Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Folkehelseundersøkinga i Vestland i april og mai 2022»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Folkehelseundersøkinga i Vestland i april og mai 2022

Artikkel

Folkehelseundersøkinga i Vestland i april og mai 2022

Folkehelseinstituttet (FHI) og Vestland fylkeskommune gjennomfører undersøkinga i samarbeid med alle kommunar i fylket. For å skape gode lokalsamfunn er det nødvendig å vite korleis innbyggarane har det.

Folkehelseinstituttet (FHI) og Vestland fylkeskommune gjennomfører undersøkinga i samarbeid med alle kommunar i fylket. For å skape gode lokalsamfunn er det nødvendig å vite korleis innbyggarane har det.


Innhold på denne siden

25. april 2022: Artikkelen omsett til nynorsk.

Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022, som startar 20. april skal gi ny, lokal kunnskap som kan bidra til å forbetre folks livskvalitet, trivsel og helse.

Delta her:

Nynorsk spørreskjema Bokmål spørreskjema

 

Undersøking på internett

Undersøkinga føregår på nett, der ein svarer ved å fylle ut et digitalt spørreskjema. Utvalde personar vil motta ein invitasjon på SMS og e-post.

Målet med undersøkinga er å få betre kunnskap om livskvalitet, helse og trivsel blant innbyggarane i Vestland. Folkehelseundersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og Vestland fylkeskommune. Undersøkinga vil gi ny, lokal kunnskap som er viktig i arbeidet med å betre folkehelsa blant innbyggarane.

Gamle Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar gjennomførte tilsvarande undersøkingar i 2018 og 2019 . Les meir om resultata frå desse undersøkingane her.

Folkehelseinstituttet gjennomfører jamleg slike undersøkingar i samarbeid med dei enkelte fylkeskommunane. Resultata skal støtte opp under folkehelsearbeidet til kommunane og fylkeskommunen. Svara vil òg inngå i forsking, og dei første resultata er venta tidlegast åtte veker etter at undersøkinga er avslutta den 8. mai.

Dette blir det spurt om

Spørreskjemaet er delt inn i åtte overordna tema, og dette blir deltakarane spurt om:

  • nærmiljø
  • helse
  • sosial trygd
  • helserelatert åtferd
  • skader
  • fysisk miljø
  • livskvalitet
  • demografiske opplysningar (opplysningar om seg sjølv)
  • reisevanar

Om folkehelseundersøkinga

  • Desse blir inviterte: Personar som er 18 år og eldre og som bur i ein av kommunane i Vestland.
  • Deltakarane får invitasjon på e-post og SMS og kan bruke PC, smarttelefon eller nettbrett for å svare.
  • Det tar om lag 20 minutt å fylle ut skjemaet.
  • For å svare på undersøkinga loggar du deg inn med personleg ID, til dømes bankID eller MinID.

Fylkeshelseundersøkingar er gjennomførte i mange fylke dei siste åra. Undersøkingane har spørreskjema med litt ulikt innhald, men alle undersøkingane skjer i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og den enkelte fylkeskommunen.

  • Lurer du på kva spørreskjemaet handlar om, og kva du samtykker til?

Spørsmål og svar

  • Hvorfor må ein bruke BankID eller MinID for å svare?

Vi ber om identifikasjon med BankID for å vere sikre på kven som svarer og som samtykker til behandling av personopplysningar.

  • Får du feilmelding, eller kjem du ikkje til innlogging på spørreskjemaet?

Det kan skyldast stor pågang. Lukk nettlesaren og prøv på nytt seinare. I nokre tilfelle kan det vere problem med eldre nettlesarar eller nettlesaren. Prøv ein annan nettlesar viss du har moglegheit.

  • Er opplysningane anonyme?

Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre opplysningar som er lette å kjenne igjen. Sjølv om forskarar og dei som analyserer data aldri vil sjå ditt namn eller personnummer, blir opplysningane rekna som ikkje-anonyme sidan fødselsnummeret blir lagra. Fødselsnummeret blir ikkje oppbevart saman med andre opplysningar om deg. Du kan lese meir om personvern her

  • Kan eg trekke meg frå undersøkinga?

  • Eg har fylt ut spørreskjemaet, men angrar og vil at de slettar alle opplysningar om meg.