Influensavaksine til risikogrupper
Artikkel
|Oppdatert
Alle kan bli alvorleg sjuk av influensa, men nokre risikogrupper er meir utsett for alvorleg sjukdom enn andre. Helsegevinsten kan vera stor om desse vaksinerer seg.
Kven bør vaksinera seg?
Nær 1,6 million menneske i Noreg har auka risiko for alvorleg influensasjukdom.
Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader)
I tillegg er influensavaksine tilrådd:
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl.
Les meir om: Influensavaksinasjonsprogrammet
Kvifor vaksinere seg?
Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Personar med hjarte-/karsjukdom er meir utsette for hjarteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn elles i året. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar årleg. Vaksinasjon vernar mot alvorleg influensa.
Influensa i svangerskapet gir noko auka risiko for dødfødsel. Gravide er òg meir utsette for følgjesjukdommar, som til dømes lungebetennelse, enn andre friske kvinner. Influensa hos spedbarn kan vere alvorleg. Vaksinasjon av mor under graviditeten vernar mor under svangerskapet og gir barnet vern mot influensa den første tida etter fødselen.
Vernar mot fleire influensavirus, men må takast årleg
Vaksinen mot influensa vernar mot fleire ulike influensavirus. Influensavaksinen vernar ikkje mot koronavirus eller andre virus og bakteriar som også kan gi influensaliknande symptom. Vanlege influensasymptom er brå sjukdomsstart, feber, tørrhoste, slappheit, hovudverk og muskelsmerter. Influensa varer oftast i tre til ti dagar.
Influensavaksine bør takast årleg fordi influensavirus endrar seg heile tida og vaksinen blir tilpassa desse endringane kvart år. Effekten av vaksinen minkar òg over tid.
Det tek 10-14 dagar frå vaksinen blir sett til du kan forvente effekt. For å få best mogleg vern bør ein vaksinere frå oktober til desember, men ein har nytte av vaksinasjon så lenge det er influensa i omløp.
Velkjent og velprøvd vaksine
Vaksine mot influensa har vore i bruk i mange år og har generelt få biverknader. Injeksjonsvaksinen inneheld delar av influensavirus, i tillegg til sterilt vatn, ulike salt og andre hjelpestoff. Nasesprayvaksinen inneheld svekte virus som er endra slik at dei berre kan overleve ein kort periode i naseslimhinna og ikkje i resten av kroppen. Han inneheld òg sterilt vatn, salt, sukker og gelatin. Det er berre virusdelen av vaksinane som blir endra ved behov, basert på kontinuerleg overvaking av influensavirussirkulasjonen. Resten av innhaldet i vaksinane er det same frå år til år.
Effekt av influensavaksina
Effekten av influensavaksinen varierer frå år til år, men ligg i gjennomsnitt på om lag 60 prosent. Det vil seie at om lag 60 prosent av dei vaksinerte er verna mot influensasjukdom. Effekten avheng av eigenskapar ved viruset, vaksinen og dei som blir vaksinerte. Nokon får influensa trass i vaksine. For desse ser det likevel ut til at vaksinen kan redusere risikoen for alvorlege sjukdomsforløp.
I kapittelet "Kunnskapsgrunnlaget for influensavaksinasjon" i Vaksinasjonshåndboka for helsepersonell kan ein finne ein gjennomgang av effekt av influensavaksine:
Bivirkningar av influensavaksine
Injeksjonsvaksine mot influensa kan gi ømheit, raudheit og hevelse på stikkstaden. I nokre tilfelle kan han også gi feber, lett sjukdomskjensle og muskelsmerter. Allergiske reaksjonar eller andre alvorlege biverknader skjer sjeldan.
Injeksjonsvaksinen inneheld berre delar av drepne influensavirus og kan derfor ikkje gi influensasjukdom.
Nasesprayvaksinen til barn kan gi tett eller rennande nase, og i nokre tilfelle hovudverk, lett sjukdomskjensle, feber eller muskelsmerter. Denne vaksinen inneheld svekka virus som berre kan replikere i naseslimhinna. Han vil dermed heller ikkje gi influensasjukdom.
Du kan lese meir om biverknader i kunnskapsgrunnlaget for influensavaksine på nettsidene:
Kvar kan eg ta vaksinen?
Vaksinasjon går vanlegvis føre seg i perioden oktober til desember. For å finne ut kvar du kan få sett vaksine, kan du sjekke nettsida til kommunen eller nettsida til fastlegekontoret ditt.
Kva kostar det å vaksinere seg?
Det kjem an på kvar du bur. Det er opp til kommunane, legekontora og vaksinasjonsstadene å bestemme prisen. Folkehelseinstituttet har gått breitt ut og oppmoda til å halde prisen låg, slik at alle som bør ha vaksinen har råd til å ta han. Snakk med fastlegen eller sjekk nettsidene til kommunen for å forhøyre deg om pris.
Helsepersonell med pasientkontakt, laboratoriepersonell som handterer prøver som kan innehalde influensavirus, personar som jobbar med levande griser, og dessutan saneringspersonell og andre som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl, skal få kostnader knytt til vaksinasjon dekte av arbeidsgivar.
Vaksinasjon i apotek er ikkje ein del av influensavaksinasjonsprogrammet, og alle som vaksinerer seg der må betale full pris for vaksine og vaksinasjon. Dette gjeld òg personar i målgruppene.
Kvifor er det forskjellar i pris?
Det er ingen regulert fast pris for å setje influensavaksine på personar i risikogruppene. Det er derfor opp til kommunane, legekontora og vaksinasjonsstadene å bestemme totalprisen for vaksine og vaksinasjon. Sjølve vaksinen kostar 106 kroner frå Folkehelseinstituttet til kommunar og fastlegar. Det pasienten betaler utover 106 kroner er prisen vaksinasjonsstaden har sett for å vaksinere.