Barn og unge under pandemien
Dårlegare psykisk helse blant barn og unge, positivt frå barnehagane
Forskningsfunn
|Publisert
For barn og unge over 10 år ser det ut til at det var ein nedgang i trivsel, auke av angst og depresjon og auke i eteforstyrringar under pandemien. Tiltak i barnehagar ser ut til å ha gitt positive utslag, viser ei oppdatert hurtigoversikt frå FHI.
Dette er den tredje rapporten frå FHI om konsekvensane av pandemien for barn og unge.
Rapporten samanfattar 89 studiar frå siste år, og i tillegg blir funn samanfatta frå dei to tidlegare rapportane (sjå nede på sida), totalt 265 studiar. Det er framleis flest publikasjonar frå første halvdel av pandemien. Stadig fleire studiar blir publiserte frå nordiske land.
Dårlegare psykisk helse
Resultat frå studiar av psykisk helse kan tyde på ein nedgang i trivsel og auke i symptom på angst og depresjon blant barn og unge, men dette er hovudsakleg undersøkt blant barn og unge over 10 år. Studiane viste teikn på at det over tid var ei negativ utvikling etter kvart som pandemien skrei fram, noko som kan vere ein indikasjon på ein slitasje/langtidseffekt av pandemien for barn og unge.
– I behandlingsapparatet for psykiske vanskar viste studiane først ein nedgang i førespurnader og deretter ein mogleg auke til eit høgare nivå enn før pandemien. Førekomsten av eteforstyrringar ser ut til å ha auka i løpet av pandemien, seier prosjektleiar og forskar ved FHI, Heid Nøkleby.
Underrapportert vald
Det er framleis mykje som tyder på at valdshendingar vart underrapporterte under pandemien. Nedstenging og restriksjonar gav færre høve til å oppdage vald i familiar.
– Resultata tyder på at færre valdsutsette enn normalt oppsøkte hjelp, og færre tilfelle av vald eller overgrep mot barn og unge vart fanga opp i skule-, helse- og sosialtenestene, seier Nøkleby.
Positivt frå barnehagane
– Studiar frå barnehagar viste mange positive erfaringar med endringane som vart sett i verk i tråd med smitteverntiltaka, til dømes mindre barnegrupper og meir fridom til å organisere dagen. Erfaringar frå skulane – som jo var pålagd større avgrensingar – er langt meir varierte, fortel Nøkleby.
Heimeskule og digital undervisning vart opplevd svært ulik av barn og unge. Ein del elevar hadde det stort sett greitt, nokre få trivest ekstra godt med å vere heime, medan nokon opplevde situasjonen som vanskeleg, av ulike årsaker.
Faktorar for sårbarheit
Forskarane har også sett nærare på faktorar for sårbarheit på alle dei tematiske områda, det vil seie omstende eller kjenneteikn ved barn og unge som hadde det særleg vanskeleg. Nokre slike faktorar var fattigdom, psykiske vanskar i familien, innvandrarbakgrunn, lærevanskar eller LHBTQ+.
Tre år etter utbrotet til covid-19-pandemien er det utført mykje forsking på konsekvensar av pandemien og samfunnstiltaka som følgde.
- Dette er viktig kunnskap, både med tanke på oppfølging av barn og unge som har vore særleg negativt påverka, og med tanke på beredskap og innsatsar ved liknande kriser i framtida, avsluttar forskar Heid Nøkleby.
Tidlegare rapportar:
- August 2021: Konsekvenser av covid-19-pandemien for barn og unges liv og psykiske helse - oppdatering av hurtigoversikt
- Januar 2021: Konsekvenser av covid-19 på barn og unges liv og helse: en hurtigoversikt