Drikkevatn
Sist endret
|Tilgang til reint drikkevatn er ein føresetnad for god helse, og det er god kvalitet på drikkevatn i Noreg. Vassforsyninga står likevel overfor utfordringar som vedlikehaldsetterslep i leidningsnettet og forureining knytt til klimaendringar.
Hovudpunkt
- Det er nok drikkevatn av god kvalitet i Noreg.
- Dei fleste får vatn frå kommunale vassverk, men om lag 10 prosent av befolkninga har si eiga, private vassforsyning som ikkje er regulert av drikkevassforskrifta.
- Leveringa av vatn er generelt stabil, men distribusjonssystemet har store behov for rehabilitering og fornying for å sikre leveranse av trygt drikkevatn.
- Vedlikehaldsetterslep i leidningsnettet, klimaendringar og cybertruslar mot vassteknologi utgjer viktige utfordringar som må handterast for å sikra trygg drikkevassforsyning.
- Vassborne sjukdomsutbrot grunna dårleg drikkevatn er sjeldne, men dei oppstår brått og kan vere krevjande å handtere fordi mange kan bli råka på kort tid.
Drikkevatn i Noreg
I Noreg har vi nok trygt drikkevatn. 89 prosent av befolkninga får drikkevatn via kommunale vassverk som følgjer regelverk med krav til forvalting, behandling og distribusjon, for å sikre at vatnet i kranene er trygt å drikke (FHI, 2026).
Sjølv om drikkevatnet vårt i dag er av god kvalitet, står vi overfor utfordringar som understrekar at vi ikkje kan ta reint drikkevatn for gitt. Vi har eit leidningsnett med aukande vedlikehaldsetterslep, klimaendringar som aukar risikoen for forureining, og system som styrer vassforsyninga er utsette for cybertruslar. Desse faktorane kan trua leveransen av trygt drikkevatn.
Den årlege rapporteringa etter drikkevassforskrifta gir eit omfattande datagrunnlag. For fleire vassforsyningssystem er dataa likevel prega av uvisse fordi rapporteringa varierer og ikkje alle data er tilgjengelege.
Førekomst av sjukdom knytt til drikkevatn
Trygt og godt drikkevatn heng saman med god helse. Forureina drikkevatn kan gje gastroenteritt (mage-tarm-sjukdom). Drikkevatn kan bli forureina, og gje smitte grunna avføring frå menneske eller varmblodige dyr. Denne type forureining kan komme inn i drikkevatnet frå råvasskjelda dersom kjeldevern eller vassreinsing er mangelfull, eller hvis forureina vatn treng i distribusjonssystemet.
Det er utfordrande å seia noko sikkert om førekomsten av sjukdom som skuldast forureina drikkevatn i Noreg. Årsaka er at mange får så milde symptom at dei ikkje går til legen, at sjuke ikkje blir undersøkt med tanke på å finne årsaka til mage-tarm-sjukdom, eller at sjukdom ikkje blir meldt inn til nasjonale overvakingsprogram for meldepliktige sjukdommar (MSIS). Det er heller ikkje alle sjukdommar som er kjent for å kunne smitte via drikkevatn som er meldepliktige til MSIS.
Les også: Publisert artikkel frå FHI om sjukdom frå drikkevatn i Norge
Vi har i dag lite kunnskap om sjukdomsførekomst knytt til drikkevatn som inneheld stoff og kjemikaliar som mikroplast, miljøgifter, legemiddel og antibiotika (ikkje-smittsomme sjukdommar).
Vi har oversikt over utbrot som inkluderer drikkevatn, gjennom det nasjonale varslingssystemet for utbrot, Vesuv. Her blir det kvart år registrert mellom eitt og to utbrot der drikkevatn er mistenkt årsak. Større utbrot blir som oftast kartlagt i omfang av sjukdomstilfelle og årsak. På Askøy i 2019 hadde vi det største utbrotet frå drikkevatn i Noreg i seinare tid med omlag 2 000 sjuke av Campylobacter etter at eit høgdebasseng blei forureina som følgje av ekstrem nedbør (Hyllestad, et al., 2020). Andre tidlegare, store utbrot er Campylobacter-utbrotet på Røros i 2007 som forårsaka om lag 1 500 sjukdomstilfelle, og Giardia-utbrotet i Bergen i 2006 som forårsaka om lag 5-6 000 tilfelle.
I perioden 1988–2003 vart det registrert 72 vassborne smitteutbrot i Noreg, med totalt 10 616 rapporterte sjukdomstilfelle (Hyllestad, 2021). For perioden 2003–2012 vart det rapportert 28 vassborne utbrot, som omfatta til saman 8060 sjuke personar (Guzman-Herrador et al., 2016). Dei rapporterte utbrota var hovudsakleg knytte til forureining av vasskjelda, mangelfull vassreinsing eller forureining i leidningsnettet. I meir enn halvparten av utbrota vart manglande desinfeksjon identifisert som hovudårsak (Hyllestad, 2021).
Tabell 1 visar ei oversikt over moglege årsaker til utbrot med meir enn 1000 tilfelle i Noreg.
|
Tabell 1. Oversikt over moglege årsaker til vassborne utbrot som involverer meir enn 1000 tilfelle i Noreg basert på historisk tilgjengeleg informasjon og fagfellevurderte publikasjonar, 1981-2019 (Hyllestad, 2021). |
|||
|
År |
Anslått tal sjuke |
Årsaksagens |
Mogleg årsak/forklaring |
|
2019 |
2,000 |
Campylobacter |
Forureing av vassmagasin, grunna mykje nedbør |
|
2007 |
1,500 |
Campylobacter |
Forureining av råvasskjelde (brønner) under utbyggjing (ubeskyta) |
|
2004 |
6,000 |
Giardia |
Bruk av råvasskjelde med klor som einaste behandling der det er manglande hygienisk barriere |
|
1994* |
2,000 |
Norovirus |
Bruk av reservevasskjelde som hadde utilstrekkeleg vasskvalitet, samtidig som klorpumpa svikta |
|
1992* |
2,000 |
Norovirus |
Lekkasje frå fourereina elvevatn til drikkevassbasseng |
|
1981* |
2,000 |
Campylobacter |
Måker i drikkevassbasseng, ingen desinfeksjon |
* Rapporter frå Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS)
Legionellabakteriar er i små mengder «over alt» i naturen. Det er først når dei får formeire seg over lengre tid i lunka vann i tekniske installasjonar og i interne vassfordelingsnett i bygg, at dei kan føre til smitte (FHI, 2025). I 2025 vart det meldt 74 tilfelle av legionellose (FHI, 2026b). Blant tilfella med kjend smittestad var 41 prosent (29 tilfelle) smitta i Noreg og 59 prosent (42 tilfelle) smitta i utlandet (FHI, 2026b). I Europa er Legionella rekna som vanlegaste vassrelaterte sjukdommen (WHO, 2017), og det har den siste tida vore ei auking i talet på legionellatilfelle i Europa. Aukinga er knytt til både klimaendringar og ei aldrande befolkning som har auka risiko for å få sjukdommen (WHO, 2017). Legionella vart i 2020 tatt med i EUs drikkevassdirektiv, og den reviderte drikkevassforskrifta for Noreg vil truleg også inkludere grenseverdiar og obligatorisk testing for legionella i offentlege bygg.
Vassforsyningssystem i Noreg
I Noreg er overflatevatn i stor grad nytta som drikkevatn. 90 prosent av befolkninga får drikkevatn frå elvar og innsjøar, medan dei resterande 10 prosent får drikkevatn frå grunnvatn (FHI, 2026a). Under 1500 personar får drikkevatn frå saltvatn (FHI, 2026a).
89 prosent av landets innbyggjarar er knytt til eit vassforsyningssystem som forsyner meir enn 50 fastbuande (FHI, 2026). Dei resterande får drikkevatn frå vassforsyningssystem utan rapporteringsplikt der det er lite informasjon om vasskvaliteten, til dømes privateigde brønnar og små vassforsyningssystem.
Vassforsyninga i Noreg er mange stadar prega av små vassverk. Til dømes forsyner 60 prosent av alle registrerte vassverk færre enn 500 personar (FHI, 2026a). 1 prosent av vassforsyningssystema forsyner til saman over 2,2 millionar personar (FHI,2026a).
UV-bestråling er den vanlegaste metoden for desinfisering av drikkevatn i Norge. Om lag 4,4 millionar personar får drikkevatn frå anlegg med UV-bestråling (FHI, 2026a).
Les også FHIs årlege rapport om vassforsyningssystem i Noreg
Figur 1 viser ei geografisk oversikt over delen av befolkninga i fylka som har god drikkevassforsyning. Det betyr at dei får drikkevatn av god hygienisk kvalitet frå eit godkjenningspliktig vassverk, og at leveringsstabiliteten er god. Ifølgje desse kriteria har meir enn 89 prosent av befolkninga i Noreg god vassforsyning i 2024.
Del av befolkninga tilknytta vassverk med god hygienisk kvalitet og god leveringsstabilitet
Vasskvaliteten i Noreg er god
Rutineovervaking er eit viktig tiltak for å dokumentera at drikkevatn held kravet frå drikkevassforskrifta. Dei siste tre åra oppfyller 99,8 prosent av vassprøvane levert ut frå vassbehandlingsanlegg og hushalda krava til mikrobiologisk kvalitet. Over 4,8 millionar personar er knytt til vassforsyningssystem som leverer drikkevatn av god hygienisk kvalitet.
I drikkevatn finst det kjemiske og fysiske stoffar som kan få betydning for helsa. I Noreg er det svært få overskridingar av dei talfesta grenseverdiane for stoff i drikkevatn. Farge, uklarleik og lukt/smak er dei parametrane som oftast overskrid grenseverdiane i drikkevassforskrifta.
Nyleg har merksemda rundt miljøgiftene poly- og perfluoralkylstoffer (PFAS), også i drikkevatn, auka. Med innføringa av det reviderte drikkevassdirektivet er det venta strengare grenseverdiar for PFAS. Innhaldet av PFAS i drikkevatn frå offentlege vassverk i sørlege deler av Norge er lågt, og er derfor generelt ikkje ei betydeleg eksponeringskjelde (Grung et al. 2024). Tilsvarande studiar av PFAS i drikkevatn er ikkje gjennomførte i Nord-Noreg.
Leveringsstabiliteten er god
Leveringsstabilitet målast i timer ikkje-planlagde avbrot per tilknytt person per år. Jo mindre tid forbrukarane har avbrot i vassforsyninga, jo mindre eksponering for mogleg forureina vatn. Det er god leveringsstabilitet når det er mindre eller lik 30 minutt ikkje-planlagde avbrot per tilknytt person per år. Totalt har omlag 89 prosent av personar knytt til vassforsyningssystem med meir enn 50 fastbuande god leveringsstabilitet (FHI, 2026a).
Drikkevatn i andre land
Tilgang til reint drikkevatn er framleis ei av dei største helseutfordringane globalt. Med under fem år igjen til 2030, er FNs berekraftsmål, som skal sikra tilgang til trygt drikkevatn for alle, langt frå nådd. Den siste globale rapporten til FN viser at 90 prosent av landa har utvikla planar for vassforsyning og avløp. Likevel har berre 13 prosent av dei økonomiske ressursar til å gjennomføra desse planane (FN, 2026). Det er også klart at forskjellane vil halda fram om det ikkje blir investert i drikkevatn, sanitæranlegg og hygiene, spesielt for kvinner og jenter (FN, 2026).
Forhold som kan påverka trygg vassforsyning
Distribusjonsnettet
Distribusjonsnettet omfattar mange komponentar,som leidningar, høgdebasseng og pumpestasjonar. Alle er viktige for at trygt drikkevatn skal leverast i krana.
Det er eit aukande vedlikehaldsetterslep på leidningsnettet, og leidningar i dårleg stand kan føre til større risiko for at forureiningar blir sugd inn i leidningssystemet. Ein studie viser at det er tre (3) gongar så stor risiko for mage-tarmsjukdom i område der det blir gjort arbeid på leidningsnettet (Ercumen et al., 2014).
I følge SSB berekna ein at 0,6 prosent av det kommunale leidningsnettet blei fornya i 2024, basert på tre års glidande gjennomsnitt. Denne fornyingstakten ligg stabilt under målsetjinga på 1,2 prosent som er fastsett i nasjonale mål for vatn og helse, noko som tyder på at vedlikehaldsetterslepet aukar.
Lekkasjen frå vassforsyningssystema blei berekna til om lag 29 prosent, som tilsvara cirka 210 millionar m³ produsert drikkevatn (FHI, 2026a). Ifølgje dei nasjonale måla skal kvart vassforsyningsanlegg ha lekkasjegrad under 25 prosent. I 2024 var det 428 vassforsyningssystem med lekkasje over 25 prosent, ei auke frå 405 i 2023. Samstundes var det 933 anlegg med lekkasje under 25 prosent, mot 961 i 2023. 104 system hadde ikkje informasjon om lekkasjar i 2024, mot 134 i 2023 (FHI, 2026a). Tala er knytt til uvisse, blant anna då hushaldsforbruk i liten grad blir målt direkte og fordi ein betydeleg del av lekkasjar skjer på private stikkleidningar.
Norsk Vann anslår at investeringsbehovet for vassleidningsanlegg er 81 milliardar kroner fram til 2040 (Norsk Vann, 2021). Utfordringane knytt til leidningsnettets tilstand varierer, og det er ikkje nødvendigvis dei eldste leidningane som har størst risiko for brot. Til dømes kan grøfteutforming, leidningsmateriale, måten leidningane er lagt på, og ytre forhold påverke risikoen for svikt.
Dårleg tilstand på distribusjonssystemet gjer det meir sårbart for forureining. Dette kan føre til både at forureina vatn blir sugd inn i leidningane, og til auka risiko for leidningsbrot. I Noreg er det vanleg at vass‑ og avløpsleidningar blir lagde i same grøft. Når drikkevassleidningar ligg nær avløpsleidningar, aukar risikoen for at drikkevatnet blir forureina av avføring dersom trykket i drikkevassleidningane fell bort.
Klimaendringane forsterkar dei mekanismane som gjer at forureining kan kome inn i drikkevassleidningane, og aukar sårbarheita som vedlikehaldsetterslepet og dårleg leidningsnett inneber.
Klimaendringar
Klimaendringane påverkar vassforsyningssystema på mange og varierte måtar. Det er venta at vasskvaliteten vil bli påverka av klimaendringane, og at det er større sannsyn at forureiningar kan komma inn i vassforsyningssystemet som følgje av ytre påkjenningar.
Overflatevatn er spesielt sårbart for endringar i temperatur, kraftig nedbør og flaum. Klimaendringar er forventa å føre til auka avrenning og høgare førekomst av bakteriar, virus og parasittar i norske råvasskjelder (Guzman-Herrador et al., 2021). Høgare temperatur og meir nedbør er knytt til hyppigare førekomst av indikatorbakteriar, auka farge og meir uklarheit i vatnet til norske overflatevasskjelder (Skaland et al., 2022). Aukande framtidige nivå av indikatorbakteriar i råvassvasskvaliteten vart funne som følgje av framtidige endringar i nedbør, med dei største effektane i Nord- og Vest-Noreg (Skaland et al., 2022).
Auka avrenning av forureiningar til råvasskjelder kan føre til at vassbehandlinga blir utilstrekkeleg og at brønnar blir overfylte. Kraftig nedbør kan også påverke korleis vatnet straumar gjennom jorda, og gi opphav til nye vegar for forureiningar inn i brønnar, høgdebasseng og røyr. Kraftigare regn kan også lede til auka risiko for inntrenging av forureina regnvatn i høgdebasseng som ikkje er beskytta av trykk frå innsida. Sjukdomsutbrotet på Askøy i 2019 er eit døme på dette, og viser kor viktig førebyggande tiltak og overvaking av drikkevassforsyninga er, særleg med tanke på å fange opp ytre endringar som kan påverke distribusjonssystemet for vatn.
Ekstremvêret Hans i august 2023 påverka drikkevasskvaliteten i kommunane som vart mest råka av flaumen. Delen av prøvesvar som var positive for E. coli auka når vassføringa i vassdraga auka. Dette stemmer med forventningane om at flaumar påverkar vasskvaliteten negativt (Bekkelund, 2025). Likevel har vi ikkje data på i kva grad denne svekkinga har ført til auka sjukdomsbyrde i befolkninga.
Les også: Publisert artikkel frå FHI om konsekvensane for drikkevatn av flaumen Hans
Sumaren 2018 viste at klimaendringane kan gjere drikkevassforsyninga meir sårbar for langvarig tørke. Fleire vassforsyningssystem hadde rekordlåge nivå i drikkevasskjeldene. Vinteren 2021 hadde fleire stader vintertørke med lite nedbør, svært lav grunnvasstand, lite vassføring i bekkar, frost i bakken og is i elvar (NVE, 2026). Slike tørkeperiodar er forventa å komme hyppigare i takt med klimaendringane.
I norske innsjøar finst cyanobakteriar som kan produsere cyanotoksin, eit giftstoff som skapar utfordringar for å produsere trygt drikkevatn. Auka temperatur og nedbør som følgje av klimaendringar kan føre til hyppigare oppblomstringar av cyanobakteriar (Samdal et al., 2021). Det har skjedd at dyr har blitt forgifta i Noreg, men vi kjenner ikkje til at menneske har blitt råka gjennom drikkevatn (Samdal et al., 2021).
Beredskap og tryggleik
Ei trygg og stabil vassforsyning er ein føresetnad for å oppretthalde nesten alle kritiske samfunnsfunksjonar i eit moderne samfunn. Svikt i vassforsyninga kan føre til problem i avløpssystemet, og dersom det varer over tid, kan det ha omfattande ringverknader for samfunnet. Eit langt avbrot i vassforsyninga er alvorleg fordi det kan sette liv og helse i fare, og true grunnleggjande verdiar og funksjonar i samfunnet. Mange vassforsyningssystem manglar ei alternativ drikkevasskjelde som kan forsyne befolkninga over tid.
Vassforsyninga er kritisk infrastruktur og ein del av Noregs grunnleggjande nasjonale funksjonar. Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) har observert aktivitet retta mot norsk vassforsynings digitale infrastruktur og tilfelle av uønskt aktivitet rundt innretningar for vatn. NSM gjekk i 2025 ut og oppfordra norske verksemder til å ha tydelege beredskapsplanar, øve på desse, setje i verk tiltak for å sikre verksemda og etablere gode reserveløysingar (NSM, 2025). Målet er å styrke samfunnets motstandsdyktigheit, i tråd med nasjonal tryggingsstrategi.
Det er viktig å ivareta tryggleik og beredskap i norsk vassforsyning for å kunne handtere truslar, inkludert samansette truslar, utan å miste fokuset på å sikre trygt og godt drikkevatn i normaltid. Eit velfungerande og robust vann- og avløpssystem gjev betre evne til å møte både små forstyrringar og større kriser.
Under 40 prosent av vassforsyningssystema gjennomfører årlege beredskapsøvingar (FHI, 2026). Det kan redusere vassverka sin evne til å handtera kriser og svekka beredskapen.
Nasjonal Vannvakt er ei døgnbemanna rådgjevingsteneste hos FHI som tilbyr råd og støtte til vassverk ved akutte hendingar som kan påverka vassforsyninga og utgjere ein helserisiko for befolkninga. I 2025 fekk Nasjonal Vannvakt 50 førespurnader frå norske vassverk og kommunar.
Nasjonale vassrelaterte utfordringar i framtida
I Noreg tek vi trygt drikkevatn som ei sjølvfølgje, mykje takka vere at mange jobbar målretta med å sikre reint vatn kvar dag. Dette må halde fram, slik at vi også i framtida kan ta trygt drikkevatn for gitt. Fokus på førebyggande tiltak er heilt avgjerande for å redusere faktorar som kan føre til sjukdom og utbrot frå drikkevassforsyninga. Vassnettet forfell raskare enn vi klarer å fornye det, og i tillegg får vi større utfordringar frå klimaendringar og nye tryggingstruslar. Derfor må vi setje inn tiltak som sikrar ei trygg vassforsyning framover.
Gjennom dei nasjonale måla for vatn og helse har vi i Noreg formulert målsetjingar for å møte utfordringane knytt til vann- og avløpsnettet. Desse måla reflekterer aktuelle problemstillingar i landet og forpliktar ansvarlege myndigheiter til å arbeide for å nå måla innan den fastsette fristen.
Kommunane må arbeide for å oppnå ei tryggare vassforsyning, ta igjen vedlikehaldsetterslepet og auke samfunnstryggleiken. Eit trygt drikkevatn avheng av at råvasskjeldene er godt beskytta, at vassbehandlingsanlegg kan møte endra behov for reinsing, at distribusjonssystemet kan frakte vatnet trygt fram til kranene, og at vi har ein beredskap som kan redusere konsekvensar av hendingar i vassforsyninga. For å gjere dette har vi behov for:
- Systematisk førebyggjande arbeid i vassforsyninga, særleg retta mot distribusjonssystema. Dette inneber å redusere lekkasjar, fornye vassleidningsnettet og tiltak for å avgrense innlekking frå avløpsleidningar i same grøft.
- Å overvake vasskvaliteten på stader med identifiserte risikoar.
- Det er viktig å gjennomføre regelmessige øvingar for å sikre beredskapen. I tillegg må det også finnast planar for å møte mogelege angrep på nettverk og informasjonssystem.
- Auke kunnskapen om effekten av klimaendringar på vassforsyninga.
- Forbetre kvaliteten på data om blant anna vasskvalitet og tilstand på vassforsyningssystema.
- Overvake kunnskap om «nye» forureiningar i drikkevatnet (mikroplast, miljøgifter, legemidlar, antibiotika osb).