Utbrot av salmonellose (salmonellainfeksjon)
Artikkel
|Sist endret
På denne sida finn du ei kronologisk oversikt over større utbrot av salmonellose som har vore i Noreg sidan 2000. Nedst på sidan finn du lenkje til ein tabell med oversikt over utbrot i perioden 1982-1999.
Nasjonalt utbrot med Salmonella knytt til alfalfaspirer, oktober til desember 2024
I midten av november varsla Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet om 21 tilfelle med Salmonella Newport med lik genotype (ST31, kluster 1). Utbrotsetterforsking vart igangsett der Folkehelseinstituttet, aktuelle kommunelegar, Mattilsynet og Veterinærinstituttet samarbeidde for å finne smittekjelda og stoppe utbrotet. Sverige melde om eit parallelt utbrot med Salmonella Typhimurium ST36 knytt til alfalfaspirer. Totalt var det 238 tilfelle som tilhøyrde utbrotet; 107 med Salmonella Newport ST31 (kluster 1: 26 tilfelle, kluster 2: 81 tilfelle), 126 tilfelle med Salmonella Typhimurium ST36 (fell inn i det svenske utbruddsklusteret), tre tilfelle med Salmonella Kisarawe ST5805 og to tilfelle med Salmonella Kinondoni ST5447. Tilfella hadde ein median alder på 47,5 år (frå null til 90 år), der 68 prosent var kvinner, og dei var busette over heile landet. Majoriteten var prøveteken frå midten av oktober til slutten av desember. Litt over 30 prosent (76) av tilfella var sjukehusinnlagde. All epidemiologisk informasjon (intervju, kasus-kontroll studie og kjøpsinformasjon) peika mot inntak av alfalfaspirer frå ein spesifikk spireprodusent i Noreg som smittekjelde. I tillegg påviste Veterinærinstituttet ei rekkje ulike Salmonella-isolat i spirepakkar og i ei miljøprøve frå denne spireprodusenten. Fleire av desse var like eller likna Salmonella funnet hos pasientar. Spireprodusenten trekte tilbake produkt som inneheldt alfalfaspirer frå marknaden den 28. november. Spira var produserte frå eit frøparti motteke frå ein europeisk frøleverandør, den same som hadde levert frø til Sverige, og var teke i bruk rundt den 1. oktober. Det vart innført ei rekkje tiltak og fleire nyheitssaker vart publiserte. Utbrotet vart varsla internasjonalt og fleire land i Europa melde om ulike Salmonella-utbrot knytte til spirer produsert av frø frå same europeiske frøleverandør over dei siste par år (Risikovurdering utført av ECDC-EFSA 2025). Salmonella-utbrota beskrivne over (Salmonella Typhimurium og Salmonella Hvittingfoss) var begge truleg knytt til alfalfaspirer produserte av frø frå denne leverandøren. Den norske produsenten hadde nemleg teke imot eit tidlegare frøparti frå dei og dette frøpartiet vart brukt frå februar til september 2024, tida som dekkjer begge desse utbrota.
Nasjonalt utbrot av Salmonella Hvittingfoss, august til oktober 2024
I oktober 2024 varsla Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene ved Folkehelseinstituttet eit utbrot av Salmonella Hvittingfoss. Totalt vart 12 personar stadfesta å tilhøyre utbrotet, alle med lik genetisk profil (ST446). Dei vart sjuke i perioden august til oktober 2024. Personane var i alderen 20 til 71 år (median alder 52 år) og 67 prosent var kvinner. Tilfella var busette i Innlandet (to), Vestland (to), Oslo (to), Telemark (to), Agder, Østfold, Akershus og Trøndelag (fire). Utbrotsetterforsking vart utført i samarbeid med aktuelle kommuneoverlegar, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Tilfella vart intervjua og kjøpsopplysningar vart innhenta frå seks av tilfella. Alle tilfella hadde ete salat eller spirer. Samanlikna med tidlegare Salmonella-utbrot der eit grønt-produkt har vore mistenkt, var det spesielt spirer (50 prosent av dei intervjua oppgav å ha ete dette forut for sjukdom) som kom opp som mest aktuell smittekjelde i dette utbrotet, sjølv om salat ikkje kunne utelukkast. Spirar er eit kjent risikoprodukt for Salmonella. Mattilsynets sporingsarbeid viste til éin produsent (same som i utbrotet over), men mistanken kunne ikkje stadfestast ved funn av Salmonella Hvittingfoss i produktet.
Nasjonalt utbrot med Salmonella Typhimurium, mai til juni 2024
Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet varsla i juni om fem tilfelle med Salmonella Typhimurium med lik genotype (ST36). Utbrotsetterforsking vart igangsett, samordna av Folkehelseinstituttet og i samarbeid med aktuelle kommuneoverlegar, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Totalt var det 14 tilfelle som tilhøyrde utbrotet. Tilfella var prøvetekne frå 24. mai til 8. august, og oppgav innsjukning mellom 21. mai og 4. august. Dei var busette i Vestland (sju), Oslo (fem), Østfold og Rogaland og var i alderen seks til 78 år (median alder 44,5 år). Blant tilfella var det ti (71 prosent) kvinner og fire (29 prosent) menn. Intervju av tilfella gav sterk mistanke om at alfalfaspirer kunne vere smittekjelde. Mattilsynets sporing tydde på at spirene etne av fleire av tilfella hadde vorte leverte frå same produsent, der same frøparti hadde vorte nytta i produksjonen. Det fanst ikkje restar av spirene som kunne prøvdas. Smittekjelda i dette utbrotet vart ikkje sikkert identifisert, men det er kjent at spirer er eit risikoprodukt når det gjeld smitte med tarmpatogene bakteriar, blant dei Salmonella. Produksjon går føre seg ved høg fukt og temperatur, noko som gir spesielt gunstige vekstvilkår for eventuelle bakteriar som finst på frøa.
Nasjonalt utbrot av Salmonella Napoli, august 2023
I byrjinga av oktober 2023 varsla Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet om eit utbrot av Salmonella Napoli. Totalt vart det påvist 7 tilfelle med Salmonella Napoli med lik genotype knytt til utbrotet. Dei smitta hadde innsjukning i veke 35-39 i 2023. Dei var i alderen 6 – 66 år (median alder 54) og fire var kvinner. Dei smitta var busette i 6 ulike fylke, Vestfold og Telemark (2), Oslo (1), Rogaland (1), Agder (1), Innlandet (1) og Viken (1). Fire av dei smitta var innlagde på sjukehus.
Folhelseinstituttet sette i gang utbrotsetterforsking i samarbeid med aktuelle kommuneoverlegar, Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Alle tilfella vart intervjua med hypotesegenerande spørjeskjema.
Resultata frå intervjua og sporing utført av Mattilsynet kunne ikkje stadfeste ei felles smittekjelde, men retta mistanke mot importerte bladgrønsaker. Utbrotsetterforskinga vart avslutta då det ikkje dukka opp fleire tilfelle.
Utbrot med Salmonella Kintambo knytt til sesamfrøprodukt frå Syria, 2023
Referanselaboratoriet for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet varsla 12. mai 2023 om eit nasjonalt utbrot med 5 tilfelle med Salmonella Kintambo-infeksjon. Ei utbrotsetterforsking i samarbeid med Mattilsynet og Veterinærinstituttet vart igangsett. Tilfella vart sjuke frå 22. oktober 2022 til 18. mars 2023. Dei var i alderen 1-34 år (median alder 21 år) og 4 var menn. Tilfella var busette i Vestland (2), Nordland (1), Viken (1) og Trøndelag (1) og alle oppgav smittestad Noreg. Alle vart intervjua og 3 av 5 oppgav å ha ete sesamfrøprodukt før innsjukning. Mattilsynet tok prøver av fleire av dei aktuelle sesamfrøprodukta og for 1 av tilfella fann Veterinærinstituttet både Salmonella Kintambo og Salmonella Amsterdam i halva frå Syria. Ei tilbaketrekking av produkta vart gjennomførte 12. mai 2023 og ein RASFF melding vart publisert (RASFF 2023.3216). Basert på heilgenomsekvenseringsdata såg ein at Salmonella Kintambo frå tilfella og sesamfrøproduktet var like og hadde same genotype som utbrotsstammen funne i eit multinasjonalt utbrot med ulike Salmonella serovarianter knytt til sesamfrøprodukt frå Syria. Også Salmonella Amsterdam funnet i halva frå Syria i mai 2023 fall inn i klusteret knytt til det multinasjonale utbrotet og hadde same genotype som tidlegare funn gjort i utbrotsetterforskinga. Totalt har Noreg 13 tilfelle knytte til dette internasjonale utbrotet frå 2020-2023. Sesamfrøprodukt frå Syria held fram med å vere eit risikoprodukt for Salmonella og Mattilsynet innførte endringar i importkontroll av tahini og halva frå Syria i juni 2023, etter at Europakommisjonen hadde valt å ta inn desse produkta på lista over ikkje-animalske risikoprodukt for Salmonella, der dei tilrådde ein kontrollfrekvens på 20 prosent.
Nasjonalt utbrot med Salmonella Agona, november 2022
FHI vart varsla den 18. november 2022 om tre tilfelle med Salmonella Agona-infeksjon frå mikrobiologisk avdeling på Haukeland sjukehus. Veka etter kom melding om fleire nye tilfelle både frå Haukeland og frå Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier på FHI. Ei utbrotsetterforsking vart igangsett der FHI samarbeidde tett med kommunelegar i affiserte kommunar, Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Totalt vart det påvist 89 tilfelle med Salmonella Agona med lik genotype knytt til dette utbrotet. Hovudtyngda av tilfella hadde innsjukning i veke 44-48 i 2022. Dei var i alderen 1-91 år (median alder 37 år), og 50 av dei smitta var kvinner. Trettiein hadde vore innlagde på sjukehus. Tilfella var spreidde over heile landet. Sverige og Nederland melde også om tilfelle i same periode. FHI analyserte pasientintervju, kjøpsopplysningar og gjennomførte ein kasus-kontroll-studie. Nær 90 prosent av dei smitta oppgav å ha ete agurk veka før dei vart sjuke. Mattilsynet gjorde eit omfattande sporingsarbeid kor enkelte parti agurk frå ein spansk leverandør peika seg ut som den mest sannsynlege smittekjelda.
Nasjonalt utbrot med monofasisk Salmonella Typhimurium ST34, juli 2022
I slutten av juli 2022 melde Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakteriar ved FHI om eit utbrot av monofasisk Salmonella Typhimurium ST34. Totalt (per 15. september 2022) var det 21 personar som tilhøyrde utbrotet, alle med lik genetisk profil. Hovuddelen av prøvene vart tekne i juli månad. Tilfella var i alderen 1-87 år, median alder 54 år og 60 prosent var menn. Dei var busette i 6 ulike fylke, Vestland (8), Møre og Romsdal (7), Trøndelag (2), Troms og Finnmark (2) Rogaland (1) og Innlandet (1). Åtte av tilfella hadde vore innlagde på sjukehus. Utbrotsetterforskinga vart koordinert av FHI i tett samarbeid med Mattilsynet, Veterinærinstituttet og aktuelle kommuneoverlegar. Samanstilling av data frå pasientintervjua peika på vassmelon (vannmelon) som sannsynleg kjelde til utbrotet. Majoriteten av tilfella (94 prosent, 15/16) som vart intervjua hadde ete vassmelon i dagane før innsjukning. Dessverre kunne ikkje Mattilsynets sporingsarbeid avdekkje nokon felles leverandør eller parti av vassmelonar.
Nasjonalt utbrot av Salmonella Blockley, januar 2022
Den 29. desember 2021 vart Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ved FHI varsla om fire mistenkte tilfelle av Salmonella Blockley av laboratoriet ved St Olavs hospital. Totalt i utbrotet vart det påvist 22 tilfelle frå til saman 7 ulike fylke, alle med lik genotype. Tilfella hadde innsjukna i tidsrommet frå november 2021 til februar 2022. Det var 9 (41 prosent) menn og 13 (59 prosent) kvinner i alderen frå 1 til 80 år (median alder 38 år). Fjorten (64 prosent) av tilfella hadde vore sjukehusinnlagde. Eit tilfelle hadde vore i utlandet før infeksjon, medan dei resterande tilfella ikkje hadde vore på reise før infeksjon og vart truleg smitta i Noreg. Dei fleste tilfella vart intervjua med eit hypotesegenererande spørjeskjema for Salmonella, men intervjua gav ingen klar fellesnemnar og kjelda til utbrotet vart ikkje identifiserte. Mistanken er retta mot grønsaker og fleire ulike grønsaker og salatar vart undersøkte med sporing bakover i kjeda utan at det kunne konkluderast noke meir om mistenkt kjelde.
Nasjonalt utbrot av Salmonella Typhimurium ST36, januar 2022
Totalt var det ni tilfelle med Salmonella Typhimurium med lik genotype knytt til utbrotet. Utbrotsetterforskinga vart koordinert av FHI i tett samarbeid med aktuelle kommuneoverlegar, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Alle tilfella vart sjuke mellom 8. november 2021 og 16. desember 2021. Det var 5 menn og 4 kvinner frå 13 til 82 år (median alder 30 år). Tilfella var busette i seks ulike fylke: Vestfold og Telemark (2), Trøndelag (2), Viken (2), Innlandet, Vestland og Nordland. Fire av tilfella hadde vore sjukehusinnlagde. Berre eitt tilfelle hadde vore på reise til utlandet forut for hendinga, ingen av dei andre oppgav reiseanamnese utland. Alle tilfella vart intervjua med hypotesegenererande Salmonella spørjeskjema, men intervjua gav ingen klar fellesnemnar med omsyn til smittekjelde. I og med at tilfella vart sjuke over ein kort tidsperiode (5-6 veker) antok me at smittekjelda truleg var ein kortidsholdbar matvare. Me kunne heller ikkje utelukka eit sesongprodukt som berre blir ein kort periode eten rundt juletider. Utbrotsetterforskinga vart avslutta utan at smittekjelda vart funnen.
Nasjonalt utbrot av Salmonella enteritidis, mars 2021
I mars 2021 varsla Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet eit utbrot av Salmonella Enteritidis. Totalt 30 tilfelle vart stadfesta å tilhøyra utbrotet, alle med lik genetisk profil (sekvenstype (ST)-11 og klustertype (CT)-5784 baserte på heilgenomsekvensering (WGS). Tilfella vart sjuke i perioden januar til mars 2021. Dei smitta var i alderen frå 2 til 91 år, median alder 58 år og 60 prosent var kvinner. Dei var busette i Viken (16), Oslo (5), Innlandet (2), Møre og Romsdal (2), Vestfold og Telemark, Agder, Vestland, Rogaland og Nordland. Tretten av tilfella var innlagde på sjukehus. Det vart sett i gang utbrotsetterforsking i samarbeid med aktuelle kommuneoverlegar, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Utbrotsstammen vart påvist i importert storfekjøtt frå Tyskland (prøver teke i eigenkontroll hos den aktuelle verksemda). Epidemiologiske data frå spørjeundersøkingane støtta opp under mistanken om at dette var smittekjelda til utbrotet.
Internasjonalt utbrot av Salmonella Braenderup, mai 2021
I mai 2021 varsla Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet eit utbrot med Salmonella Braenderup. Totalt 5 tilfelle vart stadfesta å tilhøyra utbrotet, alle med lik genetisk profil (ST-22 og CT-8229 baserte på WGS). Alle tilfella vart sjuke i april 2021. Fire av tilfella budde på same sjukeheimar, medan det femte tilfellet var busett i eit anna fylke. Dei smitta var i alderen 70-95 år. Utbrotet vart etterforska som ein del av eit større europeisk utbrot. Folkehelseinstituttet samarbeidde med ECDC i utbrotsetterforskinga. Tilfella vart intervjua og informasjon vidareformidla til ECDC. Melon importert frå Sør-Amerika var sannsynleg smittekjelde i dette internasjonale utbrotet.
Nasjonalt utbrot av Salmonella Dublin, januar - mars 2021
I slutten av mars 2021 varsla Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet eit utbrot med Salmonella Dublin. Totalt 6 tilfelle vart stadfesta å tilhøyra utbrotet, alle med lik genetisk profil (ST-10 og CT-7134 baserte på WGS). Tilfella vart prøvetekne i perioden januar til mars 2021. Dei smitta var i alderen frå 43 til 84 år, median alder 71 år og 50 prosent var kvinner. Dei var busette i Oslo (1), Rogaland (1), Vestland (1) og Viken (3). Det vart sett i gang utbrotsetterforsking i samarbeid med aktuelle kommuneoverlegar, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Alle tilfella vart intervjua. Basert på intervju og sporing gjort av Mattilsynet vart ost laga av råmjølk frå Frankrike funne å vera den mest sannsynlege kjelda til dette utbrotet. Denne informasjonen er delt med Franske styresmakter.
Utbrot av Salmonella 2011-2020
Utbrot av Salmonella Newport, desember 2020
I midten av desember 2020 vart det varsla om eit lokalt utbrot av Salmonella Newport frå Mattilsynet, avdeling Trondheim og omland. Utbrotsstammen vart påvist hos totalt 12 tilfelle og 10 av tilfella var tilknytte ei bedriftskantine i Trondheim. Utbrotet vart etterforska lokalt og isbergsalat importert frå Spania, brukt i kantina vart vurdert som den mest sannsynlege kjelda. Det vart også påvist S. Newport med same heilgenomsekvens hos fire andre pasientar busett andre stader i Noreg. Tre av desse tilfella vart intervjua og alle hadde vore sjuke i same tidsrom (frå slutten av november og i desember) men smittekjelda for desse kunne ikkje verifiserast. Det er dermed uklart om det er nokon epidemiologisk samanheng mellom pasientane i Trondheim og pasientane i resten av kommunane.
Salmonella Agbeni i tørka fruktblanding, 2019
Nasjonalt referanselaboratorium (NRL) for enteropatogene bakterier ved Folkehelseinstituttet varsla i februar 2019 Avdeling for smitte frå mat, vatn og dyr ved Folkehelseinstituttet om fire tilfelle av Salmonella Agbeni infeksjon tilhøyrande same heilgenomsekvensering kluster. Tilfella var busette i ulike delar av Noreg. Utbrotsetterforsking vart igangsett i tett samarbeid med kommuneoverlegar, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Det vart registrert 56 tilfelle fordelt på 12 fylke. Importert tørka fruktblanding (eksotisk miks) vart stadfesta som kjelde til utbrotet. Salmonella Agbeni med same heilgenomsekvensering-profil som dei humane isolata vart funne i fruktblandinga (eksotisk miks) og denne vart trekt frå marknaden. I tillegg vart det påvist Salmonella Gamaba i fruktblandinga. Ein pasient vart stadfesta smitta med identisk Salmonella Gamaba etter inntak av aktuell fruktblanding.
Utbrotsetterforskinga er publisert i Eurosurveillance
Utbrot av Salmonella Enteritidis, høsten 2018
Folkehelseinstituttets referanselaboratorium for enteropatogene bakterier varsla 23. august 2018 avdeling for smitte frå mat, vatn og dyr om 7 tilfelle med Salmonella Enteritidis med same DNA profil. Denne stammen av Salmonella Enteritidis var ikkje tidlegare sett i Noreg. Personane var busette i seks ulike fylke i Noreg. I tråd med gjeldande rutinar vart hendinga følgt opp med oppstart av utbrotsetterforsking koordinert av Folkehelseinstituttet med hjelp frå Mattilsynet og kommunelegane. Totalt var det 16 verifiserte tilfelle fordelte på 10 fylke. Ut frå pilotintervjua (13 av 16 er intervjua) har det vore fokus mot krydder og grønt i smittesporingsarbeidet, men inga sikker kjelde til utbrotet vart avdekt. Den same utbrotsstammen vart også oppdaga i Tyskland (rundt 200 tilfelle), og dessutan eitt tilfelle i Skottland og eitt i Luxemburg. Tyske styresmakter gjennomførte kasus-kontroll undersøkingar som tydde på at egg/eggprodukt eller salat kunne vera årsak til utbrotet.
Utbrot med monofasisk Salmonella Typhimurium, august 2017
I september 2017 varsla Folkehelseinstituttets referanselaboratorium for enteropatogene bakterier om ei opphoping av monofasisk Salmonella Typhimurium med ein uvanleg MLVA-profil; bakteriane var isolerte frå pasientar i fem ulike fylke i Noreg. Utbrotsetterforskinga vart igangsett av Folkehelseinstituttet, Mattilsynet og dei involverte kommuneoverlegane. Totalt vart det stadfesta 21 tilfelle knytte til dette utbrotet. Innsjukningsdatoane var frå 23. august til 18. november, men dei fleste tilfella vart sjuke i perioden 23. august – 23. september. Alle hadde ete ved ein viss serveringsstad på Oslo lufthamn Gardermoen. Median inkubasjonstid var seks dagar, men varierte frå 0-16 dagar, og auka etter kvart som utbrotet drog ut i tid. Utbrotsstammen vart isolert frå fleire miljøprøver frå serveringsstaden. Serveringsstaden stengde frivillig, skifta ut alle vaskar og armaturar på kjøkkenet og gjennomførte nedvasking og desinfeksjon. Varigheita av dette utbrotet, frå august til november, og den stadig lengre inkubasjonsperioden indikerer ei kontinuerleg kjelde frå miljøet og eksponering for eit stadig lågare tal av Salmonellabakterier.
Nasjonalt utbrot av S.Coeln i 2013
I perioden frå oktober og til utgangen av desember 2013 vart det påvist Salmonella Coeln hos 26 personar i Noreg, med alder 2-81 år. Pasientane vart smitta i Noreg og kom frå elleve fylke (Buskerud, Rogaland, Akershus, Nordland, Oppland, Oslo, Troms, Vestfold, Hordaland, Vest-Agder og Østfold). Alle pasientane vart intervjua om symptom og kva dei hadde gjort, ete og drukke før dei vart sjuke. Det vart også gjennomført ein kasus-kontroll-studie. Dei epidemiologiske undersøkingane peika mot ei ferdig oppskoren salatblanding som den mest sannsynlege årsaka til utbrotet. Salmonella Coeln vart ikkje påvist i den mistenkte saltblandinga til trass av iherdig tilbakesporing, mellom anna ved hjelp informasjon frå betalingskort-transaksjonar for å identifisera og innsnevra talet på produksjonsdatoar. Ferdig oppskoren salat har kort haldbartid, og etter utgangen av desember vart det ikkje registrert fleire tilfelle.
Utbrotsetterforskinga er publisert i Epidemiology and Infection: Are ready-to-eat salads ready to eat? An outbreak of Salmonella Coeln linked to imported, mixed, pre-washed and bagged salad, Norway, November 2013.
Nasjonalt utbrot av S. Mikawashima i 2012
Ved utgangen av november i 2012 var det rapportert 13 tilfelle med S. Mikawashima som hadde vorte sjuke mellom 6. og 22. november. Alle pasientane var vaksne og kom frå ni ulike fylke (Akershus, Nordland, Vest-Agder, Hordaland, Oppland, Aust-Agder, Vestfold, Oslo og Telemark). Alle pasientane vart intervjua om symptom og kva dei hadde gjort, ete og drukke i tida før dei vart sjuke. Det vart teke prøver av næringsmiddel frå pasientanes heim og frå serveringsstader der pasientane hadde ete, for analyse av Salmonella. Verken intervju, prøvetaking eller sporing av mistenkte næringsmiddel avdekte ei sannsynleg smittekjelde. Mattilsynet følgde opp alle serveringsstadene med inspeksjonar og prøvetaking utan å finna noka sannsynleg årsak til utbrotet. Alle prøvene tekne av næringsmiddel var negative for Salmonella. Etter utgangen av november vart det ikkje registrert fleire tilfelle.
Nasjonale utbrot av Salmonella 2000 – 2010
Nasjonale utbrot av S. Napoli og S. Poona i 2010
Hausten 2010 påviste Nasjonalt referanselaboratorium for enteropatogene bakterier ein auke av dei sjeldne serotypene S. Napoli og S. Poona. Fram til nyttår vart det påvist totalt 10 tilfelle av kvar av typane. Trass i grundig etterforsking, vart ikkje smittekjeldene funne.
Internasjonalt utbrot av S. Typhimurium i 2008
I alt 49 pasientar vart diagnostiserte med den same stammen av S. Typhimurium i Noreg (10), Sverige (2) og Danmark (37). Dei fleste norske opplyste at dei hadde ete kjøttdeig som var kjøpt i Sverige. Mattilsynet påviste også bakterien i karbonadedeig kjøpt på Svinesund i Sverige. Prøvene vart tekne heime hos to av pasientane. Då dei hadde pakka om kjøttet, var det ikkje mogleg å spora det direkte til produsent. Livsmedelverket i Sverige fann likevel ut at dei aktuelle butikkane hadde kjøpt svinekjøtt av fleire danske bedrifter som viste seg å vera involverte i det danske utbrotet.
S. Java på Kielferga i 2008
Åtte pensjonistar frå Trøndelag vart sjuke etter å ha vore med på ei bussreise til Oslo med etterfølgjande ferjetur til Kiel. Alle fekk påvist Salmonella Java med ein særeigen DNA-profil. Det vart registeret to pasientar til med den same bakterien. Desse hadde ikkje vore med på bussturen, men hadde reist med ferja mellom Oslo og Kiel i same tidsrom som pensjonistane. Det var derfor sannsynleg at smitten hadde oppstått på ferja. Det lét seg ikkje gjera å identifisera ein viss serveringsstad eller ein matrett på Kielfergen som sannsynleg smittekjelde.
Internasjonalt utbrot av S. Java i 2007
Over 100 personar vart smitta med denne bakterien i Sverige sommaren 2007. Intervjuundersøkingar av desse pasientane saman med sporing av matvarer viste at importert baby-spinat var smittekjelda. Tilsaman 10 personar vart sjuke i Noreg etter å ha kjøpt eller ete spinaten i Sverige.
Internasjonalt utbrot av S. Weltevreden i 2007
I alt 19 norske pasientar fekk påvist denne sjeldne bakterien i løpet av hausten 2007. Pasientane var vaksne personar frå fleire kommunar, hovudsakleg på Austlandet. Det viste seg etter kvart at også 19 danske og 7 finske pasientar var ein del av dette utbrotet. Bakterien vart påvist i alfalfaspirer produsert i Noreg med kontaminerte frø importert frå utlandet.
Internasjonalt utbrot av S. Typhimurium i 2007
Totalt 4 norske og 6 danske pasientar kunne knytast til dette utbrotet som vart forårsaka av ei importert, spansk spekepølse som vart seld på ei ferje mellom Noreg og Danmark.
S. Typhimurium i Bærum i 2007
Etter eit tamilsk fødselsdagsselskap i Bærum i februar vart 38 gjester smitta med ein bakteriestamme som ikkje var funnen her i landet tidlegare. Nokre av rettene som vart serverte til buffeen var leverte av eit cateringfirma, og nokon retter hadde gjester hatt med frå utlandet. Smittekjelda vart ikkje identifisert.
Nasjonalt utbrot av S. Kedougou i 2006
I løpet av april-juni 2006 vart minst 62 personar smitta med denne sjeldne salmonella-varianten. Pasientane kom frå heile Sør-Noreg og alle aldersgrupper og begge kjønn var affiserte. Både epidemiologiske undersøkingar og analysar ved referanselaboratoriet viste at ein norskprodusert salami var årsaka til utbrotet. Det kunne ikkje fastslåast kva bestanddel i spekepølsene som var årsaka.
Internasjonalt utbrot av S. Typhimurium og S. Infantis i 2005
Fleire medlemmer av ein familie i Trøndelag fekk påvist ein eller begge Salmonella-typane i desember 2005. Det viste seg at 7 personar i Sverige også hadde vorte sjuke med begge typane, og utbrotsstammane vart isolerte frå ein italiensk salami der. Den norske familien hadde vore i Sverige og kjøpt ei salamiliknande pølse.
Nasjonalt utbrot av S. Typhimurium i 2005
Eit utbrot av multiresistente S. Typhimurium DT104 med 5 personar vart oppdaga i oktober 2005. Bakterien hadde ein DNA-profil som ikkje tidlegare var sett i Noreg. Den same sjeldne bakterien vart funnen i ein pakke frosen kjøttdeig i hushaldet til ein av pasientane. Mattilsynet spora kjøttråvarene til ei importbedrift, der den same stammen vart funnen i storfekjøtt importert frå Polen, som var brukt til kjøttdeigproduksjonen.
Internasjonalt utbrot av S. Thompson i 2004
Bakterien vart funnen i prøver frå 19 pasientar spreidde over heile landet. Det var ei overvekt av kvinner og dei fleste var mellom 20-60 år. Epidemiologiske undersøkingar viste monaleg auka risiko for sjukdom blant dei som hadde ete ruccolasalat eller blandingssalat. Den same bakterien vart funnen i ruccolasalat importert frå Italia.
S. Infantis i Kristiansand i 2004
I oktober 2004 vart det oppdaga eit utbrot forårsaka av S. Infantis ved Sørlandet sjukehus. Bakterien vart påvist hos i alt 70 pasientar, pleiarar og kjøkkenpersonale og 54 av desse vart sjuke.
S. Typhimurium i Hordaland i 2002
I løpet av sommaren og hausten 2002 vart det ved Haukeland universitetssjukehus registrert uvanleg høg førekomst av S. Typhimurium-isolat. Undersøkingar ved Nasjonalt folkehelseinstitutt viste at 44 isolat tilhøyrde same fagtype og DNA-profil. Den same bakteriestammen dominerte ved S. Typhimurium-utbrotet i Hordaland i 2000 då piggsvinkontakt viste seg å vera den sentrale faktoren for smitteoverføring.
Internasjonalt utbrot av S. Typhimurium i 2001
I løpet av 2001 vart det registrert ein unormalt høg førekomst av den multiresistente S. Typhimurium DT104 hos relativt unge personar med orientalske namn. Utbrotsstammen vart isolert frå Helva, eit tyrkisk godteri laga av m.a. sesamfrøpasta. Pasientar frå fleire land i Europa fekk også påvist utbrotsstammen.
Internasjonalt utbrot av S. Livingstone i 2001
I alt 44 norske og 16 svenske pasientar vart smitta med denne bakterien på nyåret i 2001. Pasientane hadde bustad over heile landet, og 22 av dei vart lagde inn på sjukehus. Både epidemiologiske undersøkingar og laboratorieanalysar viste at ein svenskprodusert, frosen fiskegrateng distribuert berre til Noreg og Sverige var smittekjelda.
S. Enteritidis på cruiseskip i 2001
Eit cruiseskip var i august 2001 på cruise langs norskekysten då mange av passasjerane og mannskapet vart sjuke med vassen diaré, oppkast og feber. I alt 23 passasjerar vart innlagde på sjukehus i Ålesund, Trondheim, Hammerfest, Tromsø og Bodø. Etterforskinga viste at det sannsynlegvis var mangelfullt varmebehandla egg som var smittekjelda for utbrotet.
S. Typhimurium i Bergensområdet i 2000
Totalt 30 pasientar vart smitta med denne serotypen hausten 2000. Majoriteten av pasientane var små barn, heilt ned til under eitt år. Ut frå pasientintervju var det grunn til å tru at smitte frå piggsvin var årsaka til ubrotet.