person som mottar søknad om helsedata til forskning
Illustrasjon: FHI

Ny timepris for tilgang til helsedata frå 1. januar 2027

Nyhet

|

Publisert

Frå 1. januar 2027 kjem timeprisen for handtering av søknadar og tilgjengeleggjering av helsedata frå Folkehelseinstituttet til å auke frå 1 155 til 1 800 kroner.

Bakgrunn for auken

Timeprisen har vore uendra sidan 1. mars 2023. Sidan då har kostnadene for instituttet auka.

– Bakgrunnen for auken er både at prisen ikkje er justert i tråd med den generelle prisutviklinga dei siste åra, og at han ikkje dekkjer dei reelle kostnadene Folkehelseinstituttet har med å handtere søknadar, seier konstituert direktør ved FHI Elisabet Esbjerg Storvoll.

Per i dag dekkjer Folkehelseinstituttet (FHI) største delen av kostnadene til digitale system, IT-infrastruktur og andre tenester som er naudsynte for å handtere søknadar og gjere data tilgjengelege.

Forskrift om nasjonal løsning for tilgjengeliggjøring av helsedata opnar for at slike kostnader kan inngå i gebyret for handtering av søknadar. Gebyret kan ikkje vere høgare enn dei faktiske kostnadene med å handtere søknadar og forvalte løysinga.

– Dette er ein betydeleg auke, og vi er klar over at det vil føre til høgare kostnader for mange brukarar av helsedata. Samstundes har FHI store utgifter knytte til handtering av søknadar, og det å gjere helsedata tilgjengelege på ein trygg måte. Dagens pris dekkjer berre delar av desse kostnadene, og det er derfor nødvendig å justere han, seier Storvoll.

Prisnivå nærare dei andre nordiske landa

Den nye prisen gjer at vi no ligg på nivå med tilsvarande tenester i dei andre nordiske landa.

– Vi er med dette òg førebudde på endringar som kan kome dersom helsedataforordninga vert vedteken innført i norsk rett. Om Noreg blir ein del av det europeiske helsedataområdet vil europeiske aktørar kunne søkje om tilgang til norske helsedata på lik linje med norske aktørar, seier Storvoll.

Helsedataforordninga opnar, på lik line med nasjonale forskrifter, for at både kostnader knytt til handtering av den enkelte søknaden og enkelte faste kostnader knytt til infrastrukturen for sekundærbruk av helsedata kan inngå i gebyret. Det er ikkje høve til å ha forteneste på tilgjengeleggjering av helsedata.

– Norske helsedata er ein viktig ressurs for forsking og kunnskapsutvikling, og vi ønskjer at dataa skal nyttast. Samstundes er det rimeleg å tru at helsedataforordninga vil føre til fleire søkjarar av norske helsedata. For at vi framleis skal kunne levere ut data på ein trygg måte, er det viktig at timeprisen dekkjer ein større del av kostnadene med å gjere dataa tilgjengelege, understrekar Storvoll.

Den nye timeprisen på 1 800 kroner gjeld frå 1. januar 2027.

Publisert