Hopp til innhold

Rapport

Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane: Framgangsmåte og utvalde resultat

  • Utgitt: 2019
  • Av: Folkehelseinstituttet, Avdeling for helsefremjande arbeid
  • Pris: 0kr
  • Forfattere: Marit Knapstad, Jens Christoffer Skogen, Thomas Sevenius Nilsen, Leif Edvard Aarø.
  • ISBN ELEKTRONISK: 978-82-8406-023-1

Rapporten inkluderer blant anna områda psykisk helse, helserelatert åtferd og ulike aspekt ved sosialt miljø og nærmiljø.  Dei resultata som blir presenterte, gir eit første beskrivande bilde av informasjonen i datamaterialet.

PDF

Bestill

Last ned:

Sammendrag

Denne rapporten presenterer bakgrunn, metode og gjennomføring av Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane samt ein del utvalde resultat.

Datainnsamlinga vart gjennomført av Folkehelseinstituttet frå 13. mars til 7. april 2019 på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Områda som blir dekka i denne rapporten inkluderer blant anna psykisk helse, helserelatert åtferd og ulike aspekt ved sosialt miljø og nærmiljø. Vi analyserer slike forhold mot kjønn, alder, utdanning og region innan fylket. Vi gjer også greie for ulike problem knytte til representativitet og fråfall. Desse problema må ein ta høgde for når ein skal vurdere funna som blir presenterte i rapporten.

Dei resultata som blir presenterte, gir berre eit første, nokså beskrivande bilde av det som ligg av informasjon i dette datamaterialet. Data blir, kort tid etter at denne rapporten er presentert, gjort tilgjengeleg for Sogn og Fjordane fylkeskommune for vidare analysar. Det er dessutan eit mål at data blir nytta til vidare analysar og publisering av resultat av fleire forskingsmiljø.

Utvalet som vart inviterte til å vere med, omfatta vaksne frå 18 år og oppover. Femtitre prosent var kvinner. Gjennomsnittsalderen var 47,9 år. Nesten halvparten (45,3 %) oppgav at dei hadde utdanning frå høgskule eller universitet. Personar med utdanning frå høgskule eller universitet er overrepresenterte blant dei som deltok i undersøkinga. Av alle som vart inviterte til å delta i undersøkinga var det 45,4 % som svara på skjemaet.

Hovudfunn

I analysane av data skil vi mellom fire regionar i fylket: Nordfjord, Sunnfjord, HAFS/Ytre Sogn og Indre Sogn. Der vi samanliknar regionar, justerer vi statistisk for kjønn, alder og utdanning. Prosentdelen som har utdanning på universitets- eller høgskulenivå, er klart høgare blant kvinner enn blant menn i alle regionane i fylket. Høgast prosentdel som hadde høgare utdanning fann vi i Indre Sogn.

Som mål på psykiske plager har vi brukt ein skala (HSCL-5) der det er vanleg å oppfatte ein skår høgare enn 2,00 som ein indikasjon på eit høgt nivå. I Sogn og Fjordane er det 9,6 % som har eit høgt nivå av psykiske plager. Prosentdelen med høg skår var litt høgare blant kvinner enn blant menn, men skilnaden er ikkje stor. Der var liten skilnad i gjennomsnittleg skår på psykiske plager på tvers av regionar.

På dei fleste utfallsmål var variasjonen på tvers av regionar svært liten. Det gjeld for eksempel skår på problematisk alkoholbruk.

HAFS/Ytre Sogn var litt forskjellig frå resten av fylket på nokre utfallsmål. Dei låg litt høgare på prosentdel som røyker dagleg, og lågare enn dei andre regionane på deltaking i uorganiserte aktivitetar. Det er færre som rapporterer at dei blir plaga av støy frå trafikk, det er ein lågare prosentdel som svarar at dei har lett tilgjenge til offentlege bygg, butikkar og servicetilbod, kultur- og idrettstilbod og offentleg transport.

Saman med Sunnfjord kjem HAFS/Ytre Sogn ut med ein litt lågare prosentdel som rapporterer om stor grad av trivsel i nærmiljøet. I HAFS/Ytre Sogn er det også ein svakt lågare prosentdel enn gjennomsnittleg for fylket som rapporterte at dei hadde vore til tannlege eller tannpleiar i løpet av dei siste to åra. Der er også ein høg prosentdel som rapporterer om lang veg til jobb eller studiestad.

Indre Sogn kom positivt ut på sjølvrapportert god helse og på prosentdel som oppgav at dei har god råd samanlikna med andre.

Sunnfjord låg litt over fylkesgjennomsnittet på prosentdel som oppgav at dei var plaga av trafikkstøy når dei var heime. Men i Sunnfjord var det også ein relativt sett høg prosentdel som oppgav at dei har god tilgang på offentleg transport og ein låg prosentdel som har lang veg til jobb eller studiestad.

Nordfjord kom positivt ut på deltaking i organiserte aktivitetar, men skilnaden frå dei andre regionane var liten.

Ingen av skilnadene mellom regionane i Sogn og Fjordane var særleg store. Dei største skilnadane fann vi på tilgang til ulike godar og avstand til arbeid eller studiestad.

Vi observerte nokre klare skilnader mellom menn og kvinner. Mennene hadde gjennomsnittleg høgare skår på potensielt problematisk alkoholbruk. Det var og ein høgare prosentdel av mennene som brukar snus.

Kvinnene kom betre ut enn mennene på tre av dei fire kosthaldsspørsmåla (mindre sukkerhaldig brus eller leskedrikk, meir frukt og bær, meir grønsaker), medan der i hovudsak ikkje var kjønnsskilnad når de gjaldt inntak av fisk.

Det var også ein litt høgare prosentdel av kvinnene som var dagleg fysisk aktive. Det var ein litt større del av kvinnene enn av mennene som kryssa av for at dei tok del i organiserte og i uorganiserte aktivitetar.

Ein større del av kvinnene enn av mennene hadde vore til tannlege eller tannpleiar i løpet av dei siste to åra.

Ein større del av mennene enn av kvinnene oppgav lang reiseveg til jobb eller studiestad.

Det var generelt små kjønnsskilnadar i spørsmål om jobb og arbeidsmiljø. Ein litt større del av kvinnene enn av mennene rapporterte om god balanse mellom jobb og privatliv.
Blant kvinner finn vi dessutan ein klar tendens til at høgare utdaning er assosiert med at
færre rapporterer god balanse mellom arbeid og privatliv. Samtidig var det ein høgare prosentdel av mennene enn av kvinnene som meinte at dei har ein jobb som ikkje går ut over helsa.

Kanskje er det litt overraskande at der ikkje var nokon stor skilnad mellom menn og kvinner i prosentdel som rapporterte god sosial støtte og i prosentdel som føler seg trygge i nærmiljøet. Vel og merke skilde unge kvinner seg ut, med lågare prosentdel som oppgav å føle seg trygge enn dei andre gruppene. Der var heller ikkje nokon stor kjønnsskilnad i rapport om skade alvorleg nok til å måtte oppsøke lege eller tannlege.

Det er vanleg å finne klare samanhengar mellom utdanningslengde og mål på helse og faktorar som har samanheng med helse. Di lengre utdanning, dess betre. I denne undersøkinga fann vi at lengre utdanning hang saman med lågare skår på psykiske plager, ein lågare prosentdel røykarar, færre som var plaga av støy frå trafikk heime, og motsett ein høgare prosentdel med sjølvrapportert god helse, sosial støtte, deltaking i organisert
aktivitet, å føle seg trygge i nærmiljøet, å trivast i nærmiljøet, og å oppleve å ha god råd samanlikna med andre.

Nokre av samanhengane vi fann var nokså svake eller ikkje lineære og er ikkje tekne med i denne oppsummeringa.

På eitt punkt fann vi ein samanheng som gjekk i dei lengst utdanna sin disfavør, nemleg at det blant desse var ein lav prosentdel som rapporterte at dei hadde god balanse mellom jobb og privatliv.

Dei største skilnadene fann vi mellom aldersgrupper. Stort sett var det slik at di høgare alder, dess betre. Høg alder hang saman med låg skår på psykiske plager, låg skår på potensielt problematisk alkoholbruk, lågare prosentdel som brukar snus, gunstigare resultat på kosthaldsspørsmål (sukkerhaldig brus eller leskedrikk, frukt og bær, grønsaker, inntak av fisk), lågare prosentdel som opplever einsemd, høgare prosentdel som opplever sosial støtte, som føler seg trygge i nærmiljøet, som trivast i nærmiljøet og som er fornøgde med livet.

Dei eldste i yrkesaktiv alder rapporterte som gruppe å ha den beste balansen mellom arbeid og privatliv, å ha eit arbeid som ikkje går ut over helsa og det er også i denne gruppa det er flest som seier dei er fornøgde med jobben. På toppen av alt dette er det ein positiv samanheng mellom alder og det å oppleve å ha god råd.

Berre på eitt punkt var høg alder assosiert med noko negativt, nemleg sjølvrapportert generell helsetilstand. Dette er sjølvsagt ikkje overraskande. Di eldre, dess større er prosentdelen som har vore til tannlege eller tannpleiar siste to åra. Heller ikkje overraskande.

Deltakinga i undersøkinga var på 45,4 prosent. Dette er kanskje eit bra resultat samanlikna med andre undersøkingar av tilsvarande type, og det er litt høgare enn det ein klarte å oppnå i Hordaland. Likevel skaper dette ein del usikkerheit omkring resultata. Berre resultat som er nokså klare og konsistente er det grunn til å legge vekt på.

Om denne siden

Sitering: Knapstad M, Skogen JC, Nilsen TS, Aarø LE. «Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane:
Framgangsmåte og utvalde resultat.» Rapport 2019. Oslo: Folkehelseinstituttet, 2019.