Hopp til innhold
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Svakt fallande fruktbarheit i Noreg»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte og slette din e-postadresse ved å følge lenke i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Svakt fallande fruktbarheit i Noreg

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Forskningsfunn

Svakt fallande fruktbarheit i Noreg

Publisert

Fødemønsteret endrar seg, og norske kvinner får stadig færre barn. Men når vi ser på kor mange barn dagens 45-årige kvinner har fått, er fruktbarheita i Noreg framleis forholdsvis høg. Det går fram av ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Fødemønsteret endrar seg, og norske kvinner får stadig færre barn. Men når vi ser på kor mange barn dagens 45-årige kvinner har fått, er fruktbarheita i Noreg framleis forholdsvis høg. Det går fram av ein rapport frå Folkehelseinstituttet.


Rapporten samanfattar fem delprosjekt som har involvert forskarar knytt til Folkehelseinstituttet, Statistisk sentralbyrå, Institutt for samfunnsforsking og Universitetet i Oslo. Arbeidet har vore koordinert frå Folkehelseinstituttet sitt Senter for fruktbarhet og helse.

Endra fødemønster og fallande fruktbarheitstal

Den offisielle statistikken viser at kvinner er eldre enn tidlegare før dei får barn. Dette er ei av årsakene til at færre får eit tredje barn. Litt fleire kvinner er barnlause.

Samla fruktbarheitstal er eit vanleg mål på fruktbarheita i eit land. Dette er eit slags årleg bilde av fødemønsteret.

I 2009 var samla fruktbarheitstal 1,98 barn per kvinne. I 2018, som er det siste året vi har tal for, var samla fruktbarheitstal 1,56. Det vil seie ein forholdsvis sterk nedgang på ti år, men som seniorforskar Øystein Kravdal ved Folkehelseinstituttet og professor ved Universitetet i Oslo seier:

–  Fødealderen aukar, og eit samla fruktbarheitstal gir derfor ikkje eit riktig bilde av talet på barn som norske kvinner faktisk får i løpet av livet.

Kravdal har skrive samandragsrapporten i samarbeid med Rannveig Hart.

Får nesten to barn i gjennomsnitt

I staden for å sjå på samla fruktbarheitstal, kan vi ta for oss den såkalla kohortfruktbarheita. Dette er talet på barn eit fødselskull norske kvinner har fått fram til 45 års alder.

Kvinner som var 45 år i 2018, hadde fått 1,98 barn i gjennomsnitt. Det tilsvarande talet for 2010 var 2,06, og for 2005 var det 2,10.

– I åra framover blir det nok framleis ein viss reduksjon i talet på barn som nye kull med 45-åringane har fødd, fordi fødemønsteret er endra. Men det kan godt tenkast at vi aldri får sjå eit så lågt tal som 1,56 per kvinne, legg Kravdal til.

Kan barnetalet påverkast?

I fem delprosjekt har forskarane prøvd å finne årsaker til endringane i fødemønsteret og barnetalet og dernest vurdere kva som eventuelt kan gjerast for å hindre ytterlegare fall eller snu utviklinga. Dei tok for seg økonomi, helse, familieverdiar, permisjons- og barnepassordningar, og har samanlikna utviklinga i nordiske land.

Fallet i fruktbarheita har dei siste ti åra vore omtrent like sterk i alle dei nordiske landa og i alle utdanningsgrupper i kvart av landa.

Forskarane konkluderer med at endringar i familieverdiar kan ha medverka til utviklinga. Ikkje minst kan det ha skjedd endringar i oppfatningane om kor viktig barn og familie er i forhold til anna i livet. Det finst likevel lite kunnskap om dette, sjølv om det er dokumentert samanhengar mellom fruktbarheit, religiøsitet og andre verdiindikatorar.

Ein del tiltak som bidrar til å redusere kostnadene ved å ha barn, har truleg bidratt til at barnetalet trass alt er høgare i Noreg enn i mange andre europeiske land. Det er mogleg at endå lågare pris for barnehage og skulefritidsordning kan bidra til høgare barnetal. Større barnetrygd kan òg ha ein slik verknad.

Det er ikkje grunnlag for å seie at lengda på permisjonen til far påverkar vidare fruktbarhet.

Kvinner må i gjennomsnitt føde nesten 2,1 barn (2,07) for at folketalet skal haldast oppe på lang sikt viss inn- og utvandring balanserer kvarandre.

Forslag til vidare forsking for å tette kunnskapshol

Noen andre endringar i samfunnet dei siste ti åra kan òg ha bidratt til fallet i fruktbarheit, kanskje spesielt at færre arbeider deltid, og at færre unge vaksne lever i samliv. Dette er ikkje analysert i rapporten.

– Dei registerdataa vi har i Noreg og andre nordiske land, er eit godt utgangspunkt for å undersøke hypotesar om fruktbarheitsutviklinga, og for å vurdere om familiepolitiske tiltak verkar. Det hadde vore ein stor fordel om vi kunne supplere slike data med regelmessige intervjuundersøkingar, der vi kunne spørje folk om kva som er grunnane til at dei eventuelt ikkje ønsker å bli foreldre eller få fleire barn, eller kvifor dei ønsker å vente litt før dei får barn, seier Kravdal.

– Viss slike undersøkingar blir gjennomførte med jamne mellomrom framover, vil vi vere betre rusta til å forstå eventuelle framtidige svingingar i fruktbarheten, avsluttar han.

Om rapporten og prosjektet

Prosjektet «Årsaker til låg fruktbarhet» vart utført i 2019 og er finansiert av fire departement; Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Les heile rapporten her: Fallende fruktbarhet i Norge