Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Om Dødsårsaksregisteret

Dødsårsaksregisteret inneheld opplysningar om personar som på dødstidspunktet oppheld seg i Noreg, og personar som på dødstidspunktet er registrerte som busette i Noreg, men døyr i utlandet. Registeret dannar utgangspunkt for den årlege dødsårsaksstatistikken som Folkehelseinstituttet publiserer.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Data frå Dødsårsaksregisteret blir publiserte i statistikkbankane ved Folkehelseinstituttet. Data frå Dødsårsaksregisteret blir vanlegvis frigitte rundt ti månader etter utgangen av året.

Dødsårsaksregisteret skal følgje med på utviklinga i dødelegheit

Føremålet med Dødsårsaksregisteret er å overvake dødsårsaker over tid. Ein kan for eksempel følgje med på utviklinga i dødelegheit for mellom anna hjarteinfarkt, kreft, ulykker og sjølvmord. Ved hjelp av data frå Dødsårsaksregisteret kan ein overvake helsetilstanden til folket, kvalitetssikre helsetenester og forske på årsaker til sjukdom.

Noreg er forplikta til å utarbeide offisiell dødsårsaksstatistikk. Alle dødsfall blir melde inn av lege, som fyller ut ei dødsmelding.

Legen som skriv dødsmeldinga skal sende den til den lokale tingretten eller lensmannen som igjen sender den til kommunelegen for kvalitetskontroll. Det er kommunelegen som sender dødsmeldingane på papir til Dødsårsaksregisteret, Folkehelseinstituttet, Boks 973, Sentrum, 5808 Bergen.

Folkehelseinstituttet
Folkehelseinstituttet

 

Dødsmeldingane blir samla i Dødsårsaksregisteret, der opplysningane blir arbeidde vidare med og koda etter den internasjonale statistiske klassifikasjonen for sjukdomar og relaterte helseproblem (ICD).

Organisasjonsendring

Folkehelseinstituttet (FHI) tok over som datahandsamar for Dødsårsaksregisteret 1. januar 2014. Før dette var det Statistisk sentralbyrå (SSB) som var datahandsamar, mens FHI var datahandsamingsansvarleg frå 2001. Organisatorisk er registeret no plassert i Divisjon for epidemiologi, avdeling for helseregister.

I samband med organisasjonsendringa har også historiske data blitt overførte frå Statistisk sentralbyrå til Folkehelseinstituttet. Ein har òg lagt ned mykje arbeid for å utvikle eit nytt IT-system som både kan handtere gamle data og handsame nye på ein effektiv måte.

Fagrådet for Dødsårsaksregisteret
Fagrådet er breitt samansett av fagpersonar som representerer ulike brukargrupper i Dødsårsaksregisteret: Sjukehus, allmenn- og sjukehusmedisin, andre helseregister, helsestyresmaktene og Legeforeningen.

Tilgang til data frå registeret

Forskarar og andre kan søkje om data frå Dødsårsaksregisteret.

Dersom forskarar eller andre har spørsmål om datatilgang, kan dei kontakte Dødsårsaksregisteret på e-postadressa datatilgang@fhi.no ved FHI.

Relaterte saker

Relaterte dokumenter