Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Fakta om abort (med 2022-tal)»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Fakta om abort (med 2022-tal)

Faktaark

Fakta om abort (med 2022-tal)

Aborttala har dei siste åra vore historisk låge, men vi ser i 2022 at aborttala går opp til nivå med dei vi såg før covid-pandemien i 2019. Det er ein ti prosent auke frå 2021 tala.

lege som snakker med ung kvinne på legekontor
Legekonsultasjon. Foto: Colourbox.com

Aborttala har dei siste åra vore historisk låge, men vi ser i 2022 at aborttala går opp til nivå med dei vi såg før covid-pandemien i 2019. Det er ein ti prosent auke frå 2021 tala.


Innhold på denne siden

Nedgang vi har sett dei siste 15 åra har skuldast ein nedgang i talet på uynskte svangerskap blant kvinner under 25 år. No ser vi at trenden har snudd blant dei yngste. Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke og ni av ti abortar vert utført medikamentelt. 

Svangerskapsavbrot i 2022

Det var utført 11 967 svangerskapsavbrot i Noreg i 2022. Raten går opp for alle aldersgrupper; frå 9,0 per 1000 kvinner (15-49 år) i 2021 til 9,8 i 2022. Ein er no tilbake til tilsvarande nivå som ein så i 2019. Av alle avbrot var 95,1 prosent sjølvbestemte og 84,1 prosent av dei var utført før 9. veke.

Svangerskapsavbrot i Noreg 2020-2022 per 1000 kvinner.

Alders-grupper

15-19 år

20-24 år

25-29 år

30-34 år

35-39 år

40-44 år

45-49 år

15-49 år

2019

4,9

14,9

17,3

15,0

11,1

4,1

0,4

9,7

2020

4,4

13,6

15,3

14,5

11,1

4,4

0,4

9,2

2021

4,6

13,3

15,3

14,2

10,6

4,0

0,3

9,0

2022

5,5

14,5

16,4

15,4

11,3

4,6

0,4

9,8

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret).

Aborttala stig for alle aldersgrupper og er tilbake til før covid-pandemi-nivå

Talet på avbrot blant tenåringar (15-19 år) byrja å stige allereie i 2021 frå 4,4 per 1000 kvinner i 2020 til 4,6 i 2021 og er i 2022 på 5,5 per 1000 kvinner i aldersgruppa. Det er same nivå som i 2018. Når vi ser på både data frå Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister ser vi at trenden med fallande aborttal og samtidig fallande fødselstal no har snudd. (Figur 1 og 2)

Figur 1 viser svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2007 til 2022, per 1000 kvinner.
Figur 1. Svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2007 til 2022, per 1000 kvinner.

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret

Figur 2 viser fødslar i ulike aldersgrupper frå 2007 til 2022, per 1000 kvinner.
Figur 2. Fødslar i ulike aldersgrupper frå 2007 til 2022, per 1000 kvinner .

Kjelde: Medisinsk fødselsregister

For tal fordelt på alder på fylkesnivå, sjå Norgeshelsa statistikkbank.

Svangerskapsavbrot i aldersgruppa 20-29 år

Fram til 2015 var abortrata høgast for kvinner tidleg i 20-åra, men sidan då har aldersgruppa 25-29 år overtatt som den aldersgruppa som har den høgaste abortraten med ein rate på 16,4. Frå 2019 har også aldersgruppa 30-34 høgare aborttal enn dei under 25 med ein rate på 15,4 per 1000 kvinner (Tabell 1). 

Regional variasjon

Det er stor regional variasjon i raten for svangerskapsavbrot i Noreg. Troms og Finnmark, Oslo og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 12,6 i Troms og Finnmark, 11,3 i Oslo og 11,1 i Nordland. Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Oslo den høgaste avbrotsraten på 11,3 per 1000 kvinner mot Bergen med den lågaste på 8,8 per 1000 kvinner (15-49 år). Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 8,1 per 1 000 kvinner i Rogaland og Vestland og 8,2 i Møre og Romsdal. Det er per i dag fire av 11 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år).

Medikamentell metode 

Sidan 2008 har dei fleste sjølvbestemte svangerskapsavbrot vorte utført medikamentelt. Det har vore ei gradvis auke sidan metoden vart innført i 1998. I 2022 vart 94,8 prosent av dei sjølvbestemte avbrota utført medikamentelt. 

Opp til ti veker graviditet kan kvinner ut frå nasjonale retningsliner, velja å fullføre svangerskapsavbrot utanfor sjukehus, også kalla heimeabort. I år har vi frå Helse Nord oversikt over kor mange abortar som er fullført utanfor sjukehus. Dei andre helseregionane kan enno ikkje levere informasjon om dette. I snitt er 55,8% av alle avbrota fullført utanfor sjukehus med ein variasjon frå 11,0% (Universitetssykehuset Nord Norge, Harstad) til 75,8% (Universitetssykehuset Nord Norge, Narvik).

Fleirtalet av svangerskapsavbrot skjer i løpet av dei fyrste 8 vekene

Fleirtalet av svangerskapsavbrota vert utført tidleg i svangerskapet. I 2022 var 84,1 prosent av alle sjølvbestemte avbrot utført før 9. veke. Vi ser ein skilnad på andelen som får utført abort før 9. veke frå 62,8 % (Nordlandssykehuset Lofoten) til 90,6% (Sørlandet sykehus, Kristiansand). Av alle avbrot var 95,1 prosent sjølvbestemte.

Nemndbehandla svangerskapsavbrot etter 12. veke 

Dersom kvinna er meir enn 12 veker gravid må begjæring om svangerskapsavbrot handsamast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnd vert automatisk vidaresendt til klagenemnd. Klagenemnda held til ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål.

I 2022 vart det utført 590 nemndbehandla avbrot, som utgjer 4,9 prosent av alle avbrot, og 586 av desse vart innvilga i primærnemnd. Andelen nemndbehandla avbrot i forhold til sjølvbestemte held seg stabilt. Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskader. 

Om abortstatistikken

Abortregisteret inneheld data frå 1979 og fram til i dag. Fram til 2006 hadde SSB ansvar for abortstatistikken, og etter det har Folkehelseinstituttet hatt ansvaret for drifta av registeret og for statistikken.

Førebyggjande tiltak

Det er eit uttalt mål for myndigheitene å førebyggje uynskte svangerskap. Ei rekke tiltak er satt i verk for å redusere talet på svangerskapsavbrot. Tiltaka gjeld fyrst og fremst å auka kunnskapen om kropp og seksualitet og betre tilgang til dei tenestene som er nødvendige for å ha eit godt og trygt seksualliv. I det ligg det mellom anna undervisning om kropp og seksualitet, lett tilgang til prevensjon, reseptfri naudprevensjon, og føreskrivingsrett av hormonell prevensjon til jordmødrer og helsesøstrer.

Ein har særleg fokusert på dei yngste aldersgruppene der ein har tiltak som subsidiert prevensjon, gratis kondom, gratis opplysningstelefon om seksualitet, styrking av studenthelsetenesta og fleire helsestasjonar for ungdom. Ein har antatt at ein av hovudårsakene til den store nedgangen i avbrot blant dei unge skuldast tilbodet om subsidiert prevensjon og at dei unge tar med seg prevensjonsadferden sin inn i vaksenlivet. Det er interessant å sjå at trenden med fallande avbrotsrate også har gjort seg gjeldande for aldersgruppa 20-24 år. Fleire studiar viser til at det er særleg ved bruk av langtidsvirkande prevensjon som til dømes p-stav og spiral at ein ser ein effekt på aborttala. I Reseptregisteret ser ein at talet på reseptar på til dømes p-stav har hatt ein eksponentiell vekst dei siste åra. Samtidig har Apotekerforeninga i år rapportert at det er ein nedgang i sal av hormonell prevensjon.

Internasjonalt

I dag har Noreg og Danmark sjølvbestemt svangerskapsavbrot til og med 12 veker, medan Finland fram til i år har kravd godkjenning frå lege for å innvilge abortsøknaden. Dei har i 2022 vedtatt sjølvbestemt avbrot opp til 12 veker. Sverige har sjølvbestemt avbrot til 18 veker og Island har sjølvbestemt avbrot til 22 veker. Finland har dei lågaste tala og den høgste andelen medikamentelle avbrot. Dei nordiske landa er på om lag same nivå som andre vesteuropeiske land når det gjeld talet på avbrot per 1000 kvinner. Russland og enkelte andre austeuropeiske land har betydeleg høgare tal avbrot per 1000 fødslar enn landa i Vest- og Sør-Europa.

Ifølgje WHO sin siste rapport om trygge og utrygge svangerskapsavbrot, estimerte ein at det vart utført om lag 43,8 millionar avbrot i 2008, og at 21,6 millionar var utrygge. Nesten alle utrygge avbrot skjer i utviklingsland og i land der svangerskapsavbrot er lite tilgjengeleg anten grunna restriktivt lovverk eller dårleg utbygd helsevesen. Dei regionane som har dei høgaste ratane er Latin-Amerika og Afrika, med 32 og 29 per 1000 kvinner i fertil alder. Om lag eit av fem svangerskap endar i avbrot på verdsbasis.

Les meir:

 

Historikk

08.03.2020: Tekst, tabell og figurer oppdatert etter publisering av 2022-tall i Abortregisterets statistikkbank.

11.03.2020: Tekst, tabell og figurer oppdatert etter publisering av 2020-tall i Abortregisterets statistikkbank.