Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Rapport
Abortregisteret

Rapport om svangerskapsavbrot for 2017

Rapporten omtalar statistikk for avbrotne svangerskap i 2017, blant anna endelege tal over begjæringar om og utførte svangerskapsavbrot i Noreg i 2017.


  • Utgitt: 2018
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Løkeland M, Heiberg-Andersen R, Akerkar R, Pedersen Y, Bøyum B, Hornæs M, Seliussen I, Ebbing M.
  • ISSN ELEKTRONISK: 891-6392

Bestill

Last ned:

Hovedbudskap



Sammendrag

Sammendrag

I 2017 vart det sendt inn 13 892 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 733 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 435 (3 %) færre svangerskapsavbrot enn i 2016.

Avbrotsrata har ein nedgang frå 11,0 i 2016 til 10,6 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2017. Finnmark, Oslo og Troms er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 13,6 i Finnmark, 13,5 i Oslo og i Troms. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Aust-Agder hadde dei lågaste ratane for svangerskapsavbrot; med 7,2 per 1 000 kvinner i Sogn og Fjordane, 7,9 i Møre og Romsdal og 8,0 i Aust-Agder.

Sidan 2007 har det vore ein nedgang i talet på abortar per 1000 fødslar for alle kvinner i fertil alder (15-49 år).

Talet på svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15-19 år  går ytterlegare ned

Nedgangen i svangerskapsavbrot ein har sett blant dei yngste kvinnene sidan 2008 heldt fram frå 2016 til 2017; med eit fall i abortrata frå 7,6 til 6,3 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 15-19 år. I 1980 var talet 22,4 per 1 000 kvinner i alderen 15-19 år og den gongen var det denne aldersgruppa som hadde den høgste abortrata av alle.

Finnmark hadde høgast førekomst av svangerskapsavbrot blant kvinner i aldersgruppa 15-19 år, med 10,8 per 1 000 kvinner, etterfølgt av Troms og Oslo med 10,2 og 8,1 per 1 000 kvinner. Lågaste førekomst av svangerskapsavbrot finn ein i Sogn og Fjordane med 1,9 per 1 000 kvinner i alderen 15-19 år. Bortsett frå dei to nordlegaste fylka ligg alle på ein rate under 10 per 1 000 kvinner. Sogn og Fjordane hadde ei ytterlegare halvering av rata frå 8,1 i 2015, 4,1 i 2016 og til 1,9 i 2017 per 1 000 kvinner i aldersgruppa.

Avbrotsrata er høgast i aldersgruppa 25-29 år

Aldersgruppa 20-24 år har lenge hatt den høgaste førekomsten av svangerskapsavbrot, men den har vore fallande dei siste åra, og har no vorte lågare enn avbrotsrata i aldersgruppa 25-29 år. I 2015 var rata 21,1 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner både i alderen 20-24 og 25-29 år mot 18,0 og 19,1 i 2017.

Finnmark hadde høgast førekomst med 25,6 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner, medan Aust-Agder hadde lågast førekomst med 10,3 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 20-24 år. Bortsett frå Oslo, Hedmark og dei tre nordlegaste fylka har alle no ein rate under 20 per 1 000 kvinner.

Framleis auke i bruk av medikamentell behandling som avbrotsmetode

Medikamentell behandling ved svangerskapsavbrot vart gjort tilgjengeleg i Noreg i 1998. Etter det har vi sett ei tilnærma total omlegging av behandlinga frå kirurgisk til medikamentell avbrotsmetode. Medikamentell metode har vore den mest brukte avbrotsmetoden sidan 2008 ved sjølvbestemte svangerskapsavbrot, og bruken har vore gradvis aukande (Figur 5). I 2017 vart 88,6 % av dei sjølvbestemte avbrota gjennomført medikamentelt, medan andelen var 45,3 % i 2007. Nordlandssykehuset Vesterålen (65,8 %), Sykehuset Østfold (67,3 %), og Kirkenes sykehus (71,9 %) har lågast bruk  av medikamentell avbrotsmetode, medan Stavanger universitetssjukehus (1,6 %), Ringerike sykehus (1,6 %) og Narvik sykehus (1,7 %) har lågast bruk av kirurgisk metode.

Sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot

Dei fleste sjølvbestemte avbrot vert utført før 9. svangerskapsveke (81,2 %). Av alle utførte svangerskapsavbrot i 2017 var 12 187 (95,7 %) sjølvbestemte, og 546 (4,3 %) nemndbehandla. Dei sjukehusa med lågast førekomst av svangerskapsavbrot før 9. veke er St Olavs hospital (69,2 %), Lofoten sjukehus (71,2%) og Molde sykehus (73,5 %). Dette er under landsgjennomsnittet for svangerskapsavbrot utført før 9. veke på 81,2 %.

Helsedirektoratet starta eit prøveprosjekt med medikamentelle avbrot opp til 9 vekers graviditet hjå avtalespesialistar i Bergen, Oslo og Stavanger i 2015. Det vart avslutta i mars 2017. I løpet av 2017 har 67 kvinner nytta dette tilbodet.

Særskilt om nemndbehandla svangerskapsavbrot

Ei begjæring om svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke vert handsama i nemnd; fyrst i ei primærnemnd, og dersom den gir avslag, skal primærnemnda straks sende vedtaket og dokumenta i saka til ei sentral klagenemnd, jf. abortlova § 8 andre ledd. Frå 15. februar 2010 har klagesakene vorte sendt til Den sentrale klagenemnda som vert administrert av Helsedirektoratet og er lagt til Oslo universitetssykehus.

Det vart utført 546 nemndbehandla svangerskapsavbrot i 2017, som er 33 (5,8 %) færre enn i 2016. Av dei utførte nemndbehandla avbrota i 2017 vart 527 (96,5 %) innvilga i primærnemnd og 19 (3,3 %) i Den sentrale klagenemnda. Talet på avbrot innvilga etter abortlova § 2 tredje ledd bokstav c, dvs. grunna stor fare for at barnet kan få ein alvorleg sjukdom som følge av arvelege anlegg, sjukdom eller skadelege påverknader under svangerskapet, har vore relativt stabilt sidan 2008 (Figur 9). Dei fleste av dei nemndbehandla avbrota vert utført før 18. svangerskapsveke.

Av dei 546 nemndbehandla avbrota vart 473 (86,6 %) handsama og utført ved dei 14 største helseinstitusjonane.

Dette er ein rapport om svangerskapsavbrot i 2017..