Hopp til innhold
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Leiing»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte og slette din e-postadresse ved å følge lenke i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Leiing

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Artikkel

Leiinga ved Folkehelseinstituttet

Publisert Oppdatert

Instituttet si øvste leiing består av direktøren, områdedirektørane, direktør for instituttstab og administrasjon, stabssjefen, og kommunikasjonsdirektøren.

Ledelsen_2019.jpg

Instituttet si øvste leiing består av direktøren, områdedirektørane, direktør for instituttstab og administrasjon, stabssjefen, og kommunikasjonsdirektøren.


Toppleiargruppa

Camilla Stoltenberg.
Camilla Stoltenberg.

Direktør Camilla Stoltenberg

Direktøren er øvste leiar for Folkehelseinstituttet (FHI). Ho er også instituttet sin kontakt til politisk leiing i Helse- og omsorgsdepartementet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gun Peggy Knudsen.
Gun Peggy Knudsen.

Assisterande direktør Gun Peggy Knudsen

Ho har ansvar for å gjennomgå drifta til instituttet for å sikra at vi er betre rusta for framtida med tanke på økonomisk robusthet, digitaliserings- og utviklingsbehov og eksterne krav. Den assisterande direktøren skal ha eit særleg ansvar for tverrgående aktivitetar, inkludert digitalisering, verksemdsutvikling og finansieringsmodellar. I tillegg vil assisterande direktør følgja opp større satsingar i FHI.

 

 

 

Knut-Inge Klepp.
Knut-Inge Klepp.

Områdedirektør Knut-Inge Klepp

Han leiar området for psykisk og fysisk helse.

Fagmiljøet arbeider med tema som har betydning for psykisk og fysisk helse og rus, og rettar særleg merksemd mot forekomst av sykdom, faktorar for årsak og vern mot sykdom, helsefremjande forhold og evaluering av tiltak. Området har spisskompetanse på epidemiologi og helsestatistikk og byggar opp og utviklar aktivitetar for sykdomsbyrdeanalysar, kunnskapsoppsummeringar og evaluering av folkehelsetiltak. 

Knut-Inge Klepp har tverrgåande koordineringsansvar for forsking og helseanalyse.

 

Geir Bukholm.
Geir Bukholm.

Områdedirektør Geir Bukholm

Han leiar området for smittevern, miljø og helse.

Fagmiljøet i dette området har ekspertise på eksponeringsfaktorar i miljøet, smittestoff og smittsomme sykdommar. Området driv forsking, helseanalyse og tenester. Området har også høg laboratoriefagleg kompetanse. 

Geir Bukholm har tverrgåande koordineringsansvar for beredskap og råd. Han har også koordineringsansvar for laboratorievirksomheten i instituttet.

 

Ninia Margrethe Johnsen.jpg

Fungerande områdedirektør Ninia Margrethe Johnsen

Ho leier området for helsedata og digitalisering.

Området har forskings- og forvaltingsekspertise på helseregistre, befolkningsbaserte helseundersøkingar, biobank og IT, e-helse og digitalisering. Området driv registerbasert forsking og helseanalyse, samt genetisk og anna forsking relatert til biobankmateriale. Fagmiljøet har spisskompetanse på bioinformatikk.

Stillinga har tverrgåande koordineringsansvar for helseregistre, IT og e-helse, og helseundersøkingar og biobank.

 

Trygve Ottersen.
Trygve Ottersen.

Områdedirektør Trygve Ottersen

Han leiar området for helsetenester. Dette inkluderer det tidlegare Kunnskapssenteret. 

Området leverer kunnskapsgrunnlag til beslutningstakarar på alle nivå i helse- og omsorgstenestene, frå sentrale styresmakter til kommunehelsetenesta. Området har spisskompetanse på kunnskapsoppsummeringar, metodevurderingar (health technology assessments, HTA), brukererfaringsundersøkingar, indikatorar for kvalitet i helsetenesta og kvalitetsforbetring i kommunehelsetenesta. 

Trygve Ottersen har tverrgåande koordineringsansvar for kunnskapsoppsummeringar, helseøkonomiske analysar, metodevurderingar, helsetenesteanalysar og helsesystemanalysar, og brukarmedverknad. 

 

Unni Aagedal.
Unni Aagedal.

Direktør Unni Aagedal

Ho leier instituttstab og administrasjon.

Dei har ansvar for støtte til leiinga og verksemdstyring av instituttet, forvaltning og utføring av gjennomgåande administrative tenester, for å sikre etterleving av lovar, forskrifter, eksterne og interne krav samt forvalting av interne driftstenester, inkludert lokale.

 

 

 

 

 

 

 

Gunhild Wøien.
Gunhild Wøien.

Stabssjef Gunhild Wøien

Stabssjefen sørgjer for samhandling og koordinering, både internt i instituttet og i kontakten med omverda, og sikre heilskap og samanheng i organisasjonen.

Stabssjefen er rådgivar for direktøren og bidreg spesielt i områdeovergripande prosessar.

 

 

 

 

 

 

 

Christina Rolfheim-Bye.
Christina Rolfheim-Bye.

Kommunikasjonsdirektør Christina Rolfheim-Bye

Kommunikasjonsdirektøren leiar avdeling for kommunikasjon, og har ansvar for kommunikasjon både internt og eksternt i Folkehelseinstituttet.