Arbeid og helse i Noreg
Oppdatert
|Arbeid er ei kjelde til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og økonomisk tryggleik. Difor kan arbeid vere helsefremjande. Men arbeid og arbeidsmiljø kan òg vere årsak til helsevanskar, blant anna gjennom skadar og eksponering for helseskadelege forhold i arbeidsmiljøet.
Hovudpunkt
- Arbeid er viktig for helsa fordi det gir tilgang til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst, økonomisk tryggleik og andre helsefremmande ressursar.
- Arbeidslivet er under endring som følgje av globalisering og utvikling av teknologi, klima og demografi, noko som vil kunne endre eksponeringane i arbeid av betydning for folkehelsa.
- I Noreg er om lag sju av ti vaksne inkludert i arbeidsstyrken. Sysselsettinga i Noreg er relativt høgt samanlikna med andre OECD-land.
- Samanlikna med andre medlemsland i OECD, har Noreg eit relativt høgt sjukefråvær.
- Flest sjukmeldingar og langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar som angst og depresjon.
- Grunnlaget for effektiv førebyggande aktivitet gjennom redusering av helseskadeleg påverking i arbeid er kunnskap om kva konkrete arbeidsmiljøutfordringar ein har i spesifikke yrke, bransjar eller næringar.
Om arbeid og helse
Arbeid og helse heng tett saman. For dei fleste vaksne er arbeid ein viktig del av livet. Dei som er i arbeid, har i gjennomsnitt betre helse enn dei som står utanfor arbeidslivet. Dette skuldast både at sviktande helse fører folk ut av arbeidslivet, at dei med større helsevanskar møter fleire hindringar på veg inn i arbeidslivet, og at forhold knytt til det å vere i arbeid er helsefremjande.
Dette kapittelet presenterer i store trekk forholdet mellom arbeid og helse i Noreg ved å fokusere på dei mest sentrale (helse)indikatorane knytt til arbeid: sysselsetting, sjukefråvær, uføretrygd og arbeidsløyse.
Meir spesifikt skildrast status, utvikling og samanheng med viktige demografiske kjenneteikn. Avslutningsvis blir arbeid si rolle for helse forklart i noko meir detalj. Arbeid og helse er eit stort og komplekst forskingsfelt som er utfordrande å dekke. Vi har derfor valt å halde denne teksten på eit overordna nivå. For informasjon om samanheng mellom arbeid og helse for spesifikke sjukdommar visast det til andre kapittel i Folkehelserapporten, til dømes Muskel- og skjeletthelse, Langvarig smerte og Psykiske lidingar.
For meir informasjon om arbeid og helse i samanheng med koronapandemien, viser vi til temautgåva «Folkehelsen etter covid-19».
Arbeidslivet i Noreg i dag
I Noreg er det brei semje om at deltaking i arbeidslivet skal vere mogeleg for så mange vaksne som mogeleg (Dahl et al., 2014). Det er også brei semje om at auka sysselsetting og lågare utgifter til sjukepengar og uførepensjon vil vere nødvending for å sikra eit berekraftig velferdssamfunn i åra framover (Perspektivmeldingen, 2021).
Dei fleste vaksne er registrerte i den såkalla arbeidsstyrken. Arbeidsstyrken består av alle sysselsette og arbeidsledige personar i aldersgruppa 15–74 år (tal og definisjon ved Statistisk sentralbyrå). Desse kan ha kortare og lengre periodar utanfor arbeidslivet, til dømes på grunn av oppseiingar og helsevanskar.
Ved utgangen av 2021 vart 72,3 prosent av befolkninga i Noreg rekna som del av arbeidsstyrken. Desse fordelte seg på 2 817 000 sysselsette og 99 000 arbeidsledige (SSB, 2022).
Om lag 90 prosent av dei sysselsette indikerer at dei er ganske eller svært fornøgde med jobben (SSB, 2020).
Arbeidslivet er og vil bli meir prega av endringar enn tidlegare, med globalisering og endringar i teknologi, klima og demografi som dei største drivarane. Desse faktorane ligg til grunn for raske endringar i innhald og måten det blir jobba på, noko som kan skape mogelegheiter for kompetanseutvikling og nye jobbar, men som samtidig også stiller høge krav til omstillingsevne blant dei tilsette. Det er framleis mykje usikkerheit rundt korleis dette konkret vil påverke arbeidslivet.
Pandemien har verka som ein katalysator for nokre endringar i arbeidslivet, spesielt når gjeld å ta i bruk digital samhandling og etablering av heimen som ein ny arbeidsarena. Sistnemnde kan medføre ei rekke fordeler, som auka fleksibilitet knytt til når og kor ein jobbar, og betre moglegheiter til å jobbe uforstyrra for dei som kan utføre arbeidet heimanfrå. Samtidig kan distansearbeid føre til utfordringar knytt til eksempelvis kommunikasjon med kollegaer/leiarar, ergonomi og arbeidstid (STAMI, 2021). For eit arbeidsliv i endring er det viktig å bevara dei helsefremjande aspekta ved arbeidslivet, samtidig som ein er merksame på etablerte og nye risikoforhold.
Sjukefråvær og uføretrygd
Til ei kvar tid er det ein del av arbeidsstyrken som ikkje er i arbeid grunna helsevanskar. Ein andel er borte frå arbeid grunna kortvarig eller langvarig sjukdom eller funksjonsnedsettingar. I tillegg står uføretrygda utanfor arbeidsstyrken. Nokre av desse har blitt uføretrygda utan å ha vore i arbeid. For dei som er i arbeidslivet, går vegen til uføretrygd som oftast via langtidssjukmelding.
- Det ujusterte legemeldte sjukefråværet var 5,7 prosent, mens det sesongjusterte sjukefråværet var 5,2 prosent i 1. kvartal i 2021 (NAV, 2022a).
- Per desember 2021 fekk 360 900 personar uføretrygd, som tilsvarar 10,5 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år (NAV, 2022b).
Årsaker til fråvær
Flest langvarige sjukmeldingar (>16 dagar) og andre langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og lettare psykiske lidingar som angst og depresjon (STAMI, 2021). Yrkene med høgast andel langvarige sjukmeldingar grunna muskel- og skjelettlidingar er reinhaldarar, pleie-/ omsorgsarbeidarar, sjåførar og tømrarar. For lettare psykiske lidingar er andelen høgast i yrker i helse- og omsorgssektoren (STAMI, 2021).
Grunnane til at folk ikkje er i arbeid, er mange og samansette:
- Arbeidsinnhald og –miljø påverkar helse og motivasjon. Kjemiske, fysiske, ergonomiske og psykososiale eksponeringar aukar risiko for sjukdom og funksjonsnedsettingar og dermed også potensiale for sjukefråvær.
- Funksjonsevne, kompetanse og dei krava som jobben stiller, har betydning for om den enkelte kan utføre arbeidet.
- Teknologiutvikling og organisasjonsformer påverkar arbeidsinnhald og krav til kompetanse.
- Økonomiske konjunkturar og andre endringar påverkar næringsstruktur, sysselsetting og kor mange som blir sjukmelde og uføretrygda. Oppdaterte tal på sistnemnte finn ein på SSB og NAV.
Utvikling over tid
Andelen som er i arbeid, talet på sjukmelde og andelen som får uføretrygd, varierer over tid. Brå endringar har i hovudsak samanheng med strukturelle endringar, som konjunkturendingar, tilgang på arbeid og endringar i regelverket rundt innvilging av sjukefråvær og uføretrygd.
Figur 1 viser ujustert legemeldt sjukefråvære for perioden 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2020. Nedgangen etter 2004 skuldast (delvis) innstrammingane i regelverket frå 1. juli 2004 (Helde, 2008), medan den relativt kraftige auken i første del av 2020 i stor grad kan tilskrivast koronapandemien (NAV, 2022a).
Figur 2 viser raten av nye tilfelle av uføre etter kjønn i perioden 2011-2020. Også her er det strukturelle faktorar som heng saman med toppen i 2014 og auken i 2018 og 2019. Toppen i 2014 kan forklarast med at mange hadde nådd maksimaltida til stønaden arbeidsavklaringspengar, som blei innført i 2010 og på den tida varte 4 år. Den perioden vart endra til tre år frå 1. januar 2018, som er med å forklare auken i 2018 og 2019 (STAMI, 2021).
På noverande tidspunkt er det uklart i kva grad koronapandemien vil føre til ei auke i tal på mottakarar av uføretrygd på lengre sikt, noko som truleg også vil vere avhengig av eventuelle langtids helse-effektar av korona og koronatiltaka (Dahl et al., 2021; STAMI, 2021).
Skilnadar i befolkninga
Alder
Sjukefråværet stig med aukande alder for menn med unntak av den eldste aldersgruppa(65-69 år). Blant kvinner er sjukefråværet derimot litt høgare mellom 30 og 40 år enn mellom 40 og 50 år. Det siste heng mellom anna saman med svangerskapsrelatert sjukefråvær (NAV, 2019).
Kjønn
Figur 1 og 2 viser skilnaden i høvesvis sjukefråvær og uføre mellom kvinner og menn. Figur 1 viser andel sjukmeldte fordelt på menn og kvinner, mens figur 2 viser nye uføre per 1000 for kvinner og menn. Over tid er kjønnsskilnaden stabil. Menn og kvinner følgjer i hovudsak dei same svingingane i sjukefråværet.
Det er utilstrekkeleg kunnskap om kva som kan forklare skilnadane i sjukefråvær og uføre mellom menn og kvinner, og kva som kan vere effektive tiltak for å redusere skilnaden (FHI, 2013). Aktuelle faktorar som kan forklare skilnadane er:
- I alderen 20-39 år kan kjønnsforskjellen i sjukefråvære delvis forklarast av svangerskapsrelaterte lidingar (NAV, 2019).
- Både i Noreg og i andre land i Europa er det store skilnader når det gjeld yrkestilhøve for menn og kvinner (figur 3), som til dømes kan ha utslag for tilsetjingsbetingelsar og fordeling av eksponeringar i arbeid. Det er likevel ikkje klart i kva grad ulike yrkeseksponeringar kan belyse skilnadane i sjukefråvær mellom menn og kvinner (Laaksonen et al., 2010; Mastekaasa, 2012).
- Menn og kvinner er ulike når det gjeld helse. Muskel- og skjelettlidingar, samt psykiske lidingar som angst og depresjon rapporterast hyppigare blant kvinner enn blant menn, og er dei mest brukte diagnosane som ligg til grunn for sjukmelding (STAMI, 2021).
Sosioøkonomiske skilnadar
Det er sosioøkonomiske skilnader i sjukefråvær og uføretrygd:
- Uføretrygd på grunn av muskel- og skjelettlidingar er til dømes langt vanlegare blant lågt utdanna enn høgt utdanna (Bruusgaard et al., 2010). Skilnaden kan dels forklarast med at risikofaktorar for sjukefråvær og uføretrygd er hyppigare i jobbar med lågare løn og låge krav til utdanning (Falkstedt et al., 2014). Dette gjeld til dømes hardt fysisk arbeid, tunge løft med vriding av ryggen, krevjande arbeidsstillingar, heilkroppsvibrasjonar, monotont arbeid, lite kontroll over arbeidsoppgåvene og lite fleksibilitet i arbeidstida (Foss et al., 2011; Haukenes et al., 2011; Sterud & Tynes, 2013).
- Mekaniske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar forklarte meir enn 40 prosent av skilnaden i langtidssjukefråværet mellom høgt og lågt utdanna arbeidstakarar, viser ei tidlegare norsk studie (Sterud & Johannessen, 2014).
- På arbeidsplassar med lågare krav til utdanning vil det oftare vere vanskeleg å tilpasse arbeidssituasjonen til helsevanskar (Johansson & Lundberg, 2009).
- Arbeidstakarar med lågare utdanning kan òg ha større vanskar med å finne nytt arbeid dersom helsevanskar krev eit skifte av arbeidsoppgåver.
Arbeidsløyse
Noreg har pr januar 2022 ei arbeidsløyse på 3,2 prosent av befolkninga (SSB, 2022). Sjå figur 4 for utviklinga i arbeidsløyse dei siste 10 åra for menn og kvinner.
Det å falla utanfor arbeidslivet kan påverka helsa på ulike måtar. Ei rekke studiar har vist at jobbtap heng saman med auke i blant anna psykiske plagar og dødelegheit (Eliason & Storrie, 2005; Farré et al., 2018), mens helsa kan bli betre når ein kjem tilbake i arbeid igjen (McKee-Ryan et al., 2005; Murphy & Athanasou, 1999; Paul & Moser, 2009; Reneflot & Evensen, 2014).
Vanskane som er knytt til arbeidsløyse heng saman med kor lenge arbeidsløysa har vart. Gode velferdsordningar er eit sikkerheitsnett som reduserer risikoen for at arbeidsløysa skal forringa den psykisk helsa (Ferrarini et al., 2014).
Men biletet er samansett: det er også vist at overgangen frå arbeidsløyse til jobb heng saman med forverra psykisk helse – dersom arbeidsmiljøet er ugunstig. Fleire studiar viser at psykososiale og organisatoriske forhold på arbeidsplassen heng saman med den psykiske helsa hos arbeidstakarane (Finne et al., 2014; Johannessen et al., 2013; Stansfeld & Candy, 2006).
Arbeid som helsefremjande faktor
Arbeid gir først og fremst økonomisk tryggleik. Når arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, kan også arbeidet i seg sjølv vere positivt for helsa. Arbeid er for mange ei viktig kjelde til økonomisk tryggleik, helsefremjande sosiale relasjonar og personleg vekst (Dahl et al., 2014). Arbeid strukturerer også kvardagen, gir ei kjensle av meining og er ein viktig del av den sosiale identiteten for mange (Dahl et al., 2014).
Det er klare indikasjoner på at tap av arbeid gir dårlegare psykisk helse (Gathergood, 2013), mens retur til arbeid påverkar den psykiske helsa i positiv retning (van der Noordt et al., 2014).
Når det gjeld overgangen til å bli alderspensjonist er det ikkje eintydige funn. Studiar som har undersøkt om overgangen frå arbeidsliv til alderspensjon har betydning for helsa, rapporterer om sprikande funn (Wang et al., 2011). Pensjonering kan bidra til betre helse dersom jobben er belastande (Westerlund et al., 2009).
Desse døma understrekar at forholdet mellom helse og arbeid er komplekse.
Arbeid og helserisiko
Arbeidsplassen kan også vere ei kjelde til skadar, sjukdom og helsevanskar. Mange av desse faktorane har samanheng med eksponeringar i arbeid, som også forklarar auka risiko for sjukefråvær og uføretrygd (Foss et al., 2011; Labriola et al., 2009; Stattin & Jarvholm, 2005; Sterud, 2013; Sterud & Johannessen, 2014; Wang et al., 2014; Aagestad et al., 2014). STAMI har tidlegare identifisert arbeidsmiljøfaktorar som bidrar til sjukefråvær og uføre (Knardahl et al., 2017; Knardahl et al., 2016).
Eksponeringar i arbeidslivet kan auke risikoen for sjukdom og uføretrygd (STAMI, 2021):
- Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar som tidspress, rollekonfliktar, og låg jobbkontroll gir høgare risiko for muskel- og skjelettlidingar (Christensen & Knardahl, 2010, 2012; Hauke et al., 2011; Lang et al., 2012), medan opplevd rollekonflikt, høge emosjonelle krav, låg mogelegheit til sjølv å ta avgjerder, mobbing/trakassering og jobbusikkerheit gir høgare risiko for psykiske plager (Finne et al., 2014; Johannessen et al., 2013).
- Organisatoriske faktorar som skiftarbeid, manglande opplæring og midlertidige arbeidskontraktar er knytt til auka risiko for arbeidsrelaterte skadar (Sterud, 2014).
- Tungt fysisk arbeid og uheldige arbeidsstillingar aukar risiko for muskel- og skjelettlidingar (Veiersted et al., 2017).
- Vibrasjonar aukar risiko for kronisk skade på nerver, blodårer, muskler og ledd (Veiersted et al., 2017). Støy er først og fremst ein risikofaktor for nedsett høyrsel (STAMI, 2021), men er også assosiert med auka risiko for hjerte-karsjukdom (Skogstad et al., 2016) og demens (Livingston et al., 2020).
- Inhalering av støv, røyk, gass og damp, hudkontakt med kjemikaliar og andre kjemiske arbeidsmiljøfaktorar aukar risikoen for kols og andre luftvegssjukdommar, kreft, og hjerte-karsykdom (STAMI, 2021).
I tillegg kan ein vere utsett for skade som følgje av ulykker som skjer på arbeidsplassen, spesielt i næringane jord-/skogbruk og fiske, transport/lagring, bygg/anlegg og industri. Dette rammar ofte unge arbeidstakarar og kan få store konsekvensar for livsløpet deira (STAMI, 2021). Talet på arbeidsulykker med personskade har hatt ein tendens som fell sidan 2014. Talet for dødsfall viste ei fallande trend i perioden 2013-2016 og ei lita auke igjen i perioden 2017-2019 (Arbeidstilsynet, 2021). Ei gjennomgang av hendingane tyder på at det framleis er potensiale for å førebygge ulykker i arbeidslivet (Arbeidstilsynet, 2021). Det er truleg også eit stort potensial for å redusere arbeidsrelaterte sjukdommar, som kjem i tillegg til arbeidsrelaterte skadar og -dødsfall (European Commission, 2014), blant anna gjennom betre bruk av bedriftshelsetenester (Oslo Economics, 2018).
Arbeidslivet internasjonalt
Sysselsettinga i Noreg er høg samanlikna med andre OECD land (sjå figur 5). Det er likevel ei nedgåande trend mellom åra 2000-2020 og Noreg har falt frå 3. til 13. plass blant OECD-landa med høgast arbeidsdeltaking. Ifølgje OECD har robuste sjukefråværs- og uførekompensasjonssystem, i tillegg til pensjonssystemet, den utilsikta konsekvensen at arbeidstilbodet tæres, noko som verkar negativt inn på arbeidsdeltaking (OECD, 2022).
Arbeidslivet som arena for førebyggande folkehelsearbeid
Sidan fleirtalet av vaksne i Noreg er i arbeid, er arbeidsstaden også ein viktig arena for førebyggande arbeid gjennom sosial påverknad og gjennom arbeidsgjevar sitt HMS-arbeid (Meld. St. 19, 2014). Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) 2014-2018 og Folkehelsemeldinga (Meld. St. 19, 2014) har også i større grad enn tidlegare lagt vekt på arbeidsstaden som arena for førebygging. Dette har likeins blitt vidareført i den nye IA-avtalen (2019-2022).
Det er relativt lite kunnskap om korleis dei ulike verksemdene i Noreg faktisk jobbar med det forebyggande arbeidet, men ei europeiske bedriftsundersøking frå 2019 viste at dei mest brukte arbeidsmiljøtiltaka i Noreg var å gi arbeidstakarane høve til å ta avgjerder om korleis jobben skal utførast (auka jobbkontroll), bruk av redusert arbeidstid for personar med helseproblem, og å skaffe utstyr for å redusere tungt arbeid/uheldige arbeidsstillingar (STAMI, 2021). Gitt omfanget av arbeidsrelatert sjukdom/dødsfall kan forbetringstiltak retta mot ei betre arbeidshelse også ha betydning for folkehelsa.
Tiltak for å sikre høg arbeidsdeltaking og låg uføretrygding
Det er grunn til å tru at låg arbeidsløyse, høg yrkesdeltaking og redusert risiko for arbeidsrelaterte skader/sjukdommar i arbeidsmiljøet er med på å fremje folkehelsa.
Det blir gjort ein kontinuerleg innsats for å identifisere helserisiko på arbeidsplassane, gjennom både rådgjeving og tilsyn frå Arbeidstilsynet. Arbeidsmiljølova lovfestar dette arbeidet, og både arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, bedriftshelseteneste og tilsynsmyndigheiter er forplikta til å bidra.
Det er ikkje eit eintydig forhold mellom helsevanskar og arbeidsdeltaking. Faktorar knytt både til helse og arbeid betyr noko for om ein arbeidstakar med helseproblem kan halde fram i arbeid eller ikkje.
Kunnskap om kva konkrete arbeidsmiljøutfordringar ein står overfor i spesifikke yrke, bransjar eller næringar ligg til grunn for effektive førebyggande aktivitetar. Det er stadig behov for å utvikle meir og betre kunnskap om både førebyggande og risikofaktorar for sjukefråværet og uførheit (Nigatu et al., 2016; Odeen et al., 2013), og korleis vi i praksis betre kan førebygge utvikling av helsevanskar på arbeidsplassen (van Vilsteren et al., 2015).
Utover det primærførebyggande arbeidet med reduksjon av eksponeringar for helseskadelege arbeidsmiljøforhold trengst det også gode og effektive tiltak for dei som utviklar sjukdom og får vanskar med arbeidsdeltaking.
Datagrunnlag
Den deskriptive statistikken i dette kapittelet er hovudsakeleg basert på dei offentlege registera frå SSB og NAV. Internasjonale data på arbeidsdeltaking er basert på OECD- databasen. Kvaliteten i desse registra er generelt rekna for å vere svært god.