Industrisamarbeid
Artikkel
|Sist endret
Kreftregisteret har ulike former for samarbeid med industri og helsenæring.
Kreftregisteret skal fremje og gje grunnlag for forsking på kreftdiagnosar, årsaker, naturleg forløp og behandlingseffektar. Tilrettelegging for at helsenæringa kan bruke data Kreftregisteret forvaltar, er difor viktig.
Først og fremst tilrettelegg vi ved å gjere data og informasjon tilgjengeleg gjennom ulike kanalar.
Ein del av interessa frå helsenæringa handlar om behandling med legemiddel og diagnostikk ved bruk av molekylære markørar. For å betre kvaliteten (til dømes fullstendigheten av data om legemiddelbruk) har vi sett i gang prosjektet INSPIRE, i samarbeid med industrien og andre aktørar.
Utover at data vert gjort tilgjengeleg via ulike kanalar, samarbeider Kreftregisteret med helsenæringa om konkrete forskingsprosjekt, både som oppdragsforsking og bidragsforsking. Nokre forskarar bidreg også i prosjekt som er driven av helsenæringa.
Pågåande prosjekt i samarbeid med helsenæringa
|
Prosjekttittel |
Kontaktperson |
| INSPIRE | Lena Holmstrøm |
| LTFU2 (Langtidsoppfølging av deltakarar vaksinert med HPV-vaksinen Gardasil) | Thea E. Hetland Falkenthal |
| Kostnader i helsetenesta og behandlingsmønster hos pasientar med lokal, avansert og metastatisk ikkje-småcellet lungekreft | Espen Enerly |
| Kvinners livsstil og helse – Forskning på livsstil, virus og kreft | Ståle Nygård |
|
Prosjekttittel |
Kontaktperson |
| LTFU1 (Langtidsoppfølging av deltakarar vaksinert med HPV-vaksinen Gardasil) | Thea E. Hetland Falkenthal |
| Fører Gardasil til medfødde misdanningar? | Mari Nygård |
| Registerstudie av pasientar med lungekreft med tanke på bruk av tyrosin kinasehemmarar og EGFR-mutasjonsstatus | Tom Børge Johannesen |
Retningslinjer for samarbeid
Kreftregisterets samarbeid med helsenæringa er underlagt ulike samarbeidsavtalar og retningslinjer, og i alle former for samarbeid legg vi vekt på prinsippa om openheit, gjennomsikt og fagleg integritet for våre forskarar og tilsette. Sjå samarbeid og samhandling med private aktørar.
Tidlegare avtalar med Helse Sør-Aust og OUS:
- Samarbeidsavtale mellom Helse Sør-Aust RHF (helseregionen) og Legemiddelindustrien (LMI).
- Samarbeidsavtale mellom Helse Sør-Aust RHF (helseregionen) og LFH – Bransjeorganisasjonen for helse- og velferdsteknologi.
- Retningslinje OUS «Samhandling med industri».
- Retningslinje OUS «Samarbeid med industri i forskings-, innovasjons-, og utviklingsprosjekt».
*Avtalar om oppdrags- og bidragsforsking vart gjort av Inven2 på vegner av Kreftregisteret/OUS.