Liten oppgang i aborttala
Nyhet
|Publisert
Det er ein liten oppgang i tal på abortar frå 2024 til 2025. Oppgangen er størst i aldersgruppa 25-29 år.
- Det er ein liten oppgang i tal på abortar frå 2024 til 2025.
- Oppgangen er størst i aldersgruppa 25–29 år.
- Ni av ti abortar skjer innan utgangen av 10. veke.
- Den nye abortlova trådde i kraft 1. juni 2025, og grensa for sjølvbestemt abort vart flytta frå utgangen av 12. veke til utgangen av 18. veke.
- Det er ein oppgang i abortar utført etter 12. veke frå 5,2 % i 2024 til 5,6 % i 2025. Dette kan vera grunna kvinna sitt val, tilfeldig variasjon eller det kan vera grunna logistikk og ventetider i helsetenesta.
I 2022 steig aborttala for første gang sidan 2008. Tala held fram med å auke i takt med fødselstala, viser den nye statistikken frå Abortregisteret som Folkehelseinstituttet publiserte 12. mai:
- Statistikkbanken for Abortregisteret (alle tala frå 1980)
- Aborttal for Noreg (med 2025-tal)
- Rapport om svangerskapsavbrot 2025 (med forklaringar)
– Som før ser vi at utviklinga i fødselstala og aborttala følgjer kvarandre. Når fødselstala aukar, plar aborttala òg å auke. Det ser vi også på tala for 2025, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret, Folkehelseinstituttet.
Figur 1. Utførte abortar per 1000 kvinner etter kvinna sin alder 2011-2025
I 2025 var det utført 13 211 abortar, mot 12 840 i 2024. Ni av ti abortar vert utført innan utgangen av 10. veke, ni av ti abortar vert utført ved hjelp av legemidlar og sju av ti medikamentelle abortar før 10. veke vert avslutta utanfor sjukehus.
– Det er ein liten auke i aborttala slik vi ser ein liten auke i fødselstala. Historisk sett er aborttala framleis låge, seier Løkeland-Stai.
Ettersom befolkninga aukar over tid, må ein sjå på abortraten for å finne den reelle utviklinga i aborttala. Abortraten er aborttal per 1000 kvinner i alderen 15–49 år i landet. I 2019 var raten for abort for første gong i historia under 10 per 1000 kvinner, medan den i 2025 var på 10,6 (opp frå 10,3 i 2024).
Høgaste abortrate i Finnmark, Troms og Oslo
I 2025 hadde desse fylka dei høgaste og lågaste abortratane, målte i tal på abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år:
Høgaste abortrate
- Finnmark: 16,8
- Troms: 13,8
- Oslo: 11,7
Lågast abortrate
- Agder: 8,3
- Rogaland: 8,5
- Møre og Romsdal: 9,4
– Dette er i tråd med slik det har vore tidlegare år, konstaterer Løkeland-Stai.
Aborttal blant dei unge
Sidan 2020 har det vore ein jamn årleg oppgang i talet på abortar i aldersgruppa 15–19 år. Frå 4,4 i 2020 til 6,9 i 2025 per 1000 kvinner.
For kvinner i alderen 20–24 år har det vore ein liten nedgang frå 16,1 i 2024 til 15,9 i 2025 per 1000 kvinner.
Det var kvinner i aldersgruppa 25–29 år som hadde den største oppgangen i 2025, frå 16,5 til 18,0 per 1000 kvinner i aldersgruppa 25-29 år.
– Dette er ei utvikling vi følgjer med på framover, seier Løkeland-Stai.
Endringar ved nemndbehandla svangerskapsavbrot
Den nye abortlova av 2024 trådde i kraft 1. juni 2025 og grensa for sjølvbestemt abort vart flytta frå utgangen av 12. veke til utgangen av 18. veke.
Svangerskapsavbrot som ikkje er sjølvbestemte må behandlast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnda, vert automatisk sende vidare til ei klagenemnd.
I 2025 vart det i alt utført 392 nemndbehandla avbrot. Av dei utførte nemndbehandla abortane vart 301 innvilga før 1. juni og løyve til abort var gitt i 91 saker etter 1. juni. Alle bortsett frå ein var innvilga i primærnemnd.
– Dei fleste nemndbehandla avbrota før 1. juni vart innvilga på grunnlag av risiko for medisinske forhold ved fosteret, seier Løkeland-Stai. Grunna endringar i vilkår for løyve til abort i den nye lova kan vi ikkje seie noko om kor mange abortar som er utført på bakgrunn av medisinske forhold ved fosteret etter 1. juni.
Ein liten auke i svangerskapslengde ved abort
Talet på avbrot etter utgangen av 12. veke har gått opp dei siste åra og gjekk opp til 5,6 % i 2025 frå 5,2 % i 2024. Dersom vi ser på perioden før og etter 1. juni så var 5,4 % av avbrota før 1. juni etter utgangen av 12. veke mot 5,9 % etter 1. juni.
Figur 2. Abortar etter svangerskapslengde 2001-2025
Årsakene til auken i svangerskapslengde kan vere fleire. Det kan vere tilfeldig variasjon, kvinna sitt val og det kan vera eit uttrykk for auka ventetider i helsetenesta både for abort og utredning ved fosterdiagnostikk, seier Løkeland-Stai.
– Det er viktig at kvinner får time til abort så raskt som mogleg når dei ber om det, slik at ventetid i helsetenesta ikkje fører til unødvendig utsetjing av abort. Vi veit det er belastande for kvinner å vente på time så svangerskapslengde ved abort er noko vi kjem til å følge med på framover, understrekar Løkeland-Stai.
Om lag sju av ti tidlege medikamentelle abortar var fullført heime
Abortregisteret kan presentere tal på kor mange abortar som vert avslutta heime frå Helse Nord og nokre sjukehus i Helse Sør-Aust. Dei andre helseregionane kan per i dag ikkje rapportere data på dette. 75,8 % i Helse Sør-Aust og 69,1 % i Helse Nord av alle abortar til og med utgangen av 10. veke vart avslutta utanfor sjukehuset med ein variasjon på 26,5– 92,5 % avhengig av kva for sjukehus som var ansvarlege for behandlinga. Alle var medikamentelle.