Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Statistikk
Abortregisteret

Rapport om svangerskapsavbrot for 2016

Rapporten omtalar statistikk for avbrotne svangerskap i 2016. Dette året vart det utført 13 169 svangerskapsavbrot i Noreg, det lågaste talet sidan registeringa starta i 1979.


  • Utgitt: 03/2017
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Løkeland M, Mjaatvedt AG, Akerkar R, Pedersen Y, Bøyum B, Hornæs M, Seliussen I, Ebbing M..

Bestill

Last ned:

Sammendrag

Sjå også: Rekordlåge aborttal – størst nedgang blant dei unge

I 2016 vart det sendt inn 14 604 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 13 169 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 856 (6 %) færre svangerskapsavbrot enn i 2015.

Avbrotsrata har ein nedgang frå 11,7 i 2015 til 11,0 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2016. Oslo, Finnmark og Nordland er som tidlegare år dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 14,5 i Oslo, 13,9 i Finnmark og 12,5 i Nordland. Aust-Agder , Vest-Agder og Møre og Romsdal hadde dei lågaste ratane for svangerskapsavbrot; med 8,2 per 1 000 kvinner i Aust-Agder, 8,6 i Vest-Agder og 8,7 i Møre og Romsdal.

Talet på svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15-19 år går ytterlegare ned

Nedgangen i svangerskapsavbrot ein har sett blant dei yngste kvinnene sidan 2008 heldt fram frå 2015 til 2016; med eit fall i abortrata frå 8,3 til 7,6 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 15-19 år. I år 1980 var talet 22,4 per 1 000 kvinner i alderen 15-19 år og den gongen var det denne aldersgruppa som hadde den høgste abortrata av alle.

Finnmark hadde høgast førekomst av svangerskapsavbrot blant kvinner i aldersgruppa 15-19 år, med 14,4 per 1 000 kvinner, etterfølgt av Troms og Nordland med 10,8 og 10,5 per 1 000 kvinner. Lågaste førekomst av svangerskapsavbrot finn ein i Sogn og Fjordane med 4,1 per 1 000 kvinner i alderen 15-19 år. Bortsett frå dei tre nordlegaste fylka og Oslo ligg alle på ein rate under 10 per 1 000 kvinner. Sogn og Fjordane hadde den største nedgangen frå 8,1 i 2015 til 4,1 i 2016 per 1 000 kvinner i aldersgruppa.

For fyrste gong er det i aldersgruppa 25-29 som har den høgaste abortrata

Aldersgruppa 20-24 år har lenge hatt den høgaste førekomsten av svangerskapsavbrot, men og i denne gruppa har avbrotsraten vore fallande dei siste åra, og har no vorte lågare enn den for aldersgruppa 25-29 år. I 2015 var rata 21,1 svangerskaps-avbrot per 1 000 kvinner både i alderen 20-24 og 25-29 år mot 19,0 og 19,3 i 2016.

Oslo hadde høgast førekomst med 25,4 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner, medan Sør-Trøndelag hadde lågast førekomst med 14,6 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 20-24 år. Bortsett frå Oslo, Østfold og dei tre nordlegaste fylka har alle no ein rate under 20 per 1000 kvinner.

Framleis auke i bruk av medikamentell behandling som avbrotsmetode

Medikamentell behandling vart gjort tilgjengeleg i Noreg i 1998. Sidan då ser ein tilnærma ei total omlegging av behandlinga frå kirurgisk til medikamentell behandling. Medikamentell metode har vore den mest brukte avbrotsmetoden sidan 2008 ved sjølvbestemte svangerskapsavbrot, og bruken har vore gradvis aukande. I 2016 vart 87,5 % av dei sjølvbestemte avbrota gjennomført medikamentelt, medan andelen var 45,3 % i 2007. Sykehuset Østfold (67,8 %), Nordlandssykehuset Vesterålen (68,6 %) og Voss sjukehus (71,0 %) har lågast bruk av medikamentell avbrotsmetode, medan Haukeland universitetssjukehus (1,6 %), Drammen sjukehus (1,8 %) og Ålesund sjukehus (2,2 %) har lågast bruk av kirurgisk metode.

Sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot

Dei fleste sjølvbestemte avbrot vert utført før 9. svangerskapsveke (80,7 %) (Tabell 8). Av alle utførte svangerskapsavbrot i 2016 var 12 600 (95,7 %) sjølvbestemte, og 569 (4,3 %) nemndbehandla (Tabell 9). Dei sjukehusa med lågast forekomst av svangerskapsavbrot før 9. veke er Odda sjukehus (64,3 %) og St Olavs Hospital(65,6 %) og Universitetssykehuset Nord-Norge (69,4 %). Dette er under landsgjennomsnittet for svangerskapsavbrot utført før 9. veke på 80,7 % (Tabell 8). Helsedirektoratet starta eit prøvprosjekt med medikamentell abort opp til 9 vekers graviditet hjå 9 avtalespesialistar i Bergen, Oslo og Stavanger i 2015. I løpet av 2016 har 199 kvinner tatt i mot dette tilbodet.

Særskilt om nemndbehandla svangerskapsavbrot

Ei begjæring om svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke vert handsama i nemnd; fyrst i ei primærnemnd, og dersom den gir avslag, skal primærnemnda straks sende vedtaket og dokumenta i saka til ei sentral klagenemnd, jf. abortlova § 8 andre ledd. Frå 15. februar 2010 har klagesakene vorte sendt til Den sentrale klagenemnda som vert administrert av Helsedirektoratet og er lagt til Oslo universitetssykehus.

Det vart utført 569 nemndbehandla avbrot i 2016, som er 20 (3,6 %) færre enn i 2015. Av dei utførte nemndbehandla svangerskapsavbrota i 2016 vart 550 (96,7 %) innvilga i primærnemnd og 19 (3,3 %) i den sentrale klagenemnda (Tabell 9). Talet på avbrot innvilga etter abortlova § 2 tredje ledd bokstav c, dvs. grunna stor fåre for at barnet kan få ein alvorleg sjukdom som følge av arvelege anlegg, sjukdom eller skadelege påverknader under svangerskapet, hadde ein topp i 2013, men har gått noko ned og vore relativt stabilt sidan 2014 (Figur 8). Dei fleste av dei nemndbehandla avbrota vert utført før 18. svangerskapsveke.

Dei 569 nemndbehandla avbrota vart i stor grad (476, 83,7 %) handsama og utført ved dei 12 største helseinstitusjonane.

Abortregisteret 2016_forside_web.jpg