Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Personvernerklæring koronasertifikat»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Personvernerklæring koronasertifikat

Artikkel

Personvernerklæring koronasertifikat

Publisert Oppdatert

Folkehelseinstituttet (FHI) som behandlingsansvarleg behandlar personopplysningar om deg i samband med bruken din av koronasertifikat. Nedanfor finn du nærare informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar om deg og kva rettar du har.

Folkehelseinstituttet (FHI) som behandlingsansvarleg behandlar personopplysningar om deg i samband med bruken din av koronasertifikat. Nedanfor finn du nærare informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar om deg og kva rettar du har.


Folkehelseinstituttet (FHI) som behandlingsansvarleg behandlar personopplysningar om deg i samband med bruken din av koronasertifikat. Nedanfor finn du nærare informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar om deg og kva rettar du har.

Du kan kontakte oss på desse adressene:

Folkehelseinstituttet

Postboks 222 Skøyen

0213 Oslo

Telefon: 21 07 70 00

E-post:

1 Føremål og frivillig bruk

Koronasertifikat er eit system for sikker og verifisert dokumentasjon av vaksinasjonsstatus, immunitet etter gjennomgått koronasjukdom (covid-19) og negativt testresultat. Sertifikatet byggjer på EU sitt rammeverk for digitale sertifikat. Føremålet med koronasertifikat er å gje deg høve til å dokumentere og vise eit personleg, gyldig sertifikat både innanlands i Noreg og ved reiser innanfor EU/EØS-området. Koronasertifikat gjev deg tilgang til letter i gjeldande koronarestriksjonar i samsvar med dei reglane som til kvar tid gjeld i Noreg. Det kan også gje tilgang til letter som andre EU/EØS-land tilbyr borgarane sine på grunnlag av eit koronasertifikat.

Det er frivillig om du vil laste ned og bruke koronasertifikatet. Det er ingen krav til at du skal ha eit koronasertifikat. Det kan heller ikkje krevjast at du viser fram koronasertifikat mindre det går fram av lov eller forskrift.

Bruk av koronasertifikat skal opphøyre når smittenivå og vaksinering tilseier at det ikkje lenger er behov for restriksjonar. Også EU-regelverket skal ha ein sluttdato. Det er opp til kvart enkelt land å fastsetje nasjonal bruk av koronasertifikat.

2 Korleis koronasertifikat fungerer

2.1 Overordna om utferding og bruk av koronasertifikat

Du kan få utferda koronasertifikat dersom du anten 1) er vaksinert, 2) har registrert ein negativ covid-19-test som ikkje er eldre enn 24 timar, og/eller har vore smitta av covid-19 og har registrert ein covid-19-test som stadfester dette. Sjå nærare om dette i punkt 2.2 nedanfor.

Du kan få utferda koronasertifikatet ditt som ei teneste via helsenorge.no. Data om vaksinasjonsstatus, gjennomgått koronasjukdom og testresultat blir henta frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK og Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS).

Du kan velje om du vil at sertifikatet skal visast digitalt i sanntid, eller lastast ned til mobiltelefonen din for bruk utan kopling til internett. Du kan også velje å skrive det ut på papir. I samband med at koronasertifikatet blir kontrollert, kan kontrolløren også få tilgang til opplysningane som ligg i koronasertifikatet.  Sertifikatet inneheld ein QR-kode som ein nyttar som grunnlag for kontroll. Den som skal kontrollere koronasertifikatet, skannar QR-koden for å stadfeste at koronasertifikatet er gyldig etablert, men ikkje sertifikathavaren sin identitet. 

Du har høve til å nytte deg av to ulike typar kontrollsider i sertifikatet; éi kontrollside med grønt og raudt lys for innanlands bruk, og éi kontrollside for bruk i EU/EØS.  Kontrollsida for innanlands bruk kan berre nyttast i Noreg, og vil ha ein QR-kode som viser færre helseopplysningar og andre personopplysningar enn det europeiske koronasertifikatet. Dette er nærare omtalt nedanfor. Kontrollsida for EU/EØS vil frå 24. juni brukast til grensepassering inn til Noreg, inn til EU/EØS-land som har same type regulering, eller annan bruk fastsett i lov eller forskrift..

2.2 Kva er koronasertifikat?

Koronasertifikatet inneheld opplysningar som identifiserer deg som einskildperson (namn og fødselsdato) og tre medisinske delar. Dei medisinske delane består av éin del som viser vaksinasjonsstatus, éin del som viser gjennomgått koronasjukdom og éin del som viser negativt testresultat.

Personar som har fått påvist SARS-CoV-2 (viruset som gjev sjukdomen covid-19) med PCR-test, blir per mai 2021 vurderte som immune i seks månader etter positiv test. Denne perioden kan endrast (kortast ned eller forlengjast) i tråd med eventuelle nye vitskaplege funn.

Testresultat omfattar både PCR-test og antigen hurtigtest. For at testresultat skal vere tilgjengelege i koronasertifikatet, er det likevel kravd at testen er teken i helse- og omsorgstenesta og at prøvesvaret er registrert i laboratoriedatabasen som tilhøyrer Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS). MSIS vil vere kjelda til informasjon om prøvesvar. Både positive og negative testresultat vil visast i sertifikatet. Positiv test blir berre brukt for å dokumentere at du har vore smitta og har gått gjennom covid-19-sjukdom. Resultat frå sjølvtestar som blir utførte og lesne av av testpersonen (ikkje ved hjelp av helsepersonell), vil ikkje vere med i koronasertifikatet. Heller ikkje resultat frå massetesting som blir utført på skular eller andre stader vil vere med.

2.3 Koronasertifikat til bruk i EU/EØS

EU har vedteke at det skal opprettast eit europeisk koronasertifikat for å leggje til rette for auka forflytting over landegrensene, jf. Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2021/954 av 14. juni 2021 om eit rammeverk for utferding, verifisering og aksept av grenseoverskridande sertifikat om vaksinering, testing og restitusjon til tredjelandsborgarar med lovleg opphald eller som er lovleg på medlemsstatane sine territorium under COVID-19-pandemien og Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2021/954 av 14. juni 2021 om eit rammeverk for utferding, verifisering og aksept av grenseoverskridande sertifikat om vaksinering, testing og restitusjon til tredjelandsborgarar med lovleg opphald eller som er lovleg på medlemsstatane sine territorium under COVID-19-pandemien.

Regelverket i EU etablerer eit felles juridisk og teknisk rammeverk for utferding, verifikasjon og aksept av koronasertifikat i EU/EØS-området. Det skal vere ein rett for medlemsstatane sine borgarar å få utferda eit koronasertifikat digitalt eller i papirformat. Sertifikatet skal kunne verifiserast i ein annan medlemsstat enn der det er utferda, slik at ein under reiser skal kunne dokumentere status for vaksinasjon, gjennomgått koronasjukdom eller testing. Eit gyldig koronasertifikat skal ikkje vere ein føresetnad for å kunne reise i EU/EØS. Det skal vere opp til det einskilde landet å fastsetje bruken av sertifikata og kva for innreiserestriksjonar og smittevernrestriksjonar som skal gjelde. Hovudføremålet er å leggje til rette for fri personforflytting under pandemien. Regelverket seier også at borgarar i land utanfor EU/EØS-området, som bur eller oppheld seg lovleg i det felles reiseområdet, vil omfattast av ordninga med koronasertifikat.

2.4 Koronasertifikat til innanlands bruk

Det er oppretta eit koronasertifikat for innanlandsbruk- Sertifikatet vil byggje på opplysningar om testresultat, vaksinasjonsstatus og gjennomgått covid-19-sjukdom, men detaljerte helseopplysningar vil ikkje vere synleg slik som for kontrollsida til bruk i EU/EØS. QR-koden vil vise om sertifikatet er grønt eller raudt, og i tillegg minimalt med personlege opplysningar. Den forenkla utgåva kan derfor berre nyttast til innanlands bruk der det ikkje er behov for å skilje mellom testresultat, vaksinasjonsstatus og gjennomgått covid-19-sjukdom.

2.5 Nærare om vising og skanning av koronasertifikat

Det vil for bruk i Noreg bli utvikla ein eigen verifikasjonsapplikasjon (skannar) basert på teknologi frå Google og Apple med funksjonalitet for å kontrollere at koronasertifikat er gyldig ved å skanne QR-koden i koronasertifikatet. Opplysningane som blir samla inn ved skanninga, er synlege for kontrolløren, men dei blir ikkje sende vidare, og dei blir ikkje lagra i skannaren. 

QR-koden i det europeiske koronasertifikatet vil omfatte ei større mengd med personlege opplysningar enn det nasjonale koronasertifikatet. Sjå i punkt 4 nedanfor om kva opplysningar dei to koronasertifikata inneheld.

3 Rettsleg grunnlag

Når det gjeld behandling av personopplysningar som er nødvendige for utferding og verifikasjon av koronasertifikat for å lette fri forflytting i EØS (Europeisk koronasertifikat), er det rettslege grunnlagetsmittevernlova § 4A-1 og EU-forordningane 2021/953 og 2021/954 om EU sitt digitale koronasertifikat for EU/EØS-borgarar og for borgarar av tredjeland jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav c (rettsleg forplikting) og/eller bokstav e (oppgåve i ålmenta si interesse), jf. nr. 3 og artikkel 9 nr. 2 bokstav g om behandling av særlege kategoriar av personopplysningar som er nødvendige av omsyn til viktige ålmenne interesser.

For behandlinga av personopplysningar som gjeld nasjonalt koronasertifikat, er det rettslege grunnlaget dei nærare reglane som opnar for og regulerer bruk av sertifikatet innanlands, jf. smittevernlova § 4A-2 jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav c (rettsleg forplikting) og/eller e (oppgåve i ålmenta si interesse), jf. nr. 3, og artikkel 9 nr. 2 bokstav g, eventuelt bokstav i om folkehelseomsyn.

Ingen kan forskjellsbehandlast på grunnlag av at dei ikkje kan vise fram koronasertifikat, med mindre føresegner i eller i medhald av lov gjev rett til dette. Føresegner om at koronasertifikat er einaste aksepterte dokumentasjon, kan berre fastsetjast når det er vurdert nødvendig med effektiv og sikker verifikasjon, og det etter type smitteverntiltak og forholda elles ikkje vil vere uforholdsmessig. Dette vil seie at det må vere fastsett i lov eller forskrift for at ein kontrollør skal ha lovleg rett til å bruke koronasertifikat som grunnlag for kontroll og positiv forskjellsbehandling av deg og at slik bruk ikkje kan vere uforholdsmessig. Nærare regulering av bruken av eit koronasertifikat vil kunne skje i covid-19-forskrifta, og forskrift om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen.

Du kan lese oppdatert informasjon om bruksområde på Helsenoreg.

Det rettslege grunnlaget for bruk av koronasertifikat i andre land vil følgje av den nasjonale retten i det einskilde landet.

4 Kva for personopplysningar som blir behandla og som inngår i koronasertifikatet

4.1 Nasjonalt koronasertifikat

Nasjonalt koronasertifikat inneheld følgjande informasjon:

  • Delar av namn, fyrste bokstav i førenamn, tre bokstavar i etternamn
  • Fødselsår
  • Gyldigheit 

4.2 EU koronasertifikat

4.2.1 Felles informasjon

EU koronasertifikat inneheld tre medisinske delar for høvesvis vaksine, test og immunitet. Følgjande persondata er omfatta av alle dei tre delane: delsertifikata:

  • Fullt namn
  • Fødselsdato

Vidare inneheld dei medisinske delane slik informasjon som går fram nedanfor.

4.2.2 Vaksine

  • Kva slags vaksine og produsent
  • Dato for vaksinering
  • Tal dosar
  • Land
  • Unik identifikator for vaksinedose

4.2.3 Test

  • Kva for test
  • Dato for prøvetaking og resultat
  • Resultat av test
  • Kvar test er gjennomført
  • Kva for eit land test er teken i
  • Unik identifikator

4.2.4 Immunitet

  • Kva for ein sjukdom
  • Dato for positiv test
  • Gyldig frå dato
  • Gyldig til dato
  • Unik identifikator

4.2.5 Annan informasjon som inngår i sertifikatet:

  • Utferdar av sertifikat. [Truleg "Noreg" eller "FHI"]
  • Når sertifikat er utferda. Timestamp for når innbyggjar henta ut data frå Helsenoreg
  • ID til nøkkel som er brukt til signering

5 Utlevering av personopplysningar til andre

FHI utleverer ikkje personopplysningane dine til andre.

Norsk Helsenett SF vil som databehandlar på vegner av FHI tilby tenesta for å utferde koronasertifikat til innbyggjarane på helsenorge.no. Det ligg føre ei alternativ løysing for å utferde koronasertifikat på Helfo.

Når du bruker koronasertifikat og sjølv vel å vise det til ein kontrollør i samband med kontroll av sertifikatet, får kontrolløren tilgang til informasjonen i koronasertifikatet når vedkomande skannar QR-koden, men opplysningane blir ikkje lagra i kontrolløren sitt utstyr.

6 Rettane dine

I samband med FHI si behandling av personopplysningane dine har du rett til å be om innsyn i dei opplysningane vi behandlar om deg og å be om å få uriktige opplysningar retta eller sletta. Det er vaksinasjonsstad eller teststad, som ofte er kommunen du bur i, som kan rette eller slette opplysningar i MSIS og/eller SYSVAK.

For å få innsyn i opplysningane som blir behandla om deg i MSIS og/eller SYSVAK, kan du be om det via helsenorge.no eller ved å sende skjema til Folkehelseinstituttet:

Har du spørsmål til korleis Folkehelseinstituttet behandlar personopplysningane dine, må du også gjerne kontakte personvernombodet vårt ved å sende ein e-post til 

7 Klage

Du kan klage på FHI si behandling av personopplysningane dine. Vi vil i så fall gjerne at du tek kontakt med oss slik at vi får høve til å ta stilling til førespurnaden og eventuelt endre den måten vi behandlar opplysningane dine på. Du kan òg klage til Datatilsynet. Datatilsynet er eit uavhengig organ som fører tilsyn med at reglane om personvern i Noreg blir følgde. Du finn opplysningar om Datatilsynet, og om korleis du klagar, på Datatilsynet si heimeside.

Historikk

08.07.2021: Kapittel 2.1, fjernet denne setningen: Koronasertifikatet kan derfor berre nyttast saman med manuelt framlagt ID-bevis.

24.06.2021: Lagt til lenker til gjeldande regelverk.