Nye tal på nordmenns fysiske form
Forskningsfunn
|Publisert
Menn og kvinner frå heile landet har i Kan3-undersøkingane fått testa sin fysiske form, ein av dei viktigsta indikatorane for helse i befolkninga.
I Kan-undersøkingane blir det fysiske aktivitetsnivået og den fysiske forma i befolkninga kartlagt med jamne mellomrom. I fjor kom hovudrapporten frå Kan3, som tok for seg befolkninga sitt fysiske aktivitetsnivå. I etterkant har 1200 av Kan3-deltakarane også gjennomført testing av kondisjon, muskelstyrke, balanse og rørsleevne. Resultata frå desse testane er no publiserte. Kan3 er gjennomført av Norges idrettshøgskole i samarbeid med Folkehelseinstituttet, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø, Høgskulen i Innlandet og Høgskulen på Vestlandet.
Stort forbetringspotensial
Det gjennomsnittlege oksygenopptaket i den norske befolkninga er godt over eller på nivå med det som er foreslått som anbefalte verdiar, noko som i seg sjølv er positive nyheiter.
Sjølv om det gjennomsnittlege oksygenopptaket er godt, ligg langt frå alle så godt an. Om lag 30-40 prosent av deltakarane har eit oksygenopptak under anbefalt nivå (35-40 ml/kg/min). For dei med lågast oksygenopptak kan sjølv daglegdagse aktivitetar som å gå i trapper eller motbakkar vere så krevjande at dei ikkje klarer å halde på meir enn nokre få minutt.
Lågt oksygenopptak gir auka risiko for ei rekke sjukdommar, dårlegare dagleg funksjon og for tidleg død.
– Den gode nyheita er at for denne gruppa skal det svært lite til for å auke oksygenopptaket, seier Jostein Steene-Johannessen, professor ved Norges idrettshøgskole, og kjem med nokon enkle tips: Det kan vere så lite som å velje trappene i staden for heisen, gå til butikken og fylle opp sekken med varer eller gå tur i motbakke og ulendt terreng slik at ein blir andpusten og litt svett. Personar som er i dårleg fysisk form kan få ein god treningseffekt av slik aktivitet så lenge den gjerast regelmessig.
Dårlegare form jo eldre vi blir – men du kan bremse utviklinga
Resultata viser at både oksygenopptaket, muskelstyrke og rørsleevne reduserast med aukande alder. I gjennomsnitt reduserast det maksimale oksygenopptaket med om lag 10% per tiår frå fylte 30 år, og det skjer ein betydeleg reduksjon av gripestyrke og balanse etter fylte 60 år. Men du kan sjølv bremse utviklinga om du regelmessig legg inn kondisjonstrening og fokuserer på aktivitetar som styrkar musklane og utfordrar balansen.
– Styrketrening er spesielt viktig frå 50–60-årsalderen, og sjølv personar godt over 70 år vil kunne auke både muskelmassen og styrken betrakteleg ved å starte med regelmessig styrketrening. Derfor er det viktig å ikkje berre tenkje på kondisjonstrening, men også på styrke -og balansetrening. Ei kombinasjon vil sikre dei aller fleste ein god fysisk funksjon i kvardagen, seier Steene-Johannessen.
Har nordmenns fysiske form betra seg?
Tal frå Kan3 kan samanliknast med tal frå Kan1 som blei samla inn i 2009/10. Det ser ikkje ut til å ha vore nokon endring i gripestyrke, men det kan sjå ut til at kondisjonen til gjennomsnittsnordmannen har auka noko mellom dei to undersøkingane.
– Det er gledeleg viss denne endringa er reell. Ein betring av oksygenopptaket kan bety mykje for folkehelsa framover, seier Ulf Ekelund, professor ved Norges idrettshøgskole og forskar ved Folkehelseinstituttet.
Men han understrekar at noko av den positive endringa kan forklarast med andre forskjellar mellom dei to utvala som vert samanlikna.
– Me har grunn til å tru at ein litt ulik seleksjon i samband med testing av maksimalt oksygenopptak i Kan3 har ført til at me har testa eit noko 'friskare' utval i Kan3 samanlikna med i Kan1. Den neste Kan-undersøkinga, som skal gjennomførast om nokre år, vil gje oss sikrare svar, seier Ekelund.