Til deg som ønsker å reservere deg mot forsking på ditt biologiske materiale
Artikkel
|Oppdatert
Alle som ønsker det har anledning til å reservere seg mot at deira biologiske materiale, som er samla inn rutinemessig av helse- og omsorgstenesta, kan nyttast i forsking. Du kan enkelt reservere deg ved å fylle ut eit reservasjonsskjema.
Kvifor forskar vi på biologisk materiale?
Nokre gonger er det aktuelt for forskingsprosjekt å samle inn og utføre analyser på biologisk materiale som er tatt rutinemessig av helse- og omsorgstenesta i forskingsprosjekt. Forskingsprosjekt som har behov for menneskeleg biologisk materiale har ofte som formål å skaffe kunnskap om betre medisinsk behandling, betre diagnostiske verktøy, eller betre helsehjelp til pasientar.
Strengt regulert forsking
Forsking på biologisk materiale frå menneske er regulert i Lov om medisinsk og helsefagleg forsking (helseforskingslova). Hovudregelen er at alle forskingsprosjekt som involverer menneske, humant biologisk materiale og helseopplysningar ikkje kan starte opp utan at deltakarane er informert og har samtykka. Lova krev også at all forsking på humant biologisk materiale på førehand skal godkjennast av Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK).
Helseforskingslova opnar likevel for at REK kan godkjenne søknadar frå helseforskingsprosjekt om unntak frå krav om innhenting av samtykke. REK kan blant anna godkjenne at biologisk materiale frå pasientar som er tatt i samband med rutineundersøkingar, diagnostikk og behandling i helse- og omsorgstenesta, kan bli brukt i forskingsprosjektet utan at det blir innhenta samtykke frå den enkelte pasient.
REK kan berre gi ei slik godkjenning dersom dei finn at forskingsprosjektet er av stor samfunnsmessig betydning, og omsynet til deltakaranes velferd og integritet blir ivaretatt, jf. helseforskingslova § 28.
Dine rettar
Det kan vere ulike grunnar til at eit forskingsprosjekt får lov til å bruke biologisk materiale utan å innhente samtykke. Du som privatperson står likevel heilt fritt til å reservere deg mot at ditt biologiske materiale vert brukt i forsking.
Leiar i forskingsprosjekt som har fått godkjenning frå REK etter helseforskingsloven § 28, er pliktig til å fjerne alle som har reservert seg i registeret frå utvalet dei skal forske på. Forskingsprosjektet har berre anledning til å bruke den resterande delen av utvalet i si forsking.
Slik går du fram når du vil reservere deg
Du kan enkelt reservere deg ved å fylle ut eit elektronisk reservasjonsskjema, eller ved å fylle ut og sende inn eit skjema per post. Reservasjonen kan gjerast når som helst, og du treng berre å reservere deg éin gong.
Elektronisk skjema
Du reserverer deg ved å logge inn med BankID og fylle ut eit elektronisk skjema for reservasjon mot bruk av biologisk materiale til forskingsformål
Papirskjema
Viss du av ulike årsaker ikkje har BankID eller ikkje ønsker å bruke elektronisk skjema, kan du fylle ut et papirskjema (nedlastbar PDF) og sende det til Register for biologisk forskingsreservasjon:
Register for biologisk forskingsreservasjon
Folkehelseinstituttet
Postboks 973 Sentrum
5808 Bergen
Om du ønsker å sjekke din status eller få ei bekrefting på at du er oppført i registeret kan du sende oss ein e-post til biologiskforskningsreservasjon@fhi.no
Vi ber om at du ikkje sender sensitive eller fortrulege opplysingar per e-post.
Så lenge du er oppført i Register for biologisk forskingsreservasjon, kan det biologiske materialet som er samla inn i samband med rutineprøvar til diagnostikk og behandling, ikkje brukast i forsking.
Avregistrering
Dersom du ombestemmer deg og ikkje ønsker å reservera deg likevel, ta kontakt med oss på e-post biologiskforskningsreservasjon@fhi.no så hjelper vi deg med avregistrering i registeret.
Vi ber om at du ikkje sender sensitive eller fortrulege opplysingar per e-post.
Kva er ikkje omfatta av reservasjon i Registeret for biologisk forskingsreservasjon?
Sjølv om du har reservert deg i Registeret for biologisk forskingsreservasjon, kan du framleis bli spurt om å delta i forskingsprosjekt der du sjølv samtykker til det aktuelle prosjektet. Reservasjonen i registeret medfører berre at ditt biologisk materiale ikkje kan bli brukt i forskingsprosjekt som ikkje har krav om innhenting av samtykke.
Det gjeld særskilde reglar for blant anna blod gitt til blodbankar, egg og sædceller for kunstig befruktning og organ for transplantasjon. Viss du vil vite meir om korleis slikt biologisk materiale kan brukast og kva rettigheiter du har, kan du for eksempel kontakte ein blodbank, fertilitetsklinikk eller Stiftelsen Organdonasjon.
Om registeret
Registeret vart oppretta ved Folkehelseinstituttet i 2009 som følge av helseforskingslova som trådde i kraft 1. juli 2009. Registeret vart tidlegare kalla Reservasjonsregisteret, men endra namn til Register for biologisk forskingsreservasjon 17. februar 2012. Registeret for biologisk forskingsreservasjon er eit elektronisk register og blir drifta av Folkehelseinstituttet, som tar i mot reservasjonar frå dei som ønsker å reservere seg, samt førespurnader frå prosjektleiarar i forskingsprosjekt. Ved behov bistår registeret også REK og helse- og omsorgstjenesten.
Personvern og informasjonssikkerheit
Registeret for biologisk forskingsreservasjon er underlagt strenge krav til informasjonssikkerheit og personvern. For å kunne registrere deg i registeret må vi oppbevare nokre opplysningar om deg. Vidare er det berre autorisert personell som kan sette saman opplysningar frå registeret og utvalsfiler frå forskingsprosjekt.
Kontakt oss
Har du spørsmål kan du kontakta oss på e-post biologiskforskningsreservasjon@fhi.no
Vi ber om at du ikkje sender sensitive eller fortrulege opplysingar per e-post.