiko hos tobakksbrukarar, tidlegare tobakksbrukarar og ikkje tidlegare tobakksbrukarar.
Bruk av e-sigarettar og akutte skadar og forgiftingar
E-sigarettar kan i nokre tilfelle overopphetast, ta fyr eller eksplodera og forårsaka skadar. Skadane varierer i alvorsgrad (National Academies of Sciences, Engineering, and Medicine, 2018; Folkehelseinstituttet, 2022). Utilsikta eller tilsikta inntak av e-væske kan forårsaka forgiftingar med alvorsgrad som spenner frå milde symptom som oppkast, auka hjartefrekvens og auka spyttutskiljing til tilfelle av død.
Giftinformasjonen får årleg fleire førespurnader (19 i 2025) om uhell der barn har fått i seg e-væske (Giftinformasjonen, personleg kommunikasjon). Det er også ein risiko at ein vilja eller ikkje vilja bruker e-væske, både med og utan nikotin, som inneheld stoff som medfører utilsikta høg helsefare ved inhalasjon, til dømes lungeskadar som følgje av innanding av tetrahydrocannabinol (THC) med vitamin E-acetat som løysemiddel i e-væska (Boudi et al., 2019). Mykje tyder på at det sistnemnde stoffet var ein utløysande faktor for dei rapporterte lungeskadane.
Utslepp til omgivnadene ved bruk av e-sigarettar
Personar i nærleiken av nokon som bruker e-sigarettar kan bli utsette for stoff i aerosolen frå desse produkta (Hess et al., 2016). Dokumentasjonen om helseskadar ved passiv røyking frå e-sigarettar er førebels avgrensa.
Røykeslutt og helsekonsekvensar av røykeslutt
Bruk og effektar av hjelpemiddel ved røykeslutt
Dei fleste som røykar dagleg i dag, er eldre vaksne som vil ha stor helsegevinst av å slutta å røyka (Le et al., 2024). Å slutta å røyka er likevel ikkje lett. Nikotin er eit avhengigheitsdannande stoff, og røyking fyller ofte ei rekkje subjektive og sosiale funksjonar som reduksjon av stress, nyting, vektkontroll, signalisera tilhøyrsel eller sosial avstand, legitimere pausar med meir (Fidler & West, 2009; Mausner, 1973).
Figur 11 viser kva metodar tidlegare daglegrøykarar svarte at dei hadde brukt ved siste sluttforsøk. Snus vart nemnd av 45 prosent av dei spurde i 2025, og er dermed det hyppigast nemnde hjelpemiddelet etter røykeslutt. Deretter kjem e-sigarettar og nikotinlegemiddel, som vart rapporterte av høvesvis 21 og 18 prosent, og røykesluttplattformer på nett eller mobil (10 prosent). Hjelp frå helsetenesta og røykesluttpreparat på resept vart nemnd av fire prosent kvar. Å prøva å slutta å røyka utan hjelpemiddel er også vanleg, både i Noreg (Lund & Lund, 2023) og i andre land (Chapman & Mackenzie, 2010) og sal av nikotinlegemiddel til røykeslutt i Noreg har auka gjennom fleire år (sjå: Røykeavvenningsmidlar med nikotin).
Figur 11. Bruk av røykesluttprodukt
Det at ein sluttemetode er utbreidd, betyr likevel ikkje at den nødvendigvis er effektiv (Raupach et al., 2012). I kliniske studiar, ofte med motiverte deltakarar, er effekten av å bruka ulike hjelpemiddel ofte betre enn å ikkje bruka noka form for hjelpemiddel. Dette gjeld både nikotinerstatningspreparat (Hartmann-Boyce et al., 2018), e-sigarettar (Lindson et al., 2025) og medisinar for røykeslutt (Lindson et al., 2023). Studiar tyder på at bruk av slike produkt aukar talet som sluttar med rundt 8 per 100 (Lindson et al., 2023). Rundt fire prosent av norske dagleg- og tidlegare daglegrøykarar bruker nikotinerstatningsprodukt (til dømes i form av tyggjegummi eller plaster) (Statistisk sentralbyrå, 2026).
I den verkelege verda, og målt i befolkningsstudiar, er sjansane for å lykkast med eit sluttforsøk like store for dei som ikkje bruker nokon hjelpemiddel som for dei som bruker til dømes nikotinlegemiddel utan terapeutisk støtte (Brown et al., 2014). Kva tyding eit hjelpemiddel for røykeslutt vil ha på befolkningsnivå, er avhengig både av kor effektivt det er, og av kor mange som tek det i bruk, under dette om det også blir teke i bruk av dei som i utgangspunktet ikkje er motivert til å slutta å røyka (Jackson et al., 2025; Rosen et al., 2021).
Ein norsk studie rapporterte at røykarar som byrjar å bruka snus, har større sannsyn for å slutta å røyka samanlikna med ikkje-brukarar av snus (Lund & Christiansen, 2020). I tillegg røykar dobbeltbrukarar av sigarettar og snus færre sigarettar per dag enn røykarar som aldri har brukt snus eller som brukte snus tidlegare (Lund et al., 2016). Samstundes konkluderte ein nyare systematisk oversiktsartikkel med at det var svakt kunnskapsgrunnlag for nytte av snus som middel for røykeslutt (Stjepanović et al., 2023).
Rundt halvparten av dagens røykarar i Noreg seier dei ynskjer å slutta (Lund et al., 2023). Likevel har delen blant daglegrøykarar som er svært interesserte i, vurderer, har prøvd eller planlegg å slutta å røyka, vore stabil over fleire tiår (Vedøy & Lund, 2025a).
Vedvarande sjukdomsrisiko ved røykeslutt og overgang til andre tobakks- eller nikotinprodukt
Den gjenståande risikoen for sjukdom hos tidlegare røykarar etter overgang til snus eller e-sigarettar er ikkje avklart. Dette gjeld også helserisiko knytt til kombinasjonsbruk med av og til-røyking og bruk av ulike tobakks- og nikotinprodukt, særleg i yngre aldersgrupper. Samla sett vil ein fullstendig overgang til bruk av snus eller e-sigarettar som erstatning for tradisjonell røyking vera knytt til ein reduksjon i eksponering for helseskadelege stoff.
Ein nyleg longitudinell studie frå Sør-Korea rapporterte om risikoen for lungekreft ved bruk av e-sigarettar hos tidlegare røykarar. Sjølv om årsakssamanheng ikkje kunne stadfestast, rapporterte forfattarane mellom anna at bruk av e-sigarettar etter røykeslutt var assosiert med ein høgare risiko for lungekreft samanlikna med dei som ikkje brukte e-sigarettar. Funna tyder på at bruk av e-sigarettar kan svekkje nedgangen i lungekreftrisiko ved røykeslutt (Kim et al., 2026).
Bruk av snus medfører at ein ikkje blir eksponert for helseskadelege forbrenningsprodukt, føresett røykeslutt. Kortvarig bruk av snus eller e-sigarettar kan vera til nytte for noverande røykarar dersom dei då klarer å slutta å røyka og tidlegare har mislykkast med andre røykeavvenningsprodukt. For ikkje-brukarar av tobakksprodukt vil det å byrja med snus eller e-sigarettar vera knytt til auka eksponering for helseskadelege stoff, risiko for utvikling av nikotinavhengigheit, og auka fare for uønskte helseeffektar som brukaren elles ikkje ville vore utsett for.
Regulering av tobakksprodukt i Noreg og tiltak mot bruk
Ny kunnskap om skadeverknaden av røyking førte til ei rekkje omfattande lovendringar på 1970-talet og framover (figur 12). I global samanheng har Noreg vore eit av landa som har innført flest og mest omfattande tobakkskontrolltiltak (Joossens et al., 2022).
Figur 12. Utvikling i røyking og tiltak
Reduksjonen i røyking har samanheng med restriksjonar, intervensjonar, informasjonskampanjar og assistanse til røykeslutt, slik det går fram av figur 12. Likevel er førebygging av tobakksrelaterte helseskadar og nikotinavhengigheit framleis svært viktig folkehelsearbeid. Noreg har slutta seg til Verdas helseorganisasjons (WHO) sin rammekonvensjon for å redusera tobakksskadar, og WHO sin strategi for ikkje-smittsame sjukdomar (NCD-strategien), der målet er 30 prosent nedgang i tobakksbruk (både røyking og bruk av snus) innan 2030 (Meld. St. 15 (2022–2023), 2023).
Bruk og sal av nikotinprodukt er regulert av lov om vern mot tobakksskadar (Helse- og omsorgsdepartementet, 2020). E-sigarettar inneheld ikkje tobakk, men produktet blir definert som eit tobakkssurrogat «som etter bruksmåten sin svarer til tobakksvarer».
Per dags dato er både nikotinhaldig e-væske til bruk i e-sigarettar og e-væske med såkalla karakteristisk smak forbode å selja i Noreg. Nikotinposar utan tobakk er også ulovlege å selja. For ei oppdatert oversikt over gjeldande reglar for bruk og kjøp av fordamparar, sjå Helsedirektoratets nettsider (Helsedirektoratet, 2025).
Reguleringa av nikotin- og tobakksprodukt blir også påverka av Den europeiske unionens (EUs) tobakksproduktdirektiv som vart reviderte i 2014 (European Parliament and the Council of the European Union, 2014), og som endeleg tredde i kraft i Noreg 30. mars 2026 (Helsedirektoratet, 2026c).
Datagrunnlag
SSB-undersøkingane
Omfanget av bruk av nikotin- og tobakksprodukt i den generelle norske befolkninga har vorte kartlagt gjennom ei rekkje spørjeundersøkingar frå 1973 til 2025 (med samleomgrepet «Røykevaneundersøkinga»), gjennomført av Statistisk sentralbyrå på oppdrag frå ei rekkje ulike institusjonar gjennom åra. I dag heiter undersøkinga «Rusundersøkinga» og blir leidd av Helsedirektoratet.
Registrert sal av tobakk
Tal om registrert sal av tobakk frå grossistar til detaljhandelen blir samla inn av Skatteetaten.
Forsyningsunderssølkinga og uregistrert forbruk
Estimat av det uregistrerte tobakksforbruket vart tidlegare berekna på grunnlag av informasjon frå tobakksindustrien, frå utsalsstader for avgiftsfri tobakk og frå grensehandelsundersøkingar. I dei seinare åra har ein nytta tal om registrert sal, saman med spørjeundersøkingar (Røykevaneundersøkinga, 1990-2014), og ei eiga undersøking gjennomført av Ipsos på vegner av Helsedirektoratet frå og med 2015 (Forsyningsundersøkinga (Eilertsen, 2017)).
ESPAD-undersøkinga
Tal om bruk av tobakks- og nikotinprodukt blant ungdom stammar frå ei europeisk skuleundersøking av 15-16-åringar (European School Survey Project on Alcohol and Other Drugs (ESPAD)) som har vorte gjennomført blant ungdom i over 30 europeiske land kvart fjerde år sidan 1995. Siste år var 2024. Folkehelseinstituttet har ansvaret for den norske undersøkinga.
EHIS-undersøkinga
Tal for utbreiinga av røyking i ulike europeiske land stammar frå European Health Interview Survey (EHIS), sist gjennomført i 2019.
Tillegg til figurar
Figur 6: Frå og med 2007 vart kriteriet for fullført vidaregåande utdanning endra. Konsekvensen var at nokre av personane som tidlegare var i gruppa «Vidaregåande skule», vart plasserte i gruppa «Grunnskule». Sjå SSBs nettside.
Figur 9: Tala bak figuren er tilgjengelege hos Eurostat.