Musefelle laget av tre og metall, med ost som åte. I bakgrunnen ser man en mus, men musen ikke i fokus.
Illustrasjonsfoto: Lillian Tveit/Mostphotos

Konferanse om trygg og kunnskapsbasert skadedyrkontroll

Melding

|

Publisert

Den 5. mars inviterer Folkehelseinstituttet (FHI) og Leverandørutviklingsprogrammet (LUP) til konferanse om helsefremjande og berekraftige løysingar for handtering av rotter og mus. Kampen mot smågnagarar er eit område der det i dag finst mange ulike metodar, men få felles standardar.

Konferansen gir eit oppdatert bilete av utfordringane kommunar og byggeigarar står overfor, og diskuterer tilgjengelege og innovative løysingar.

Arrangementet byggjer på FHI-prosjektet GNIST, som undersøker korleis bruk av gift kan reduserast til fordel for meir effektive, helsefremjande og berekraftige tiltak.

Blant temaa er behova til kommunane, erfaringar frå byggeigarar, teknologiske moglegheiter og korleis samarbeid mellom leverandørar og offentleg sektor kan gje betre tenester. 

Me inviterer spesielt offentleg forvaltning og kommunale bestillarar av skadedyrbekjempelse til å senda inn erfaringar og konkrete problemstillingar dei møter i innkjøp – dette vil bidra til å forma dialogen og sikre at konferansen treffer reelle behov. Send gjerne ein e-post til Heidi Sjursen Konestabo.

Leverandørar får òg høve til å presentera eigne løysingar. Leverandørar kan melda interesse for å presentera i påmeldingsskjemaet.

Program og påmelding

Program og informasjon om påmelding finn du på arrangementssiden: Trygg, kostnadseffektiv og kunnskapsbasert skadedyrkontroll

Konferansen vert gjennomført digitalt.

Publisert