Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Artikkel

Om fylkeshelseundersøkingar i Noreg

Publisert Oppdatert

nettskjema vises på mobiltelefon
Illustrasjon for fylkeshelseundersøkelsene: Shutterstock/FHI

Fleire fylke gjennomfører no fylkeshelseundersøkingar. Alle undersøkingane er nettbaserte og invitasjonar blir sende ut på sms og e-post.


Fylkeshelseundersøkingane blir gjennomførte som eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og det enkelte fylke. Det er utarbeidd ein spørjeskjema-mal som i hovudsak blir brukt i alle fylke, men med nokre lokale variasjonar. 

Tidlegare er fylkeshelseundersøkingar gjennomførte i Hordaland, Sogn og Fjordane, Troms og Finnmark. I tillegg var det ei pilotundersøking i Agder og Vestfold i 2015. I september 2019 blir ei ny undersøking gjennomført i Aust- og Vest-Agder.

Korleis blir deltakarane valde ut?

Deltakarane blir trukke tilfeldig frå Folkeregisteret. Kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) blir brukt for å hente e-post eller mobilnummer. 

Kva skjer med opplysningane i spørjeskjemaet?

Opplysningane som deltakarane gir, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern. Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar.

Resultata vil berre bli publiserte på gruppenivå og aldri på individnivå. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att einskildpersonar i statistikk eller forsking som blir publisert frå undersøkinga.

Fylkeskommunen/bustadkommunen vil berre motta anonyme datafilar for vidare analysar.   

Det kan bli aktuelt for Folkehelseinstituttet å hente inn opplysningar også frå andre kjelder, slik som opplysningar om hushaldet, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt og helse. Slike data vil då for eksempel bli henta frå registre i Statistisk sentralbyrå. Føremålet er kvalitetskontroll og framstilling av gode analysar. 

Fylket kan også bruke resultata til forsking, som for eksempel å studere kva inntekt, utdanning eller andre sosiale påverknadsfaktorar har å seie for helseforholda i fylket. 

I starten av spørjeskjemaet står full tekst om samtykke. Spørjeskjemaa er også publiserte på nettsidene, og derfor kan du også lese samtykketeksten her. Klikk på spørjeskjemaet for det fylket der du deltok, sjå liste spørjeskjema. Samtykketeksten står først i skjemaet, ho kan variere noko mellom dei ulike undersøkingane. 

Kva blir det spurt om i spørjeskjemaet?

Spørsmåla handlar om helse, trivsel og andre forhold som har betydning for folkehelsa. Spørjeskjemaet tar utgangspunkt i folkehelselova som seier at følgjande skal inngå i oversiktsarbeidet i kommunane:

  • Oppvekst- og levekårsforhold: blant anna økonomiske vilkår og forhold som gjeld bustad, arbeid og utdanning, sosial støtte
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø: blant anna nærmiljø og støyplager
  • Skader og ulykker
  • Helserelatert åtferd: fysisk aktivitet, ernæring, bruk av tobakk og rusmiddel
  • Helsetilstand: helse, tannhelse, sjukdom og psykiske plager

Eigen del om livskvalitet

Frå 2019 inneheld spørjeskjemaet også ein eigen del om livskvalitet. Bakgrunnen for dette er at Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i 2018 saman lanserte nye anbefalingar om måling av livskvalitet. Det nye målesystemet er tenkt som eit viktig styringsverktøy i folkehelsearbeidet og vil vere eit sentralt bidrag til oversiktsarbeidet i kommunar og fylkeskommunar.

Tidlegare har spørsmål om livskvalitet fått liten plass i befolkningsundersøkingar i Noreg, men slike spørsmål inngår no i kunnskapsgrunnlaget i ei rekke land. Betre og meir fullstendig kunnskap om innbyggarane sin livskvalitet kan gjere politikarane og myndigheitene betre i stand til å tilrettelegge godt, og fordele vilkår på ein rettferdig og berekraftig måte

Kva er føremålet med fylkeshelseundersøkingar?

Ei fylkeshelseundersøking handlar om helsetilstanden i befolkninga i fylket og faktorar som påverkar folkehelsa.

Resultata skal delast med politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommune slik at kunnskapen kan nyttast i folkehelsearbeidet.

– Det er viktig at mange deltar slik at vi får eit rett bilete av helse og trivsel i befolkninga. Vi håper at så mange som mogleg av dei inviterte fyller ut spørjeskjemaet, seier prosjektleiar Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.

Ifølgje folkehelselova skal kommunane ha oversikt over folkehelsa i kommunen. Fylkeshelseundersøkingane er ein del av dette oversiktsarbeidet. Ein annan viktig del er folkehelseprofilane med statistikk som Folkehelseinstituttet kvart år utarbeider for kommunar, bydelar og fylke.

I folkehelsearbeidet må kommunen og fylkeskommunen vere særleg merksame på utviklingstrekk som kan skape eller vedlikehalde sosiale eller helsemessige problem eller sosiale helseforskjellar.  Derfor inneheld fylkeshelseundersøkingane mange spørsmål rundt levekår, lokalmiljø og oppvekst.

I tillegg til folkehelsearbeidet er det eit mål å bruke opplysningane frå fylkeshelseundersøkingane i forsking.

Får alle kommunar eigen statistikk?

I hovudsak vil rapportar frå Fylkeshelseundersøkingane vise resultat frå regionar og enkelte større byar.

- Det heng saman med at vi ikkje ønsker å lage for omfangsrike rapporter. Som tommelfingerregel treng vi også minst 400 svar for å lage påliteleg statistikk frå ei slik undersøking, seier Nilsen.

Mindre kommunar kan få tilsendt statistikk som tillegg til fylkesrapporten. Dersom det er lite datagrunnlag, kan det imidlertid vere at mindre kommunar får resultat med enkelte tabellar der det manglar tal i nokre av cellene. Dette er for å sikre anonymitet.