Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Helsetilstanden i Romania»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Helsetilstanden i Romania

Artikkel

Helsetilstanden i Romania

Romania har hatt framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder ved fødsel auka med 2,7 år til 80,1 år for kvinner – mot 82,2 år i Noreg. For menn er auken på 2,8 år til 74,0 år – mot 76,7 år i Noreg.

Figur med kurver som sammenlikner utvikling av dødsrate
Døde per 100.000 barn under 5 år, begge kjønn, alle årsaker. Utvikling 1990–2016. Romania, Noreg og gjennomsnittet for Europa-regionen. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington, USA.

Romania har hatt framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder ved fødsel auka med 2,7 år til 80,1 år for kvinner – mot 82,2 år i Noreg. For menn er auken på 2,8 år til 74,0 år – mot 76,7 år i Noreg.


Auken i forventa levealder skuldast blant anna at langt færre spedbarn og småbarn dør no enn før. Romania var i 2016 nede på nivået Noreg låg på i 1990 når det gjeld dødsfall for barn under 5 år. Jf. figuren over som viser utviklinga sidan 1990 for Romania samanlikna med Noreg og eit gjennomsnitt for Europa.

Overgangsfase

Romania er i ein overgangsfase. Landet har kjenneteikn på eit utviklingsland med gjentatte infeksjonssjukdommar frå tuberkulose, seksuelt overførbare sjukdommar og mangel på primærhelseteneste, særleg i grisgrendte strøk.

Men samtidig viser dei òg typiske trekk for eit utvikla land: Dei viktigaste årsakene til for tidleg død i Romania er hjarte- og karsjukdommar, mens både iskemisk hjartesjukdom og hjerneslag er i nedgang sidan 2005. Det same gjeld kols og skrumplever. Lungekreft, endetarmskreft og Alzheimers sjukdom er derimot på veg oppover.

Dødsulykker i trafikken er eit av områda der rumenarane har lykkast godt med førebygging: Nedgangen er på over 35 prosent sidan 2005, jf. figur 2 om dei viktigaste årsakene til for tidleg død.

Ti viktigaste årsaker til for tidleg død i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016, alle aldre. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Ti viktigaste årsaker til for tidleg død i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016, alle aldre. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Figur 2. Ti viktigaste årsaker til for tidleg død i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016, alle aldre. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Risikofaktorar for tidleg død og dårleg helse

Dei risikofaktorane som gir mest død og dårleg helse kombinert i Romania, er høgt blodtrykk, uheldig kosthald, alkohol- og rusmisbruk, tobakk, høg kroppsmasseindeks, høgt totalkolesterol, luftforureining, høgt fastande blodsukker og yrkesrisiko. Men alle desse faktorane er i nedgang sidan 2005. Derimot aukar svekka nyrefunksjon som risikofaktor, mens feilernæring går kraftig ned, jf. figur 3.

Dei ti viktigaste risikofaktorane til helsetap og tapte leveår i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Dei ti viktigaste risikofaktorane til helsetap og tapte leveår i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Figur 3. Dei ti viktigaste risikofaktorane til helsetap og tapte leveår i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Helseutfordringar for romfolket

Når det gjeld helseutfordringane til romfolket, legg rumenske helsemyndigheiter vekt på at dei er påvirka av særskilde faktorar – dei fleste knytt til sosio-økonomiske faktorar og livsstil: fattigdom, miljøfaktorar, røyking, alkoholbruk, fysisk inaktivitet og uheldig kosthald.  
I plandokumentet for folkehelseprogrammet under EØS-midla for 2014–2021 peikar dei på at helsesystemet ikkje leverer godt nok og er for fokusert på behandling i staden for førebygging og helsefremming. I folkehelseprogrammet er derfor hovudstrategien å satse meir på førebygging enn behandling og "snu" tenestepyramiden for å nå fleire utsette grupper og grisgrendte strøk. 

Les meir om helsesituasjonen og helseutfordringar i Romania på nettsidene til Institute for Health Metrics and Evaluation.  

Referanse

GBD Compare: Romania, Institute for Health Metrics, University of Washington, Seattle, USA.