Kva slags kunnskaps- og beslutningsstøtte tilbyr vi?
Artikkel
|Publisert
Vår kjernekompetanse er systematiske kunnskapsoppsummeringar, som vi gjennomfører i tett dialog med oppdragsgjevar. Dei fleste kunnskapsoppsummeringar leverer vi på nokre månadar. Vi tilbyr også litteratursøk, kurs og undervising.
Kva er ei systematisk kunnskapsoppsummering?
Det finst ulike typar kunnskapsoppsummeringar, men felles for dei alle er at dei samlar resultat frå eksisterande kvantitative, kvalitative og/eller fleirmetodiske studiar. Det er eit spesifikt studiedesign, og såleis eit forskingsprosjekt (ei studie) utført av forskarar med ekspertise på denne type forsking. Kunnskapsoppsummeringane vi gjer er systematiske, det vil seie at dei er førehandsplanlagde, systematiske, transparente og etterprøvbare.
Korleis arbeider vi?
Når vi lagar ei systematisk kunnskapsoppsummering følgjer vi dei generelle metodiske tilrådingane frå internasjonale metodeveiledarar, slik det står i litteraturen.
Alle våre kunnskapsoppsummeringar blir tilpassa bestillar eller oppdragsgjevar sitt behov og ønskje. Tilpassing betyr at vi gjennom dialog tilpassar leveransane etter problemstillinga, bruksområde og tids-/ressursrammer. Slik sikrar vi mest mogleg relevante leveransar som møter oppdragsgjevaren sine behov.
Vi lagar kunnskapsoppsummeringar om spørsmål som: effekt av tiltak, årsaker, diagnose/måling, prognose og erfaringar/opplevingar, og meir generelt "kva finst av og kva kjenneteiknar forsking om tema x".
Alle kunnskapsoppsummeringane vi tilbyr gjev ei (brei eller snever) oversikt over eit konkret tema eller problemstilling, utanom omtaler. Leveringstid for typer kunnskapsoppsummering varierer etter omfanget på forskingsspørsmålet. Breie spørsmål med mange studiar tek lengre tid å oppsummere enn snevre/spesifikke spørsmål med få studiar.
Våre ulike typar systematiske kunnskapsoppsummeringar:
Vi tilbyr desse typane systematiske kunnskapsoppsummeringar (sortert etter omfang):
Metodevurdering
Ei metodevurdering er ei systematisk kunnskapsoppsummering over eit klart definert spørsmål om effekt og tryggleik av eit helserelatert tiltak. I tillegg inneheld metodevurdering ofte helseøkonomiske vurderingar av tiltaket, og nokre gongar vurderingar av etiske, sosiale, organisatoriske eller juridiske konsekvensar. Med metodevurdering får ein detaljert beskriving av resultata frå alle inkluderte studiar og kor mykje vi stolar på dei samla resultata.
Sjå eit døme:
Systematisk oversikt over effekt av tiltak
Ei kunnskapsoppsummering som har som mål å gi svar på kva som er effekten (verknaden) av eit tiltak, program eller intervensjon. Den systematiske oversikta gir ei detaljert skildring av resultata frå alle studiar og kor mykje vi stolar på dei samla resultata. Ho kan brukast til å ta avgjerder om tiltak skal setjast i gang, breiast ut eller kanskje avviklast.
Sjå eit døme:
Systematisk oversikt over erfaringar (eller liknande kvalitative problemstillingar)
Systematiske oversikter som ser på spørsmål om erfaringar eller liknande problemstillingar inkluderer kvalitative primærstudiar. Desse gir innsyn i folk sine opplevingar, erfaringar og meiningar. Slike oversikter bidreg til innsikt om kva tiltak kan vere akseptable og potensielt effektive, kva faktorar kan hindre eller fremje innføring, og kvifor effektstudier viser ulike resultat.
Sjå eit døme:
Fleirmetodisk systematisk oversikt
Det finst fleire variantar av fleirmetodiske systematiske oversikter (engelsk: mixed methods systematic review), men typisk kombinerer ein kvantitative og kvalitative data (frå primærstudier) eller integrerer desse for å få breidde og djupne i forståinga, t.d. for å stadfeste eller avkrefte resultat på tvers av studiedesign. Ein fleirmetodisk systematisk oversikt gir ofte svar på to spørsmål (som krev ulike studiedesign), til dømes effekt av tiltak og erfaring med tiltak. Slike oversikter er særskilt nyttige for å få innblikk i nærliggande problemstillingar, både effekt og aksept, og forstå eventuelle ulikskapar mellom tiltak.
Sjå døme:
Ei kartleggingsoversikt har som mål å gi eit påliteleg svar på kva finst av og kva kjenneteiknar litteraturen (vanlegvis forskingslitteratur) om eit spesifikt tema eller spørsmål. Ho presenterer omfanget, kjenneteikn og innhald i litteraturen om eit tema. Ei kartleggingsoversikt er særskilt nyttig for å klargjere komplekse konsept, vurdere nytte av å gjennomføre systematisk oversikt på eit tema, eller identifisere relevante inklusjonskriterium.
Sjå eit døme:
Hurtigoversikt
Ei kunnskapsoppsummering over eit avgrensa forskingsspørsmål, der prosessen er noko forenkla samanlikna med ei systematisk oversikt. Resultata er difor noko mindre pålitelege. Ei hurtigoversikt gir ei detaljert skildring av resultata frå alle inkluderande studiar, eventuelt med vurdering av kor mykje vi stolar på dei samla resultata. Ho kan brukast som støtte for avgjerder, til dømes kva tiltak skal prioriterast.
Sjå døme:
Forskningskart
Eit forskningskart er ei nettbasert/digital oversikt over kva finst av forskingslitteratur på eit spesifikt spørsmål (omfang og karakteristikkar). I forskningskartet identifiserer, vel ut og kodar ein data, som blir presentert i eit interaktivt nettbasert kart. Kartet er ordna etter førehandsdefinerte koder, som studiedesign, populasjon, land eller liknande.
Sjå døme:
Mini-metodevurdering
Mini-metodevurderingar er eit beslutningsstøtteverktøy spesielt laga for lokale avgjerder, og ein nedskalert versjon av nasjonale metodevurderingar. Mini-metodevurdering kan gjerast for:
- Avgjerder om metodar på sjukhusnivå
- Avgjerder om tiltak i kommunen
- Samhandlingstiltak mellom sjukhus og kommunar
Alle påbegynte og ferdigstilte mini-metodevurderingar blir publisert og ligg ope tilgjengeleg i den nasjonale databasen, som FHI drifter. FHI er også nasjonal ressursgruppe for mini-metodevurdering, og bidreg med metodestøtte, opplæring og rådgiving ved behov.
Systematisk litteratursøk med sortering
Eit systematisk litteratursøk med sortering er ei oversikt over kva som finst av forskingslitteratur på eit spesifikt spørsmål. Det er basert på systematisk søk og utval av samandrag frå studiar, med enkel beskriving av litteraturen som blir sortert og presentert i lister.
Sjå eit døme:
Forskingsomtale
Forskingsomtale er ei kort (vanlegvis 1-3 sider) beskriving og gradering (kor mykje vi stolar på dei samla resultata) av ei eksisterande systematisk kunnskapsoppsummering. Vanlegvis inkluderer vi også informasjon relevant for norske forhold. Omtale er nyttig for å få eit raskt innblikk i kva som er den mest pålitelege oppsummerte forskinga om eit spesifikt spørsmål.
Sjå eit døme: