Aborttala går opp – auker mest blant dei under 30 år
Nyhet
|Publisert
Det har vore 6,7 % stigning i talet på abortar frå 2022 til 2023. Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenAborttala steig for første gang sidan 2008 i 2022 og held fram med å auke i 2023, viser den nye statistikken frå Abortregisteret som Folkehelseinstituttet publiserte den 7. mars. Tala er publiserte her
- Statistikkbanken for Abortregisteret (alle tala frå 1980)
- Fakta om abort (med 2023-tal)
- Rapport om svangerskapsavbrot 2023 (med forklaringar)
Oppgang i sjølvbestemte abortar – 10 % auke blant dei under 30 år
Frå 2022 til 2023 var det ein oppgang i sjølvbestemte svangerskapsavbrot.
I 2023 var det utført 12 814 abortar mot 12 009 i 2022. Det er ei stigning på 6,7 %. Blant dei under 30 er auken på cirka 10 % samanlikna med 2022-tala. Det er no likt med nivået i 2017 på 12 750.
Ettersom befolkninga har auka i denne perioden, må ein sjå på abortraten, antal abortar per 1000 innbyggarar i alderen 15–49 år, for å finne den reelle utviklinga.
I åra 2019–2022 har for første gong i historia raten vore under ti per 1000 kvinner, no er vi tilbake til ei samla rate for kvinner 15–49 år over ti på 10,4.
Tala visar at trenden med nedgangen i svangerskapsavbrot som vi har sett sidan 2008 har no snudd og vi ser ein reell oppgang ut over normaliseringa etter Covid-19, fastslår Løkeland-Stai.
I 2021 så vi òg for fyrste gong ein oppgang i aldersgruppa 15–19 år frå 4,4 i 2020 til 4,6 abortar per 1000 kvinner i 2021.
– I år ser vi ein ytterlegare oppgang til 5,9 per 1000 kvinner i aldersgruppa 15–19 år; seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret, Folkehelseinstituttet.
På landsbasis vert åtte av ti abortar i Noreg utført før 9. veke, og ni av ti abortar vert utført ved hjelp av medikament.
Nord-Noreg og Oslo har høgast aborttal
Ein ser framleis regionale skilnader.
Høgast abortrate
I 2023 hadde desse fylka dei høgaste abortratane, målte i antal abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år:
- Finnmark: 16,1
- Troms: 12,8
- Oslo: 12,6
Lågast abortrate
Desse fylka hadde dei lågaste abortratane:
- Rogaland: 7,8
- Møre og Romsdal: 8,4
- Telemark: 8,6
Årsak til oppgang
Graden av uplanlagde svangerskap vert påverka av kor mykje sex folk har og kor sikker prevensjon dei bruker.
– Vi ser at det har vore ein del saker i media i det siste om nedgang i bruk av hormonell prevensjon blant unge, og Apotekerforeninga har stadfesta at salet har gått ned. Redusert bruk av hormonell prevensjon heng ofte saman med auka aborttal, uttalar Løkeland-Stai.
– Studiar viser at bruk av langtidsverkande prevensjon, som til dømes p-stav og spiral, er den type prevensjon som i størst grad førebygger uynskte svangerskap, seier Løkeland Stai.
I overkant av halvparten av tidlege abortar var fullført heime i Helse Nord
Opp til veke 10 kan ein avslutte svangerskapet med medikament utanfor sjukehus, ofte kalla heimeabort.
Helse Nord kan som einaste helseføretak levere tal på kor mange abortar som vert avslutta som heimeabort. I 2023 vart 56,3 % av alle abortar opp til veke 10 avslutta utanfor sjukehus med ein variasjon på 8,7–77,6 % avhengig av sjukehuset som utfører behandlinga.
Nemndbehandla svangerskapsavbrot er stabilt
Svangerskapsavbrot etter tolvte veke må behandlast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnda, vert automatisk sende vidare til ei klagenemnd.
I 2023 vart det i alt utført 610 nemndbehandla avbrot. Av dei utførte nemndbehandla abortane vart nesten alle (607) innvilga i primærnemnd.
– Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskader og den andelen har auka dei siste åra, avsluttar Løkeland-Stai.