EØS-programmet om folkehelse
EØS – Romania: Status for utvelging av helseprosjekt
Artikkel
|Oppdatert
Romania blei medlem av EU og EØS i 2007 og har mottatt EØS-middel sidan da, mellom anna til folkehelse. I inneverande EØS-periode, 2014-2021, har dei hatt god respons på dei to første opne utlysingane til helseprosjekt.
Siste nytt
I årsrapporten for 2021 har den rumenske programleiinga varsla at forskjellane i helse vil auke samanlikna med Vest-Europa etter covid-19-pandemien som har råka dei hardt. Sjukehus overfylte med koronapasientar, store etterslep i ordinær sjukebehandling, lange periodar med nedstenging og tre skifte av helseministrar er blant årsakene til forseinka planar. I denne krevjande stoda valde programleiinga å prioritere søknadsvurdering, predefinerte prosjekt og gjennomføringskapasitet. Sjå meir under kapitlet Sju predefinerte prosjekt.
Historikk
Romania har tatt imot EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2007. Dei første to åra vart støtta organisert i mindre prosjekt. Sidan 2009 har støtta skjedd innanfor fleire større programområde, mellom anna folkehelse.
Romania har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der går det fram korleis dei har brukt EØS-midla i perioden 2009–2014. I den perioden gjennomførte dei eit avgrensa program innan folkehelse.
I 2014 vedtok Romania ein nasjonal helsestrategi for 2014–2020. I den nye helsestrategien er lokalsamfunn for første gang tatt opp spesielt, og dei vil sjå sosiale og medisinske tilhøve i samanheng for å få til meir tilpassa helsetenester for folk på landsbygda. Strategien har gitt retning framover også for satsinga på eit eige folkehelseprogram med EØS-pengar.
Programmet skal førebygge og minske ulikskap i helse
For finansieringsperioden 2014–2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovudsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom. Romania kallar folkehelseprogrammet for Europeiske folkehelseutfordringar, og det er satt av 40 millionar euro frå EØS-midla, jf. figuren under. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet er norske programpartnarar.
Etter ein konsultasjonsrunde med 50 rumenske interessentar i 2017 vart det avklart kva landet vil satse på innan folkehelseprogrammet i den nye perioden. Hovudstrategien er å satse meir på førebygging enn behandling og "snu" tenestepyramiden. Gradvis vil dei prioritere primærehelsetenesta høgare, og innafor sjukehusvesenet vil dei prioritere poliklinikkane og regionale akuttenester. Slik vil dei nå fleire utsette grupper i samfunnet og minske den sosiale ulikskapen i helse.
Sjå eigen artikkel om helsetilstanden i Romania.
Dessutan har røynslene frå tidlegare prosjekt lært dei at det er viktig at moderne informasjonsteknologi er integrert i ein felles IKT-infrastruktur for å skape eit berekraftig helsesystem for framtida. Dei vil bruke fleire finansieringskjelder enn EØS-midla for å få til dette.
Sju programområde
Romania har gått inn for sju område i sitt program Europeiske folkehelseutfordringar:
- Førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
- Førebygging og kontroll med smittsame sjukdommar i samsvar med det internasjonale helsereglementet
- Utvikling av helsesystemet, inkludert informasjons- og overvakingssystem
- Helseteneste for alle (Universal access to health care)
- Minska sosial ulikheit i helse og sjukdomsbyrde
- Psykisk helse, inkludert problem knytta til alkohol- og rusmisbruk
- Styrke systemet for primærhelsetenesta
Programmet legg vekt på å styrke primærhelsetenestene, at det er tilgang til helsetenester for alle og at den sosiale ulikskapen i helse skal minskast, særleg med omsyn til helsestatusen for romfolk. Det er gjennomført to opne utlysingar av prosjektmiddel:
-
Den første utlysinga, om auka tilgang på helsetenester for sårbare grupper i utkantstrok, inkludert romfolk, gav 56 søknader – 20 med norsk partnar. Utvelging vil truleg vere ferdig i løpet av mai 2022.
-
Den andre utlysinga gjaldt oppsøkande helsetenester til sårbare grupper i utkantstrok, inkludert romfolk, og var retta mot friviljuge organisasjonar i Romania. Dei fekk inn 33 søknader, og utvelginga vil truleg vere ferdig i løpet av mai–juni 2022.
Sju predefinerte prosjekt
Sju område er peika ut som mest eigna for såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søker å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke strategiske behov i staden for å bruke ope utlysing.
Dei predefinerte prosjekta gjeld mest kvinnehelse, barnehelse og dei største ikkje-smittsame sjukdommane pluss tuberkulose:
- Styrke nasjonalt nettverk i primærhelsetenesta for å betre helsestatusen i befolkninga, inkludert sårbare grupper (8,8 millionar euro – 36 månader). Status ved årsskiftet: Nettstad er lansert og spørjeundersøkingar for både barn og vaksne er førebudd for gjennomføring i mars 2022.
- Styrke nasjonal kapasitet til å gjennomføre organisert kostnadseffektiv kreftscreening (2,0 millionar euro – 24 månader). Status ved årsskiftet: Sju distrikt er valde ut, dør-til-dør-kampanje er gjennomført og dei har nådd 30.000 kvinner og gitt HPV-vaksine til 7005 kvinner i risikogruppa.
- Etablere eit nasjonalt helsepersonellregister for å styrke pasientplanleggingstenestene (0,5 millionar euro – 36 månader). Status: Prosjektet er kansellert pga. manglande kapasitet.
- Kvalitetsregister for akutt hjerteinfarkt (2,5 millionar euro – 24 månader). Status ved årsskiftet: Register med lukka nettstad er klart og utstyr innkjøpt og i funksjon, men inkludering av pasientar er forseinka pga. pandemien.
- Styrke tuberkulosekontrollen: Prosjektpromotør er «Marius Nasta» Pneumology Institute, norsk prosjektpartner er LHL Internasjonal (10 millionar euro – 36 månader; avtale er signert og prosjektet starta i mai 2020). Status ved årsskiftet: Utstyr til TB-kontroll og medisin til multiresistent TB-behandling er kjøpt inn, men gensekvenseringslaboratoriet er forseinka. Lansering av nettsted og konferanse er utsett til første halvår 2022.
- Betre diagnostisering og behandling av barnekreft (3,8 millionar euro – 24 månader). Status ved årsskiftet: Retningsliner er utvikla og delt, opplæring gjennomført, det meste av utstyr er innkjøpt. Prosjektnettstad er oppdatert og lanseringskonferanse gjennomført.
- Støtte til utvikling av lokal psykisk helseteneste for barn og unge (2,5 millionar euro – 36 månader). Status ved årsskiftet: Det administrative opplegget er klart, materiell er skaffa, opplæring av 104 personar er i gjennomført og bevisstgjeringskampanje lansert. Prosjektnettstad og Facebookside er òg lansert.
- Profesjonell trening i å førebygge, overvake og kontrollere sjukehusinfeksjonar og forvalte antibiotikaforbruket (1,7 millionar euro – 24 månader). Status: nasjonal handlingsplan er ferdig. Sjå omtale av prosjektsamarbeidet med FHI.
Mål og indikatorar
Romania vil bli målt på desse delmåla og tilhøyrande indikatorar under programmet Europeiske folkehelseutfordringar:
1. Betre politikk og tenester for førebygging av sjukdom
Delmål:
1.1 Analysert data med sikte på å utvikle adekvat helsepolitikk nasjonalt og lokalt
1.2 Oppdatert/utvikla rettleiingsverktøy for primærhelsetenesta
1.3 Skaffa kapasitet for og vere i gang med monitorering av tenestene
1.4 Innført ein integrert helsetenestemodell
1.5 Skaffa primærhelseteste og lokalsamfunnsteneste for sårbare grupper
1.6 Utvikla helseregister
1.7 Utvikla primærhelseteneste og lokalsamfunnsteneste i avsides og sårbare område
Desse indikatorane vil programmet bli målt på:
- Tilfredsheit med nivået på mottatte helsetenester
- Tallet på sårbare personar som har mottatt førebyggande helsetenester (roma telt atskilt)
- Tallet på primærlegar som brukar PREVENT
- Tallet på lokalsamfunn som har fått støtte i dør-til-dør-kampanjen for kreftscreening i 7 fylker
- Tallet på personar som mottar kreftscreening og HPV-vaksinering
- Tallet på kvinner som har mottatt oppfølgingsbehandling ved ambulerande einingar eller mobile einingar (roma telt atskilt)
- Tallet på studiar og policynotat om livmorhalskreftscreening og kvalitetssikring (frå givarlandet)
- Tallet på utvikla register for personellforvaltning i helsetenesta
- Raten tidleg oppdaga hjertefeil som følge av iskemisk hjartesjukdom
- Gjennomført studie om førekomsten av dei hyppigaste sjukdommane blant barn og unge (1.1)
- Gjennomført studie om førekomsten av sosio-økonomiske faktorar og risikofaktorar for helsa (1.1)
- Tallet på lokale team som brukar rettleiingsverktøyet (1.2)
2. Betre tilgang til helsetenester for sårbare grupper
Delmål:
2.1 Gjennomført hurtigdiagnosetest for tidleg diagnose av tuberkulose
2.2 Etablert ambulerande pasientretta helseteneste i samsvar med tilrådingar frå WHO
2.3 Skaffa kapasitet på diagnostikk innan hematologi og forbetringar innan barnekreft
2.4 Skaffa eigna tidlege behandlingstiltak for barn med risiko for å utvikle psykisk sjukdom
2.5 Tilbudt oppsøkande tenester og andre prosjekt til sårbare grupper
2.6 Gjennomført trening i å forvalte pasientsikker antibiotikabruk mot sjukehusinfeksjonar og antibiotikaresistens
Desse indikatorane vil programmet bli målt på:
- Dødeligheitsraten av tuberkulose per 100 000
- Meldingsraten av alle former for tuberkulose per 100 000 – bekrefta bakteriologisk og klinisk diagnostisert, nye og tidlegare behandla tilfelle per 100 000
- Behandlingssuksessraten – bakteriologisk bekrefta nye TB-tilfelle
- Auka rate behandla tilfelle av barnekreft
- Tallet på retningsliner tilpassa behova på området psykisk helse
- Tallet på barn med psykisk helseproblem med tilgang til tenester (roma telt atskilt)
- Tilfredsheit med oppsøkande tenester blant folk frå sårbare grupper
- Tallet på nasjonale handlingsplanar for antibiotikaresistens og sjukehusassosierte infeksjonar som er utvikla og testa ut (2.6)
- Tallet på personar testa for tuberkulose (2.1)
- Tallet på pasientar som har fått adekvat behandling og støtte (sosialt og psykologisk) mot multi- og superresistente tuberkulosebakteriar (2.2)
- Tallet på barn som programmet har nådd (2.3)
- Tallet på helsepersonell trent i barneblodsjukdommar og kreft og stråleterapi (2.3)
- Tallet på retningsliner for diagnose og behandling utvikla og i bruk på alle stader innan feltet barnekreft og blodsjukdommar (2.3)
- Utført nasjonal studie om tilfelle av psykiske helseforstyrringar blant barn og unge, særleg gjennomgripande utviklingsforstyrringar hos barn (2.4)
- Tallet på standardar for lokale psykiske helsetenester som er utvikla og i bruk (2.4)
- Tallet på barn diagnostisert med ein psykisk forstyrring (roma telt atskilt) (2.4)
- Tallet på barn diagnostisert med ein psykisk forstyrring som får passande behandling (roma telt atskilt) (2.4)
- Tallet på prosjekt for å betre tilgangen til helsetenester i avsides strøk eller for sårbare grupper (2.5)
- Tallet på sårbare personar som har fått helsetenester (roma telt atskilt) (2.5)
- Tallet på funksjonelle verktøy utvikla for nasjonale handlingsplanar mot antibiotikaresistens og sjukehusassosierte infeksjonar (2.5)
- Tallet på metodikkar mot antibiotikaresistens og sjukehusassosierte infeksjonar som er utvikla og testa ut i 5 sjukehus (2.5)
3. Betre samarbeid mellom mottakar- og givareiningar som er med i programmet
Delmål:
3.1 Kunnskap på helseområdet er utveksla mellom Romania og EØS-land
Desse indikatorane vil programmet bli målt på:
- Nivå av tillit mellom samarbeidande einingar i mottakar- og givarland
- Nivå av tilfredsheit med samarbeidet
- Kor stor del av samarbeidande personar som brukar kunnskapen oppnådd gjennom bilateralt partnarskap (i prosent)
- Raten prosjekt gjennomført i partnarskap med einingar frå EØS-land (3.1)
- Tallet på bilaterale initiativ i Romania eller EØS-land for å styrke bilateralt samarbeid, utveksling av gode rutinar og kunnskap på helseområdet (3.1)
Bilaterale ambisjonar
Programmet ønsker seg auka gjensidig kunnskap og forståing mellom givarlanda (Island, Liechtenstein og Noreg) og Romania innanfor folkehelse.
På programnivå har dei to donorprogrampartnarane – Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet – blitt inviterte til å ta del i utvelginga av prosjekt. Det var ikkje tilfelle i førre periode, og Romania vil bruke konferansar og fellesseminar for å spreie kunnskap om EØS-midla og skape interesse for bilateralt samarbeid.
Bilateralt samarbeid på prosjektnivå er ønskjeleg og oppfordra til. Ei kjelde til å dele kunnskap og erfaringar er fondet for bilaterale relasjonar, som gir støtte til studiebesøk, fellesseminar og ekspertbesøk eller konsultasjonar.
Eit EØS-nettverk om barns og unges helse er finansiert over fondet for bilaterale relasjonar. Nettverket skal dele kunnskap og utfordringar, gjere samarbeid over landegrensene lettare og bidra til bærekraftig og effektiv gjennomføring av folkehelseprogramma.
Arbeidsprosessen vidare
Programmet blir gjennomført ved hjelp av tre ordningar:
- Dei sju predefinerte prosjekta omtalt over
- Dei to utlysingsrundane av prosjektmiddel omtalt under Siste nytt,
- Ei eiga ordning med småbeløp (Bilaterale middel) for å sikre samarbeidet mellom Romania og Noreg på helseområdet.
Det er berre rumenske organisasjonar og verksemder som kan søke om prosjektmiddel. Dei som får innvilga søknaden, kan invitere norske organisasjonar eller verksemder med i prosjektet. Det bilaterale fondet kan finansiere seminar og konferansar, og såleis lette prosessen med å finne gode norske prosjektpartnarar og hente ekspertråd undervegs.
Nyheitsvarsel frå Folkehelseinstituttet
Du kan abonnere på nyheitsvarsel og få melding om utlysingar og andre nyheiter om EØS-midla på e-post ved å klikke på "Få siste nytt" øverst på temasida.