Barn og unge er ikkje nok fysisk aktive
Forskningsfunn
|Publisert
Korkje 6-, 9- eller 15- åringane har blitt meir aktive i perioden frå 2005 til 2018. Målet om å redusere andelen inaktive barn med 10 prosent innan 2025 er framleis langt unna.
Barn og unge er tilrådde å vere moderat til hardt fysisk aktive i minst 60 minutt om dagen. I ei ny nasjonal kartlegging har Noregs idrettshøgskole og Folkehelseinstituttet undersøkt fysisk aktivitet, stillesittande tid og fysisk form blant barn og unge («UngKan»). I tillegg er det berekna om barn og unge oppfyller «60 minutt-anbefalingane».
Resultata viser at:- Gutane er mest aktive og i betre fysisk form enn jentene i alle årsgrupper
- Mest aktive er seks år gamle gutar, der 94 prosent oppfyller anbefalinga om å vere fysisk aktiv i minst 60 minutt om dagen
- Minst aktive er 15 år gamle jenter, der berre 40 prosent oppfyller anbefalinga
Undersøkinga vart gjennomført i 2018 og er den same som vart gjennomført i 2005 og 2011. Tala viser at aktivitetsnivået blant barn og unge stort sett har vore stabilt i perioden frå 2005 til 2018.
I undersøkinga brukte barna og ungdommane aktivitetsmålar i sju dagar, noko som gjer resultata meir pålitelege enn når det blir brukt spørjeskjema.
Langt unna WHO sitt mål om å redusere inaktivitet innan 2025
– WHO har sett opp ni mål for å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar som kreft, hjarte- og karsjukdom og diabetes. Eitt av måla er at vi skal redusere andelen inaktive barn og unge med 10 prosent i perioden 2010 til 2025. Inaktivitet vil her seie mindre enn 60 minutt fysisk aktivitet per dag. Når tala er stabile, tyder det at vi så langt ikkje ligg an til å nå 2025-målet, seier Knut-Inge Klepp, områdedirektør for psykisk og fysisk helse ved Folkehelseinstituttet.
Figur 1. Andelen (95 % konfidensintervall) jenter og gutar som oppfyller anbefalinga om minst 60 minutt moderat til hard fysisk aktivitet per dag. Totalt antal undersøkte er 3049. *Resultatet for jenter er signifikant forskjellige frå gutar i aldersgruppa (p<0,001).
Barn og unge vert altså rådde til å vere fysisk aktive med moderat til hard intensitet i minst 60 minutt dagleg. Dette klarer ikkje alle, og andelen fell med aukande alder. Gutane er betre enn jentene i alle aldersgruppene.
Sit stille store delar av dagen og mest i helgene
Resultata viser også:- Omtrent halvparten av dagen sit 6-åringane stille.
- Både gutar og jenter i 6- og 9- årsalderen er meir aktive i vekedagane enn i helgene.
- For ungdomane på 15 år er det ikkje stor skilnad mellom vekedag og helg. Dei er stillesittande heile ni timar dagleg, kvardag som helg, noko som utgjer 73 prosent av tida dei gjekk med aktivitetsmålaren. Berre 8 prosent av tida bruker 15 åringane på aktivitet som tilsvare moderat til hard intensitet.
Figur 2. Prosentdel av tid i ulik intensitet fordelt på alder
Lite skal til for å betre resultatet
Tiltak for å auke den fysiske aktiviteten i befolkninga er sentrale for å betre folkehelsa.
Figur 3 . Andelen 6-, 9- og 15-åringar (gutar og jenter samla) som ville oppfylt anbefalinga om minst 60 minutt med moderat til hard fysisk aktivitet per dag ved 10-20 minutt dagleg auke i moderat til hard fysisk aktivitet.
Her ser ein illustrerer kor stor del av utvalet som ville ha oppfylt anbefalingane dersom moderat til hard fysisk aktivitet vart auka med 10-30 minutt om dagen. Vi ser av figuren at potensialet for endring er størst for 9- og 15-åringane. Dersom heile utvalet eksempelvis auka den moderat til harde fysiske aktiviteten med 10 minutt i gjennomsnitt per dag, ville andelen som når anbefalinga auke frå om lag 72 prosent til 87 prosent hos 9-åringane, og frå om lag 46 prosent til 65 prosent hos 15-åringane.
Viktig å følgje med på 9-åringane
Gjennomsnittleg aktivitetsnivå har vore stabilt sidan 2005 både for 6-åringar og 15-åringar.
Ser vi på resultata for 9-årige gutar, tyder det på at denne gruppa er litt mindre fysisk aktiv no enn tidlegare.
– Det er vanskeleg å seie om den reduserte aktiviteten hos 9 år gamle gutar i 2018-målinga er uttrykk for ein trend, eller om det er ei tilfeldig endring. Men det er ein risiko for at dei 9-årige gutane som i dag er lite fysisk aktive, framleis vil vere lite aktive når dei blir eldre. For å forstå og følgje med på dette, er det viktig med hyppigare undersøkingar blant barn, til dømes kvart tredje år, understrekar Ulf Ekelund, forskar ved Folkehelseinstituttet og professor ved Noregs idrettshøgskole.
Korleis er deira fysisk form?
I tillegg til å bruke aktivitetsmålar gjennomførte deltakarane ulike fysiske testar.
Gutane skårar betre på alle fysiske testar og skilnaden mellom jenter og gutar aukar med alderen. Eit unntak var situps for aldersgruppa 6 år, her var gutar og jenter like gode.
Når det gjeld kondisjonstesten viser resultata at dei 10 prosent som spring lengst, spring 30 prosent lengre enn dei 10 prosent som spring kortast.
– Dei som spring kortast, er dei same som er minst fysisk aktive. Dei er cirka 20 minutt mindre aktive per dag ein dei som er mest aktive, og er lengst unna målet om å vere i moderat til hard fysisk aktivitet 60 minutt om dagen. Målingane viser òg at desse borna har høgast kroppsmasseindeks (KMI), poengterer Ulf Ekelund.
– Når det gjeld styrke og kondisjon, presterer norske jenter og gutar like bra eller betre enn andre europeiske barn på same alder, seier Ulf Ekelund.
Vektutvikling
– Det er positivt at andelen barn og unge med overvekt og fedme ser ut til å vere stabil og i samsvar med resultata frå blant anna Barnevekstundersøkinga frå 2016, seier Ulf Ekelund.
Kva har vi ikkje tal på?
– Undersøkinga kan ikkje seie noko sikkert om sosial ulikheit i utviklinga av fysisk aktivitet blant barn og unge og heller ikkje noko om innvandrargruppene. For å seie noko om desse gruppene treng vi undersøkingar der antalet deltakarar må vera høgare enn i kartleggingsstudiane, understrekar Ekelund.
Fakta om undersøkinga
Noregs idrettshøgskole har gjennomført undersøkinga, som er ei landsomfattande kartlegging av fysisk aktivitetsnivå og fysisk form. Totalt 3594 gutar og jenter fordelt mellom aldersgruppene 6-, 9- og 15 år deltok. Deltakarane kom frå 68 ulike skular spreidd utover heile Noreg. Datainnsamlinga starta i desember 2017 og vart avslutta i november 2018 .
Aktivitetsnivået blei registrert med aktivitetsmålarar (akselerometer). I tillegg blei fysisk form målt ved hjelp av fysiske testar og målingar.
Det er tredje gong denne undersøkinga er gjennomført. Tilsvarande undersøkingar vart gjennomførte i 2005 og 2011. For meir informasjon, sjå Helsedirektoratet sine nettsider:
- Fysisk aktivitet blant 6-, 9- og 15-åringar i Noreg – Resultat frå ei kartlegging i 2011 (pdf)
- Fysisk aktivitet blant barn og ungdom – Resultat frå ei kartlegging av 9- og 15-åringar i 2005–2006 (pdf)