Abortregisteret
Registeret inneheld opplysningar om provoserte abortar i Noreg.
Då ny abortlov tredde i kraft 1. juni 2025 vart ein del av abortmeldinga utdatert. Inntil ei ny abortmelding er klar bruker vi ei overgangsløysing.
Aborttala har i fleire år vore historisk låge, med ei lita stigning etter Covid-pandemien i takt med auka fødselstal. Ni av ti abortar vert utført innan utgangen av 10. veke og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.
Alle krav om provosert abort skal meldast til Abortregisteret, inkludert både sjølvbestemde og nemndbehandla abortar. Registeret inneheld ikkje opplysningar om spontanabortar.