Bruken av alkohol og andre rusmiddel i Noreg
Oppdatert
|I gjennomsnitt drikk nordmenn i alderen 15 år og eldre noko over 7 liter rein alkohol per år. Menn drikk dobbelt så mykje som kvinner. Cannabis er det mest brukte narkotiske stoffet i den norske befolkninga. Kapitlet gir oversikt over bruk av alkohol og andre rusmiddel i Noreg.
For fleire tal og meir om bruk av alkohol og andre rusmiddel, sjå rapportane:
Hovedpunkt
- Vi drikk i gjennomsnitt over 7 liter rein alkohol per år, rekna per innbyggjar over 15 år.
- Det registrerte forbruket auka kraftig frå 1990 og fram til 2008, men har deretter gått noko ned.
- Menn drikk oftare og i gjennomsnitt dobbelt så mykje alkohol som kvinner.
- Eldre drikk oftare, men mindre alkohol enn yngre.
- Vi drikk vesentleg mindre alkohol i Noreg enn i dei fleste europeiske land, rekna per innbyggjar på 15 år og over.
- Cannabis er det mest brukte narkotiske stoffet i den norske befolkninga.
- Bruk av alkohol og ulovlege rusmiddel er blant dei viktigaste risikofaktorane for død og tapte friske leveår i befolkninga.
- Alkohol er årsak til betydeleg meir helsemessige og sosiale problem i samfunnet enn narkotika. Det er ingen skarpe skilje mellom bruk og skadeleg bruk.
Kva er eit rusmiddel?
Som rusmiddel reknar vi alkohol, vanedannande legemiddel og ulovlege rusmiddel (narkotika) som blant anna cannabis, amfetamin, heroin og kokain.
Vanedannande legemiddel er hovudsakleg roande middel og sovemiddel av typen benzodiazepinar. Ein stor del av tablettane i den illegale marknaden er ikkje framstilte av godkjende legemiddelprodusentar. Ulovlege middel inneheld ofte ei høgare mengde verkestoff samanlikna med registrerte preparat som blir selde på apotek (Kripos, 2014).
Benzodiazepinar blir ofte misbrukte i kombinasjon med narkotiske stoff som blant anna amfetamin, cannabis og heroin.
Effekten av rusmiddel kan delast inn i tre hovudgrupper: Dempande, stimulerande og hallusinogene, sjå figur 1. Fleire rusmiddel har ei blanding av desse effektane, sjå for eksempel alkohol og ecstasy.
Datagrunnlag
Alkoholforbruket omfattar i hovudsak det som blir kjøpt i butikk (Vinmonopolet og daglegvarebutikkar) og på skjenkestader. Denne avgiftspliktige omsetninga av alkohol innanlands kallar vi registrert forbruk. I tillegg kjem forbruk av alkohol frå taxfree-handel på flyplassar og ferjer og grensehandel i Sverige. Dette omtaler vi som uregistrert forbruk.
Statistisk sentralbyrå (SSB) gir ut informasjon om det registrerte forbruket. Dette blir oppgitt i liter rein alkohol per innbyggjar over 15 år for kvar drikkesort (brennevin, vin, øl og fruktdrikk), totalt og per år.
Taxfree-salet av alkohol ved norske lufthamner inngår i det uregistrerte forbruket og har sidan 2010 blitt innrapportert til FHI. Resten av det uregistrerte forbruket blir rekna ut på grunnlag av årlege befolkningsundersøkingar som Folkehelseinstituttet gjennomfører i samarbeid med SSB. Her blir taxfree-kjøpet av alkohol på ferjer til Noreg og grensehandel i Sverige kartlagt.
Desse to kjeldene (taxfree-omsetning ved norske lufthamner og SSB-undersøkingane) dannar grunnlag for årlege estimat for uregistrert forbruk. Smugling og heimebrent inngår ikkje i dette anslaget. Ifølgje spørjeundersøkingane kan ein rekne med at desse kjeldene bidreg svært lite til det samla alkoholforbruket. Sjå Alkohol i Norge (FHI, 2022).
SSB-undersøkingane gir òg grunnlag for å beskrive alkoholforbruk og erfaring med illegale rusmiddel i ulike befolkningsgrupper mellom 16 og 79 år.
I tillegg er diverse andre undersøkingar og studiar brukte som grunnlag, sjå referansane.
Alkoholbruk i Noreg i dag og over tid
Det registrerte forbruket gjekk ned frå 1980 til 1993, deretter auka det kraftig fram til 2008, og har deretter gått ned. Sjå figur 2 som viser forbruket av alkohol per innbyggjar på 15 år og over frå 1990 til 2020. I 2020 var den registrerte alkoholomsetninga 7,23 liter rein alkohol per innbyggar 15 år og eldre. Dette er ein auke på 19,5 prosent frå 2019. Det er grunn til å anta at auken i registrert omsetning i 2020 kan skyldast bortfall av taxfree og grensehandel grunna pandemien (FHI, 2022).
I 2021 hadde åtte av ti vaksne drukke alkohol i løpet av det siste året. (FHI, 2022). Dei ti prosentane som drikk mest, står for om lag halvparten av det totale forbruket.
Utvikling i det registrerte alkoholforbruket over tid
Auken i det registrerte forbruket fram til 2008 kjem nok langt på veg av auken i vinsalet. Samtidig var det ei dreiing frå vin på flaske til såkalla pappvin (bag-in-box).
- Svakvin i to- og treliters pappkartongar har vore på den norske marknaden sidan 1988 og står no for litt over halvparten av vinen som blir omsett frå utsala til AS Vinmonopolet.
- Alkoholhaldige fruktdrikkar (sider og «rusbrus») utgjer ein relativt liten andel av den totale alkoholomsetninga.
Taxfree- og grensehandel utgjer størstedelen av den uregistrerte omsetninga, og må leggast til den registrerte omsetninga for å gi eit riktigare bilete av det totale alkoholkonsumet i Noreg. På grunn av pandemien er tala for taxfree ved ankomst til norske lufthamner i 2020 meir uvisse enn tidlegare, og er anslått til 0,07 liter rein alkohol per innbyggar 15 år og eldre. Dette er ein reduksjon frå 0,35 liter rein alkohol i 2019. Data for handel i Sverige er i 2020 berekna til 0,15 liter rein alkohol per innbyggar 15 år og eldre av Centralförbundet för alkohol- och narkotikaupplysning (CAN), en reduksjon frå 0,6 liter rein alkohol i 2019. Anna uregistrert omsetning er ikkje mogleg å estimera for 2020. Basert på disse anslaga forbrukar kvar innbyggjar i aldersgruppa 15 år og over i gjennomsnitt 7,45 liter rein alkohol i året.
Alkoholbruk i ulike grupper i befolkninga
Hovudtrekk frå befolkningsundersøkingar (FHI, 2022):
- Åtte av ti oppgir at dei har drukket alkohol siste år og halvparten har drukke 6 eller fleire einingar ved samme høve dei soste 12 månadene. Disse måla har vore stabile i perioden 2012-2021.
- Det er fleire kvinner, og fleire eldre, som drikk alkohol no enn tidlegare.
- Menn drikk oftare og i gjennomsnitt dobbelt så mykje alkohol som kvinner.
- Eldre drikk oftare, men mindre, enn yngre.
- Øl utgjer meir enn halvparten av forbruket til menn, mens vin utgjer vel 60 prosent av alkoholforbruket til kvinner.
Bruk av alkohol blant ungdom
Data frå den europeiske skuleundersøkinga «European School Project on Alcohol and other Drugs» (ESPAD) viser at det i perioden 1999–2019 var ein nedgang i 15–16-åringar sin bruk av alkohol:
Det var ein nedgang både i talet som har drukke alkohol éin eller fleire gonger, dei siste 12 månadene og dei siste 30 dagane, sjå figur 3 (FHI, 2022).
- Også for høgkonsumsituasjonar (det å ha drukke fem eller fleire alkoholeiningar ved same høve) dei siste 30 dagane har det vore ein nedgang fram til 2019, sjå figur 4.
- Det var gjennomgåande liten eller ingen forskjell mellom jenter og gutar når det gjaldt desse måla på alkoholbruk.
Nedgangen i alkoholbruk er i tråd med det som er funne i andre undersøkingar i Noreg blant ungdom i same alder (Haug et al., 2020; Bakken, 2020).
Alkoholbruk blant innvandrarungdom
Undersøkingar blant skuleungdom i Oslo viser at alkoholbruken blant unge med innvandrarbakgrunn er lågare enn hos andre elevar (NOVA, 2012, 2015). Også alkoholbruken blant innvandrarforeldre er betydeleg lågare enn blant etnisk norske foreldre (NOVA, 2012).
Bruk av alkohol i den samiske befolkninga
Resultat frå SAMINOR-1 viser at (Eliassen, 2014; Spein, 2013)
- det er ein høgare andel avhaldsmenneske både blant samisk ungdom og i den samiske foreldregenerasjonen enn i resten av den nordnorske befolkninga
- det er små kjønnsforskjellar mellom samiske jenter og gutar når det gjeld bruk av alkohol
Senter for samisk helseforskning (SSHF) er ansvarleg for undersøkinga SAMINOR (Helse- og levekårsundersøkinga i område med samisk og norsk busetnad). Det er til no gjennomført to undersøkingar, SAMINOR 1 frå 2003 til 2004 og SAMINOR 2 frå 2012 til 2014.
Forskjellar mellom sosioøkonomiske grupper
Drikkefrekvens og årleg alkoholforbruk er vanlegvis høgast i høgare sosioøkonomiske grupper, mens risikofylt alkoholbruk ser ut til å vere noko mindre utbreidd i desse gruppene (Helsedirektoratet, 2016). Drikkevanane til ungdom frå familiar med låg sosial status (foreldre med låg utdanning og foreldre utanfor arbeidslivet) er òg meir risikofylt. Dei debuterer tidlegare med alkohol, drikk oftare og er oftare rusa enn ungdom elles (Pape, 2017).
Internasjonal samanlikning
Det registrerte alkoholforbruket i Noreg var det lågaste i Norden i 2020, sjå figur 5. Danmark hadde det høgaste registrerte forbruket, med 9,3 liter rein alkohol per innbyggjar i aldersgruppa 15 år og eldre. Også samanlikna med dei fleste andre europeiske land er det registrerte alkoholforbruket i Noreg lågt, sjå figur 6. Du finn ei detaljert framstilling av utviklinga bakover i tid i dei ulike landa i rapporten Rusmidler i Norge 2016, side 27.
Alkoholbruk blant europeisk ungdom
Samanlikna med andre land i Europa ligg norske 15–16-åringar i det nedre sjiktet både når det gjeld prosentandelen som i 2019 oppgav å ha drukke éin eller fleire gonger, andelen som oppgav å ha drukke i løpet av dei siste 30 dagane, og andelen som oppgav å ha drukke fem alkoholeiningar eller meir i siste drikkesituasjon i løpet av dei siste 30 dagane. Resultat frå alle dei europeiske deltakarlanda finn du på nettstaden til ESPAD.
Alkohol og helse
Alkohol er årsak til betydeleg meir helsemessige og sosiale problem i samfunnet enn narkotika. Det er ingen skarpe skilje mellom bruk og skadeleg bruk. Mest utsett for problem er dei som har eit høgt alkoholinntak over tid og/eller høge inntak per gong (beruselsesdrikking) (Nutt, 2010).
Sjukdommar og skadar som følge av alkoholbruk:
Kreft: Alkoholbruk aukar risikoen for kreft i munn, svelg, spiserøyr, lever, tjukk- og endetarm, bryst og magesekk (WCRF, 2018).
Hjarte- og karsjukdommar, leversjukdom og andre fysiske sjukdommar: Høgare inntak av alkohol er klart forbunde med auka risiko for hjarte- og karsjukdommar, særleg hjerneslag. Høgt alkoholforbruk bidreg òg til utvikling av høgt blodtrykk og har i tillegg andre negative helseeffektar (Helsedirektoratet).
Skadar: Alkoholbruk kan òg vere ein medverkande faktor ved ulykker, vald og sjølvmordsåtferd (Rehm, 2009). Berekningar basert på tal frå Ullevål sjukehus viser at nærare ein tredel av innleggingane som skjer på grunn av skadar, er alkoholrelaterte (Bogstrand, 2011).
Barn og unge spesielt: Unge drikk seg oftare berusa enn det vaksne gjer. Ein del tenåringar opplever ulike skadar og problem i samband med dette, blant anna vald, sjølvskading og å bli utnytta seksuelt (Pape, 2007).
Avhengigheit og alkoholmisbruk (rusbrukslidingar): I Noreg er det om lag 8 prosent av menn og 3 prosent av kvinner som i løpet av 12 månader misbrukar alkohol, sjå kapittel om rusbrukslidingar.
Personar som misbrukar alkohol, har ofte fleire psykiske sjukdommar, som depresjon og angstlidingar, i tillegg til svekka fysisk helse. Dei har òg ein auka risiko for tidleg død (Roerecke, 2013; Rossow, 1997).
Fosterskadar: Dersom den gravide drikk alkohol i svangerskapet, aukar risikoen for hjerneskadar hos fosteret, og dette kan seinare føre til at barnet får kognitive og åtferdsmessige problem (Henderson, Gray, & Brocklehurst, 2007).
Dersom den gravide kvinna har eit høgt alkoholforbruk, kan barnet bli fødd med føtalt alkoholsyndrom (FAS). Det inneber blant anna dårleg fostervekst og hjerneskade, utviklingsforstyrringar og lærevanskar. Barn som er fødde med FAS har òg karakteristiske ansiktstrekk (Mattson, 2011). På verdsbasis er det estimert at det kvart år blir fødd om lag 119 000 barn med FAS (Popova et al., 2017).
Effekten av små og moderate alkoholinntak i svangerskapet er meir omdiskutert (Lange, 2017; Popova, 2016).
For meir utfyllande oversikt, sjå rapport og faktaark:
- Konsekvenser for fosteret/barnet ved bruk av rusmidler/avhengighetsskapende legemidler i svangerskapet (pdf) (Heide, 2015).
- Fakta om verknader av alkohol på sentralnervesystemet og kroppen for øvrig (Oslo universitetssykehus' nettsider)
Tapte friske leveår
Bruk av alkohol- og illegale rusmiddel er blant dei viktigaste risikofaktorane for død og tap av friske leveår i befolkninga (Christopher, 2016). Det er òg ein samanheng mellom omfanget av alkoholforbruk, sjukdom og dødelegheit i befolkninga. Personar med høgt alkoholforbruk har større risiko for sjukdom og død enn personar som har lågare alkoholforbruk (Norström, 2005).
Menn har i gjennomsnitt eit betydeleg høgare alkoholinntak enn kvinner, og førekomsten av alkoholutløyste sjukdommar er derfor høgast blant menn.
Dødsfall som følge av alkohol
I 2017 vart det registrert 339 alkoholutløyste dødsfall i Noreg (Folkehelseinstituttet, n.d.). Slike dødsfall gjeld i hovudsak avhengigheit og leversjukdom som er knytt til høgt alkoholkonsum over mange år. Dessutan inngår akutt alkoholforgiftning (ca. 10 prosent). Ein del dødsfall der alkohol kan vere ei medverkande årsak til dødsfall, kjem ikkje med i desse tala. Nokre slike eksempel er sjukdommar som blir forverra ved alkoholbruk, og ulykker (DÅR statistikkbank).
Sjølv om drikkefrekvens og totalt alkoholforbruk er høgare i grupper med høg inntekt og lang utdanning, er førekomsten av alkoholutløyste dødsfall høgare i grupper med kort utdanning og låg inntekt (Østhus, 2016).
Å køyre bil etter å ha drukke alkohol er ein velkjent risikofaktor for både fatale og ikkje-fatale trafikkulykker. Trass i at dette problemet er teke opp i forsking, media og strengare lovreguleringar, er alkohol enno ei leiande årsak til trafikkulykker (Christophersen, 2016; WHO, 2013).
- Sjå også: Bruk av alkohol blant bilførere (artikkel i nettbasert rapport).
Sosiale konsekvensar av alkoholbruk
Alkoholbruk kan vere ein direkte eller indirekte årsak til mange ulike sosiale skadar og skadar på tredjepart. Det kan til dømes vere barn som lid under alkoholbruken til foreldra, fosterskadar, offer for promillekøyring, alkoholrelatert valdsbruk og negative konsekvensar for arbeidslivet, blant anna i form av sjukefråvær og tapt produktivitet (Nutt, 2010).
- Berekningar av kor mykje alkoholbruken kostar samfunnet, er gjerne summeringar av kostnader til helse- og sosialtenester, politi og rettsvesen og produksjonstap i arbeidslivet. I høginntektsland er det berekna at kostnadene er 1,4–2,7 prosent av bruttonasjonalproduktet (Rehm, 2009; 2017).
- Ein studie i seks nordeuropeiske land fann at problem forbunde med drikking i familien og blant vener, er utbreidd (14-28 prosent) (Ramstedt, 2015).
- Ein norsk befolkningsstudie viste at èin av tre var bekymra for andre si drikking (Moan, 2017).
Aggresjon og vald
Utbreiinga av alkoholrelatert aggresjon og vald varierer frå land til land, og er betydeleg høgare i kulturar der fyll er utbreidd (Bye, 2009; Rossow, 2013; Schnitzer, 2010). Alkoholbruk og/eller -misbruk aukar risikoen for å utøve partnarvald.
I Noreg er det anslått at om lag éin av fire kvinner opplever partnarvald i løpet av livet (Nerøien & Schei, 2008).
Over halvparten av kvinner på norske krisesenter oppga at partnarvald hadde skjedd mens partnaren var rusa på alkohol eller andre rusmiddel (Lund, 2014).
Redusert omsorgsevne
Eit høgt alkoholforbruk kan òg utløyse eller forsterke konfliktar mellom ektefellar/partnarar og svekke foreldre si evne til å gi omsorg (Leonard, 2007).
Barn som veks opp med foreldre som har alkoholproblem, har auka risiko for sjølv å utvikle rusproblem, atferdsproblem og få fysiske og psykiske helseproblem (FHI, 2011).
Sjukefråvær og arbeidsuførheit
Sjukefråvær og arbeidsuførheit som følge av alkoholbruk reduserer produktiviteten i arbeidslivet og er ei belastning for arbeidsgivar og medarbeidarar.
I ein norsk studie rapporterte åtte prosent av unge arbeidstakarar at dei hadde vore borte frå jobb det siste året på grunn av alkoholbruk. Menn rapporterte oftare enn kvinner at dei hadde hatt alkoholrelatert sjukefråvær, respektivt 10,5 og 5,7 prosent (Schou, 2014). I ein annan norsk studie rapporterte 25 prosent av arbeidstakarane at dei i løpet av det siste året hadde vore mindre effektive på jobb på grunn av alkoholbruk eller hatt bakrus på jobben (Edvardsen, 2015).
Alkoholpolitiske verkemiddel
Fleire verkemiddel kan vere effektive for å begrense alkoholforbruket og førebygge helsemessige og sosiale skadar i befolkninga:
- Alkoholpolitiske verkemiddel, som begrensa tilgang til alkohol og høge prisar (Anderson, 2009; Babor, 2010).
- Innskrenking av skjenketidene (Folkehelseinstituttet, 2016; Rossow & Norström, 2012).
- Opplæring av servitørar kombinert med kontrollar og sanksjonar (Rossow, 2017b).
- Låg promillegrense for bil- og båtførarar kombinert med kontrollar og sanksjonar når forskriftene vert brotne (Babor, 2010).
Opplysingsverksemd og haldningsskapende tiltak, slik som kampanjar i media, undervisningsopplegg i skulen og rådgiving frå helsemyndigheitene, er blant dei mest utbreidde og populære tiltaka, men har liten eller ingen effekt når det gjeld å redusere førekomsten av alkoholrelaterte skadar (Anderson, 2009; Babor, 2010).
- Sjå også: Forebyggende tiltak på alkoholfeltet (Alkohol i Norge [nettbasert rapport]).
Behandling av alkoholbrukslidingar
Kartlegging av alkoholvanar og tidleg intervensjon i form av korte motivasjonssamtalar hos fastlege eller legevakt kan gi redusert alkoholforbruk hos pasientar som drikk mykje alkohol. Det er likevel relativt få legar som bruker dette verktøyet (Nygaard, 2010; Rossow, 2010).
For personar som ønsker å sjekke og eventuelt justere alkoholvanane sine, finst det internettbaserte løysingar som aukar bevisstheita rundt eige alkoholinntak, og som kan bidra til å endre risikofylt inntak (Brendryen, 2014). Eit døme på eit slikt tilbod er «Balance» som er tilgjengeleg frå PC, nettbrett og smarttelefon.
Ved skadeleg alkoholinntak som enno ikkje har utvikla seg til avhengigheit, er poliklinisk behandling eit alternativ. Ved meir omfattande avhengigheit kan det vere nødvendig med korttids døgnbehandling for avrusing og behandling av abstinens. Det finst òg fleire typar legemiddel som kan hjelpe brukaren til å la vere å drikke alkohol.
- Drikker jeg for mye? Artikkel på helsenorge.no
Framtidige utfordringar knytt til alkoholbruk
Eldre drikk oftare enn yngre (FHI, 2018b). Med alderen aukar også legemiddelbruken. Kombinasjonsbruk av alkohol og legemiddel kan bidra til auka risiko for skadar og ulykker (Rossow, 2017a). Andelen eldre i befolkninga aukar, og dette kan bli ei større folkehelseutfordring enn det er i dag.
Narkotikabruk: Status og utvikling
Datakjelder og definisjonar
Data om narkotikabruk i befolkninga blir henta frå spørjeundersøkingar som blir gjennomførte årleg av Folkehelseinstituttet i samarbeid med Statistisk sentralbyrå, og den europeiske skuleundersøkinga ESPAD.
- Bruken av ulovlege rusmiddel er meir omfattande beskriven i rapporten Narkotika i Norge.
Vi definerer narkotika som ulovlege rusmiddel. Nokre reseptbelagde legemiddel blir definert som rusmiddel, og det førekjem også ulovleg omsetning av desse.
Generelle trekk
- Cannabis er det mest brukte ulovlege rusmiddelet i den norske befolkninga.
- Kokain er det nest mest brukte rusmiddelet, etterfølgt av ecstasy/MDMA og amfetaminar. Dette viser både undersøkingar i den generelle befolkninga og i utelivsbransjen.
Bruk av ulike typer narkotika
Cannabis
Cannabis er det klart mest utbreidde ulovlege rusmiddelet i Noreg. Figur 7 viser resultat frå dei årlege befolkningsundersøkingane for perioden 2012–2021. I aldersgruppa 16–64 år var det
- om lag éin av fire personar (omkring 25 prosent) som oppgav å ha brukt cannabis i løpet av livet
- om lag 5 prosent som oppgav å ha brukt cannabis i løpet av dei siste 12 månadene
- knappe 2 prosent som oppgav å ha brukt cannabis i løpet av dei siste 4 vekene
Fleire menn enn kvinner brukar cannabis. I 2021 oppgav om lag ein tredjedel (30 prosent) av mennene at dei hadde brukt cannabis éin eller fleire gonger, mens det blant kvinnene var rundt ein femtedel (20 prosent), sjå Figur 8. Prosentandelane som oppgav cannabisbruk siste 12 månader og siste 4 veker, var rundt tre gonger så høge blant menn som blant kvinner.
Cannabisbruk blant ungdom og unge vaksne
Nyleg cannabisbruk (siste 12 månader) er mest utbreidd i dei yngste aldersgruppene, sjå figur 9.
Om lag 9 prosent av 15–16-åringar rapporterer å ha brukt cannabis éin eller fleire gonger. Det viser den europeiske skuleundersøkinga ESPAD frå 2019, sjå Figur 10. 4 prosent av 15–16-åringane oppgav at dei hadde brukt cannabis dei siste 30 dagane.
Etter nesten 10 år med stabile trendar, var det i 2019 ei auking i andelen ungdomar som oppgav cannabisbruk, sjå Figur 10. Denne utviklinga blir stadfesta av andre studiar frå Noreg (f.eks. Bakken, 2020).
Les meir om narkotikabruk blant ungdom i rapporten Narkotika i Norge.
Kokain-, amfetamin- og ecstasybruk i befolkninga
Mellom 4 og 6 prosent i alderen 16–64 år rapporterer å ha brukt sentralstimulerande stoff i form av kokain, amfetamin eller ecstasy/MDMA éin eller fleire gonger. Det viser den årlege befolkningsundersøkinga frå 2021. Sjå tala for menn og kvinner i Figur 11.
Bruk av narkotika i utelivet
Blant personar i utelivet ser det ut til at bruken av ulovlege rusmiddel er høg samanlikna med i den generelle befolkninga. Dette viste ei spørjeundersøking utført blant personar ved utestader på kveld-/nattestid i Oslo (Nordfjærn, 2016):
- 67 prosent av dei 1099 som svarte, hadde brukt eit ulovleg rusmiddel éin eller fleire gonger, og 43 prosent hadde brukt det i løpet av det siste året.
- 25 prosent hadde brukt kokain éin eller fleire gonger, og 14 prosent hadde brukt det i løpet av det siste året.
- 19 prosent hadde brukt ecstasy/MDMA éin eller fleire gonger, og 11 prosent hadde brukt det i løpet av det siste året.
Prosentandelen som rapporterte å ha brukt ulovlege rusmiddel, var høgare blant menn enn blant kvinner og høgare blant dei yngre enn blant dei eldste. Gjennomsnittsalderen i utvalet var 27 år.
Bruk av cannabis blant europeisk ungdom
Blant norske ungdomar er bruken av cannabis låg samanlikna med andre land i Europa. Dette viser tal frå den europeiske skuleundersøkinga ESPAD. Mens rundt 30 prosent av 15–16-åringar i land som Italia og Tsjekkia rapporterte å ha brukt cannabis éin eller fleire gonger i 2019, var den tilsvarande andelen i Noreg 8,7 prosent (ESPAD, 2019).
Bruk av ulovlege rusmiddel og følger for fysisk og psykisk helse
Helseskadar og risiko varierer mellom dei enkelte rusmidla. I tillegg har inntaksmåte, bruksmønster, individuell sårbarheit og brukskontekst betydning.
Her omtalar vi først og fremst konsekvensar av cannabis og injeksjonsbruk av heroin og andre opioidar.
Cannabis og helse
Trafikkskadar som følge av køyring i påverka tilstand er det største helseproblemet knytt til cannabis (Robin Room, 2008). Det er estimert at risikoen for ei bilulykke vert om lag dobla ved køyring under påverknad av cannabis (Hall, 2015).
Bruk av cannabis over lang tid er forbunde med auka risiko for psykotiske lidingar, hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar (Hall, 2015).
Injeksjon av heroin og andre ulovlige rusmidler – helsemessige konsekvenser
Å ta heroin og andre rusmiddel med sprøyte (injisering) er risikofylt av fleire grunnar:
- Konsentrasjonen av rusmiddelet i blodet vert høgare enn ved andre inntaksmåtar, derfor aukar overdoserisikoen.
- Deling av sprøyte aukar risikoen for virussmitte (mellom anna hepatitt C og HIV), andre infeksjonar og dessutan vevsskadar (FHI, Smittevernhåndboka). Ein norsk studie viser at sjukdomsbøra frå hepatitt C blant personar med sprøytemisbruk er betydeleg og har vore ganske stabil over tid. I 2000 hadde 49 prosent av sprøytemisbrukarane hepatitt C, og i 2013 var andelen 43 prosent (Meijerink, 2017). I 2016 vart 772 tilfelle av hepatitt C melde i Noreg (Folkehelseinstituttet, 2018). Dei fleste (83 prosent) var smitta gjennom bruk av sprøyter.
Førekomsten av psykiske lidingar er høg blant personar som har eit stort forbruk av ulovlege rusmiddel (FHI), men det er usikkert i kva grad rusmiddelbruken er ei årsak eller ein forsterkande faktor for psykiske lidingar. Sjølvmordsforsøk er òg utbreidd (Lund, 2012; Rossow, 1999).
- Selvmord og selvmordsforebygging (temaside)
Ulykker: Tal frå akuttmottak viser at ved ikkje-dødelege trafikkulykker er sjåføren påverka av narkotiske stoff i om lag 10 prosent av tilfella (Bogstrand, 2015; 2012). Per i dag finst det ikkje god oversikt over kor mange som vert skadde som følge av bilulykker forårsaka av narkotikapåverka sjåførar.
Ulovlege rusmiddel og risiko for fosterskadar under graviditeten
Dersom gravide brukar cannabis, kan det påverke vekst og utvikling hos fosteret (Heide, 2015). Framleis er det lite kunnskap om moglege årsakmekanismar bak desse samanhengane (Degenhardt, 2003; Hall, 2014).
Bruk av ulovlege rusmiddel under svangerskapet medfører blant anna auka risiko for tidleg fødsel, låg fødselsvekt, og at dei nyfødde borna er små i tilhøve til svangerskapslengda (Gouin, 2011). Les meir:
- Rapport frå Helsedirektoratet: Konsekvenser for fosteret/barnet ved bruk av rusmidler/avhengighetsskapende legemidler i svangerskapet (Heide, 2015)
Overdosar og overdosedødsfall
Tal frå norske og internasjonale studiar viser at dødelegheita blant sprøytebrukarar er om lag 2 – 2,5 prosent per år (Degenhardt, 2011; Mathers, 2013). Dette er om lag 15 gonger høgare enn i befolkninga elles (Chesney, 2014; Mathers , 2013).
I Noreg var det til saman 324 narkotikautløste dødsfall (også kalt overdoser) i 2020 (Gjersing, 2021).
Heroin har tidlegare vore den hyppigaste årsaka til narkotikautløyste dødsfall, men i 2016 endra dette seg, og andre opioidar som legemidla morfin, kodein og oxycontin vart den hyppigaste dødsårsaka (Gjersing, 2017a).
Medan aids bidreg til den høge dødelegheita blant narkotikabrukarar i mange andre land (Mathers, 2013), er dette i liten grad tilfelle i Noreg (Ødegård, 2007).
Ein høg andel av dei som døyr av overdose, er innom akuttmottak ved sjukehus fleire gonger i løpet av det siste året før dei døyr (Gjersing, 2017b). Om lag 70 prosent av opioidbrukarane har hatt minst éin ikkje-dødeleg overdose i løpet av året før dei døde av overdose (Gjersing, 2017a). Ikkje-dødelege overdosar aukar risikoen for å døy av ein påfølgjande overdose (Stoové, 2009) og kan medføre komplikasjonar som blant anna nerveskadar (perifer nevropati), lungeinfeksjonar og at ein blir midlertidig lam (Darke, 2003; Warner-Smith, 2002).
Risikoen for dødsfall frå narkotikaoverdose er særleg høg hos personar som nettopp har kome ut frå fengsel. Årsaka er at dei då har redusert toleranse. Dette gjeld særleg dei første dagane og veka etter at dei har kome ut (Binswanger, 2013; Bukten, 2017; Merrall, 2010). Utskriving frå medikamentfri behandling er òg ein særleg sårbar periode med høg risiko for overdose og død som følge av langvarig abstinens (Davoli, 2007; Ravndal, 2010).
Sosiale konsekvensar av ulovleg rusmiddelbruk
På same måte som for alkohol rammar også bruken av ulovlige rusmiddel tredjepart (Nutt, 2010). Det kan vere:
- Avbroten skulegang og svak tilknyting til arbeidslivet (Melberg, 2003).
- Vald, inkludert partnarvald (Degenhardt, 2005; Stuart, 2008; Sutherland, 2015).
- At born blir forsømt, blir utsette for vald og får dårlegare oppvekstmiljø (Barnard, 2004; Hogan, 2007; Nutt, 2010; Powis, 2000; Suchman, 2007).
Born av foreldre med ulovleg rusbruk har òg auka risiko for å utvikle ei rekkje problem, slik som psykiske problem, problem på skule og i arbeidsliv og risiko for å utvikle rusmiddelavhengigheit (Powis, 2000; Raitasalo, 2014).
I ei norsk befolkningsstudie var éin av ti bekymra for andre sin narkotikabruk, og dei bekymra seg relativt ofte for dette (Moan, 2017).
Framtidige utfordringar med ulovlege rusmiddel
Overdosar: Noreg har hatt eit høgt antal overdosedødsfall i mange år. I dei siste åra har det vore ein dramatisk auke av slike dødsfall i USA og Canada og også ein auke i fleire europeiske land (Jalal, 2018). Med eit allereie høgt antal overdosedødsfall i Noreg er det viktig å følge utviklinga framover.
Hepatitt C: Mange vil trenge behandling for hepatitt C-infeksjon i åra som kjem (Meijerink, 2017). Førebygging av nye infeksjonstilfelle skjer hovudsakleg ved å sikre at sprøytebrukarar får tilgjenge til reint brukarutstyr, legge til rette for andre måtar å få i seg stoff på, og å tilrettelegge for lågterskel substitusjonsbehandling.
Behandling av hepatitt C kan i dag gjere dei aller fleste pasientane virusfrie. Tidleg diagnostikk og behandling er viktig for å sikre riktig behandling til rett tid og for å unngå vidare smittespreiing.
Nye psykoaktive stoff (NPS): Dei siste åra har talet på nye rusmiddel auka betrakteleg på den illegale marknaden, også i Noreg. Talet på årlege beslag av såkalla nye psykoaktive stoff gjekk kraftig opp i perioden 2008-2014, men talet har gått betydeleg ned igjen sidan 2014 (Krabseth, 2016). Dette kan tyde på at blant norske brukarar har dei nye stoffa ikkje teke over for dei meir tradisjonelle stoffa som cannabis, kokain og MDMA.
Nye psykoaktive stoff vert i hovudsak selt via internett. På grunn av mykje usikkerheit rundt verknad og dosering inneber dette risiko for blant anna overdosar, forgiftingar og død. Dei nye stoffa kan medføre alvorlege psykiske reaksjonar, og er ei utfordring for helsevesenet sidan det er lite kunnskap om korleis pasientane skal behandlast (Krabseth, 2016).
Folkehelsetiltak når det gjeld andre rusmiddel enn alkohol
Tiltak i trafikken: Tiltak i trafikken inkluderer promillegrense for alkohol, grenser for andre rusmiddel, kontrollar og sanksjonar.
Informasjons- og haldningsskapende tiltak: Effekten av førebyggande skuleprogram har hittil vist seg å vere liten, men nokre tiltak som involverer foreldre ser lovande ut, sjå til dømes rapport frå FN sitt kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC, 2015).
Det er foreløpig lite evidens for at kartlegging og tidleg intervensjon i primær- og spesialisthelsetenesta kan påverke bruken av ulovlege rusmiddel.
Førebygging av infeksjonssjukdommar og smittespreiing: Utdeling av gratis sprøyter vert nytta for å redusere infeksjonssjukdommar og smitte som skuldast bruk av ikkje reingjort utstyr og deling av sprøytar.
Overdoseførebygging: Nasjonal overdosestrategi vart sett i gang i 2014 og har som hovudmål å redusere talet på overdosar som endar med død, gjennom ein langsiktig nullvisjon.
Blant implementerte tiltak inngår blant anna desse: Pilotkommuneprosjekt i utvalde kommunar, Nalokson nasespray til brukarar og lekfolk, Pasienttryggleikskampanjen – førebygging av overdose etter utskrivning frå tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og etter at ein kjem ut frå fengsel, Switch kampanjen - frå injisering til inhalering, 31.august – Verdas overdosedag, nettverk av gatenære tiltak, framleis utbygging av legemiddelassistert rehabilitering (LAR), heilskapleg oppfølging og behandling, utveksling av informasjon, sjølvmordsførebyggande tiltak og overdoseovervaking.
Nasjonal overdosestrategi gjekk opprinneleg frå 2014 til 2017, men Helsedirektoratet vil få i oppdrag å laga ein ny overdosestrategi frå 2019, som skal evaluerast kvart fjerde år. For meir informasjon, sjå nasjonal overdosestrategi (Helsedirektoratet).
LAR-behandling
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er den anbefalte behandlinga for opiatavhengigheit (Helsedirektoratet, 2011; Mattick, 2009).
Ved slutten av 2017 var om lag 7600 personer i LAR-behandling i Noreg (SERAF, 2018).
LAR er ei tverrfagleg behandling der legemidlane metadon eller buprenorfin (med eller uten naloxon) inngår i eit heilskapleg rehabiliteringsløp. Målet med behandlinga er å bidra til at opioidavhengige skal få auka livskvalitet og hjelp til å endre livssituasjonen sin. Det er også eit mål å redusere skadane som følger med opioidavhengigheit og faren for overdosedødsfall.
I 2017 blei det halde ein konsensuskonferanse om LAR og graviditet, og dei nasjonale retningslinjene for behandling av gravide i LAR vil bli noko bearbeida.
SERAF skal våren 2019 greie ut heroinassistert behandling (UiO).