Om Dødsårsaksregisteret
Artikkel
|Oppdatert
Ved hjelp av data frå Dødsårsaksregisteret kan ein overvake dødsårsaker over tid. Ein kan for eksempel følgje med på utviklinga i dødelegheit for mellom anna hjarteinfarkt, kreft, ulykker og sjølvmord. Ved hjelp av data frå Dødsårsaksregisteret kan ein og kvalitetssikre helsetenester og forske på årsaker til sjukdom.
Opplysningar i Dødsårsaksregisteret
Dødsårsaksregisteret inneheld opplysningar om personar som på dødstidspunktet oppheld seg i Noreg, og personar som på dødstidspunktet er registrerte som busette i Noreg, men døyr i utlandet. Registeret dannar utgangspunkt for den årlege dødsårsaksstatistikken som Folkehelseinstituttet publiserer.
Informasjonen i Dødsårsaksregisteret byggjer på informasjon i dødsmeldingar frå legar og frå obduksjonsrapportar. Ofte rapporterer legen fleire dødsårsaker som medverka til døden. Alle desse blir registrerte i Dødsårsaksregisteret. I offisiell statistikk kan kvart dødsfall berre teljast éin gong og det må derfor veljast ut ei underliggjande dødsårsak, som vil vera den som har betydd mest for dødsfallet. Det er denne dødsårsaka som blir vist i Dødsårsaksregisterets statistikkbank.
For å sikra eit nasjonalt- og internasjonalt samanlikningsgrunnlag, blir eit internasjonalt kodesystem brukt og reglar frå WHO for dødsårsakkoding.
Dødsårsaksregisteret inneheld digitaliserte data frå 1951. Data frå Dødsårsaksregisteret blir frigitt når dei er ferdig koda og kvalitetssikra for eit år samla, vanlegvis rundt 6 månader etter utgangen av året.
Tilgang til data
Du finner data om dødsårsaker i tre av våre statistikkbanker:
- Statistikkbanken til Dødsårsaksregisteret - dødsårsaker fram til siste publiserte årgang.
- Norgeshelsa statistikkbank - nøkkeltal om dødsårsaker, tilrettelagt for fylke, helseregionar og landet.
- Kommunehelsa statistikkbank - finn nøkkeltal om dødsårsaker, tilrettelagt for kommunar.
F.o.m 2022 publiseres en årleg rapport om dødsårsaker i Noreg for det gjeldande året
Privatpersonar som ikkje finn det dei leitar etter i statistikkbankane, kan søkja om utlevering av data via helsedata.no. Før utlevering blir gjord ei anonymitetsvurdering. Det krevs eit gebyr for saksbehandlinga
Forskarar kan søkje om tilgang til anonyme og identifiserbare data frå Dødsårsaksregisteret via søknadsskjema på helsedata.no.
Personvern og informasjonssikkerhet i helseregistre
Dødsårsaksregisteret er et lovbestemt helseregister. Det betyr at man ikkje kan reservere seg mot at data registreres. Opplysningene behandles i tråd med krav til informasjonssikkerhet.
Fagrådet for Dødsårsaksregisteret
Fagrådet er breitt samansett av fagpersonar som representerer ulike brukargrupper i Dødsårsaksregisteret: Sjukehus, allmenn- og sjukehusmedisin, andre helseregister, helsestyresmaktene og Legeforeningen.
Organisasjonsendring
Fram til 2001 var Statistisk sentralbyrå (SSB) datahandsamar for Dødsårsaksregisteret. Folkehelseinstituttet (FHI) tok over som datahandsamaransvarleg i 2002, men Dødsårsaksregisteret var fortsatt fysisk plassert hos SSB fram til 1. januar 2014 hvor FHI overtok heile drifta av Dødsårsaksregisteret. Organisatorisk er registeret nå plassert i området for helsedata og digitalisering, avdeling for helseregistre.
I samband med organisasjonsendringa har også historiske data blitt overførte frå Statistisk sentralbyrå til Folkehelseinstituttet. Ein har òg lagt ned mykje arbeid for å utvikle eit nytt IT-system som både kan handtere gamle data og handsame nye på ein effektiv måte.