Aknekrem under graviditet: Ikkje påvist auka risiko for misdanningar hos barn
Forskningsfunn
|Publisert
Topikale retinoider er A-vitaminbaserte kremar som blir brukte til å behandle akne. Det er ei bekymring for at desse kremane kan auke risikoen for misdanningar hos fosteret når dei blir brukte under graviditet. Gravide eller kvinner som ønskjer å bli gravide, blir derfor tilrådde å ikkje bruke dei.
Trass i bekymringar er det lite kunnskap som støttar ein direkte samanheng mellom bruk av aknekrem og medfødde misdanningar.
Ein ny nordisk studie har no undersøkt bruk av reseptbelagde aknekremar med A-vitamin under graviditet og risiko for medfødde misdanningar. Studien baserer seg på registerdata frå totalt 2 221 275 kvinner mellom 15–44 år i Noreg, Sverige, Island og Danmark i perioden mellom 2006–2024.
– Funna våre indikerer at det ikkje er ein betydeleg auka risiko for medfødde misdanningar hos barn når mødrene brukte A-vitaminbaserte aknekremar under graviditeten. Dette kan gi ein viss tryggleik til kvinner som har nytta slike kremar tidleg i svangerskapet, seier Erle Refsum, forskar ved FHI.
Studien er publisert i British Journal of Dermatology:
Anbefales framleis ikkje å bruke aknemedisin under graviditet
Blant dei 2172 kvinnene som brukte dei A-vitamina baserte kremane i starten av graviditeten vart 3,3 % av barna registrerte med misdanning, medan i samanlikningsgruppa som ikkje brukte desse kremane under graviditeten var andelen 3,0 %. Blant gravide som brukte andre kremar mot akne, som ikkje er knytt til misdanningar, var andelen 2,6 %. Totalt vart over 3,8 millionar barn fødde etter 22. svangerskapsveke inkluderte i studien.
– Ut frå våre data ser det ikkje ut som topikale retinoider medfører ein betydeleg auka risiko for misdanningar, som vanlegvis er definerte som ei dobling i risiko, seier Refsum.
Det er viktig å merke seg at studien baserer seg på tal over fødde barn, noko som betyr at spontanabortar eller svangerskapsavbrot ikkje er inkluderte. I tillegg kan ein ikkje vere sikker på at alle som henta ut resept på kremane faktisk brukte dei.
– Resultata betyr altså ikkje at vi kan tilrå bruk av desse kremane under graviditet, presiserer Refsum. Men i og med at vi ikkje kan påvise nokon auka risiko, bør resultata kunne roe dei som har brukt reseptbelagde aknekremar utan å vere klar over at dei var gravide.
Bruken av aknekrem har tredobla seg siste 18 åra
Data frå reseptregister i dei fire landa viser at bruken av topikale retinoider har tredobla seg blant kvinner i fertil alder frå 2006 til 2024, frå ein andel på 8,7 per 1000 i 2006 til 28,5 per 1000 i 2024.
Det er likevel framleis eit fåtal kvinner som bruker A-vitamin baserte kremar under graviditet. I studien fann ein at berre 0,86 per 1000 henta ut ein resept i første trimester av graviditeten. Dette tyder på at dei fleste følgjer tilrådinga om å ikkje bruke desse kremane når dei er gravide.