Abortregisteret
Registeret inneheld opplysningar om provoserte abortar i Noreg.
Då ny abortlov tredde i kraft 1. juni 2025 vart ein del av abortmeldinga utdatert. Inntil ei ny abortmelding er klar bruker vi ei overgangsløysing.
Aborttala har i fleire år vore historisk låge, i 2023 så vi ei stigning som i 2024 har flata ut. Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.
Alle krav om provosert abort skal meldast til Abortregisteret, inkludert både sjølvbestemde og nemndbehandla abortar. Registeret inneheld ikkje opplysningar om spontanabortar.