Helsetilstanden i Litauen
Artikkel
|Publisert
Litauen har hatt framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder ved fødsel auka med 2,1 år til 81,0 år for kvinner – mot Noregs 82,2 år. For menn er auken litt høgare med 2,5 år til 75,1 år – mot 76,7 år i Noreg.
Auken i forventa levealder skuldast i noen grad at færre spedbarn og småbarn dør no enn før. For barn under fem år var nedgangen frå 13,7 døde per tusen levandefødde i 1990 til 4,7 døde i 2016 (mot 2,7 i Noreg). For barn under eitt år var nedgangen frå 10,8 per tusen levandefødde i 1990 til 3,8 i 2016 (mot 2,2 i Noreg).
Ei anna viktig årsak til auken i forventa levealder er at fleire enn før lever lenger etter at dei har fylt 65 år.
Trass framgang, særleg sidan 2007, er forventa levealder likevel lågast i EU. Forskjellen mellom observert levealder for kvinner og menn er meir enn ti år og det vidaste kjønnsgapet i EU, men også her minkar forskjellen litt.
Viktigaste årsaker til for tidleg død
Litauen ligg høgt på statistikken for tidleg død på grunn av hjarte- og karsjukdommar og kreft, sjølv om tilfella minkar samanlikna med 2005. Dei har den høgaste sjøvmordsraten i EU, noko som utgjer ei alvorleg utfordring for den psykiske helsetenesta i landet.
Alzheimers sjukdom aukar kraftig, mens det gledelege er at dødsulykker i trafikken har gått ned med over 60 prosent på elleve år, jf. figuren under.
Dei ti viktigaste årsakene til for tidleg død i Litauen i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Viktigaste risikofaktorar for helsetap og tapte leveår
Høgt blodtrykk, kosthald, alkohol- og rusmisbruk, tobakk, høgt kolesterol, høg kroppsmasseindeks, luftforureining, svekka nyrefunksjon og låg fysisk aktivitet held seg som dei viktigaste risikofaktorane for tidleg død og dårleg helse kombinert, sjølv om utbreiinga har minka sidan 2005, jf. figuren under.
Litauen har den høgaste alkoholbruken av alle EU-landa (50 prosent over gjennomsnittet). Meir enn kvar tredje mann rapporterer om jamnleg høgt alkoholinntak. Fedme (høg kroppsmasseindeks) held seg stabilt, men er i vekst blant dei unge.
Dei ti viktigaste risikofaktorane for helsetap og tapte leveår i Litauen i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Les meir om helsesituasjonen og helseutfordringar i Litauen på nettsidene til Institute for Health Metrics and Evaluation.
Referansar
State of Health in the EU. Lithuania. Country Health Profile 2017. OECD.
GBD Compare: Lithuania, Institute for Health Metrics, University of Washington, Seattle, USA.