Rapport om svangerskapsavbrot 2023
Rapport
|Publisert
2023 vart det sendt inn 14 012 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 814 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 805 (6,7 %) fleire utførte svangerskapsavbrot enn i 2022, og på line med talet på abortar utført i 2017 på 12 750. Det har vore ein jamn nedgang i aborttala sidan 2008. Vi ser no ein reell oppgang i talet på abortar ut over normaliseringa til nivået før Covid-19.
Last ned
Hovedbudskap
Avbrotsraten har ein oppgang frå 9,9 i 2022 til 10,4 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2023 og er såleis stigande.
Finnmark, Troms og Oslo er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 16,1 i Finnmark, 12,8 i Troms og 12,6 i Oslo. Rogaland og Telemark er dei einaste fylka som har hatt ein nedgang i abortraten sin frå 8,1 til 7,8 i Rogaland og frå 9,3 til 8,6 i Telemark per 1000 kvinner i alderen 15-49 år frå 2022 til 2023.
Den samtidige nedgangen i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år) ein såg frå 2009 fram til pandemien med covid-19 byrja i 2020 har no endra seg og sjølv om aborttala går opp så går framleis fødselstala ned. (Figur 2).