Hopp til innhold

Rapport

Rapport om svangerskapsavbrot 2019. Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)

Rapporten viser tal over begjæringar om og utførte svangerskapsavbrot i Noreg i 2018.

Rapport om svangerskapsavbrot 2019-1.png

Rapporten viser tal over begjæringar om og utførte svangerskapsavbrot i Noreg i 2018.


Hovedbudskap

I 2019 vart det sendt inn 12 927 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 11 726 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 664 (5,4 %) færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2018.

Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,3 i 2018 til 9,7 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2019 og er såleis for fyrste gong i historia under 10 per 1000 kvinner (15-49 år). Det er ny fylkesstruktur i år og fylka Troms og Finnmark, Oslo og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 13,3 i Troms og Finnmark, 11,8 i Oslo og 10,1 i Nordland.  Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 13,7 per 1000 kvinner. Møre og Romsdal, Agder og Rogaland hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 7,5 per 1 000 kvinner i Møre og Romsdal, 8,0 i Agder og 8,0 i Rogaland (Tabell 2). Det er per i dag tre av 11 fylke som har ein avbrotsrate over 10 per 1000 kvinner (15-49 år).

Sidan 2008 har det samtidig vore ein nedgang i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år).

    Om rapporten

  • Utgitt: 03/2020
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Løkeland M, Heiberg-Andersen R, Akerkar R, Jonasson ØA, Askeland OM, Hornæs M, Seliussen I, Juliusson PB.
  • ISSN elektronisk: 1891-6392