Rapport om svangerskapsavbrot 2024
Rapport
|Sist endret
I 2024 vart det sendt inn 13 990 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 840 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er kun 2 færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2023, og såleis stabile tal. Det var ein jamn nedgang i aborttala sidan 2008 fram til 2022. Etter auke i 2022 og 2023 stabiliserer aborttala seg i 2024 på eit nivå litt høgare enn rett før covid-19-pandemien.
Last ned
Hovedbudskap
Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,4 i 2023 til 10,3 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2024 og er såleis stabile. Finnmark, Troms og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 16,1 i Finnmark, 13,9 i Troms og 11,5 i Nordland. Dersom ein ser på avbrotsratane i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 13,6 og Stavanger den lågaste på 9,0 per 1000 kvinner. Møre og Romsdal, Agder og Rogaland hadde dei lågaste ratane for svangerskapsavbrot; med 8,2 per 1 000 kvinner i Møre og Romsdal og 8,4 i Agder og Rogaland (Tabell 2). Det er per i dag 7 av 15 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år).
I perioden frå 2009 fram til starten på pandemien med covid-19 i 2020 såg ein samtidig nedgang i avbrotsraten og i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år) Frå 2021 har den trenden endra seg (Figur 2).
Korrigering mai 2026
Rapporten var først publisert 18. mars 2025, og deretter korrigert i mai 2026. Den opphavlege rapporten inneheldt for låge aborttal for Vestland og Rogaland fylke i 2024, inkludert byane Stavanger og Bergen, fordi ein avgrensa del av rapporteringa frå Helse Vest mangla informasjon om kvinna sin bustad dette året. Ved publisering i 2025 var det rapportert om ein abortrate på 7,9 per 1000 kvinner mellom 15 og 49 år i Vestland fylke i 2024. Denne raten er no korrigert til 9,2. For Rogaland har raten blitt justert frå 7,1 til 8,4 per 1000 kvinner, mens raten i Bergen er justert frå 8,5 til 9,9, og raten i Stavanger er justert frå 7,9 til 9,0. Feilen påverka ikkje dei nasjonale tala for 2024 som var presentert i den opphavlege rapporten, eller tal for tidlegare år. Sidan Abortregisteret kvalitetssikrar data tilbake i tid, er likevel alle tala for dei siste åra oppdatert i samband med korrigeringa. Det finst derfor nokre små forskjellar mellom tala i den opphavleg rapporten og den korrigerte rapporten også for åra og dei geografiske områda som ikkje var råka av feilen.