Skjema for reservasjon mot bruk av biologisk materiale til forskingsformål
Skjema
|Oppdatert
Du som privatperson står fritt til å reservere deg mot at ditt biologiske materiale vert brukt i forsking ved å registrere deg i Register for biologisk forskingsreservasjon.
Last ned
Nokre gonger er det aktuelt for forskingsprosjekt å samle inn og utføre analyser på biologisk materiale som er tatt rutinemessig av helse- og omsorgstenesta, som for eksempel blod- og vevsprøver. I enkelte tilfelle tillét Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) forskingsprosjekt å bruke biologisk materiale som er tatt i helse- og omsorgstenesta, utan å innhente samtykke.
Du som privatperson står likevel heilt fritt til å reservere deg mot at ditt biologiske materiale vert brukt i forsking ved å registrere deg i Register for biologisk forskingsreservasjon.
Leiar i forskingsprosjekt som har fått godkjenning frå REK etter helseforskingsloven § 28, er pliktig til å fjerne alle som har reservert seg i registeret frå utvalet dei skal forske på.
Godkjenning kan gis for medisinske forskingsprosjekt av stor samfunnsmessig interesse. Loven forutsett at pasienten skal få informasjon og anledning til å reservere seg mot slik forsking. Pasienten kan enkelt reservere seg ved å fylle ut eit elektronisk reservasjonsskjema, eller ved å lasta ned, fylla ut og senda inn papirskjemaet lenkja til øvst på denne sida.