EØS-programma om folkehelse
Estlands helseprogram
Artikkel
|Oppdatert
Estland er eit av samarbeidslanda som har valt å prioritere folkehelse innafor EØS-programma. Dei kallar programmet der folkehelse inngår, for "Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom".
Historikk
Estland har motteke EØS-pengar sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. Dei første åra vart støtta organisert i mindre prosjekt. Sidan 2009 har støtta skjedd innafor større programområde. Estland har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der går det fram korleis dei brukar EØS-midla for finansieringsperioden 2014–2021.
Estland understrekar kor viktig helse er for velstand og vekst, men òg for sosial inkludering, samanheng og motstandsdyktigheit i samfunnet. Nasjonalt er estisk helsepolitikk velstrukturert. Det gjeldande helseprogrammet for EØS-middel bygger på helseplan for perioden 2009–2020 (pdf). I den nye helseutviklingplanen for 2020–2030 er auka forventa levealder og raskare auke i tallet på gode leveår overordna mål. Utjamning av helseskilnader mellom kjønn, regionar og utdanningsnivå er òg viktige mål i utviklingsplanen. Dette vil dei nå gjennom tre program: brukarorientert helseteneste, helsestøttande individuelle helseval og helsestøttande miljø.
I åra 2015–2017 gjennomførte Estland ein lokalstyrereform for å møte utfordringane med ein aldrande befolkning og fråflytting. Tallet på kommunar er redusert frå 213 til 79, mens innbyggartallet per kommune i snitt (median) har auka frå i underkant av 8000 til 17000. Fire øykommunar vart haldne utanfor reformen. Det nye EØS-finansierte programmet byggjer òg opp under kommunereformen.
Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom
I Estlands program Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom for finansieringsperioden 2014–2021 er det satt av 4,5 millionar euro til folkehelse. Det estiske helsedepartementet (Ministry of Social Affairs) er programoperatør.
Hovudstrategien er å byggje opp under kommunereformen gjennom støtte til lokal utvikling bygd på kunnskapsbasert praksis. Dei har derfor prioritert desse tre områda:
- Helseteneste for alle (Universal access to health care)
- Minska sosial ulikheit i helse og sjukdomsbyrde (Reduction of social inequalities in health and the burden of diseases)
- Psykisk helse, inkludert problem knytta til alkohol- og rusbruk (Mental health, including mental disorders associated with alcohol and drug abuse
For å styrke arbeidet har dei oppretta ei eiga avdeling for psykisk helse i departementet.
Særskilt vekt er lagt på minoritetar, og då særleg russiskspråklege i det nordaustlege Estland og fattige grupper i den søraustlege delen av landet.
Folkehelseinstituttet samarbeider tett med det estiske helsedepartementet om vidare gjennomføring av programmet.
Les meir om helsetilstanden i Estland
Tre predefinerte prosjekt
For å svare på den nasjonale strategien er det satt av til saman 3,9 millionar euro til såkalla predefinerte prosjekt innan helse. Predefinert vil seie at ein søkjer å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke strategiske behov i staden for å bruke ope utlysing.
Dei predefinerte folkehelseprosjekta er:
1. Auka fysisk aktivitet blant skolebarn
Tartu universitet er prosjektleiar, med Universitetet i Søraust-Noreg som norsk prosjektpartnar (2,298 millionar euro; tidsperiode 48 månader, prosjektet starta i 2019). Prosjektet heiter "Schools in Motion» og har gode programresultat.
- Prosjektside (estisk)
Status ved utgangen av februar 2023:
- Det starta i det små med ti prøveskular i 2016. I 2021 var tallet økt til 148 skular eller 28 % av alle allmenndannande skular i Estland. Det utgjorde meir enn 63 000 elevar. Det er mye for eit land med 1,33 millionar innbyggjarar. I februar 2023 hadde tallet på skular auka til 192, og dei er spredde over heile Estland.
- Bygd på eigenevalueringar rapporterer skulane at tilgjenge til minst 20 minutt med aktivt friminutt for elevane har auka frå 37 % i 2018 til 67 % i 2020.
- I 2018 var det berre 4 % av deltakande skular som sa seg einige i at elevane sjølv aktivt organiserer aktivitetar i friminutta, mens dette var auka til 37 % i 2020.
- Ingen pilotskular hadde pausar med ute-aktivitetar i 2016. I 2018 tilbaud 54 % av alle deltakande skular det, mens tallet var auka til 74 % i 2020.
Sjå prosjektomtale med bakgrunnen for at Estland har lukkast med auka trivsel gjennom fysisk aktivitet i skolekvardagen
2. Auka kompetanse og kapasitet innan folkehelse i kommunane
National Institute for Health Development er prosjektleiar, med FHIs avdeling for helse og ulikheit som norsk prosjektpartnar (1,41 millionar euro, tidsperiode 48 månader, kom i gang i april 2020).
Status ved utgangen av september 2022:
- Ein fylkehelseprofil eller fylkesbasert analyse av helsetilstanden til folk i ulike regionar i Estland vil bli ferdigstilt innan utgangen av 2022. Profilen gir lokale myndigheiter eit verktøy for å utføre konsekvensanalyse av helserisiko i deira lokalsamfunn og føreslå målretta tiltak som er naudsynte for deira lokalsamfunn.
- 12 nye lokale myndigheiter har slutta seg til dei ni lokale myndigheitene som allereie er engasjerte i eit 1,5-årig prosjekt for å auke kapasiteten i spesifikke lokale folkehelsespørsmål. Prosjektet hjelper lokale myndigheiter med å framstille ein handlingsplan for folkehelse basert på helseprofilane som er laga for regionen – helseprofil er eit sjølvanalyseverktøy for kommunen og vert oppdatert kvart fjerde år. Helseprofilen er sett sammen av over 100 indikatorar – nokre er tallbaserte, andre ikkje – og teiknar eit komplekst bilete av kommunen sin situasjon på fleire livsområde, som demografi og nivået på sosiale velferdstenester og tryggleiken i bomiljøet, men også psykisk helse, rusmisbruk, overvekt etc.
- I tillegg er ein pilot om skolematkvalitet ferdigstilt i tre skular i Põlva fylke, og tilbakemelding og sjølvanalyse er i gang. Frå hausten 2022 er det planlagt å halde fram i nye regionar.
- Toybox for barnehagar, eit verktøy for å redusere fedme, og omdøpt til “Saladuste Laegas” for Estland eller “Eventyrskrin” på norsk, er i pilotfase i fem barnehagar i Põlva fylke og ni i Võru fylke (sjå illustrasjon).
3. Utvikling av evalueringsmodellar og handlingssystem for kronisk psykisk sjuke pasientar
Viljandi Hospital foundation er prosjektleiar (0,32 millionar euro, tidsperiode 36 månader, kom i gang i januar 2021).
Status ved utgangen av september 2022:
- Buss for mobile tverrsektorielle team er skaffa, vert pussa opp for spesifikke behov og skal vere klar til arbeid i november-desember 2022.
- Lækjarar og anna personell har fått opplæring og grupperettleiingsseminar (for psykologar og psykiatarar).
- Ein modell er under utvikling for eit tverrfagleg rettspsykiatrisk utval som skal betre kvaliteten på psykiatrisk evaluering. I prosessen med å få på plass kunnskapsbaserte evalueringsinstrument har det vore vanskar med å integrere data frå helsetilsynet og statistikknemda. Håpet er at dette vil være på plass tidleg neste år. Ein reknar med at data frå andre kjelder (SANS/SAPS og STATIC) vil være på plass innan utgången av 2022.
To prosjekt etter ope utlysing
I tillegg til dei predefinerte prosjekta er det satt av 0,65 millionar euro til prosjekt innafor integrerte tenester for å støtte helse og tryggleik i heimemiljøet.
Etter ope utlysing er det bevilga middel til to prosjekt innafor desse områda. Begge prosjekta er i gang.
Folkehelseutfordringar – mål og indikatorar
Estland vil bli målt på følgjande seks delmål og tilhøyrande indikatorar for helsedelen av programmet Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom:
1. Betre kvalitet på integrerte tenester og folkehelsetiltak lokalt
- Tallet på skular som tek i bruk modellen for fysisk aktive skular
- Tallet på skular med russisk som instruksjonsspråk når dei tar i bruk modellen for fysisk aktive skular
- Tallet på lokalstyre som tek i bruk kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
- Tallet på operative multi-sektorteam som tar i bruk integrert tenestemodell
- Årleg tall på pasientar med langtids psykiske helseproblem som har mottatt tvangsbehandling utan å vere innlagd
- Årleg tall på rettsmedisinsk ekspertise tilgjengeleg i sivile rettssaker
- Tallet på jobbar skapt
2. Lokalstyresmakter er trent opp i og gitt råd om å ta i bruk kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
- Tallet på lokalstyre som har mottatt trening/råd
- Tallet på lokalstyre som har tatt i bruk kunnskapsbaserte folkehelsetiltak for å motvirke risikoatferd
3 Integrert tenestemodell er utvikla og testa ut
- Den integrerte tenestemodellen er utvikla
- Den integrerte tenestemodellen er testa ut
4. Modell for å kvalitetsforbetre rettspsykiatrisk evaluering er utvikla
- Modellen for tverrfaglig rettspsykiatrisk komité er tilpassa og testa ut for Estland
5. Modell for fysisk aktive skular er utvikla
- Tallet på kursmateriell for aktive skular utvikla for ulike målgrupper
- Tallet på øvingar og seminar for å formidle modellen for fysisk aktive skolar
6. Heimebesøksmodell for tidlege tiltak er utvikla
- Heimebesøksmodellen pilotert i Estland
- Tallet på spesialistar trent i å utføre risikovurdering i heimen, inkludert jordmødre og familiesjukepleiarar (etter kjønn)
Bilaterale ambisjonar
Estland samarbeider med Folkehelseinstituttet om planlegging, etablering og gjennomføring av folkehelseprogrammet på overordna nivå.
Eit initiativ på nasjonalt nivå er eit traumeopplæringsprogram for Estland med spesiell merksemd på krigen i Ukraina og flyktningkrisa (budsjett: 100 000 euro; gjennomføring i perioden mai 2022–mai 2023).
Bilateralt samarbeid på prosjektnivå er ønskjeleg og oppfordra til. Ei kjelde til å dele kunnskap og erfaringar er fondet for bilaterale relasjonar, som gir støtte til studiebesøk, fellesseminar og ekspertbesøk eller konsultasjonar. På grunn av pandemien har bilateralt samarbeid stått nærast stille, så det er opna for å forlengje fristen for å bruke midla til april 2025.
Eit EØS-nettverk om barns og unges helse er finansiert over fondet for bilaterale relasjonar. Nettverket skal dele kunnskap og utfordringar, gjere samarbeid over landegrensene lettare og bidra til bærekraftig og effektiv gjennomføring av folkehelseprogramma.