Klynge
Vurdering av tiltak
Klynge for vurdering av tiltak
Klynge for vurdering av tiltak i Område for helsetenester bidreg til samfunnsoppdraget til Folkehelseinstituttet - å produsere, oppsummere og kommunisere kunnskap for å fremje god folkehelse og gode helse- og omsorgstenester gjennom ulike eksterne og interne oppdrag og samarbeid.
Vi har et sterkt fokus på å bidra til gode avgjerder i tenestane.
Kven er vi?
Medarbeidarane i klynga har ulik fagleg bakgrunn, inkludert helsefagleg, naturvitenskapeleg og samfunnsfagleg utdanning, og dei fleste har forskarbakgrunn og doktorgrad. Mange har òg erfaring frå helse-, omsorgs- og velferdstenestene. Kjernekompetansen i klynga er forskingsmetode. Klynga har òg eigne bibliotekarar som utfører litteratursøk.
Kva gjer vi, og for kven?
Klynga si kjerneoppgåve er å utarbeide systematiske kunnskapsoppsummeringar og andre kunnskapsprodukt som skal bidra til gode avgjerder i helse-, omsorgs- og velferdstenesta. Vi har fleire faste oppdragsgjevarar vi leverer til:
- Norske kommunar, ved å støtte deira arbeid med kunnskapsprodukt og avgjerdsstøtte
- Helsedirektoratet i arbeidet med nasjonale retningsliner og andre normerande produkt
- Omsorgs- og velferdstenesta, særleg Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
- Spesialisthelsetenesta, gjennom systemet Nye Metoder
- Helse- og omsorgsdepartementet og andre nasjonale aktørar
- I tillegg samarbeider vi om prosjekt internt i FHI
Vi arbeider ofte med spørsmål som handlar om effekt av tiltak, det vere seg ulike typar behandling, førebyggjande eller rehabiliterande tiltak og organisatoriske tiltak.
I tillegg til produksjon av kunnskapsoppsummeringar har vi ei rekkje andre oppgåver knytt til våre faste oppdragsgjevarar og andre aktørar. Vi jobbar med kvalitets- og utviklingsarbeid, og underviser også i kunnskapshåndtering på ulike arenaer.
Korleis jobbar vi?
I arbeidet med kunnskapsoppsummeringar følgjer vi internasjonalt anerkjente vitskaplege metodar. Arbeidet vårt skal vere systematisk og transparent, slik at andre kan etterprøve metodar, resultat og konklusjonar. Vi tilbyr ulike typar kunnskapsprodukt, og går alltid i dialog med oppdragsgjevarane våre om nye bestillingar og vel produkt ut frå deira behov, der spørsmål som skal svarast på, ressursbruk og tidsfristar inngår i vurderingane.
Vi jobbar kontinuerleg for at leveransane våre skal halde høg kvalitet, ha størst mogleg nytteverdi og at ressursbruken skal stå i forhold til nytten.