Avdeling
Kjemikalietoksikologi
Avdeling for kjemikalietoksikologi er ei av dei fem avdelingane innan Området for klima og miljø ved Folkehelseinstituttet.
Disiplinen toksikologi er tradisjonelt basert på studium i forsøksdyr, men satsingsområde for avdelinga er å utvikla og bruka nye tilnærmingar som in silico og in vitro-metodar (høvesvis datasimulering og forsøk utan dyr) i vurdering av kjemikaliars effektar på human helse og i forskinga vår. Med framveksten av kunstig intelligens-teknologiar er det forventa at vi kan bruka denne teknologien for å utnytta eksisterande data betre. Systematiske litteraturgjennomgangar som gir oversikt over aktuell kunnskap og hol i eksisterande kunnskapsgrunnlag, og read-across vurderingar er verktøy som også blir jamleg brukt i avdelinga.
Rådgiving
Hovudleveransen til avdelinga er å gi bistand og råd til norske styresmakter om farar ved kjemikaliar for menneskes helse for å førebyggja helseskadar. Miljødirektoratet er hovudmottakar av våre vurderingar og rapportar, hovudsakleg knytt til fareidentifisering og farekarakterisering av kjemikaliar som er regulerte under det europeiske kjemikalieregelverket (REACH), og dessutan fastsetjing av helsebaserte rettleiingsverdiar.
Dei fleste oppdraga frå Miljødirektoratet er knytt til klassifisering og merking av stoff i samsvar med internasjonale retningslinjer, basert på studierapportar frå produsent/importør av kjemikalien. CLP er system innført i EU/EØS for å klassifisera farar ved kjemikaliar for ulike helseendepunkt, som er nært opp til det verdsomspennande GHS regelverket. Kjemiske stoffar blir klassifisert mellom anna for skadelege effektar på genetisk material, kreft, skade på reproduksjon og fosterutvikling, effektar på viktige organ, og effektar på immunsystemet. Nyleg vart det vedteke av EU-kommisjonen å også innføra ei klassifisering for hormonforstyrrande stoffar. For klassifiseringsarbeidet er det nødvendig med spesialisert kunnskap om dei inkluderte endepunkta for å konkludere om ein effekt er alvorleg, og om effekten er relatert til eksponering for kjemikalien. I tillegg jobbar vi med å utarbeida dokumentasjon for EUs forslag til restriksjonar for kjemikaliar.
Personar ved avdelinga deltek i arbeids- og ekspertgrupper i internasjonale organisasjonar som
- Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA)
- Verdshelseorganisasjonen (WHO)
- Den internasjonale kreftunionen (IARC)
- Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD)
Me deltek også aktivt i WHO/FAO (FNs organisasjon for ernæring og landbruk) fellesmøte. Medlemmene i avdelinga er aktive i ulike panel i Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) som arbeider med tilsetningsstoff, miljøgifter og plantevernmiddel.
Avdelinga gir også kunnskapsbaserte råd til kommunane rundt helsefare frå kjemikaliar, og svarar på førespurnader frå mellom anna helsepersonell, journalistar og privatpersonar. Døme på førespurnader er mogleg helseskade ved eksponering for forureining i jorda, partiklar og kjemikaliar frå plastprodukt, ingrediensar i kroppspleieprodukt, og kjemikaliar i produkt som blir brukte i ute- og innemiljø i hus, skular og barnehagar. Mellom anna får vi mange spørsmål om gummileikeplassen som ofte finst i barnehagar eller om gjenbruk av gamle leiker.
Forsking
For å gi kunnskapsbasert rådgiving driv avdelinga forsking. Denne forskingsporteføljen er hovudsakleg finansiert av eksterne midlar, framfor alt frå EU. Dei viktigaste forskingstemaa til avdelinga er effekt av miljøfaktorar på nervesystemet under fosterutvikling (utviklingsnevrotoksisitet), og miljøfaktorars effekt på immunsystemet (immuntoksikologi) og er tett knytt opp til våre rådgivingsaktivitetar. Vi jobbar også med relaterte molekylærbiologiske endepunkt.
Avdelinga har gjennom fleire år delteke i EU-finansierte forskingsprosjekt. Vi har ei framståande rolle i prosjektet Partnership for the Assessment of Risks from Chemicals (PARC) som arbeider med i) utviklinga av New Approach Methodologies (NAM) som er testmetodar utan bruk av forsøksdyr, ii) utvikling av Adverse Outcome Pathways (AOP) som er eit strukturert sett av tilknytte nøkkelhendingar som leiar opp til et uønskt helseutfall, og iii) lukka kunnskapshol om farar ved kjemikalie-eksponering. Formålet med PARC er mellom anna å utvikle betre og meir effektive metodar for å vurdere om et kjemisk stoff i vårt miljø kan auke risiko for sjukdom eller uhelse. I tillegg deltek vi i EU-prosjekt rundt eksponering for nano- og mikroplast og effektar på menneskes helse (POLYRISK), utvikling av såkalla in vitro og silico metodar for fare og neste generasjons risikovurdering (ONTOX), og forholdet mellom immunsystemet og eksposomet (dvs alt me blir eksponerte for gjennom livsløpet; EXIMIOUS). Me har også fleire nordiske prosjekt, mellom anna prosjektet Comet in Germ cells. Nyleg vart me tildelte eit prosjekt av European Food Safety Agency for vidareutvikling av eit in vitro testbatteri for utviklingsnevrotoksitet som nyleg ble del av ei OECD rettleiing. Resultata frå forskingsprosjekta blir publiserte i internasjonale, fagfellevurderte tidsskrift.
Vi held foredrag på ulike kurs for toksikologistudentar ved Universitetet i Oslo og for medisinarar som arbeider i kommunar.
Inntil nyleg var vi ein del av CERAD, eit kompetansesenter for lågdose strålingsforsking, men for tida er aktivitetane rundt stråling og elektromagnetiske felt lagt ned (grunne nedskjeringane i FHI’s budsjett).
Beredskap
Avdelinga har ei rolle i beredskapen i Noreg mot kjemiske hendingar, med fokus på moglege kroniske helseeffektar. Ved behov hjelper vi andre avdelingar med ekspertisen vår om skadelege effektar av kjemikaliar på menneskets helse, spesielt på område som spesifikk målorgantoksisitet, arvestoffskade / kreftutvikling, reproduksjonsskade, hormonforstyrrande stoff, og effektar av kjemikaliar på immun- og nevrosystemet.
Når kjemikaliane som blir sleppte ut i samband med ei ulykke blir identifiserte, kan vi gi råd om nedbrytningstida til stoffa i miljøet og hos menneske, potensialet for bioakkumulering i næringskjeda og i menneskekroppen og om toksisiteten til stoffa. Me kan hjelpa til med faktainformasjon om risiko til menneske utsett for kjemikaliar, gi råd om moglege helseundersøkingar som utsette personar bør ta, og hjelpa til med tolkinga av resultata.
Instituttet har arbeidd med strålingsrelaterte helseeffektar i ei årrekkje og kan bidra med vår kunnskap ved atomulykker med registerbaserte studiar.
Infrastruktur
Instituttet har velutstyrte laboratorium for å arbeida med humane stamcellebaserte in vitro-modeller, immunceller og levermodellar. Både genotoksiske endepunkt (til dømes Comet-analysen og feilfri sekvensering), transkriptomikk, epigenetikk (DNA-metylering og mikroRNA) og proteomikk kan analyserast. I laboratoria våre har vi avansert utstyr som massecytometri (CyTOF; høgdimensjonal teknologi for analyse av enkeltceller) og High Content Imaging (kombinerer avansert mikroskopi, fluorescerande merking og biletanalyse).
For å levera rådgiving og forskingsaktivitetar har vi eit team av forskarar og ingeniørar. Forskarar jobbar generelt 50% med rådgivande aktivitetar og 50% med forskingsaktivitetar. Avdelinga består av ei internasjonal gruppe med personar med bakgrunn innan biologi, toksikologi, medisin, veterinær- og legevitskap, fysiologi og kjemi. Vi håpar å utvida talet på forskarar med erfaring innan modellering, maskinlæring og biostatistikk. Ei rekkje stipendiatar, postdoktorar og masterstudentar jobbar i laboratoria våre.
Vi ønskjer både norske og europeiske studentar velkommen til å jobba i laboratoria våre.