Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Om Den nasjonale folkehelseundersøkinga»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Om Den nasjonale folkehelseundersøkinga

Artikkel

Om Den nasjonale folkehelseundersøkinga

Den nasjonale folkehelseundersøkinga er ei årleg webundersøking frå Folkehelseinstituttet som vart gjennomført for første gong i oktober 2020. Eit utval av vaksne frå alle landets fylke vert invitert til å delta. Føremålet er å få betre kunnskap om helsa til befolkninga, levevanar og andre forhold som kan påverke helsa.

illustrasjonsfoto mann med hunder
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Den nasjonale folkehelseundersøkinga er ei årleg webundersøking frå Folkehelseinstituttet som vart gjennomført for første gong i oktober 2020. Eit utval av vaksne frå alle landets fylke vert invitert til å delta. Føremålet er å få betre kunnskap om helsa til befolkninga, levevanar og andre forhold som kan påverke helsa.


Korleis vert deltakarane valde ut?

Frå Folkeregisteret vil det verte trekt cirka 2400 tilfeldige personar frå kvart fylke, det vil seie totalt 26 400 personar. Invitasjonar til å delta vert sende ut på e-post og sms. Kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) vert brukt for å hente e-post og mobilnummer.

Kva skjer med opplysningane i spørjeskjemaet?

Opplysningane som deltakarane gjev, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern. Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte identifiserande opplysningar.

I starten av spørjeskjemaet står ein tekst om samtykke. 

Resultata vil berre verte publiserte på gruppenivå og aldri på individnivå. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne igjen enkeltpersonar i statistikk eller forsking som blir publisert frå undersøkinga.

Det kan bli aktuelt for Folkehelseinstituttet å hente inn opplysningar frå andre kjelder i tillegg, slik som opplysningar om hushaldet, landbakgrunn, sysselsetjing, inntekt og helse. Slike data kan til dømes verte henta frå register i Statistisk sentralbyrå. Føremålet er kvalitetskontroll og betre analysar.

Resultata skal oppsummerast i rapportar og andre publikasjonar og nyttast i folkehelsearbeidet. Dei nasjonale tala og tal på fylkesnivå vil inngå i Folkehelseinstituttet sitt arbeid med folkehelseprofilar for kommunar og fylkar.

Også kommunar og fylke kan bruke lands- og fylkestala i oversiktsarbeidet. Det vil ikkje vere mogleg å bryte resultata ned på mindre geografiske område då talet på deltakarar ikkje vil vere høgt nok til det.

Resultata kan òg verte brukt til forsking, til dømes å studere kva inntekt, utdanning og andre sosiale faktorar har å seie for helsa, eller å studere samanhengar mellom kosthald og livsstil og ulike helseplager og sjukdommar.

Spørjeskjemaet blir publisert på folkehelseundersøkinga si side på fhi.no.

Kva vert det spurt om i spørjeskjemaet?

Spørsmåla handlar om helse, trivsel og andre forhold som har betyding for folkehelsa.

Spørjeskjemaet tek utgangspunkt i folkehelselova og forskrift om befolkningsbaserte helseundersøkingar. Følgjande tema som inngår i oversiktsarbeidet i kommunane skal dekkjast i spørjeskjemaet:

  • Helserelatert åtferd: fysisk aktivitet, kosthold, bruk av tobakk og rusmiddel
  • Helsetilstand: helse, sjukdom, søvn og psykiske plager
  • Oppvekst- og levekårsforhold: mellom anna økonomiske vilkår og forhold som gjeld arbeid, utdanning og sosial støtte

Kva er føremålet med Den nasjonale folkehelseundersøkinga?

Føremålet med undersøkinga er å få betre oversikt over helsetilstanden i befolkninga og om faktorar som påverkar folkehelsa. Resultata skal delast med befolkninga, politikarar og tilsette i staten og fylka slik at kunnskapen kan brukast i folkehelsearbeidet.

I Noreg har vi gode tal på mykje innan helse, til dømes bruk av helsetenester, kjøp av legemiddel på resept, oversikt over diagnosar i spesialisthelsetenesta med meir. I tillegg er det etablert store, befolkningsbaserte helseundersøkingar i enkelte regionar, som Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og Tromsø-undersøkinga. Likevel manglar det landsrepresentative data på mykje når det gjeld helse og livsstil, og mykje er ikkje registrert i dei nasjonale registera, slik som til dømes førekomst av smerter, røykevanar og kosthald.

Å ha gode data på landsnivå er viktig for å kunne prioritere ulike folkehelsetiltak, setje konkrete mål for folkehelsearbeidet og for å kunne evaluere effekten av ulike tiltak. Gode data er òg viktige for å kunne samanlikne Noreg med andre land og følgje med på utviklinga over tid, både i befolkninga totalt sett og i ulike undergrupper.

Kvifor vert det spurt om grensehandel og internetthandel frå utlandet?

I undersøkinga er det òg nokre spørsmål om grensehandel og kjøp av sjokolade, godteri og mineralvatn over internett. Grunnen til dette er at vi manglar kunnskap om kor mykje slike varer nordmenn handlar i utlandet. Det trengs meir data om dette for å kunne få eit godt bilete av utviklinga i det norske kosthaldet.

Data frå Noreg tyder på at sukkerinntaket har gått mykje ned dei seinare åra, men vi veit ikkje sikkert om nedgangen er reell eller om grensehandel med sukkervarer har auka i same periode. Vi veit heller ikkje kor stor del av det totale sukkerinntaket dei importerte sukkervarene utgjer per i dag.

Korleis finn eg resultat frå undersøkinga?

Resultata frå undersøkinga vil publiserast fortløpande, og ei oversikt over publikasjonar og eventuelle forskingsprosjekt vil vere tilgjengeleg på nettstaden til undersøkinga.

Deltakarane vil ikkje få individuelle tilbakemeldingar, resultata vil berre verte publisert på gruppenivå.