Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022: Framgangsmåte og utvalde resultat»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022: Framgangsmåte og utvalde resultat

Rapport

Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022: Framgangsmåte og utvalde resultat

Publisert

I denne rapporten presenterast bakgrunn, metode, gjennomføring og ein del utvalde resultat frå Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022.

Forside-Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022.png

I denne rapporten presenterast bakgrunn, metode, gjennomføring og ein del utvalde resultat frå Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022.


Forfattere

Om rapporten

  • Utgitt: 09.2022
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Knapstad M, Skogen JC, Johnsen GH, Nilsen TS, Leino T, Nes R, Aarø LE.

Hovedbudskap

Utvalde funn

  • 85 prosent av dei som deltok er fornøgde med livet
  • 70 prosent oppgir at helsa er god eller svært god
  • 11 prosent opplever einsemd
  • 73 prosent trivast godt eller svært godt i nærmiljøet

Om rapporten og metodisk tilnærming

Datainnsamlinga blei gjennomført av Folkehelseinstituttet på vegne av Vestland fylkeskommune i perioden 20. april-8. mai 2022. Temaområda som blir dekka i denne rapporten inkluderer blant anna tilgjenge på tenester og fasilitetar lokalt, helserelatert åtferd, sjølvrapportert helsetilstand, skadar, nedsett funksjons­nivå, ulike aspekt ved sosialt miljø og nærmiljø og subjektiv livs­kvalitet. Vi analyserer desse temaområda på tvers av kjønn, alder, utdanning og regionar innan fylket. Vi presenterer også resultat for Vestland samla sett og samanliknar med dei fylka som tidlegare har gjennomført undersøkinga. Ettersom dei siste åra har vore prega av koronapandemien, har vi i denne rapporten i tillegg med nokre enkle samanstillingar av tal frå førre Folkehelseundersøking i tidlegare Hordaland (2018) og Sogn og Fjordane (2019) og Koronaundersøkingane vi gjennomførte i fylket i 2020 og 2021. Vidare diskuterer vi ulike atterhald knytt til representativitet og fråfall. Desse atterhalda må ein ta høgde for når ein skal vurdere funna som blir presenterte i rapporten.

Dei presenterte resultata gir eit første, overordna bilete av det som ligg av informasjon i dette datamaterialet. Kommunane, samt bydelane i Bergen, får i tillegg ein separat rapport med eigne tabellar som viser lokale resultat. Data vil bli gjort tilgjengelege for Vestland fylkeskommune.

Utvalet som blei invitert til å vere med var vaksne frå 18 år og oppover. Trekkinga blei gjort i Folkeregisteret, som så blei samanstilt med Kontakt- og reservasjonsregisteret for å hente ut e-post og mobilnummer. Kor stor prosentdel av den vaksne befolkninga som blei trekt ut i kvar kommune varierte. Dette for å sikre eit større tal på deltakarar der folketalet var lågt. I denne rapporten har vi vekta ned kommunar der vi har trekt ut høgare andelar av befolkninga (såkalla «designvekting»), slik at kvart område får ein innverknad på totaltala som svarar til befolkningsstørrelsen.

Av alle som blei inviterte til å delta i undersøkinga, var det 31,1 % som svarte på skjemaet.