Folkehelseundersøkinga i Vestland i april og mai 2022
Artikkel
|Sist endret
Folkehelseinstituttet (FHI) og Vestland fylkeskommune gjennomfører undersøkinga i samarbeid med alle kommunar i fylket. For å skape gode lokalsamfunn er det nødvendig å vite korleis innbyggarane har det.
25. april 2022: Artikkelen omsett til nynorsk.
Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022, som startar 20. april skal gi ny, lokal kunnskap som kan bidra til å forbetre folks livskvalitet, trivsel og helse.
Delta her:
Undersøking på internett
Undersøkinga føregår på nett, der ein svarer ved å fylle ut et digitalt spørreskjema. Utvalde personar vil motta ein invitasjon på SMS og e-post.
Målet med undersøkinga er å få betre kunnskap om livskvalitet, helse og trivsel blant innbyggarane i Vestland. Folkehelseundersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og Vestland fylkeskommune. Undersøkinga vil gi ny, lokal kunnskap som er viktig i arbeidet med å betre folkehelsa blant innbyggarane.
Gamle Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar gjennomførte tilsvarande undersøkingar i 2018 og 2019 . Les meir om resultata frå desse undersøkingane her.
Folkehelseinstituttet gjennomfører jamleg slike undersøkingar i samarbeid med dei enkelte fylkeskommunane. Resultata skal støtte opp under folkehelsearbeidet til kommunane og fylkeskommunen. Svara vil òg inngå i forsking, og dei første resultata er venta tidlegast åtte veker etter at undersøkinga er avslutta den 8. mai.
Dette blir det spurt om
Spørreskjemaet er delt inn i åtte overordna tema, og dette blir deltakarane spurt om:
- nærmiljø
- helse
- sosial trygd
- helserelatert åtferd
- skader
- fysisk miljø
- livskvalitet
- demografiske opplysningar (opplysningar om seg sjølv)
- reisevanar
Om folkehelseundersøkinga
- Desse blir inviterte: Personar som er 18 år og eldre og som bur i ein av kommunane i Vestland.
- Deltakarane får invitasjon på e-post og SMS og kan bruke PC, smarttelefon eller nettbrett for å svare.
- Det tar om lag 20 minutt å fylle ut skjemaet.
- For å svare på undersøkinga loggar du deg inn med personleg ID, til dømes bankID eller MinID.
Fylkeshelseundersøkingar er gjennomførte i mange fylke dei siste åra. Undersøkingane har spørreskjema med litt ulikt innhald, men alle undersøkingane skjer i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og den enkelte fylkeskommunen.
- Lurer du på kva spørreskjemaet handlar om, og kva du samtykker til?
Spørsmål og svar
Hvorfor må ein bruke BankID eller MinID for å svare?
Vi ber om identifikasjon med BankID for å vere sikre på kven som svarer og som samtykker til behandling av personopplysningar.
Får du feilmelding, eller kjem du ikkje til innlogging på spørreskjemaet?
Det kan skyldast stor pågang. Lukk nettlesaren og prøv på nytt seinare. I nokre tilfelle kan det vere problem med eldre nettlesarar eller nettlesaren. Prøv ein annan nettlesar viss du har moglegheit.
Er opplysningane anonyme?
Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre opplysningar som er lette å kjenne igjen. Sjølv om forskarar og dei som analyserer data aldri vil sjå ditt namn eller personnummer, blir opplysningane rekna som ikkje-anonyme sidan fødselsnummeret blir lagra. Fødselsnummeret blir ikkje oppbevart saman med andre opplysningar om deg. Du kan lese meir om personvern her
Kan eg trekke meg frå undersøkinga?
Viss du har fått invitasjon til å delta, men ikkje vil ha påminningar om det, sendt ein e-post til oss.Eg har fylt ut spørreskjemaet, men angrar og vil at de slettar alle opplysningar om meg.
Då kan du sende ein e-post til oss.