EØS-programma om folkehelse
EØS – Litauen: Status for helseprogrammet
Artikkel
|Oppdatert
Litauens folkehelseprogram for EØS-middel gjeld fram til 2023. Programmet skal støtte psykisk helsefremmande tiltak og førebygging med særleg vekt på trivsel for barn og unge og familiane deira. Litauen har mottatt EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004.
Nytt om status for programmet
Litauen har gjennomført alle sine ni opne utlysingar av prosjektmiddel. I alt er det 64 prosjekt som får finansiering, og 61 er i gang:
- Ungdomsvennlege helsetenester er i gang med ni prosjekt i 24 kommunar rundt om i Litauen.
- Alt-i-ett-senter for familiar og barn er etablert med to prosjekt.
- Styrking av skolehelsetenesta vil skje i tretten prosjekt, av dei er ti i gang.
- Tiltak for å styrke sosial inkludering av barn og unge med høgrisikoåtferd skjer i fjorten prosjekt.
- Treningsprogram for trivselsrådgjevarar, inspirert av den norske modellen "Rask psykisk helsehjelp", skjer med fjorten prosjekt i kommunar rundt om i Litauen.
- Ein ny modell for tidleg heimebesøk hos nye familiar i Litauen, inspirert av og basert på dei to norske modellane "Nye familiar" i Oslo kommune/VID og "Familie for første gang" i Oslo kommune/RBUP, blir nå gjennomført i fjorten kommunar rundt om i landet.
Det er utfordringar knytt til prisauke på varer og tenester i alle sektorar. Den geopolitiske situasjonen og mangel på personale og profesjonelle er òg krevjande i Litauen som i andre land.
Historikk
Litauen har motteke EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. Dei første åra vart støtta organisert i mindre prosjekt. Sidan 2009 har støtta skjedd innanfor større programområde.
Litauen har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der finn du informasjon om korleis dei brukte EØS-midla fram til 2014 og planar for finansieringsperioden 2014–2021.
Programmet skal bidra til betre førebygging og minska ulikheit i helse
For finansieringsperioden 2014–2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovudsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom.
I Litauens helseprogram er hovudmålet betre førebygging og minska forskjellar i helse. Det er sett av 15 millionar euro frå EØS-potten, jf. figur under. I tillegg bidreg landet sjølv med 2,6 millionar euro. Gjeldande periode varar formelt fram til 2021, men midlane kan nyttast fram til og med april 2024.
Programmet dekker to programområde: Europeiske folkehelseutfordringar og Barn og unge i fare. Dei litauiske departementa for helse og for sikkerheit og arbeid er programpartnarar og skal sørge for utvikling og implementering av programmet. Folkehelseinstituttet er norsk programpartnar.
Programmet støtter psykisk helsefremmande tiltak og førebygging med særleg vekt på trivsel for barn og unge og familiane deira. Bakgrunnen for denne prioriteringa er at sjølvmord er den tredje viktigaste årsaka til for tidleg død i Litauen, og at psykiske lidingar og rusbrukslidingar er det som forårsakar tredje mest helsetap i landet.
Les meir om helsetilstanden i Litauen
Hovudmål
Det er to hovudmål med kvar sine tre delmål i programmet:
- Styrka lokalbasert psykisk helseteneste (25 prosjekt er signert)
- Ungdomsvennlege helsetenester
- Modellen med trivselsrådgjevarar innført
- Etablering av alt-i-ett-senter for familiar og barn
- Auka trivsel for barn og unge (36 prosjekt er signert, 3 er undervegs)
- Helsestasjonar i førskular og skular med nytt utstyr og metodeverktøy
- Mekanismar for å styrke sosial inkludering av barn og unge med høgrisikoåtferd og/eller svakstilt bakgrunn
- Innføring av modell for tidleg heimebesøk og levering av tenester for tidleg intervensjon
Fem predefinerte prosjekt
Undervegs i førebuingane av det nye helseprogrammet blei det peika ut fem såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søkjer å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke strategiske behov i staden for å bruke ope utlysing der ein ber om framlegg til prosjekt.
Fem prosjekt er vedtatt, og alle gjeld trivsel og psykisk helse for barn og unge:
-
Tilpassing og samordning av nasjonal modell for ungdomsvennleg helseteneste (0,22 mill. euro – ferdig i desember 2022)
- Multidimensjonal tilnærming til barn og unge med åtferdsproblem gjennom innføring av MDFT-programmet (Multidimensional Family Therapy) med KS som norsk partnar (1,75 mill. euro – ferdig i juli 2023)
- Utvikling og innføring av modellen med trivselsrådgjevarar (0,26 mill. euro – ferdig i mars 2024). Modellen er inspirert av blant anna Rask psykisk helsehjelp (RPH), som er eit korttids behandlingstilbod i kommunen for personar over 16 år med mild til moderat angst, depresjon, begynnande rusproblem og/eller søvnvanskar. RPH er evaluert av Folkehelseinstituttet.
-
Tilpassing for Litauen og innføring av programmet Dei utrulege åra, med Institute of Hygiene som prosjektpromotør og NORCE (RKBU Vest) som norsk prosjektpartnar (1,74 mill. euro – ferdig i november 2023)
-
Utvikling av modellen for tidleg heimebesøk (0,22 mill. euro – ferdig i mars 2024)
To delegasjonar frå helsedepartementet i Litauen og Lithuanian University of Health Science var på besøk i Noreg i mai 2019 og fekk innføring i program som gjeld nr 3 og nr. 5 av dei predefinerte prosjekta.
Den første delegasjonen vitja «Nye familiar», eit heimebesøksprogram for alle nybakte familiar, og «Familie for første gang», eit oppfølgingsprogram for førstegangsfødande med behov for ekstra støtte i graviditeten og dei to første leveåra til barnet.
Den andre delegasjonen besøkte Modum Bad og Trivselshuset, frisklivssentralen i Modum.
Bilaterale ambisjonar
Programmet skal styrke dei bilaterale tilhøva mellom Litauen og givarlanda. Gjennom programaktivitetane vil ein knyte kontaktar og leggje grunnlag for partnarskap og seinare aktivitetar. Folkehelseinstituttet vil hjelpe til å få i stand desse kontaktane.
Det er satt av 100.000 euro til partnarsøk, utvikling av predefinerte prosjekt og andre partnarskapsinitiativ.
Eit innføringsseminar i helseøkonomisk evaluering av folkehelsetiltak blei arrangert via internett i desember 2020 med støtte frå bilaterale middel.
Eit EØS-nettverk om barns og unges helse er finansiert over fondet for bilaterale relasjonar. Nettverket skal dele kunnskap og utfordringar, gjere samarbeid over landegrensene lettare og bidra til bærekraftig og effektiv gjennomføring av folkehelseprogramma.
Nyheitsvarsel frå Folkehelseinstituttet
Det kjem informasjon her om utlysingar og anna. Du kan abonnere på nyheitsvarsel og få melding om utlysinger og andre nyheiter om EØS-midla på e-post ved å klikke på "Få varsel om endringer" øverst på temasida.
Meir lesestoff:
Inngår gjerne nye partnerskap.
Spørreundersøking om erfaringane blant norske partnarar frå tidlegare samarbeidsprosjekt.
Sammen om et grønt, konkurransedyktig og inkluderende Europa (pdf).
Regjeringas omtale av korleis EØS-midla vert fordelte innafor hovudprogramma i Litauen i den nye perioden 2014–2021.