Få varsel ved oppdateringer av «Fysisk aktivitet»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Fysisk aktivitet
Oops, noe gikk galt...
... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.
... last inn siden på nytt og prøv igjen.
Fysisk aktivitet i Noreg
Publisert Oppdatert
Dei fleste barn, halvparten av dei unge og om lag ein av tre vaksne oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet. For lite aktivitet kan auke risikoen for sjukdommar som hjarteinfarkt, kreft og type 2 diabetes.
Dei fleste barn, halvparten av dei unge og om lag ein av tre vaksne oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet. For lite aktivitet kan auke risikoen for sjukdommar som hjarteinfarkt, kreft og type 2 diabetes.

Hovudpunkt
- Om lag 80-90 prosent av barn i barneskulealder oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet.
- Halvparten av 15-åringane oppfyller tilrådingane.
- Blant vaksne er det om lag 30 prosent som oppfyller tilrådingane.
- Vi manglar tal for andelen gravide som oppfyller tilrådingane.
- Vi bruker stadig meir tid på stillesittande aktivitetar.
- Inaktivitet og mykje stillesitting er knytt til auka risiko for fleire folkesjukdomar og død før 70 års alder.
Om fysisk aktivitet og stillesitting
Fysisk aktivitet er definert som all kroppsleg bevegelse som er utført av skjelettmuskulatur, og som resulterer i ein vesentleg auke i energiforbruket utover kvilenivå.
Fysisk aktivitet blir ofte delt inn i lett, moderat og hard fysisk aktivitet, etter kor stor energiomsetning aktiviteten krev.
Stillesittande åtferd vil vere i den enden av skalaen der ein bruker minst energi (sjå figur 1), og kan definerast som den delen av den vakne tida ein sit eller ligg, og der mesteparten av muskulaturen i kroppen er i kvile.
Datagrunnlag
Fysisk aktivitet er ei kompleks åtferd det er vanskeleg å måle. Vi treng derfor både aktivitetsmålarar og spørjeskjema når vi skal kartleggje fysisk aktivitetsnivå i befolkninga. Aktivitetsmålarar er viktig for å kartleggje mengda fysisk aktivitet og stillesitting, og spørjeskjema gir nyttig informasjon om type aktivitet og i kva kontekst aktiviteten blir utøvd. I dette kapitelet blir det vist til begge typar målingar, i hovudsak frå enkeltstudiar.

Figur 1. Energiforbruket under fysisk aktivitet varierer frå svært lågt forbruk under kvile og stillesitjing til mangedobling av energiforbruket under hard aktivitet som til dømes løping. Forholdet mellom energiforbruket i kvile og under fysisk aktivitet kallar vi MET (metabolic equivalent). For eksempel betyr 3 MET at energiforbruket er tre gonger så høgt som under kvile. Kjelde: Nerhus 2011. Trykk på figuren for å sjå ein større versjon. Fysisk aktivitet - Fig1
Nedanfor er fysisk aktivitet i ulike aldersgrupper omtala.
Fysisk aktivitet blant barn og unge
Barn har eit unikt aktivitetsmønster som ofte er kjenneteikna av periodiske og spontane aktivitetar.
Tilrådingar
Helsedirektoratet tilrår at barn og unge bør delta i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt kvar dag. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitetar med høg intensitet minst tre gonger i veka, inkludert aktivitetar som gir større muskelstyrke og styrkjer skjelettet (Helsedirektoratet, 2016).
Andel som oppfyller tilrådingane
Om lag 90 prosent av seksåringane, 80 prosent av niåringane og halvparten av 15-åringane oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet. Det viser målingar frå 2011. I alle tre aldersgruppene er det fleire gutar enn jenter som oppfyller tilrådingane, sjå figur 2 (Helsedirektoratet, 2012).

Figur 2. Andelen 6-, 9- og 15-åringar som tilfredsstiller tilrådingane om 60 minutt moderat fysisk aktivitet dagleg fordelt på kjønn, 2011. Kjelde: Helsedirektoratet, 2012.
Tal frå kartlegginga av fysisk aktivitet blant barn og unge i 2011 inkluderte målingar frå 6-, 9- og 15-åringar (figur 1). Dette var første gong 6-åringane blei inkluderte. Fysisk aktivitet i denne studien blei registrert med aktivitetsmålarar (Helsedirektoratet, 2012).
- Barn i 6- og 9-årsalderen er i moderat til hard fysisk aktivitet rundt 1,5 timar dagleg, sjå tabell 1.
- 15-årige jenter og gutar er i gjennomsnitt moderat aktive i cirka 1 time dagleg, sjå tabell 1.
I alle aldersgruppene bruker gutar meir tid på fysisk aktivitet totalt sett (lett, moderat og hard samanlagt) enn jenter. Innanfor dei ulike aldersgruppene er det elles stor variasjon i gjennomsnittleg antal minutt med inaktivitet og fysisk aktivitet, sjå tabell 1.
|
6-åringar |
9-åringar |
15-åringar |
|||
|
Jenter |
Gutar |
Jenter |
Gutar |
Jenter |
Gutar |
Inaktivitet (min/dag) |
392 (49) |
376 (50) |
470 (54) |
450 (59) |
571 (61) |
558 (71) |
Lett FA (min/dag) |
247 (34) |
254 (34) |
223 (35) |
225 (35) |
148 (32) |
164 (38) |
Moderat FA (min/dag) |
73 (17) |
91 (21) |
64 (18) |
82 (23) |
52 (18) |
60 (22) |
Hard FA (min/dag) |
10 (7) |
10 (8) |
7 (6) |
9 (8) |
6 (6) |
8 (7) |
Moderat og hard aktivitet samanlagt (min/dag) |
83 | 101 | 71 | 91 | 58 | 68 |
I rapporten Barn, miljø og helse: Risiko- og helsefremmende risiko er det eit eiget kapittel om fysisk aktivitet hos barn og unge som gir meir informasjon om betydninga av fysisk aktivitet for barn og unge.
Fysisk aktivitet blant vaksne
Tilrådingar
Helsedirektoratet tilrår følgjande fysisk aktivitet for vaksne (Helsedirektoratet, 2016):
- å vere moderat fysisk aktiv i minst 150 minutt per veke, det vil seie minst 30 minutt per dag fem dagar i veka. Moderat aktivitet betyr aktivitetar som gir raskare pust enn vanleg, for eksempel rask gange. Tilrådinga kan òg oppfyllast med minst 75 minutt aktivitet med høg intensitet per veke, eller ein kombinasjon av moderat og høg intensitet.
Andel som følgjer tilrådingane: Om lag 30 prosent av vaksne oppfyller tilrådingane når fysisk aktivitet er registrert med ein aktivitetsmålar (Helsedirektoratet, 2015, 2017).
Stillesitting: Helsedirektoratet tilrår også å redusere tida ein bruker i ro, og unngå langvarig stillesitting. I dag bruker vaksne i gjennomsnitt ni timar per dag på stillesitting. Menn bruker i snitt meir tid på stillesittande aktivitetar enn kvinner (Helsedirektoratet, 2014a, 2015).
Nye studiar viser at for dei som sit stille i meir enn åtte timer dagleg i forbindelse med arbeid, transport eller liknande, er det tilrådd minst ein time moderat aktivitet dagleg (Ekelund, 2016).
Aldersforskjellar
Blant vaksne er det ingen skilnad på 20-åringar og 64-åringar når det gjeld tid i moderat aktivitet.
Etter 65-årsalderen, senker både kvinner og menn det gjennomsnittlege aktivitetsnivået frå 36 til 31 minutt dagleg, med eit tydelig fall for begge kjønn etter fylte 75 år.
Menn er noko meir aktive enn kvinner, men forskjellen er berre 1-2 minutt meir i gjennomsnitt per dag (Helsedirektoratet, 2015).
Forskjellar mellom kvinner og menn
Hos barn er gutane meir fysisk aktive enn jentene, sjå tabell 1.
Blant vaksne er det fleire kvinner (34 prosent) enn menn (29 prosent) som oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet og dette gjeld for alle aldersgrupper. Figur 3 syner prosentandelen kvinner og menn som oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet (Helsedirektoratet, 2015).

Figur 3. Andelen (95 prosent konfidensintervall) som oppfyller tilrådingane etter alder og kjønn (antal=3020) (Helsedirektoratet, 2015). Figuren viser at det er ein tendens til at kvinner er meir aktive enn menn, men tala for dette er usikre.
Fysisk aktivitet blant gravide
Tidlegare har helsetenesta vore redd for at fysisk aktive gravide skulle føde for tidleg og føde barn med låg fødselsvekt. Det er det ikkje grunnlag for, viser ei systematisk forskningsoppsummering. Det ser også ut til å vere trygt for tidlegare inaktive kvinner å begynne med tilpassa trening under svangerskapet. Dette gjeld både gravide utan risikofaktorar og gravide som har høgt blodtrykk, diabetes eller overvekt (da Silva 2016; ACOG 2015).
Tilrådingar: Friske gravide blir tilrådde minst 150 minutt moderat fysisk aktivitet i veka dersom dei ikkje var fysisk aktive før svangerskapet. Kvinner som har vore regelmessig fysisk aktive før svangerskapet, bør halde fram med fysisk aktivitet på omtrent same nivå, eventuelt med tilpassingar (Helsedirektoratet, 2016).
Andel som følgjer tilrådingane: Vi manglar tal som viser kor mange gravide kvinner i Noreg som oppfyller dagens tilrådingar om fysisk aktivitet. Ein norsk studie frå 2012 viste at om lag 15 prosent av kvinnene var moderat fysisk aktive i minst 60 minutt i veka i første del av svangerskapet (Gjestland, 2013). Fysisk aktivitet blei her registrert ved hjelp av spørjeskjema, og prosentdelen gravide som oppfylte tilrådingane kan derfor vere lågare. Aktivitetsnivået ser òg ut til å minske frå før ein blir gravid og fram til siste delen av svangerskapet (Owe, 2009).
Vi manglar også data for å kunne seie om gravide kvinner er meir eller mindre aktive no enn tidlegare, eller om aktivitetsmønsteret hos gravide har endra seg dei seinare åra.
Utvikling i fysisk aktivitet over tid
Både tal frå spørjeskjema-undersøkingar og undersøkingar der fysisk aktivitet blir målt ved hjelp av aktivitetsmålarar, viser at vi bruker stadig meir tid på stillesittande aktivitetar i bilen, på jobb eller heime framfor ein skjerm (Helsedirektoratet, 2015), og at færre en tidlegare har kroppsarbeid (Graff-Iversen, 2001)
PC-bruk har auka sterkt dei siste 20-30 åra. I 2005 brukte ein 15 årig gut om lag 30 timer i veka framfor PCen. Dette er langt høgare enn det som tidlegere er vist i liknande undersøkingar. Om denne auka tida framfor PCen blir teken frå fysisk aktivitet eller annan inaktivitet (lese bøker, teikne og liknande) er ikkje kjent. Det har også skjedd ei endring i aktiv transport, det er no færre enn tidlegare som går og syklar til skulen (Helsedirektoratet, 2012).
Barn: Blant 9- og 15-åringar fann ein inga endring i total fysisk aktivitet frå 2005/2006 til 2011, men 9- og 15-åringar sat meir stille i løpet av dagen i 2011 (Helsedirektoratet, 2012).
Vaksne: Total fysisk aktivitet og tid i moderat intensitet har auka noko frå 2008/09 til 2014/15 (Helsedirektoratet, 2014a, 2015)::
- I 2014/15 var deltakarane moderat aktive i gjennomsnitt tre minutt meir enn i 2008-2009 .
- Andelen vaksne som oppfylte tilrådingane for fysisk aktivitet auka frå 28 prosent i 2008-2009 til 32 prosent i 2014/15.
- Det var imidlertid inga endring i stillesittande tid i same periode.
Forskjellar i befolkninga
Geografiske forskjellar
Tal frå 2014 viser at det kun er minimale forskjellar mellom regionane og mellom byer og tettstader (Helsedirektoratet, 2015, 2017).
Forskjellar mellom utdanningsgrupper
Stillesittande tid aukar med grad av utdanning. Vaksne med høgskule- eller universitetsutdanning (meir enn fire års utdanning) sit i ro i om lag ein time meir enn personar med grunnskuleutdanning (Helsedirektoratet, 2015).
Tid i aktivitet: Personar med kort utdanning bruker meir tid på aktivitet med lett intensitet, mens dei med høgare utdanning bruker meir tid på aktivitet med høgare intensitet (Helsedirektoratet, 2015). Det kan skuldast at dei med kort utdanning har yrke der dei går og står mykje, men elles driver lite med fysisk aktivitet, og at dei med høgare utdanning har ein stillesittande jobb, men trener meir på fritida og då med høgare intensitet (Helsedirektoratet, 2015).
Etniske forskjellar
Barn og unge med ikkje-vestleg bakgrunn hadde lågare fysisk aktivitetsnivå enn barn med vestleg bakgrunn, viser tal frå 2011. Det er derimot ingen forskjell i tal på skritt per dag mellom vestlege og ikkje-vestlege barn og unge (Helsedirektoratet, 2012).
Internasjonal samanlikning
Barn:
- Norske 9-åringar er noko meir aktive enn barn på same alder i Europa og USA.
- Norske 15-åringar har eit aktivitetsnivå tilsvarande det ein ser hos jamnaldrande europearar, og noko høgare enn 12–19-åringar i USA (Cooper, 2015).
Vaksne:
- Norske kvinner og menn i alderen 20 til 85 år er noko meir aktive enn svenske menn og kvinner i alderen 18-75 år, men norske menn bruker meir tid på stillesitting/sedat aktivitet enn svenske menn (Helsedirektoratet, 2015).
- Amerikanske menn i alderen 20 til 50 år har eit høgare gjennomsnittleg aktivitetsnivå enn norske menn på same alder. Frå 60-årsalderen er norske menn derimot meir aktive enn dei amerikanske.
- Norske kvinner har eit høgare aktivitetsnivå enn amerikanske, og forskjellen aukar med alderen.
- Samanlikna med vaksne i alderen 16-85 år frå England, Portugal og Sverige, bruker norske kvinner og menn både meir tid på stillesitting/sedat aktivitet og meir tid på moderat og høgare aktivitet (Loyen, 2016a; Loyen, 2016b).
Kva fysisk aktivitet har å seie for helsa
Både tid brukt på fysisk aktivitet og stillesitting verkar inn på helsa.
Det er i dag godt dokumentert at fysisk aktivitet fremjar helse, gir overskot og kan medverke til førebygging og behandling av over 30 ulike sjukdommar og tilstandar (Pedersen, 2015).
Helsegevinstane ved å vere i regelmessig fysisk aktivitet gjeld for alle aldersgrupper.
- Fysisk aktivitet gir fleire leveår med god helse (kvalitetsjusterte leveår), både lengre levetid og auka livskvalitet, samanlikna med inaktivitet. Dersom vi aukar aktivitetsnivået utover tilrådingane, kan det gi oss endå fleire kvalitetsjusterte leveår (Helsedirektoratet, 2014b).
- Ein kan redusere risikoen for dårleg helse ytterlegare dersom ein er fysisk aktiv tilsvarande 3-5 gonger dagens tilrådingar (Arem, 2015), altså 450 – 750 minuttar per veke (om lag 7-12 timar).
Frå eit folkehelseperspektiv bør både barn, voksne og eldre redusere tida dei bruker på stillesitjande aktivitetar og auke tida på aktivitetar med moderat intensitet. Gåing og sykling, som er ein naturleg del av kvardagen, er gode eksempel på slike aktivitetar og er noko dei fleste kan utføre.
Fysisk aktivitet i barneåra positivt for helsa i vaksen alder
Variert fysisk aktivitet er viktig for at barn skal kunne utvikle fin- og grovmotorikk, muskelstyrke og kondisjon (Malina RM, 2004; Meen, 2000). Fysisk aktivitet har også betydning for at barn skal kunne lære seg ulike ferdigheiter som å stå på ski, sykle og drive ballspel, og for trivsel og sosial kontakt (Ommundsen, 2000).
Konsekvensar og helserisiko ved inaktivitet
Fysisk inaktivitet er ein sjølvstendig risikofaktor for å få dårleg helse. Verdas helseorganisasjon (WHO) har slege fast at fysisk inaktivitet (her definert som å ikkje oppfylle dagens tilrådingar for fysisk aktivitet) er den fjerde største risikofaktoren for ikkje-smittsame sjukdomar. Forsiktige anslag viser at om ein kan eliminere fysisk inaktivitet frå befolkninga, ville dette tilsvare ein reduksjon på om lag 9 prosent av alle dødsfall (Lee, 2012). I utrekningar av såkalla sjukdomsbør er det anslått kor stor andel av sjukdom og tidleg død som kunne vore unngått i Norge dersom fysisk inaktivitet vart redusert til eit minimum i befolkninga. Figur 4 viser at låg fysisk aktivitet (sjå loddrett akse) påverkar tidleg død (før 70 år) som følgje av kreft og hjarte- og karsjukdomar.
Fysisk inaktivitet er vidare sterkt relatert til auka risiko for:
- hjarte- og karsjukdomar
- type 2 diabetes
- høgt blodtrykk
- hjerneslag
- fleire kreftformer
Forholdet mellom fysisk aktivitet og forebygging av overvekt og fedme er derimot svakt. Stillesittande tid har i fleire studier (Grontved, 2011; Chau, 2013; Biswas, 2015) blitt relatert til redusert helse, men når ein i tillegg ser på tid brukt til fysisk aktivitet, forsvinn denne samanhengen (Ekelund, 2016). Det kan derfor vere viktigast å aukeke tida ein bruker på fysisk aktivitet med moderat eller høy intensitet.
Mykje stillesitting er knytt til auka risiko for funksjonsnedsetting hos heimebuande over 60 år (Dunlop, 2014).
Utfordringar for fysisk aktivitet og folkehelse
Det er urovekkjande at ein stor del av befolkninga i dag, uavhengig av alder, er i ro store delar av dagen og ikkje bruker tilstrekkeleg med tid på fysisk aktivitet. Å redusere stillesitting gjennom regelmessige korte, aktive periodar er derfor viktig, men fremjing av fysisk aktivitet er endå viktigare, særleg blant dei som er heilt inaktive.
Dersom vi får jamna ut forskjellane i befolkninga når det gjeld fysisk aktivitet, kan det truleg bidra til å jamne ut sosiale forskjellar når det gjeld livsstilssjukdomar.
Samfunnet bør legge til rette for meir fysisk aktivitet og mindre stillesitting. Det finst i dag mykje kunnskap om helseeffektane av fysisk aktivitet for alle aldersgrupper og kjønn. Vi har imidlertid mindre kunnskap om korleis vi bør gå fram for å auke aktivitetslysta og aktivitetsnivået, spesielt hos dei som er lite aktive.
Ein rapport frå Kunnskapssenteret viser at både befolkningsretta og individretta tiltak kan auke aktivitetsnivået.
Eksempel på befolkningsretta tiltak er tiltak som gjer det enklare for alle å vere fysisk aktive, for eksempel å legge inn meir fysisk aktivitet i skulen, legge til rette for at det er enkelt å ta trappa i staden for heisen eller rulletrappa, etablere grøntområde og trygge sykkel- og gangvegar der folk bur, regulere trafikk og billettsprisar, etc.
Eksempel på individretta tiltak er rådgiving, trening og andre tiltak som er retta mot enkeltpersonar (Denison, 2010).