Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Område for klima og miljø»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Område for klima og miljø

Artikkel

Område for klima og miljø

Området for klima og miljø (KM) ved Folkehelseinstituttet er det største norske fagmiljøet for helserisikovurdering av miljøfaktorar.

Området for klima og miljø (KM) ved Folkehelseinstituttet er det største norske fagmiljøet for helserisikovurdering av miljøfaktorar.


Fagmiljøet bygger på fire hovudpilarar:  

  • Toksikologi 
  • Eksponering,  
  • Epidemiologi  
  • Risikovurdering.  

Områdets spisskompetanse er innan miljø- og helsefeltet, med eksperimentell toksikologi, molekylærbiologi, tilgang til helseregister og biobankar, eksponeringsforsking, epidemiologi og systematiske kunnskapsoppsummeringar, som til saman gir svært gode utgangspunkt for å styrka kunnskapen om årsaksamanhengar mellom ulike miljøfaktorar og helseutfall. I tillegg har avdelinga utstrekt nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid og er med i mange prosjekt finansierte gjennom EUs forskingsprogram.  

Området for klima og miljø har, saman med andre fagmiljø ved FHI, beredskapsansvar ved større miljø- og kjemikaliehendingar. Beredskapsansvaret er forankra m.a.  i lov om folkehelsearbeid, som gir instituttet ansvar for nødvendig beredskapsførebuing, tiltak i beredskapssituasjonar, plikt til å overvaka helsetilstanden hos folket, og bistandsplikt ved eksponering for helseskadelege miljøfaktorar. 

I beredskapsarbeidet ved instituttet gir KM råd og risikovurdere  om helseeffektar som følge av eksponering for låge dosar over tid via luft, drikkevatn, kosthald og miljø elles, og kombinasjonseffektar av ulike typer eksponeringar. Kjemikalieberedskapen ved FHI omfatter bistand til helsestyresmakter og kommunal helseteneste ved kjemikalieulukker og forureiningssituasjonar. KM leiar prosjektet «Kjemikalieberedskap og stråleberedskap» i Program for tverrgåande beredskapsarbeid ved instituttet som starta 2022. 

Område for klima og miljø har mange rådgivingsoppgaver, og rådgivingsoppdraga bygger tett på forskinga i området. For å kunna gi oppdragsgivarane fagleg grunnlag for å fatta gode vedtak og gi råd til folket, legg KM stor vekt på å utvikla og kontinuerleg heva kvaliteten i vår rådgivingskompetanse og våre leveransar. Risikovurderingsfeltet utviklar seg svært raskt, og kompleksiteten og kompetansen vi treng har auka mykje dei siste åra. Nye metodar for risikovurdering av blandingar, meir bruk av in vitro- og in silico-modellar, betre utnytting av store datasett og eksponeringsmodellar er nokre av områda som særleg har komme opp.  

KM har omfattande laboratorieverksemd i FHI-lokala i Lovisenberggata i Oslo. Verksemda omfattar molekylærbiologiske og gentoksikologiske metodar, arbeid med bl.a. stamceller, avanserte cellemodellar,  immunologisk og cellulær metodikk, metodeutvikling, analyse. KM har avansert og velutvikla instrumentpark.     

KM er organisert med tre avdelingar: Kjemikalietoksikologi, Luftkvalitet og støy og Mattrygghet.   

Klimaendringar og helse er ei satsing  i FHIs strategi. KM leiar arbeidet, i tett samarbeid med resten av instituttet for å dekke breidda i problemstillingane. Stikkorda i satsinga er klima, miljø, mat og helse, der vi skal ta ei ny rolle og bli ein sentral aktør: Klimaendringar skjer, og dei påverkar miljø og livsvilkår verda over. Ifølgje WHO er klimaendringar nå den største trusselen mot folkehelsa. Korleis klimaendringane vil slå ut, er ikkje sikkert. Men vi treng ny kunnskap både for å tilpasse oss den nye klimanormalen og for å avgrensa helsekonsekvensane. Dette skal område for klima og miljø bidra til. Vi skal utvikla ny kunnskap om årsaker, risiko, helseeffektar og tiltak, med utgangspunkt i vår metodekompetanse og infrastruktur (helseregister, helseundersøkingar, laboratorium og biobankar. Blant problemstillinga for folkehelse som ein gjennom forsking og rådgiving må belysa i åra som kjem, er:  

  • Mat, kosthald og vatn: Berekraftige og klimatilpassa matsystem, trygt vatn   
  • By- og buområde (bygd miljø): Utvikla leveområde som fremmar god helse (bygd miljø, luftkvalitet, forureining mm)  
  • Samanheng mellom klimaendringar, miljøgifter, naturlege toksin, anna forureining og helseeffektar: Kunnskap om korleis klimaendringar endrar eksponering for helseskadelege miljøfaktorar, kva det vil seia for helse og korleis vi best kan førebygga uheldige helseeffektar 

Avdeling for kjemikalietoksikologi 

Folk blir utsette for kjemiske stoff, stråling, partiklar og allergen gjennom mat, luft drikkevatn, kosmetikk og andre forbruksvarer. Avdelinga for kjemikalietoksikologi er med i nasjonalt og internasjonalt arbeid for vurdering av mogleg helsefare frå kjemikaliar og stråling. Forskinga i avdelinga ligg til grunn for råd og vurderingar til for eksempel Mattilsynet, Miljødirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet og andre helsestyresmakter. European Chemical Agency, Scientific Commitee on Consumer Safety og OECD. Avdelinga   yter fagleg bistand i beredskapsarbeid som gjeld kjemikaliar og stråling.  

Rådgivinga som avdelinga gir, byggjer tett på forskinga som avdelinga utfører.  For å kunne gi oppdragsgivarane fagleg grunnlag for å fatta gode vedtak og gi råd til folk, dreiar mykje arbeid i  avdelinga seg om vidareutvikling av kompetanse innan metodar som nyttast fare- og risikovurderingar. Risikovurdering utviklar seg svært raskt, og kompleksiteten i og kompetansenivåa som krevst aukar. Her kan vi nemna: 

  • Nye metodar for risikovurdering av blandingar (‘mixtures’)  
  • Nye metodar for farevurdering 
  • in vitro- og in silico-modellar, 
  • Store epidemiologiske studiar   
  • Next Generation Risk Assessment-metodar (NGRA)  
  • ‘New Assessment Methods’ (NAMS)  innan farevurderingar 

Forskinga gir ny kunnskap om om korleis kjemikaliar verkar inn på helsa. Særleg er ein opptatt av tidleg i livet. Vi er opptatt av å etablera årsakssamanhengar og mekanistisk innsikt. Dette gjer at avdelinga tar i bruk meir av human studiar, epidemiologiske data, in silico-modellar og cellekulturar. Spesielt er gentoksiske effektar, molekylære effektar (transkripsjonelle og epigenetiske), og effektar på immunsystemet og nervesystemet under utvikling viktig. 

Avdelinga har omfattande nettverk og er med i ei rad store  forskingsprosjekt. Avdelinga er partner i Senteret for framifrå forsking (SFF)  CERAD (Senter for radioaktivitet, menneske og miljø). I CERAD studerer ein effekten av låg-dose og dose-rate-stråling på biologiske system.  Avdeling for kjemikalietoksikologi er aktiv i  pågåande Horizon2020-prosjekt som Eximious (effektar av eksposom på immunsystemet), POLYRISK (effektar av nano- og miroplast på human helse), HBM4EU (AOP- utvikling og biomarkørar for effekt) og ONTOX (utvikle New Assessment Methods for å studere kroniske toksisitet). Avdelinga har prosjekta  som gjeld vidareutvikling av OECD-testar som blir nytta i risikovurderingsarbeidet. I tillegg har avdelingen ei viktig rolle i "Partnership for Assessment of Risks from Chemicals", som er eit Horizon Europe initiativ. 

For å studera effektar av kjemikaliar, blir det i laboratoria som avdelinga disponerer, m.a. arbeidd med:   

  • Avanserte in vitro-modellar som humane pluripotente stamceller,  
  • Human nevronal stamcellemodell  
  • Lever-3D-modellar. For endepunktanalysar nyttar  ein  molekylærbiologiske og genotoksikologiske metodar 
  • Avansert immunologisk og cellulær metodikk som  CyTOF (massecytometri) og ‘High Content Imaging’ for å studera effektar av kjemikaliar i våre modellar. 

Avdeling for luftkvalitet og støy 

Avdeling for luft og støy driv forsking og rådgiving som gjeld helseeffektar knytt til: 

  • Inneklima 
  • Utandørs luftforureining  
  • Støy 
  • Grøne område 
  • Nanopartiklar 

Vidare har avdelinga omfattande oppgåver som gjeld rådgiving om tobakk og nikotinholdige produkt som e-sigarettar 

I beredskapssituasjonar har avdelinga oppgåver som knyter seg til helsefare ved utslepp til luft.  

Forsking dreiar seg om helseeffektar av forskar på inneklima, uteluftforureining, støy og grøne område, og nanopartikler. Avdelinga deltar i  ei store nasjonale og internasjonale prosjekt og legg stor vekt på at forskinga er relevant for rådgivinga.  

Rådgiving overfor diverse departement og direktorat, samt kommunar, kommunelegar og fylkesmenn på saksområda til avdelinga, byggjer altså tett på forskingsbasert kunnskap. Rådgiving overfor publikum er også ei viktig oppgåve i avdelinga. 

Avdeling for mattrygghet 

Tema som avdelinga arbeider med er verknader av miljøgifter, kosthald, tarmflora på helse. 

Avdelinga undersøker kva folk blir utsette for av miljøgifter, kor miljøgiftene kjem frå, og kva verknader slik eksponering har på helsa. Mange av miljøgiftene får vi først og fremst i oss via maten, som samtidig er den viktigaste kjelda til næringsstoff, vitamin, mineral og andre biologisk aktive stoff. Avdelinga studerer derfor både positive og negative stoff i mat og korleis desse verkar inn på helsa. 

Kjemiske analysar av humant biologisk materiale for å kartleggje korleis befolkninga blir eksponert for miljøgifter, er ein sentral del av arbeidet i avdelinga. Vi kartlegg òg samansetninga av tarmflora hos barn, kva faktorar som er viktige for tarmfloraen, og samanhengen med helse. 

Avdelinga har store oppgåver i nasjonalt og internasjonalt risikovurderingsarbeid. 

Forskinga har som mål å gi betre og meir heilskapleg innsikt i samanhengar mellom eksponering for miljøgifter, tarmflora og kosthald, og konsekvensar for helsa. Avdelinga har høg kompetanse innan eksponeringsforsking, toksikologi, epidemiologi, ernæring og analytisk kjemi. 

Avdelinga spesialiserer seg på innhald av nærings- og framandstoff i mat samt stoff i vatn og innemiljø. I enkelte prosjekt blir ulike kjelder for miljøforureiningar kartlagt ved at ein samanliknar utrekningar frå mat, inneluft og støv med kva som kan målast i kroppen. Denne kunnskapen gir eit betre grunnlag for å risikovurdera desse stoffa. 

Vi bruker humant materiale frå ulike biobankar for å studera korleis miljøgifter kan verka inn på helsa. Aktuelle miljøforureiningar vi studerer, er ulike flammehemmarar, polyklorerte bifenyl (PCB), per- og polyfluorerte alkylstoff (PFASs), tungmetall og andre grunnstoff, ftalat, bisfenol, paraben og pesticid. Vi arbeider òg med å undersøkje kva naturlege toksin og prosessframkalla stoff har å seie for helsa. 

Mange av forskingsprosjekta omfattar utvikling av raske, sensitive og kvalitetssikra analysemetodar for å fastslå stoffa i humant materiale. Avdelinga sit på avanserte analyseinstrument som GC-LRMS, GC-HRMS, LC-MS/MS og UPLC-QTof, som genererer analysedata til nasjonale og internasjonale biomonitoreringsstudiar. 

Avdelinga speler ei viktig rolle innan forsking i Den norske mor- far- og barn-undersøkinga, som har samla inn data frå mor, far og barn frå før barna blei fødde, både biologiske prøvar og informasjon frå spørjeskjema. Avdelinga har utvikla og validert eit omfattande kostspørjeskjema til gravide, som dannar grunnlag for mykje av forskinga. Avdelinga gjer miljøgiftanalysar av det biologiske materialet og er med i mange nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt som undersøkjer kva kosthald har å seie i svangerskapet og tidlege leveår for fysiske og psykiske helseutfall hos mor og barn. 

Human miljøbiobank Norge er ei viktig satsing for avdelinga. Her er det samla inn blod- og urinprøvar frå tusenvis av personar. Materialet nyttast til forsking og for å følgje med på kor mykje miljøfarlege stoff vi blir utsette for. Miljøbiobanken kan bidra til å fange opp nye miljøgifter på eit tidleg tidspunkt, eller til å undersøkje om tiltak som blir sette i verk for å redusere forureining, har effekt.  

Avdelinga gir faglege råd til helse-, mat- og miljøstyresmaktene og har medarbeidarar som er engasjerte i Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) og det europeiske mattryggleiksorganet EFSA. Medarbeidarane ved avdelinga gir råd om m.a. miljøgifter, naturlege gifter og restar av plantevernmiddel i mat. Vi gir òg råd på området trygg mat, kosttilskot og beriking av matvarer, og deltar i arbeid med heilskaplege risikovurderingar av helseskadelege kjemiske stoff 

Avdelinga har omfattande forskingsaktivitet, både med nasjonal og internasjonal finansiering, stor vitskapleg publisering, og har ansvar for å utvikla og oppdatera mykje faktainformasjon på FHIs nettsider.