Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Arbeid og helse»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Arbeid og helse

Arbeid og helse i Noreg

Arbeid er ei kjelde til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og økonomisk tryggleik. Difor kan arbeid vere helsefremjande. Men arbeid og arbeidsmiljø kan òg vere årsak til helsevanskar, blant anna gjennom skadar og eksponering for helseskadelege forhold i arbeidsmiljøet.

Arbeid er ei kjelde til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og økonomisk tryggleik. Difor kan arbeid vere helsefremjande. Men arbeid og arbeidsmiljø kan òg vere årsak til helsevanskar, blant anna gjennom skadar og eksponering for helseskadelege forhold i arbeidsmiljøet.


illustrasjon ulike arbeidsplasser
Arbeid gir identitet, sosial kontakt, personleg vekst og økonomisk tryggleik. I Noreg er om lag sju av ti vaksne del av arbeidsstyrken. Tiltak for å hindre lange sjukemeldingar kan vere viktige for å førebygge overgang til uføretrygd. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet/fetetyper.no

Hovudpunkt

  • Arbeid er viktig for helsa fordi det gir tilgang til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst, økonomisk tryggleik og andre helsefremmande ressursar. 
  • Arbeidslivet er under endring som følgje av globalisering og utvikling av teknologi, klima og demografi, noko som vil kunne endre eksponeringane i arbeid av betydning for folkehelsa. 
  • I Noreg er om lag sju av ti vaksne inkludert i arbeidsstyrken. Sysselsettinga i Noreg er relativt høgt samanlikna med andre OECD-land. 
  • Samanlikna med andre medlemsland i OECD, har Noreg eit relativt høgt sjukefråvær.  
  • Flest sjukmeldingar og langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar som angst og depresjon. 
  • Grunnlaget for effektiv førebyggande aktivitet gjennom redusering av helseskadeleg påverking i arbeid er kunnskap om kva konkrete arbeidsmiljøutfordringar ein har i spesifikke yrke, bransjar eller næringar. 

Om arbeid og helse 

Arbeid og helse heng tett saman. For dei fleste vaksne er arbeid ein viktig del av livet. Dei som er i arbeid, har i gjennomsnitt betre helse enn dei som står utanfor arbeidslivet. Dette skuldast både at sviktande helse fører folk ut av arbeidslivet, at dei med større helsevanskar møter fleire hindringar på veg inn i arbeidslivet, og at forhold knytt til det å vere i arbeid er helsefremjande. 

Dette kapittelet presenterer i store trekk forholdet mellom arbeid og helse i Noreg ved å fokusere på dei mest sentrale (helse)indikatorane knytt til arbeid: sysselsetting, sjukefråvær, uføretrygd og arbeidsløyse.  

Meir spesifikt skildrast status, utvikling og samanheng med viktige demografiske kjenneteikn. Avslutningsvis blir arbeid si rolle for helse forklart i noko meir detalj. Arbeid og helse er eit stort og komplekst forskingsfelt som er utfordrande å dekke. Vi har derfor valt å halde denne teksten på eit overordna nivå. For informasjon om samanheng mellom arbeid og helse for spesifikke sjukdommar visast det til andre kapittel i Folkehelserapporten, til dømes Muskel- og skjeletthelse, Langvarig smerte og Psykiske lidingar. 

For meir informasjon om arbeid og helse i samanheng med koronapandemien, viser vi til temautgåva «Folkehelsen etter covid-19». 

Arbeidslivet i Noreg i dag 

I Noreg er det brei semje om at deltaking i arbeidslivet skal vere mogeleg for så mange vaksne som mogeleg (Dahl et al., 2014). Det er også brei semje om at auka sysselsetting og lågare utgifter til sjukepengar og uførepensjon vil vere nødvending for å sikra eit berekraftig velferdssamfunn i åra framover (Perspektivmeldingen, 2021) 

Dei fleste vaksne er registrerte i den såkalla arbeidsstyrken. Arbeidsstyrken  består av alle sysselsette og arbeidsledige personar i aldersgruppa 15–74 år (tal og definisjon ved Statistisk sentralbyrå). Desse kan ha kortare og lengre periodar utanfor arbeidslivet, til dømes på grunn av oppseiingar og helsevanskar. 

Ved utgangen av 2021 vart 72,3 prosent av befolkninga i Noreg rekna som del av arbeidsstyrken. Desse fordelte seg på 2 817 000 sysselsette og 99 000 arbeidsledige (SSB, 2022). 

Om lag 90 prosent av dei sysselsette indikerer at dei er ganske eller svært fornøgde med jobben (SSB, 2020) 

Arbeidslivet er og vil bli meir prega av endringar enn tidlegare, med globalisering og endringar i teknologi, klima og demografi som hovuddrivarar. Desse faktorane ligg til grunn for raske endringar i innhald og måten det blir jobba på, noko som kan skape mogelegheiter for kompetanseutvikling og nye jobbar, men som samtidig også stiller høge krav til omstillingsevne blant dei tilsette. Det er framleis mykje usikkerheit rundt korleis dette konkret vil påverke arbeidslivet.  

Pandemien har verka som ein katalysator for nokre endringar i arbeidslivet, spesielt når gjeld å ta i bruk digital samhandling og etablering av heimen som ein ny arbeidsarena. Sistnemnde kan medføre ei rekke fordeler, som auka fleksibilitet knytt til når og kor ein jobbar, og betre moglegheiter til å jobbe uforstyrra for dei som kan utføre arbeidet heimanfrå. Samtidig kan distansearbeid føre til utfordringar knytt til eksempelvis kommunikasjon med kollegaer/leiarar, ergonomi og arbeidstid (STAMI, 2021). For eit arbeidsliv i endring er det viktig å bevara dei helsefremjande aspekta ved arbeidslivet, samtidig som ein er merksame på etablerte og nye risikoforhold. 

Sjukefråvær og uføretrygd 

Til ei kvar tid er det ein del av arbeidsstyrken som ikkje er i arbeid grunna helsevanskar. Ein andel er borte frå arbeid grunna kortvarig eller langvarig sjukdom eller funksjonsnedsettingar. I tillegg står uføretrygda utanfor arbeidsstyrken. Nokre av desse har blitt uføretrygda utan å ha vore i arbeid. For dei som er i arbeidslivet, går vegen til uføretrygd som oftast via langtidssjukmelding. 

  • Det ujusterte legemeldte sjukefråværet var 5,7 prosent, mens det sesongjusterte sjukefråværet var 5,2 prosent i 1. kvartal i 2021 (NAV, 2022a) 
  • Per desember 2021 fekk 360 900 personar uføretrygd, som tilsvarar 10,5 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år (NAV, 2022b). 

Årsaker til fråvær 

Flest langvarige sjukmeldingar (>16 dagar) og andre langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og lettare psykiske lidingar som angst og depresjon (STAMI, 2021). Yrkene med høgast andel langvarige sjukmeldingar grunna muskel- og skjelettlidingar er reinhaldarar, pleie-/ omsorgsarbeidarar, sjåførar og tømrarar. For lettare psykiske lidingar er andelen høgast i yrker i helse- og omsorgssektoren (STAMI, 2021) 

Grunnane til at folk ikkje er i arbeid, er mange og samansette: 

  • Arbeidsinnhald og –miljø påverkar helse og motivasjon. Kjemiske, fysiske, ergonomiske og psykososiale eksponeringar aukar risiko for sjukdom og funksjonsnedsettingar og dermed også potensiale for sjukefråvær. 
  • Funksjonsevne, kompetanse og dei krava som jobben stiller, har betydning for om den enkelte kan utføre arbeidet. 
  • Teknologiutvikling og organisasjonsformer påverkar arbeidsinnhald og krav til kompetanse. 
  • Økonomiske konjunkturar og andre endringar påverkar næringsstruktur, sysselsetting og kor mange som blir sjukmelde og uføretrygda. Oppdaterte tal på sistnemnte finn ein på SSB og NAV. 

Utvikling over tid 

Andelen som er i arbeid, talet på sjukmelde og andelen som får uføretrygd, varierer over tid. Brå endringar har i hovudsak samanheng med strukturelle endringar, som konjunkturendingar, tilgang på arbeid og endringar i regelverket rundt innvilging av sjukefråvær og uføretrygd. 

Figur 1 viser ujustert legemeldt sjukefråvære for perioden 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2020. Nedgangen etter 2004 skuldast (delvis) innstrammingane i regelverket frå 1. juli 2004 (Helde, 2008), medan den relativt kraftige auken i første del av 2020 i stor grad kan tilskrivast koronapandemien (NAV, 2022a).

Figur 1. Legemeldt sjukefråvær i prosent fra 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2020. Kjelde: NAV Sykefraværsstatistikk.
Figur 1. Legemeldt sjukefråvær i prosent fra 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2020. Kjelde: NAV Sykefraværsstatistikk.

Figur 2 viser raten av nye tilfelle av uføre etter kjønn i perioden 2011-2020. Også her er det strukturelle faktorar som heng saman med toppen i 2014 og auken i 2018 og 2019. Toppen i 2014 kan forklarast med at mange hadde nådd maksimaltida til stønaden arbeidsavklaringspengar, som blei innført i 2010 og på den tida varte 4 år. Den perioden vart endra til tre år frå 1. januar 2018, som er med å forklare auken i 2018 og 2019 (STAMI, 2021). 

På noverande tidspunkt er det uklart i kva grad koronapandemien vil føre til ei auke i tal på mottakarar av uføretrygd på lengre sikt, noko som truleg også vil vere avhengig av eventuelle langtids helse-effektar av korona og koronatiltaka (Dahl et al., 2021; STAMI, 2021).

Figur 2. Tal på nye uføre per 1000 ikkje-uføre i befolkninga 1.-3. kvartal i perioden 2011-2020. Kjelde: Tal basert på NAV (STAMI, 2021). .
Figur 2. Tal på nye uføre per 1000 ikkje-uføre i befolkninga 1.-3. kvartal i perioden 2011-2020. Kjelde: Tal basert på NAV (STAMI, 2021). .

Skilnadar i befolkninga 

Alder 

Sjukefråværet stig med aukande alder for menn med unntak av den eldste aldersgruppa(65-69 år). Blant kvinner er sjukefråværet derimot litt høgare mellom 30 og 40 år enn mellom 40 og 50 år. Det siste heng mellom anna saman med svangerskapsrelatert sjukefråvær (NAV, 2019).  

Kjønn 

Figur 1 og 2 viser skilnaden i høvesvis sjukefråvær og uføre mellom kvinner og menn. Figur 1 viser andel sjukmeldte fordelt på menn og kvinner, mens figur 2 viser nye uføre per 1000 for kvinner og menn. Over tid er kjønnsskilnaden stabil. Menn og kvinner følgjer i hovudsak dei same svingingane i sjukefråværet.  

Det er utilstrekkeleg kunnskap om kva som kan forklare skilnadane i sjukefråvær og uføre mellom menn og kvinner, og kva som kan vere effektive tiltak for å redusere skilnaden (FHI, 2013). Aktuelle faktorar som kan forklare skilnadane er: 

  • I alderen 20-39 år kan kjønnsforskjellen i sjukefråvære delvis forklarast av svangerskapsrelaterte lidingar (NAV, 2019). 
  • Både i Noreg og i andre land i Europa er det store skilnader når det gjeld yrkestilhøve for menn og kvinner (figur 3), som til dømes kan ha utslag for tilsetjingsbetingelsar og fordeling av eksponeringar i arbeid. Det er likevel ikkje klart i kva grad ulike yrkeseksponeringar kan belyse skilnadane i sjukefråvær mellom menn og kvinner (Laaksonen et al., 2010; Mastekaasa, 2012). 
  • Menn og kvinner er ulike når det gjeld helse. Muskel- og skjelettlidingar, samt psykiske lidingar som angst og depresjon rapporterast hyppigare blant kvinner enn blant menn, og er dei mest brukte diagnosane som ligg til grunn for sjukmelding  (STAMI, 2021).  
 Figur 3. Fordeling av kvinner og menn i ulike næringar. Kjelde: NOU 2021:2.
 Figur 3. Fordeling av kvinner og menn i ulike næringar. Kjelde: NOU 2021:2.

Sosioøkonomiske skilnadar 

Det er sosioøkonomiske skilnader i sjukefråvær og uføretrygd: 

  • Uføretrygd på grunn av muskel- og skjelettlidingar er til dømes langt vanlegare blant lågt utdanna enn høgt utdanna (Bruusgaard et al., 2010). Skilnaden kan dels forklarast med at risikofaktorar for sjukefråvær og uføretrygd er hyppigare i jobbar med lågare løn og låge krav til utdanning (Falkstedt et al., 2014). Dette gjeld til dømes hardt fysisk arbeid, tunge løft med vriding av ryggen, krevjande arbeidsstillingar, heilkroppsvibrasjonar, monotont arbeid, lite kontroll over arbeidsoppgåvene og lite fleksibilitet i arbeidstida (Foss et al., 2011; Haukenes et al., 2011; Sterud & Tynes, 2013). 
  • Mekaniske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar forklarte meir enn 40 prosent av skilnaden i langtidssjukefråværet mellom høgt og lågt utdanna arbeidstakarar, viser ei tidlegare norsk studie (Sterud & Johannessen, 2014). 
  • På arbeidsplassar med lågare krav til utdanning vil det oftare vere vanskeleg å tilpasse arbeidssituasjonen til helsevanskar (Johansson & Lundberg, 2009). 
  • Arbeidstakarar med lågare utdanning kan òg ha større vanskar med å finne nytt arbeid dersom helsevanskar krev eit skifte av arbeidsoppgåver. 

Arbeidsløyse 

Noreg har pr januar 2022 ei arbeidsløyse på 3,2 prosent av befolkninga (SSB, 2022). Sjå figur 4 for utviklinga i arbeidsløyse dei siste 10 åra for menn og kvinner.  

Figur 4. Prosentandel arbeidsløyse i Noreg dei siste ti åra, delt på kjønn. Kjelde: SSB .
Figur 4. Prosentandel arbeidsløyse i Noreg dei siste ti åra, delt på kjønn. Kjelde: SSB .

Det å falla utanfor arbeidslivet kan påverka helsa på ulike måtar. Ei rekke studiar har vist at jobbtap heng saman med auke i blant anna psykiske plagar og dødelegheit (Eliason & Storrie, 2005; Farré et al., 2018), mens helsa kan bli betre når ein kjem tilbake i arbeid igjen (McKee-Ryan et al., 2005; Murphy & Athanasou, 1999; Paul & Moser, 2009; Reneflot & Evensen, 2014). 

Vanskane som er knytt til arbeidsløyse heng saman med kor lenge arbeidsløysa har vart. Gode velferdsordningar er eit sikkerheitsnett som reduserer risikoen for at arbeidsløysa skal forringa den psykisk helsa (Ferrarini et al., 2014). 

Men biletet er samansett: det er også vist at overgangen frå arbeidsløyse til jobb heng saman med forverra psykisk helse – dersom arbeidsmiljøet er ugunstig. Fleire studiar viser at psykososiale og organisatoriske forhold på arbeidsplassen heng saman med den psykiske helsa hos arbeidstakarane (Finne et al., 2014; Johannessen et al., 2013; Stansfeld & Candy, 2006). 

Arbeid som helsefremjande faktor 

Arbeid gir først og fremst økonomisk tryggleik. Når arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, kan også arbeidet i seg sjølv vere positivt for helsa. Arbeid er for mange ei viktig kjelde til økonomisk tryggleik, helsefremjande sosiale relasjonar og personleg vekst (Dahl et al., 2014). Arbeid strukturerer også kvardagen, gir ei kjensle av meining og er ein viktig del av den sosiale identiteten for mange (Dahl et al., 2014). 

Det er klare indikasjoner på at tap av arbeid gir dårlegare psykisk helse (Gathergood, 2013), mens retur til arbeid påverkar den psykiske helsa i positiv retning (van der Noordt et al., 2014) 

Når det gjeld overgangen til å bli alderspensjonist er det ikkje eintydige funn. Studiar som har undersøkt om overgangen frå arbeidsliv til alderspensjon har betydning for helsa, rapporterer om sprikande funn (Wang et al., 2011). Pensjonering kan bidra til betre helse dersom jobben er belastande (Westerlund et al., 2009) 

Desse døma understrekar at forholdet mellom helse og arbeid er komplekse. 

Arbeid og helserisiko 

Arbeidsplassen kan også vere ei kjelde til skadar, sjukdom og helsevanskar. Mange av desse faktorane har samanheng med eksponeringar i arbeid, som også forklarar auka risiko for sjukefråvær og uføretrygd (Foss et al., 2011; Labriola et al., 2009; Stattin & Jarvholm, 2005; Sterud, 2013; Sterud & Johannessen, 2014; Wang et al., 2014; Aagestad et al., 2014). STAMI har tidlegare identifisert arbeidsmiljøfaktorar som bidrar til sjukefråvær og uføre (Knardahl et al., 2017; Knardahl et al., 2016). 

Eksponeringar i arbeidslivet kan auke risikoen for sjukdom og uføretrygd (STAMI, 2021): 

  • Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar som tidspress, rollekonfliktar, og låg jobbkontroll gir høgare risiko for muskel- og skjelettlidingar (Christensen & Knardahl, 2010, 2012; Hauke et al., 2011; Lang et al., 2012), medan opplevd rollekonflikt, høge emosjonelle krav, låg mogelegheit til sjølv å ta avgjerder, mobbing/trakassering og jobbusikkerheit gir høgare risiko for psykiske plager (Finne et al., 2014; Johannessen et al., 2013). 
  • Organisatoriske faktorar som skiftarbeid, manglande opplæring og midlertidige arbeidskontraktar er knytt til auka risiko for arbeidsrelaterte skadar (Sterud, 2014). 
  • Tungt fysisk arbeid og uheldige arbeidsstillingar aukar risiko for muskel- og skjelettlidingar (Veiersted et al., 2017). 
  • Vibrasjonar aukar risiko for kronisk skade på nerver, blodårer, muskler og ledd (Veiersted et al., 2017). Støy er først og fremst ein risikofaktor for nedsett høyrsel (STAMI, 2021), men er også assosiert med auka risiko for hjerte-karssjukdom (Skogstad et al., 2016) og demens (Livingston et al., 2020). 
  • Inhalering av støv, røyk, gass og damp, hudkontakt med kjemikaliar og andre kjemiske arbeidsmiljøfaktorar aukar risikoen for kols og andre luftvegssjukdommar, kreft, og hjerte-karsykdom (STAMI, 2021). 

I tillegg kan ein vere utsett for skade som følgje av ulykker som skjer på arbeidsplassen, spesielt i næringane jord-/skogbruk og fiske, transport/lagring, bygg/anlegg og industri. Dette rammar ofte unge arbeidstakarar og kan få store konsekvensar for livsløpet deira (STAMI, 2021). Talet på arbeidsulykker med personskade har hatt ei nedovergåande tendens sidan 2014.Talet for dødsfall viste ei nedovergåande trend i perioden 2013-2016 og ei lita auke igjen i perioden 2017-2019 (Arbeidstilsynet, 2021). Ei gjennomgang av hendingane tyder på at det framleis er potensiale for å førebygge ulykker i arbeidslivet (Arbeidstilsynet, 2021). Det er truleg også eit stort potensial for å redusere arbeidsrelaterte sjukdommar, som kjem i tillegg til arbeidsrelaterte skadar og -dødsfall (European Commission, 2014), blant anna gjennom betre bruk av bedriftshelsetenester (Oslo Economics, 2018) 

Arbeidslivet internasjonalt 

Sysselsettinga i Noreg er høg samanlikna med andre OECD land (sjå figur 5). Det er likevel ei nedgåande trend mellom åra 2000-2020 og Noreg har falt frå 3. til 13. plass blant OECD-landa med høgast arbeidsdeltaking. Ifølgje OECD har robuste sjukefråværs- og uførekompensasjonssystem, i tillegg til pensjonssystemet, den utilsikta konsekvensen at arbeidstilbodet tæres, noko som verkar negativt inn på arbeidsdeltaking (OECD, 2022).

Figur 5. Arbeidsdeltaking i Noreg , 15-64 år Kjelde: OECD, 2022.
Figur 5. Arbeidsdeltaking i Noreg , 15-64 år Kjelde: OECD, 2022.

Arbeidslivet som arena for førebyggande folkehelsearbeid 

Sidan fleirtalet av vaksne i Noreg er i arbeid, er arbeidsstaden også ein viktig arena for førebyggande arbeid gjennom sosial påverknad og gjennom arbeidsgjevar sitt HMS-arbeid (Meld. St. 19, 2014). Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) 2014-2018 og Folkehelsemeldinga (Meld. St. 19, 2014) har også i større grad enn tidlegare lagt vekt på arbeidsstaden som arena for førebygging. Dette har likeins blitt vidareført i den nye IA-avtalen (2019-2022). 

Det er relativt lite kunnskap om korleis dei ulike verksemdene i Noreg faktisk jobbar med det forebyggande arbeidet, men ei europeiske bedriftsundersøking frå 2019 viste at dei mest brukte arbeidsmiljøtiltaka i Noreg var å gi arbeidstakarane høve til å ta avgjerder om korleis jobben skal utførast (auka jobbkontroll), bruk av redusert arbeidstid for personar med helseproblem, og å skaffe utstyr for å redusere tungt arbeid/uheldige arbeidsstillingar (STAMI, 2021). Gitt omfanget av arbeidsrelatert sjukdom/dødsfall kan forbetringstiltak retta mot ei betre arbeidshelse også ha betydning for folkehelsa. 

Tiltak for å sikre høg arbeidsdeltaking og låg uføretrygding 

Det er grunn til å tru at låg arbeidsløyse, høg yrkesdeltaking og redusert risiko for arbeidsrelaterte skader/sjukdommar i arbeidsmiljøet er med på å fremje folkehelsa. 

Det blir gjort ein kontinuerleg innsats for å identifisere helserisiko på arbeidsplassane, gjennom både rådgjeving og tilsyn frå Arbeidstilsynet. Arbeidsmiljølova lovfestar dette arbeidet, og både arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, bedriftshelseteneste og tilsynsmyndigheiter er forplikta til å bidra. 

Det er ikkje eit eintydig forhold mellom helsevanskar og arbeidsdeltaking. Faktorar knytt både til helse og arbeid betyr noko for om ein arbeidstakar med helseproblem kan halde fram i arbeid eller ikkje.  

Kunnskap om kva konkrete arbeidsmiljøutfordringar ein står overfor i spesifikke yrke, bransjar eller næringar ligg til grunn for effektive førebyggande aktivitetar. Det er stadig behov for å utvikle meir og betre kunnskap om både førebyggande og risikofaktorar for sjukefråværet og uførheit (Nigatu et al., 2016; Odeen et al., 2013), og korleis vi i praksis betre kan førebygge utvikling av helsevanskar på arbeidsplassen (van Vilsteren et al., 2015). 

Utover det primærførebyggande arbeidet med reduksjon av eksponeringar for helseskadelege arbeidsmiljøforhold trengst det også gode og effektive tiltak for dei som utviklar sjukdom og får vanskar med arbeidsdeltaking.  

Datagrunnlag 

Den deskriptive statistikken i dette kapittelet er hovudsakeleg basert på dei offentlege registera frå SSB og NAV. Internasjonale data på arbeidsdeltaking er basert på OECD- databasen. Kvaliteten og komplettheita i desse registra blir generelt rekna for å vere svært god.  

Referanser

Arbeidstilsynet. (2021). Helseproblemer og ulykker i bygg og anlegg [Rapport](Nr 1). (KOMPASS Tema:, Issue. https://www.arbeidstilsynet.no/globalassets/om-oss/forskning-og-rapporter/kompass-tema-rapporter/2020/kompass-tema-nr.-1-2021-helseproblemer-og-ulykker-i-bygg-og-anlegg.pdf 

Bruusgaard, D., Smeby, L., & Claussen, B. (2010). Education and disability pension: a stronger association than previously found. Scand J Public Health, 38(7), 686-690. https://doi.org/http://dx.doi.org/10.1177/1403494810378916  

Christensen, J. O., & Knardahl, S. (2010). Work and neck pain: a prospective study of psychological, social, and mechanical risk factors. Pain, 151(1), 162-173. https://doi.org/10.1016/j.pain.2010.07.001  

Christensen, J. O., & Knardahl, S. (2012). Work and back pain: A prospective study of psychological, social and mechanical predictors of back pain severity. European Journal of Pain, 16(6), 921-933. https://doi.org/10.1002/j.1532-2149.2011.00091.x  

Dahl, E., Bergsli, H., & van der Wel, K. A. (2014). Sosial ulikhet i helse: En norsk kunnskapsoversikt (Hovedrapport). Høgskolen i Oslo og Akershus. Tilgjengelig fra: http://www.hioa.no/Forskning-og-utvikling/Hva-forsker-HiOA-paa/Forskning-og-utvikling-ved-Fakultet-for-samfunnsfag/Sosialforsk/Sosiale-ulikheter-i-helse/Hovedrapport  

Dahl, E. S., Furuberg, J., Helde, I., Kalstø, A. M., Kann, I. C., Myhre, A., Nicolaisen, H., Nossen, J. P., & Sohlman, M. (2021). Ett år med korona. Utvikling og utsikter for NAVs ytelser og brukere (Arbeid og velferd nr 1-2021. 

Eliason, M., & Storrie, D. (2005). Does Job Loss Shorten Life? Journal of Human Resources, 44.  

European Commission. (2014). A New Method to Understand Occupational Gender Segregation in European Labour Markets [Rapport].  

Falkstedt, D., Backhans, M., Lundin, A., Allebeck, P., & Hemmingsson, T. (2014). Do working conditions explain the increased risks of disability pension among men and women with low education? A follow-up of Swedish cohorts. Scand J Work Environ Health. https://doi.org/10.5271/sjweh.3441  

Farré, L., Fasani, F., & Mueller, H. (2018). Feeling useless: the effect of unemployment on mental health in the Great Recession. IZA Journal of Labor Economics, 7.  

Ferrarini, T., Nelson, K., & Sjoberg, O. (2014). Unemployment insurance and deteriorating self-rated health in 23 European countries. J Epidemiol Community Health. https://doi.org/http://dx.doi.org/10.1136/jech-2013-203721  

FHI. (2013). Effekter av tiltak under IA-avtalen: rapport fra forskermøte på oppdrag fra Arbeidsdepartementet [Rapport]. http://www.fhi.no/dokumenter/d215d69e06.pdf 

Finansdepartementet (2021). Perspektivmeldingen 2021. Meld. St. 14 (2020–2021). Melding til Stortinget.

Finne, L. B., Christensen, J. O., & Knardahl, S. (2014). Psychological and social work factors as predictors of mental distress: a prospective study. PloS One, 9(7), e102514. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0102514  

Foss, L., Gravseth, H. M., Kristensen, P., Claussen, B., Mehlum, I. S., Knardahl, S., & Skyberg, K. (2011). The impact of workplace risk factors on long-term musculoskeletal sickness absence: a registry-based 5-year follow-up from the Oslo health study. J Occup Environ Med, 53(12), 1478-1482. https://doi.org/http://dx.doi.org/10.1097/JOM.0b013e3182398dec  

Gathergood, J. (2013). An instrumental variable approach to unemployment, psychological health and social norm effects. Health Econ, 22(6), 643-654. https://doi.org/http://dx.doi.org/10.1002/hec.2831  

Hauke, A., Flintrop, J., Brun, E., & Rugulies, R. (2011). The impact of work-related psychosocial stressors on the onset of musculoskeletal disorders in specific body regions: A review and meta-analysis of 54 longitudinal studies. Work and Stress, 25(3), 243-256. https://doi.org/10.1080/02678373.2011.614069  

Haukenes, I., Mykletun, A., Knudsen, A. K., Hansen, H. T., & Maeland, J. G. (2011). Disability pension by occupational class--the impact of work-related factors: the Hordaland Health Study Cohort. BMC Public Health, 11, 406. https://doi.org/http://dx.doi.org/10.1186/1471-2458-11-406  

Helde, I. (2008). Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende (Arbeid og velferd 1-2008. Tilgjengelig fra: https://www.nav.no/_/attachment/download/3d972ad0-19ae-4c8c-a66c-187d8c3243f1:3d3a60ba9501ff1347bd9e9841363e44d1a76553/nedgangen-i-sykepengeutbetalingene-til-selvstendig-naeringsdrivende.pdf   

Johannessen, H. A., Tynes, T., & Sterud, T. (2013). Effects of occupational role conflict and emotional demands on subsequent psychological distress: a 3-year follow-up study of the general working population in Norway. J Occup Environ Med, 55(6), 605-613. https://doi.org/10.1097/JOM.0b013e3182917899  

Johansson, G., & Lundberg, I. (2009). Components of the illness flexibility model as explanations of socioeconomic differences in sickness absence. Int J Health Serv, 39(1), 123-138. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/19326782  

Knardahl, S., Johannessen, H. A., Sterud, T., Harma, M., Rugulies, R., Seitsamo, J., & Borg, V. (2017). The contribution from psychological, social, and organizational work factors to risk of disability retirement: a systematic review with meta-analyses. BMC Public Health, 17.  

Knardahl, S., Sterud, T., Nielsen, M. B., & Nordby, K.-C. (2016). Arbeidsplassen og sykefravær - Arbeidsforhold av betydning for sykefravær. Tidsskrift for velferdsforskning, 19(02). Tilgjengelig fra:  http://www.idunn.no/ts/tidsskrift_for_velferdsforskning/2016/02/arbeidsplassen_og_sykefravaer_-_arbeidsforhold_av_betydning_  

Labriola, M., Feveile, H., Christensen, K. B., Stroyer, J., & Lund, T. (2009). The impact of ergonomic work environment exposures on the risk of disability pension: Prospective results from DWECS/DREAM. Ergonomics, 52(11), 1419-1422. https://doi.org/10.1080/00140130903067771  

Lang, J., Ochsmann, E., Kraus, T., & Lang, J. W. B. (2012). Psychosocial work stressors as antecedents of musculoskeletal problems: A systematic review and meta-analysis of stability-adjusted longitudinal studies. Social Science & Medicine, 75(7), 1163-1174. https://doi.org/10.1016/j.socscimed.2012.04.015  

Livingston, G., Huntley, J., Sommerlad, A., Ames, D., Ballard, C., Banerjee, S., Brayne, C., Burns, A., Cohen-Mansfield, J., Cooper, C., Costafreda, S. G., Dias, A., Fox, N., Gitlin, L. N., Howard, R., Kales, H. C., Kivimaki, M., Larson, E. B., Ogunniyi, A., Orgeta, V., Ritchie, K., Rockwood, K., Sampson, E. L., Samus, Q., Schneider, L. S., Selbaek, G., Teri, L., & Mukadam, N. (2020). Dementia prevention, intervention, and care: 2020 report of the Lancet Commission. Lancet, 396(10248), 413-446. https://doi.org/10.1016/S0140-6736(20)30367-6  

Laaksonen, M., Mastekaasa, A., Martikainen, P., Rahkonen, O., Piha, K., & Lahelma, E. (2010). Gender differences in sickness absence--the contribution of occupation and workplace. Scand J Work Environ Health, 36(5), 394-403. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/20213051  

Mastekaasa, A. (2012). Kvinners og menns sykefravær - en stadig økende forskjell? Søkelys på arbeidslivet, 29(1-2), 21-32. http://www.samfunnsforskning.no/Publikasjoner/Tidsskrifter/Soekelys-paa-arbeidslivet  

McKee-Ryan, F., Song, Z., Wanberg, C. R., & Kinicki, A. J. (2005). Psychological and physical well-being during unemployment: a meta-analytic study. J Appl Psychol, 90(1), 53-76. https://doi.org/10.1037/0021-9010.90.1.53  

Murphy, G. C., & Athanasou, J. A. (1999). The effect of unemployment on mental health. Journal of Occupational and Organizational Psychology, 72(1), 83-99. https://doi.org/10.1348/096317999166518  

NAV. (2019). Utviklingen i sykefraværet, 3. kvartal 2019 [Notat]. https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/statistikk/sykefravar-statistikk/sykefravar/sykefravar-statistikknotater_kap 

NAV. (2022a). Arkiv - Sykefraværsstatistikk 1. kvartal 2012-2021. Arbeids- og velferdsdirektoratet. https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/statistikk/sykefravar-statistikk/relatert-informasjon/arkiv-sykefravaersstatistikk-1.kvartal-2012-2021 

NAV. (2022b). Utviklingen i uføretrygd per 31. desember 2021 [Notat]. https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/statistikk/aap-nedsatt-arbeidsevne-og-uforetrygd-statistikk/uforetrygd 

Nigatu, Y. T., Liu, Y., Uppal, M., McKinney, S., Rao, S., Gillis, K., & Wang, J. (2016). Interventions for enhancing return to work in individuals with a common mental illness: systematic review and meta-analysis of randomized controlled trials. Psychological Medicine, 46(16), 3263-3274. https://doi.org/10.1017/S0033291716002269  

Odeen, M., Magnussen, L. H., Maeland, S., Larun, L., Eriksen, H. R., & Tveito, T. H. (2013). Systematic review of active workplace interventions to reduce sickness absence. Occup Med (Lond), 63(1), 7-16. https://doi.org/10.1093/occmed/kqs198  

OECD. (2022). OECD Economic Surveys: Norway 2022. OECD Publishing. https://doi.org/10.1787/df7b87ab-en 

Oslo Economics. (2018). Samfunnsnytten av bedriftshelsetjenesten. http://osloeconomics.no/samfunnsnytten-av-bedriftshelsetjenesten/ 

Paul, K. I., & Moser, K. (2009). Unemployment impairs mental health: Meta-analyses. Journal of Vocational Behavior, 74(3), 264-282. https://doi.org/http://dx.doi.org/10.1016/j.jvb.2009.01.001  

Reneflot, A., & Evensen, M. (2014). Unemployment and psychological distress among young adults in the Nordic countries: A review of the literature. International Journal of Social Welfare, 23(1), 3-15. https://doi.org/10.1111/ijsw.12000  

Skogstad, M., Johannessen, H. A., Tynes, T., Mehlum, I. S., Nordby, K. C., & Lie, A. (2016). Systematic review of the cardiovascular effects of occupational noise. Occup Med (Lond), 66(6), 500. https://doi.org/10.1093/occmed/kqw113  

SSB. (2020). Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø 2019.  

SSB. (2022). Arbeidskraftundersøkelsen 4. kvartal 2021. Statistisk Sentralbyrå. Retrieved 17. februar 2022 from http://www.ssb.no/aku/ 

STAMI. (2021). Faktabok om arbeidsmiljø og helse [Rapport]. https://stami.no/publikasjon/faktabok-om-arbeidsmiljo-og-helse-2021/ 

Stansfeld, S., & Candy, B. (2006). Psychosocial work environment and mental health--a meta-analytic review. Scand J Work Environ Health, 32(6), 443-462. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/17173201  

Stattin, M., & Jarvholm, B. (2005). Occupation, work environment, and disability pension: a prospective study of construction workers. Scand J Public Health, 33(2), 84-90. https://doi.org/10.1080/14034940410019208  

Sterud, T. (2013). Work-related psychosocial and mechanical risk factors for work disability: a 3-year follow-up study of the general working population in Norway. Scand J Work Environ Health, 39(5), 468-476. https://doi.org/10.5271/sjweh.3359  

Sterud, T. (2014). Midlertidig ansettelsesformer og helse - en kunnskapsoversikt. STAMI-rapport nr. 2/2014.  

Sterud, T., & Johannessen, H. A. (2014). Do work-related mechanical and psychosocial factors contribute to the social gradient in long-term sick leave: a prospective study of the general working population in Norway. Scand J Public Health, 42(3), 329-334. https://doi.org/10.1177/1403494814521506  

Sterud, T., & Tynes, T. (2013). Work-related psychosocial and mechanical risk factors for low back pain: a 3-year follow-up study of the general working population in Norway. Occup Environ Med, 70(5), 296-302. https://doi.org/10.1136/oemed-2012-101116  

van der Noordt, M., Ijzelenberg, H., Droomers, M., & Proper, K. I. (2014). Health effects of employment: a systematic review of prospective studies. Occup Environ Med. https://doi.org/http://dx.doi.org/10.1136/oemed-2013-101891  

van Vilsteren, M., van Oostrom, S. H., de Vet, H. C. W., Franche, R. L., Boot, C. R. L., & Anema, J. R. (2015). Workplace interventions to prevent work disability in workers on sick leave. Cochrane Database of Systematic Reviews(10). https://doi.org/https://doi.org/10.1002/14651858.CD006955.pub3  

Veiersted, K. B., Knardahl, S., & Wærsted, M. (2017). Mekaniske eksponeringer i arbeid som årsak til muskel-og skjelettplager. En kunnskapsstatus. STAMI-rapport nr 6/2017.

Wang, M.-J., Mykletun, A., Møyner, E. I., Øverland, S., Henderson, M., Stansfeld, S., Hotopf, M., & Harvey, S. B. (2014). Job Strain, Health and Sickness Absence: Results from the Hordaland Health Study. PloS One, 9(4), e96025. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0096025  

Wang, M., Henkens, K., & van Solinge, H. (2011). Retirement adjustment: A review of theoretical and empirical advancements. Am Psychol, 66(3), 204-213. https://doi.org/10.1037/a0022414  

Westerlund, H., Kivimaki, M., Singh-Manoux, A., Melchior, M., Ferrie, J. E., Pentti, J., Jokela, M., Leineweber, C., Goldberg, M., Zins, M., & Vahtera, J. (2009). Self-rated health before and after retirement in France (GAZEL): a cohort study. Lancet, 374(9705), 1889-1896. https://doi.org/10.1016/S0140-6736(09)61570-1  

Aagestad, C., Johannessen, H. A., Tynes, T., Gravseth, H. M., & Sterud, T. (2014). Work-related psychosocial risk factors for long-term sick leave: a prospective study of the general working population in Norway. J Occup Environ Med, 56(8), 787-793. https://doi.org/10.1097/JOM.0000000000000212  

Historikk

20.05.2022: Teksten er revidert og oppdatert. Forfattarar av teksten er Robert Smith (leiar av skrivegruppa), Jens Christoffer Skogen, Marit Knapstad, Ann Kristin Skrindo Knudsen, Kari Klungsøyr og Øystein Vedaa. Fagfellevurdert av Karl-Christian Nordby i Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI),

22.02.2017: Dette er ein oppdatert versjon av kapittel Arbeid og helse i Folkehelserapporten 2014. Teksten er oppdatert med ny statistikk og ny forsking.

Tekst: Simon Øverland og Jens Christoffer Skogen, Folkehelseinstituttet. Takk til Statens arbeidsmiljøinstitutt for gjennomlesing og bidrag til kapitlet.