Hovudpunkt
Sist endret
Sidan 2015 er dødsfall av ikkje-smittsame sjukdommar før fylte 70 års alder redusert med 21 prosent. Nedgangen i dødsfall som følgje av kreft og hjarte- og karsjukdomar gir størst utslag.
Dei ikkje-smittsame sjukdomane er den viktigaste årsaka til tidleg død blant vaksne i både rike og i mange fattige land.
«Tidleg død» betyr her dødsfall før fylte 70 år. Dei ikkje-smittsame sjukdommane som inngår i statistikken, er hjarteinfarkt, hjerneslag og andre hjarte- og karsjukdomar, kreft, diabetes og kroniske lungesjukdommar, i hovudsak kols.
Mål fram mot 2025 og 2030
Verdas helseorganisasjon (WHO) vedtok i 2012 eit mål om å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdommar med 25 prosent i perioden 2010 til 2025. Dette målet er seinare endra til 33 prosent reduksjon i perioden 2015 til 2030, og inngår i FN sine globale mål for berekraftig utvikling. I tillegg er det åtte andre mål, sjå figuren nedanfor. Dei ni måla blir ofte omtalt som NCD-måla. NCD står for non-communicable diseases.
I Noreg gjekk talet på tidlege dødsfall grunna ikkje-smittsame sjukdommar ned frå 212 per 100 000 innbyggjarar i 2015 til 167 i 2024, noko som svarar til 21 prosent nedgang.
Det har vore ein samla nedgang på 21 prosent i tidleg død frå 2015 til 2024. Nedgangen har likevel vore mindre bratt sidan 2019, og dersom trenden held fram, kan det bli utfordrande å nå målet om 33 prosent nedgang innan 2030.
Noreg: positiv utvikling for fire av ni mål
Dei ni måla som WHO har sett opp for å kjempe mot dei ikkje-smittsame sjukdommane, er vist i figur 1. I tillegg til å redusere tidlege dødsfall før 70 års alder, som er mål nummer 1, er målet å redusere dei fire viktigaste felles risikofaktorane:
- Tobakksbruk
- Usunt kosthald
- Fysisk inaktivitet
- Høgt alkoholforbruk
Det er òg andre mål, desse gjeld blodtrykk, fedme og diabetes, samt tilgang til behandling for alle som treng det.
Status for Noreg er at utviklinga ser ut til å vere positiv for fire av dei ni måla, sjå figur 1. For tre mål har vi ikkje klart å snu utviklinga. Det gjeld 15 prosent nedgang i fysisk inaktivitet, 30 prosent nedgang i saltinntak og målet om å stanse auken i fedme og diabetes. Vi usikre på utviklinga knyta til målet om 20 prosent nedgang i skadeleg bruk av alkohol. Målet om 30 prosent nedgang i samla tobakksbruk innan 2025 vart ikkje nådd, men det har vore ein betydeleg og svært positiv nedgang i dagleg røyking i målperioden.
Vi må følgje utviklinga tett. På fleire område treng vi betre talgrunnlag over tid. Det gjeld til dømes tal for rådgiving for å førebyggje hjarteinfarkt og hjerneslag.
Dei ni NCD-måla er berre eitt av fleire bilete på helsetilstanden i befolkninga. For Noreg vil det vere viktig å følgje med på om den positive utviklinga skjer hos kvinner og menn og i alle sosiale lag, eller om vi går i ei retning mot større sosiale helseforskjellar.
Oppsummerande figur
Figur 1 nedanfor viser dei ni måla og status for Noreg.
|
Mål for ikkje-smittsame sjukdommar fram mot 2025 og 2030 |
Når vi målet? |
|
![]() |
Mål 1: Dødsfall før 70 års alder: 33 prosent nedgang |
|
![]() |
Mål 2: Alkohold: Minst 20 prosent nedgang i skadelig bruk |
|
![]() |
Mål 3: Fysisk inaktivitet: 15 prosent nedgang |
|
![]() |
Mål 4: Salt i kosthaldet: 30 prosent nedgang |
|
![]() |
Mål 5: Tobakksbruk: 30 prosent nedgang |
|
![]() |
Mål 6: Høgt blodtrykk: 25 prosent nedgang |
|
![]() |
Mål 7: Stoppe auken i andelen med fedme og diabetes |
|
![]() |
Mål 8: Minst 50 prosent av dei som treng det, får behandling med legemiddel eller rådgiving for å førebyggje hjarteinfarkt og hjerneslag |
|
![]() |
Mål 9: Minst 80 prosent av befolkninga har tilgang til medisinsk behandling for ikkje-smittsame sjukdommar |
|
Kommentarar til figuren med lenker til dei aktuelle kapitla:
Mål 1. For tidleg død
- 21 % nedgang i andelen tidlege dødsfall grunna ikkje-smittsame sjukdommar i aldersgruppa 30 til 69 år (2015-2024).
Mål 2. Alkohol
- 7 % nedgang i alkoholomsetning (2010-2024)
- Inga sikker endring i sjølvrapportert alkoholforbruk (2012-2025)
- Ingen sikker endring i sjølvrapportert episodisk høgt alkoholforbruk (2012-2025)
- Vi manglar indikator for alkoholrelaterte sjukdomar.
Mål 3. Fysisk inaktivitet
- Ein liten nedgang i andelen vaksne som er utilstrekkeleg fysisk aktive (inaktive) (2009-2022)
- Inga endring i andelen barn og unge som er utilstrekkeleg fysisk aktive (inaktive) i perioden 2005, 2011 til 2018
Mål 4. Saltinntak
- Ingen sikre teikn til endring i saltinntak over tid i Nord-Trøndelag 2006/08, Tromsø 2015/16 og Nord-Trøndelag 2017/2019
Mål 5. Tobakksbruk for perioden frå 2010-2025:
Røyking (dagleg eller av-og-til):
- 48 % nedgang i andelen som røyker dagleg eller av og til blant vaksne menn.
- 58 % nedgang i andelen som røyker dagleg eller av og til blant vaksne kvinner.
- 34 % auke i andelen som røyker dagleg eller av og til blant unge menn. Dette er drevet av auke i røyking av og til. Dagleg røyking har gått kraftig ned (76 % nedgang) og er no på eit svært lågt nivå (rundt 1 %).
- 27 % auke i andelen som røyker dagleg eller av og til blant unge kvinner (ikkje statistisk signifikant). Dette er drevet av auke i røyking av og til. Dagleg røyking har gått kraftig ned (93 % nedgang) og er no på eit svært lågt nivå (mindre enn 1 %).
Snusbruk (dagleg eller av-og-til):
- 44 % auke i andelen som snusar dagleg eller av og til blant vaksne menn.
- 181 % auke i andelen som snusar dagleg eller av og til blant vaksne kvinner.
- Ingen tydeleg endring i andelen som snusar dagleg eller av og til blant unge menn.
- Ingen tydeleg endring i andelen som snusar dagleg eller av og til blant unge kvinner.
Mål 6. Høgt blodtrykk for perioden 2006-2019
- 15 % nedgang i andelen vaksne menn med for høgt blodtrykk i Nord-Trøndelag fra 2006-2019.
- 14 % nedgang i andelen vaksne kvinner med for høgt blodtrykk i Nord-Trøndelag fra 2006-2019.
- 24 % nedgang i andelen vaksne menn med for høgt blodtrykk i Tromsø i perioden 2007-2016.
- 25 % nedgang i andelen vaksne kvinner med for høgt blodtrykk i Tromsø i perioden 2007-2016.
Mål 7. Diabetes og fedme
Diabetes for perioden 2007-2016
- 54 % auke i andelen menn som har diabetes i Tromsø.
- 63 % auke i andelen kvinner som har diabetes i Tromsø.
Fedme:
- Inga endring i delen barn og unge som har fedme (2010-2019)
- 10% auke i andelen menn som har fedme i Nord-Trøndelag i perioden 2006-2019
- 2% auke i andelen kvinner som har fedme i Nord-Trøndelag i perioden 2006-2019
- 26 % auke i andelen vaksne menn som har fedme i Tromsø i perioden 2007– 2016
- 18 % auke i andelen vaksne kvinner som har fedme i Tromsø i perioden 2007– 2016
Mål 8. Medikamentell behandling for å førebyggje hjarteinfarkt og hjerneslag.
I Noreg er andelen langt høgare enn 50 prosent.
Mål 9. Tilgang til medisinsk behandling for ikkje-smittsame sjukdommar (NCD-medisinar).
I Noreg er andelen som har tilgang til NCD-medisinar nær 100 %.
Nasjonal gruppe
I Noreg er det etablert ei nasjonal gruppe som har samla og presentert data om dei ni måla, gruppa utgjer redaksjonen for denne publikasjonen. Dataene er publisert på nettsidene til Folkehelseinstituttet i form av såkalla indikatorar. Kvar indikator er omtalt i eit eige kapittel i denne nettpublikasjonen.
Det er i alt 25 indikatorar, nokre er direkte knytte til dei ni NCD-måla, og andre er tilleggsindikatorar som meir indirekte bygger opp under NCD-måla.








